Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Stjerne-Profil
Knut Teige

Profil:


Bergsøy IdrettslagKnut Teige

Kampar
174
Mål
82
Gule kort


KT




Skills-barometer

Legendestatus:



Potensiale:


Målscorar:


Lang tå:


Aggressivitet:


Kondisjon:


Fakta
Info Fakta
Debut 15.05.1966 -
Bergsøy - SKarbøvik 4-0
Alder ved debut 16 år, 6 månader
Antall kampar 174
Antall mål 82
Første mål 15.05.1966 -
Bergsøy - SKarbøvik 4-0
Kort-statistikk
Sist spelte kamp 1985
Tid fra første til siste kamp 19 år
Annen Fakta





Profil: Knut Teige



Teige var offansiv midtbanespelar, løper og angrepsspelar. Høg og sterk og med teft for mål. I vår adelskalender står han med 174 Bergsøykampar.

Frå slutten av 1960 åra til midten av 1980 åra tenkte mange på fotball når kraftblokksnurparen Teigenes vart nemnt. Dette kom av at Knut Teige var ombord. Han spelte seg blant anna fast på laget til Hødd når fotballaget fra Ulsteinvik var i landets øverste divisjon, og han var Bergsøy sin første "profilerte" mannlige handballspelar. En lagspiller av de sjeldne. En elegant midtbanespiller. En dyktig handballspiller. En stor og sterk målscårer. Mykje har blitt sagt om Knut Teige, blant anna har Hødd spelaren Knut Ertesvåg nemnt at Knut Teige var eitt av hans forbilder.



Statistikk som fotballspelar
ÅrstallKlubbInfo
1966: Bergsøy12 kampar, 8 mål
1967: Bergsøy10 kampar, 2 mål
1968: Hødd
1969: Hødd18 kampar
1970: Bergsøy9 kampar, 9 mål
1971: Bergsøy7 mål
1972: Bergsøy12 kampar, 7 seriemål, 1 NM mål
1973: Bergsøy11 kampar
1974: Bergsøy18 kampar, 8 seriemål, 3 NM mål
1975: Bergsøy18 kampar, 9 mål
1976: Bergsøy14 kampar, 3 seriemål, 3 NM mål
1977: Bergsøy13 kampar, 5 mål
1978: Bergsøy12 kampar, 8 mål
1979: Bergsøy134 kampar hittil
1990: Bergsøy4 seriemål, 2 NM mål
1981: Bergsøy1 NM mål
1983: Bergsøy3 mål




Fotballkarriæren



Knut Teige blei født i 1949, eldste i barneflokken fra Igesundveien 47 - eit steinkast fra treningsfeltet i Huldalen. Faren het Terje Teige og kom fra Teigane på Nerlandsøy, der Knut Teige seinare skulle busette seg. Pappa Terje bygde opp Teigenes rederiet, og ble skipper i 1936 berre 18 år gammal. Etterkvart som åra gikk skulle Knut og den tre år yngre broren Sigurd vidareføre arva fra sin far. Sigurd har også A-kampar for Bergsøy. Og når vi først er inne på slekt/arv kan vi nemne sonen til Knut; Terje Teige. Oppkalla etter bestefaren, og med på Teigenes også han - samt ein stor og sterk fotballspelar som blant anna blei årets Bergsøyspelar i 2006.


Knut Teige gjorde så godt han kunne med å kombinere fiskeri med fotball, sjølv om han godt kunne innrømme at det var ein vanskelig kombinasjon. Han visste godt at 3.divisjon med Bergsøy krevde både teknikk og kondisjon, og brukte flittig ergometersykkelen ombord i Teigenes. Likevel kunne det hende at han var uten å sparke en fotball fra midten av januar og frem til påsketider, og han blei kjent for å trene hardt for å ta igjen det tapte.

Til tider tok han fri frå fiskeriet når vårkampane starta, og rett etter den siste kampen før sommarferien var det ut på fiskeri igjen. Ofte kunne det likevel være vanskelig å rekke kampane, og båten Teigenes kunne ofte bli et samtalemne når det nærma seg avspark. Klarte båten å fiske ferdig i tide slik at Knut kunne være med til kamp? Bergsøy med eller uten Knut Teige var tross alt to forskjellige lag, for fotballtalentet til Knut blei kjent allereie i tidlig alder.


Ferdighetsmerke 1961


Ferdighetsmerke 1961


Treningsopplegg 1963


Knut Teige



Det er skrevet at Knut var eit sjeldent talent med systematisk treningsevne. I tillegg var han høg og sterk, noko som etterkvart skulle gi mange mål fra hodedueller. I 1961 før Knut fyllte 12 år tok han sølvballen i ferdighetsmerket (Bilder over). Ifølge vår liste ser vi kun tre andre som tok sølvballen dette året; Jan Dypvik og Eldar Eilertsen som var ett og to år eldre, samt Harald Thorseth som var fem månadar yngre.

Alt i 1962 som var han med å vinne Sunnmørscuppen, ei turnering som Sunnmørsposten arrangerte. Dette var fortsatt i ei tid der Bergsøy ikkje hadde mykje å rutte med når det gjaldt trenere og treningsopplegg. Per Eide kom til Bergsøy dette året fra Sandane Turn og Idrettslag, og han blei intruktør i fotball (samt gymnastikk i lag med Margot Roksvåg og Andreas Sævik). I 1963 var Harald Arnesen oppmann både for gutte og juniorlag, og var en i lag med Gunnar Kjellstadli og Sigmund Paulsen som tok ut laga på gutte og juniornivå.

-"Laget spilte avgjort bedre enn fjorårets mesterkull, og senter Knut Teige er eit lagspilltalent av de sjeldne. Det samme gjelder flere av hans kamerater."

(Sunnmørsposten 09.09.1963)


I 1965 spelte Knut Teige alle 10 kampane til juniorlaget då Bergsøy blei nummer to i avdelinga bak Ålesund. Laget slo Hødd både heime og borte, og Bergsøy hadde klart eit av kretsens beste lag. Det som kanskje var sakna i Bergsøy var ein som kunne lede treningane med myndighet og gi instruksjoner. Sunnmøre Fotballkrets stilte trenar Einar Ås til disposisjon nokre gongar slik at Bergsøy kunne lære litt av det som trengtest.

1966: Debuterte på A-laget




Kampar 1966


Status 1966


Spelte kampar 1966



I 1966 tek så Knut Teige og fleire av juniorane steget opp på A-lagsnivå. Knut Teige og Asbjørn Myklebust fekk 12 kampar, og berre senioren Sigmund Paulsen spelte fleire med sine 14. Av andre juniorar fekk Sigleif Karlsen, Andreas Kvalsund og Håkon Harsvik og Jan Dypvik spele nokre A-kampar.

Bergsøy var ikkje fornøgde med å selge berre 800 vaksnebillettar og 400 barnebillettar på A-lagets kampar i 1966. Det var skytebanedrifta og utlodding av spikekjøtt som gav mest pengar inn i kassa. Men det var likevel ein positiv sesong der Bergsøy hadde håp om å halde seg i 4.divisjon etter opprykket året før. Igjen var det vanskelig med trenarsituasjonen, og Hødds trenar Ola Kristoffersen besøkte Bergsøy tre gongar for å hjelpe til med treningane.

Sesongen starta lovande på vårsesongen, der kanskje ein 4-4 kamp borte mot Rollon var den mest oppløftande. På Haustsesongen blei det meir skuffande resultat, men likevel også storsigrar med 11-0 mot Sykkylven og 5-0 mot Stordalen. Og laget beholdt plassen i 4.divisjon.

1967: A-lag og juniorkretslag




Kampar 1967


Tabell 1967


Juniorkretslag 1967



Knut Teige var fortsatt junior i 1967, og spelte 10 kampar på A-laget. 28.mars sender Bergsøy at Knut Teige og Knut Igesund er Bergsøy sine kandidater for juniorkretslaget, og begge kommer med på dette. På kretslaget var dei med i Horeten turneringa der Sunnmørslaget endte på ein 3.plass.

-"Sunnmøre kom pent igang. Laget tok ledelsen på en fin heading av Knut Teige fra Bergsøy." (Aftenposten 30.06.1967 - kretslag.) Resultata i vårsesongen på A-laget var skuffande i forhold til forhåpningane, men i sesongpausen hadde laget oppløftande resultat. 3-1 mot Eid, 8-2 mot Tornado og heile 10-5 mot Hareid i treningskampane gav optimisme før haustsesongen. Resultata tok seg opp, og laget endte på en 4.plas i 4.divisjon, A-lagets beste plassering nokongong.

Broren Sigurd Teige spelte på guttelaget dette året, og noterte seg for 7 kampar der på et lag som hadde en strålande sesong. Med lagkameratar som Fred Frantzen, Johs Nørvåg og Jack Pettersen blei guttelagets avdelingens beste.

1968: Overgang til Hødd




Hødd februar 1968


Tabell Hødd opprykk 1968



Knut Teige markerte seg godt etter to gode sesongar på Bergsøy sitt A-lag tiltross for sin unge alder. I februar 1968 får Bergsøy bekreftelse fra forbundet angåande Knut Teige sin overgang til Hødd IL. Hødd hadde vært i den øverste serien i 1966, og ville gjerne prøve å kjempe seg tilbake til det nivået. Også Møre og Romsdals fylkesbåter håpte Hødd skulle klare å rykke opp igjen, ettersom det ombord i fergene var mindre pusterom enn i ei sildetønne når Hødd var i toppdivisjonen. Trenar for Hødd var Einar Aas, som nokre år tidligare hadde hatt nokre gjestevisittar hos Bergsøy som hjelpeinstruktør. "19 åringen Knut Teige er med raske skritt i ferd med å bli ein storspiller i dobbelt forstand".

At Hødd slo Ålesund 1-0 blei avgjerande for at Hødd greidde opprykk. I ein jamn og tett kamp var det 7000 tillskuerar på Hødvoll. Tilslutt havna Hødd tre poeng over Hamarkameratane, og blei klare til nok engang å ete kirsebær blant dei største laga i Norge. Kor mykje Knut Teige var med og bidro i opprykkssesongen 1968 har vi ikkje tall på, men foran sesongstart i 1969 blir Hødd spurt om det er noen nye spillere til laget - og svaret er at "Knut Teige kom ifjor men at det er først nå vi regner med å få nytte av han".

1969: Hødd på øverste nivå




Adelskalender


Tabell Hødd 1.div 1969


Bilde 1969



Norges høgste toppnivå i fotball. Hødd spelte mot landets beste lag Rosenborg, Brann, Viking, Lyn og resten av dei store. Interessen for fotball var enorm i det som kalles Hødd sin gullalder fra 1966 til tidlig 1970-tallet. I 1966 hadde Hødd over 100 000 tillskuerar tilsammen på heimebane, kun slått av Start. Når Rosenborg vann 2-1 mot Hødd på Lerkendal i 1969 med nesten 10 000 tillskuerar spelte Nils Arne Eggen også på heimelaget, og det var Odd Iversen som scåra begge mål. Det var dette Knut Teige var ein del av - han spelte alle kampane (18 kampar) for Hødd dette året. Sjølv har Knut sagt at kampen han huskar best frå denne tida med Hødd var ein 1-0 kamp mot Strømtsgodset. Det var den andre serierunden og blei spelt 4.mai 1969, med over 5000 tillskuere på Høddvoll.

(Knut Teige, Bjørn Prytz og Jack Pettersen. Dei spelte ilag i Norges toppserie 1.divisjon i 1969.)


-"Igår var det spessielt Knut Teige som framhevet seg. En elegant og effektiv midtbanespiller som Hødd opplagt får stor glede av" (VG, 05.05.1969)

(Hødd sin landslagsspelar Kjetil Hasund og lagkamerat Knut Teige i lufta i ein kamp mot Brann.)


I avisen 23.mai 1969 står det at Jack Pettersen debuterte på Hødd og klarte seg godt den tiden han var med. Ellers var Knut Teige meget god som offansiv midtbanespiller. Og liknende ordlag står det videre i avisene gjennom sesongen:

April 1969: Eneste positive på Hødd-laget igår var den nye midtbanespilleren Knut Teige.
April 1969: Kjetil Hasund scårer etter et skreddersydd gjennomspill av Knut Teige.
Mai 1969: Knut Teige var den som bandt det hele sammen på midtbanen.
Juni 1969: Gjerde spelar defansivt på midtbanen, mens Knut Teige er den offansive.
Juli 1969: Knut Teige var den eneste i fyrsterekken som skapte problemer for forsvarerne.
(Midtbanespilleren Knut Teige som går styrmannsskolen i Ålesund. Han gjør leksene til og fra trening på fergen.)


Samtidig som Knut Teige spelte på Hødd i 1969 tok han styrmannsskule i Ålesund. Å spele på toppnivå med Hødd, samtidig som en tek utdanning er ingen spøk. Tidsmessig kan vi bruke Einar Aas (Hødds trener) som døme - ettersom han også pendlet fra Ålesund til Ulsteinvik. Einar startet kl 17 med ferga Møringen i Ålesund som tok 50 minutter, og fekk deretter biltransport fra Hareid til Ulsteinvik frem og tilbake. Da rekkes det 1 time 35 minutters trening før fergen må nås klokken 20, og han er tilbake heime i Ålesund 2110.
(Hødd 1969. Bjørn Prytz bak til venstre, og Knut Teige nr 2 framme fra venstre. Over 5000 tillskuere opplevde at Hødd spelte mot Strømtsgodset i serien.)


Knut Teige var også av lagets beste på banen da Hødd vann 4-2 borte mot Viking i sluttspurten av serien. Det ble konkludert med at Viking trenger tempo - Hødd ble for raske. Hjemmelaget var nesten overgitt av at lagets gode forsvar så enkelt lot seg åpne av Hødd sine raske og skuddsterke løpere. Hasundbrødrene, Jan Ulstein og Knut Teige ble fremhevet.
(Bildet: Høddspelarane Kåre Hatløy, Martin Roald, Kjetil Hasund og Terje Teige får servering)


Det ble imidlertid en dramatisk sluttspurt i 1969 for å berge plassen. Hødd måtte vinne borte mot Sarpsborg, samtidig som Start ikke måtte vinne med mer enn 2 mål. Dette kampen blir rekna som ein av dei mest dramatiske høgdepunkta i Høddlagets historie. Det sto i avisene at Kjetil Hasund var i hovedrollen mot Sarpsborg, mens Jon Gjerde og Knut Teige overtok midtbanen totalt. Hødd vann 3-1, mens Start vann 2-0 - og laget fra Ulsteinvik berga plassen med et nødskrik.
(Hødd har berga plassen i 1.divisjon i 1969 etter kampen mot Sarpsborg. Knut Teige og Jack Pettersen er blant spelarane som viser glede over den sterke prestasjonen)


Cup-spelaren Knut Teige



Ifølge boka "Heia Hødd" scora Knut Teige 2 mål for Hødd, og at begge måla kom i cup/kvalifisering. Det første målet vi finner kom i NM 3.runde mot Stryn, i en kamp Hødd vann 4-0. Her står det at Knut Teige spelte i løparrekka og scåra 2-0 målet - og at han var lagets bestemann. Kjetil Hasund scåra to mål, men imponerte ikkje. I den fjerde cuprunden møtte Hødd laget Greåker, og Knut Teige utlikna til 1-1. Han var udekket ute på venstresiden, og kunne dra fram mot mål og scåre. Ballen slo i stolpen før den gikk de nødvendige centimeterne over streken. Kampen endte 1-1 og til omkamp ettersom ingen av laga orka springe særlig i ekstraomgangene i tropevarmen.

I 1976 spelte Knut for Bergsøy mot gamleklubben Hødd i NM 2.runde i Fosnavåg. Og overskriftene etter kampen var at det var Teiges kamp. Bergsøy slo Hødd 2-0, begge mål etter at Knut headdet inn etter corner. Dette var første gang at Bergsøy kom til norgesmesterskapets 3.runde. I 3.runde blei det 2-1 tap borte mot Molde. Også i 1974 var Bergsøy nære på å slå ut Hødd i cuppen, men Jack Pettersen, Knut Teige og Fred Frantzen sine mål var ikkje nok i et 3-4 nederlag.
(Fred Frantzen, Rune Vike og Knut Teige scåra måla i 1972 da Bergsøy slo Langevåg 4-2 på bortebane i NM..)


Handball Herd 1969 og Bergsøy 1970




Handball Knut



At Knut Teige også fann tid til å spele handball for Herd i 1969, vitner om en stor kapasitet og treningsvilje. Året etter, i 1970, fortsatte han handballspelinga i Bergsøy. Der blei han også første Bergsøy handballspelar som kom på kretslaget til Sunnmøre. Med tanke på den begrensa handballsatsinga i Bergsøy i åra frem til dette - så må det seiast å være en sterk prestasjon.
(Bilde fra Bergsøy handball i 1970)


I 1967 besto Bergsøy si handballgruppe av 2 medlemmer, og klubben hadde ikkje engang nok midler til å dekke kontigenten til Norges Handballforbund. I 1968 når Bergsøy meldte eit damelag til handballserien hadde handballgruppen i klubben vært nedlagt i flere år. Først i 1969 får Bergsøy ett eget herrelag i handball, og det var en seig start desse første åra. Men Knut Teige viste fram sitt talent.

1970: Tilbake til Bergsøy, ble toppscårer




Bergsøy desember 1969


Jack og Knut tilbake i Bergsøy


Tabell Bergsøy 3.div 1970



-"Det har for så vidt vore klart ei stund at Bjørn Prytz og Knut Teige til neste år vil spele på Bergsøy, men visse formelle ting har ikkje vore i orden før nå. Men nå er alt klart"."

(Formann Knut Reite)
Knut Teige markerte seg med en gang tilbake i Bergsøy, og det var nok tydelig at han hadde erfaring fra høgare nivå. I treningskamp mot Volda før sesongstart vann Bergsøy 8-0. Knut Teige scåra 5 mål, Kjartan Fagerlund 2 og Jack Pettersen som også kom fra Hødd scåra det siste. Det sto at "Teige viste fram at han er hyperfarlig og muligens bedre som spiss enn som midtbanespiller. Alt i alt en lovende start på sesongen".

I en annen treningskamp vann Bergsøy 5-1 mot Hareid, Knut scåret 2. Det skulle bli flere mål i serien også, der Knut Teige ble lagets toppscårer i 1970 med 8 mål, og det ved å spele berre 9 av kampane.
(Knut Teige gjorde fem mål mot Volda, men denne gangen reddet keeper. Knut er i lys skjorte bak forsvareren.)


1971-1981: Mange kampar og mål



Også i 1971 scåret Teige flere mål, men her har vi ikkje statistikk. I 1 runde av NM borte mot Hødd var han med å bidra at dei gamle lagkameratane fekk ein tøff kamp. Det første målet i kampen kom etter at Teige blei felt, og Jack Pettersen satte inn straffesparket. Det blei tilslutt 2-2 etter ordinær tid, men Hødd var best i ekstraomgangene og vann 5-2. I serien kom Bergsøy tredje sist i 3.divisjon.
(1971: Knut Teige krabber på alle fire etter å ha vunnet hodeduellen, og kan konstantere at pannestøtet gav 2-2​ borte mot Skarbøvik.)


I 1972 ble Knut Teige igjen toppscårer for Bergsøy med sine 9 mål på 12 kamper. Borte mot Ørsta skruar han ballen fra kanten av 16-meteren en lur skruball som passerte keeper Kriken og inn rett under tverrleggeren, og Bergsøy vinner 1-0. Heime mot Herd ordnet han ett poeng med et skudd fra 20-25 meters hold - en kurvball med skru som overlistet bortelagets keeper Carlsen.

Tilslutt ville Bergsøy prøve å berge seg fra å ende nederst på tabellen, og klarte det med 4-0 heime mot VRF. Knut Teige scåra tre av måla i en av lagets beste kampar for året. 3-0 var eit skudd heilt oppe i krysset, og på 4-0 sprang han fra forsvaret og lurte ballen forbi keeper. Bergsøy endte nest sist i 3.divisjon, men ingen lag rykte ned.
(1972. Fred Frantzen til høgre på bildet skyt i stanga. Knut Teige ligger på bakken mellom keeper "Caramba" Skog og Kallen Johannesen. Bergsøy taper 1-2 mot Skarbøvik, for Bergsøy scåret Knut Teige.)


I 1973 scårer ikkje Knut Teige så mange mål, men han var likevel en god drivkraft i laget i fleire kampar. Blant anna i ein 4-1 seier mot Nordlandet hadde Knut tre målgivande pasningar. Han spelte 11 kampar dette året.

I 1974 blei Knut skipper ombord i Teigenes, og det betydde meir ansvar på havet. Det satte likevel ikkje en dempar på Bergsøy statistikken dette året, for med 18 kampar og 11 mål virka det som forma var god. Heime mot Herd (2-0) står det at Knut var i kjempeslag, og han scåra også eit mål med pannebrasken. Mot Åndalsnes mottok Knut ei pasning fra Jack Pettersen på midtstreken, og går solo igjennom hele romsdalsforsvaret før han skaut hardt og velplassert forbi keeper. Det står at Knut Teige var ein ener i angrep.


1973 lagbilde


1974


1974


1974


1974


1974


1974


1974



Bergsøy kjempa heilt i toppen i kamp om opprykk. Fire lag hamna på 24 poeng, og Sunndal rykte opp med minst mulig margin med Bergsøy på andreplass. Bergsøy kjempa godt borte mot Åndalsnes i den siste kampen for å scåre fleire mål, men det blei med 3-2 seier. Knut Teige kjempa godt, men var noko hemma av ei skade denne kampen.
Også i 1975 spelte Knut Teige 18 kampar og var sterkt delaktig i at Bergsøy var med for fullt i opprykkskampen. Fred Frantzen hadde våre toppscårer siste to år, og hadde starta sterkt som målscårer også dette året. Ut i sesongen ser vi Knut Teige også markere seg meir, som i 2-0 kampen heime mot Skarbøvik der over 1000 tillskuerar var møtt opp på Bergsøy Stadion. Knut satte inn det første etter forarbeid av Fred, mens rollene var byttet om på 2-0 scåringen. Borte mot Langevåg var Knut Teige bestemann med to mål i en 5-1 seier. Knut Teige var også målscårer i 1975 da Bergsøy gikk på sitt første hjemmetap på over tre år, i 1-2 kamp mot Aksla. Nok engang blei det målforskjellen som hindra Bergsøy i å få opprykket dei ønska seg.
(1974. Bergsøy vann 2-0 borte mot Herd etter mål av Knut Teige og Ronald Moen.)


-"Jo, laget har kanskje en av fylkets mest fryktinngytende angrepsduoer i Fred Frantzen og Knut Teige. Enn videre er Jack Pettersen tilbake fra Viking og Svein Inge Urke er nyinnmeldt fra Hødd".

(31.07.1976, Tidens Krav)
I 1976 spelte Knut Teige 14 kamper og scåret 6 mål, 10 år etter å ha debutert på A-laget. I heimekampen mot Sunndal kom Knut inn som ett friskt pust da han kom inn på banen - han hadde kome rett ifra Shetland. Kjartan Fagerlund var trener, og Bergsøy endte nok en gang på 3.plass i 3.divisjon.

-"I løperrekka var nok ein gong Knut Teige eneren. De andre ble for puslete og ubesluttsomme".(27.06.1977, Tidens Krav.)

I 1977 spelte Knut 13 kamper og scåret 5 mål og videre har vi ikke statistikk før 1986. Men det som er sikkert er at Knut Teige og Fred Frantzen i flere år brillierte som målscårere og pasningsleggere ilag, ofte var dei nest sist på scåringene til kvarandre. Dette ser vi også i 1978 i flere kamper. Borte mot Sunndal vinner Bergsøy 4-2, etter 2 mål kvar av Teige og Frantzen. I samme kamp blir keeper Martin Pettersen skada, og Knut avsluttar kampen som keeper. Heldigvis for laget ble han ikkje satt på noen prøver de siste minuttene. Knut scårer også hattrick borte mot Herd, mens Fred scåret ett mål i en 4-0 seier.

-"Knut Teige viste at han er en livsfarlig mann for et hvert forsvar, ikkje bare fordi at han scåret tre mål. Herdforsvaret virket som saltstøtter når Teige kom i farta". .

(Avisartikkel)
Kampen i 1978 heime mot Kristiansund viste også litt av betydninga av ein opplagt Knut Teige i laget. Knut scåret, men måtte senere ut med skade. Det står skrevet slik i kampreferatet:

-"Det har blitt hevdet at et Bergsøylag uten Knut Teige bare er et halvt lag. En slik påstand ble tydelig underbygget i gårdsdagens oppgjør mot Kristiansund. Anført av en godt opplagt Knut Teige ble det vist sjanseskapende spill i åpningen, og allerede etter seks minutter kunne Bergsøy ta ledelsen ved samme Teige på et godt skudd etter at Bjørn Myklebust hadde gjort forarbeidet. Etter 20 minutter ble derimot Teige skadet og måtte gå ut. Gjestene startet å ta mer over spillet og nettet tre ganger før dommeren blåste til pause".
(1975. Kamp borte mot Ørsta med rundt 2000 tillskuere. Knut Teige og Fred Frantzen scårer, og kampen endte 2-2)


I den gode sesongen 1980 da Bergsøy vann 3.divisjon var Knut Teige fortsatt like sterk i duellene som han var ti år tidligere. Mot Skarbøvik vann han hodeduellen med bortelagets keeper for å scåre i en 3-3 kamp, mens han heddet inn et presist overlegg fra Frode Wilhelmsen for å scåre i en 2-0 seier mot Neset.

Hodestyrken til Knut blei også avgjerande da Bergsøy scåret det første målet i 2.divisjon i 1981 - i en av Bergsøyhistoriens største kamper. Knut stusset videre et langt innkast, og på bakerste stolpe kom Fred Frantzen og satte ballen inn til 1-0 mot Bodø/Glimt med over 2300 tillskuere på tribunen.

Fotball i eldre alder



Knut Teige måtte gi seg som aktiv fotballspelar på grunn av skade på tidlig 1980-tallet, nøyaktig hvor lenge vet vi ikke. I 1983 vet vi han scåret mål mot Tornado. Senere fortsatte han å spele Old Boys fotball til han hadde runda 50 år. Kraftblokk-cup med Teigenes og Sjøbris har også vært tøffe bataljer. Elles kan han vise til gode tider på sykkelløp, blant anna Gurskøya rundt. Vi kan referere til et utklipp av at Old Boys vinner KM, etter 3-1 over VRF (5-4 sammenlagt over to kampar:

-"Mange tillskuere drøymde seg tilbake til 70-tallet med kjende aktørar som Fred Frantzen, Knut Teige, Jack Pettersen, Knut Igesund og Trond Paulsen med fleire. Sjølv om det er endel kilo sidan dei var på topp fekk heimepublikumet sjå at teknikken framleis sit i beina. Veggspel og fleire lekre detaljar. I tillegg var innsatsen på topp, og nær sagt som vanlig enda det med gult til Knut Teige!"

Og da Bergsøy var i ledelsen, og ein ballgut var på vei for å hente ballen som hadde gått ut av spel - kom det kontant fra kaptein Knut Teige:

-"Dra deg vekk, eg hentar ballen sjølv!" Og så blei det pause.

Og først då dommaren bles av kampen og kaptein Knut kunne løyse på 10 meter med støttebandasje rundt kneet og heve armane over hovudet i sigersrus - var Sindre så sikker på sigeren at vi endelig fekk høyre det vi lenge hadde venta på: -"No he vi dei kara!"

Og kontakta med gamle fotballkompissar held han også ved like, som da Åge Hareide stakk innom Teigenes på kaia i Oslo for å koble av før den viktige kvalifiseringskampen mot Tsjekkia da han var landslagssjef.
(Tøffe Bergsøy karar)







FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt