Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Stjerne-Profil
Ronald Moen

Profilen:



Bergsøy IdrettslagRonald Moen

Kampar
169
Mål
5
Gule kort


RM




Skills-barometer

Anvendelig spelartype:



Forsvarsspelar:


Midtbanespelar:


Angrepsspelar:


Tacklingsstyrke:


Bergsøymann:


Fakta
Info Fakta
Debut 9.mai 1965 -
Bergsøy - Vigra 2-2
Alder ved debut 16 år, 5 månader, 27 dager
Antall kampar 169
Antall mål 5
Første mål Mai 1969 -
Eid - Bergsøy 1-7
Kort-statistikk
Sist spelte kamp 8.juni 1977 -
Bergsøy - Ålesund 0-1
Tid fra første til siste kamp 12 år, 30 dager
Annen Fakta



Profil: Ronald Moen



Mange kjenner han frå butikken.

Historikk.com kjenner han som ein solid forsvarsspelar på Bergsøy sitt A-lag som oppnådde 169 fotballkampar, og scora 5 mål. Det blei sagt at han aldri spelte ein dårlig kamp, og at han var kjent langt utanfor distriktet for sine resolutte sklitacklingar.

Han spelte sin første A-kamp på A-laget 9.mai 1965 og spelte sin siste 8.juni 1977. Totalt 12 år og 30 dager. Han var en anvendelig spelar som blei brukt både i forsvar og på midtbane, og frå 1973 og ut 1975 spelte han alle dei obligatoriske kampane A-laget hadde.

I 1975 var han spelaren i Bergsøy med flest A-kampar gjennom tidene.





INTRO - Moen i generasjonar



Ronald Moen, pølsemakar, hemmelige oppskrifter, poppulær løkrull, "Ronalds utvalgte dampemør", "Ronalds grove julepølse", og syltaflesk.

Det starta med at faren satsa alt med to tomme hender. Sigurd Moen kom til Fosnavåg som 19 åring og starta opp eigen slaktarforretning i kjellaren til Oskar Stenersen. Allereie første jula i 1931 laga han juleutstilling i lokala. Første oksen han kjøpte var med Hans Reite, som ikkje kunne få pengane før Moen hadde solgt oksen vidare. Året etter flytta han lokale til D.M Vikane, og kjøpte en motor med LI-Karl som kunne drive kjøttkvern. I 1939 kjøpte han tomt og bygde nye forretningslokale, ei tid då han dreiv på "Bomba" som brann ned i Fosnavåg.

På 1960 tallet bygde Moen større bygg og sonen Ronald Moen tok til å drive vidare. Tida går og i 1987 har Ronald beste juleutstillinga i Fosnavåg når det er julegrantenning. Det var heil gris på golvet og julenisse som skar spekekjøtt. I 1990 er det ny milepæl for Moens Mathus idet dei flyttar inn i tidligare sportsforretninga til Per Igesund. Året etter viser Ronald Moen og Kardis Moen fram 3000 meter med kjøt. Det er handarbeid og tidkrevande arbeid bak.

I 2000 flytta butikken inn i flotte lokaler i Holmsildbryggene. I 2005 gjekk dei ifrå Rimi til Meny, og no er det sonen Jon Robert Moen som er butikksjef. I 2007 mottek dei prisen for årets handelsbedrift i Fosnavåg.


Statistikken



Statistikken - Kampar og mål
År Kampar Mål
1965 10
1966 7
1967 14
1968 11
1969 19 1
1970 17 1
1971 16
1972 14
1973 19
1974 20 2
1975 19 1
1976 1
1977 2
Totalt 169 5


Måla til Ronald Moen kom slik:

1 cupmål i kampen: 1969: Eid - Bergsøy 1-7
"-Ved halvtid ledet Bergsøy 2—0, men i denne førsteomgangen hadde Eid minst like mye av spillet, og ledelsen var kanskje noe heldig. Kjartan Fagerlund åpnet scoringene etter 7 min, og Ronald Moen la på til 2 — 0". .

1 seriemål i kampen: 1970: Bergsøy - Bryn 6-0
-"Det siste målet var det Ronald Moen som satte inn. Han stormet frem i rene Cooper-stil og la ballen til Teige som gav den tilbake, og Moen satte ballen imål".

1 seriemål i kampen: 1974: Bergsøy - Sykkylven 3-1
-"Etter 36.minutter fikk Bergsøy frispark fra 35 meter. Ronald Moen la ballen godt til rette, tok fart og dundret til gjennom muren, og keeperen fekk kun slått ballen i stanga og inn".

1 seriemål i kampen: 1974: Herd - Bergsøy 0-2
-"-Bergsøy fekk indirekte frispark like utanfor 16-meteren. Jack Pettersen la ei kort pasning til Ronald Moen som fyrte av et langskot som gikk imellom mange spelarar og inn i mål. ".

1 seriemål i kampen: 1975: Aksla - Bergsøy 3-6
-"-Det første målet i kampen var det Ronald Moen som sto for. Han tok eit frispark 30 meter fra mål, og Fred Frantzen fintet ut keeper uten å være borti ballen. ".



Tidlig 1960-tallet



I 1961 selger Ronald Moen 2 undulatbur i ei annonse i Vestlandsnytt. Fugler gratis står det.

I 1962 spelar han i gutteklubbcupen. Laget vann mot Real frå Mauseidvåg med 2-0, deretter blei det seier på straffesparkkonkurranse mot Ørstingen frå Ørsta. Det sto 1-1 etter ordinærtid men laget vann 4-1 etter straffene. Sigleif Karlsen var fenomenal i mål. Deretter var det kamp mot Skard. Bergsøy kom for seint til kampen, og det var første gang på seks år at et lag hadde kome for seint til kampstart. 15 minutt måtte publikum vente, og det var sportslig gjort at Skard ikkje protesterte. Bergsøy vann 3-0 og Nils Frantsen hadde et skudd som ulte i vinkelen frå 16 meter.

Semifinale blei det mot Strong. Laget var Sigleif Karlsen, Thor Pettersen, Knut Igesund, Jan Dypvik, Nils Frantsen, Ronald Moen, Gustav Harsvik, Jan Harsvik, Knut Teige, Andreas Kvalsund og Asbjørn Myklebust. Harald Thorset var reserve.

Å kome til finale mot Frigg må seiast å være god reklame for Bergsøy. En ting var at laget besto av gode forbilder. Ingen på laget smakte tobakk, og klubbens ledere var så fornuftige at gode spillere settes straks ut av laget hvis de røyker. Spelarane tok også fotballen alvorlig, og 9 av dei 12 spelarane hadde tatt NFFs bronsjeball og var i ferd med å oppnå måla til sølvballen. Den 14 årige lagkapteinen Jan Dybvik hadde allereie tatt sølvballen og var i ferd med å klare måla til gullballen. 385 uavbrutte tilslag på ballen hadde ballsjongløren prestert.

En anna ting var at laget deltok til kvar kamp i cupen ved hjelp av iherdig pengeinnsamling som loddsalg. Omtrent 110 kroner måtte dekkast inn til kvar kamp. Men til finalekampen hadde Bergsøy IL lovd å dekke reisekostnadane.

-" Gutteklubben Bergsøy har endelig nådd sine drømmers mål. Finale i Sunnmørscupen på Aksla Stadion. Dette er dem vel undt, for sjelden har vel et lag mønstret så mange usedvanlig sympatiske spillere som nettopp dette laget. "

(Vestlandsnytt 20.September 1962)
Finalen mot Frigg. 500 tilskodarar. Ålesund sine seniorspillere heiet for livet på sidelinjen. 40 minutters sammenhengende heiagjengbrus med heroisk forsvarsinnsats av Frigg og smarte vingangrep av Bergsøy. Bergsøy var fysisk overlegne og Asbjørn Myklebust gjorde 1-0 tidlig i kampen. Men det blei ikkje fleire mål til tross for at Bergsøy var overlegne. Halfrekka med Moen, Dybvik og Frantzen var svært sterk og jevn. Og J Harsvik spelte sin beste kamp i cupen mens senter Teige hadde et ypperlig blikk for raske leveringer.

-"Hvilken som helst av cupmesterne kunne vært nemnt, men halfrekka var så god at Juniorkretslagets UK bør være på vakt om et par raske år". Bergsøy si fryktinngydende halfrekke besto av Nils Frantsen, Jan Dybvik og Ronald Moen.

Utklipp

Lagkaptein Jan Dybvik med vandrepokalen

Utklipp

1962. Foran fremst frå venstre Harald Thorseth, Nils Frantsen, Knut Igesund, Sigleiv Karlsen, Tor Pettersen, Ronald Moen og Jan Harsvik. Bak Audun Askimdal, Gustav Harsvik, Knut Teige, Jan Dybvik, Asbjørn Myklebust, Andreas Kvalsund og finaledommer Reidar Walderhaug.

Utklipp

1963. Geir Finn Goksøyr, Jan Dybvik, Knut Teige, Asbjørn Myklebust, Jan Torgersen, Eldar Eilertsen. Framme Odd Berge, Nils Frantsen, Håkon Harsvik, Knut Igesund og Ronald Moen.



-"Kva trur du om BIL?" Var det ein som spurte.
-"Dei kjem seg kvar gong blåbære vert moda, men berre vent til vi får alderen". Var det ein av gutane som svarte.

Guttecuppen historie
År Lag og info Plassering
1960 TApte 3-2 mot Sprint/Hatlane på straffer. Viste god fotball.
1962 Harald Thorseth, Nils Frantsen, Knut Igesund, Sigleiv Karlsen, Tor Pettersen, Ronald Moen og Jan Harsvik. Audun Askimdal, Gustav Harsvik, Knut Teige, Jan Dybvik (kaptein), Asbjørn Myklebust, Andreas Kvalsund 1.plass
1963 Geir Finn Goksøyr, Jan Dybvik, Knut Teige, Asbjørn Myklebust, Jan Torgersen, Eldar Eilertsen, Odd Berge, Nils Frantsen, Håkon Harsvik, Knut Igesund og Ronald Moen. Tapte 2-1 på straffesparkkonkurranse mot Skard.
1964 3.plass
1965 Kaptein Agnar Vike. Slo Skudoz fra Sykkylven 2-0 i semifinale. I finale mot Ørstingen måtte det straffesparkkonkurranse, og Bergsøy vann 4-3. 1.plass
1966 Tapte for Hareid på straffesparkkonkurranse. Tapte 4-0 mot Vikingen frå Ulsteinvik i semifinale.
1967 Lettvektsklasse 0-0 mot Lillebygd, vann 2-0 etter straffer.




1965



Nye år er gått og no er det juniornivå. I Huldalen deltok laget i Juniorcupen fram til september i 1965, og Bergsøy hadde sabla ned det eine laget etter det andre. Iallfall heilt til Ålesund kom på besøk. Då dominerte Ålesund, men til Bergsøy sitt forsvar var halve laget borte. Nokre var reist og andre var på A-laget. Det blei heile 8-0 til Ålesund idet Bergsøy rauk ut av juniorcupen. Andreas Kvalsund prøvde forgjeves å få til effektivt angrepsspel, mens Knut Igesund og Ronald Moen jobbet godt men kom til kort for Ålesund sitt planmessige og ernergiske spel.

Ronald hadde no spelt for Bergsøy sitt A-lag heilt sidan mai 1965. Debuten kom 9.mai heime mot Vigra, i serieåpninga som endte 2-2. Sola skinte, og sjølv om det berre blei uavgjort så lovde innsatsen og spelet lovande for det unge Bergsøylaget.

Ronald Moen spelte 10 kampar for Bergsøy sitt A-lag i 1965.
Bildet: Lagoppstillinga i debutkampen mot Vigra.




1966-1968



Det blei vidare A-kampar også dei neste åra for Ronald. I 1966 spelte han blant anna ein god kamp på h.h idet BErgsøy og Rollon delte poenga i ein dramatisk 4-4 kamp.

I sesongavsluttninga i 1966 slo Bergsøy til med ein 11-0 siger og klubbrekord mot Sykkylven i Huldalen, og vinghalfane Ronald Moen og Asbjørn Røssås på midtbana gjorde ein god kamp. Ronald spelte 7 kampar denne sesongen.

I 1967 får Ronald diplom for 9 års medlemskap i Bergsøy Skulekorps, og han spelar i alle dei 14 seriekampane for Bergsøy sitt A-lag. Han hadde blant anna et fint forarbeid til 6-1 målet i sigeren over Sykkylven i Huldalen.

I den fjerde serierunden sesongen 1968 nådde ikkje keeper Kjetil Reite fram til kampstart, noko som gjorde at Ronald Moen tok på seg rolla som keeper i bortekampen mot Volda. Han kunne ikkje hindre at Hans Magnus Helset sende heimelaget i føringa etter 12 minutt. Bergsøy kom aldri tilbake i kampen tiltross for 15 cornarar, og Volda vann dermed 1-0.

Ronald spelte 11 kampar for A-laget denne sesongen.


1969



I 1969 spelar Bergsøy for første gang i Norgesmesterskapet (NM-cupen), og ebutkampen var borte mot Eid i mai 1969. Bergsøy hadde ingen problemer med å vinne denne kampen der Kjartan Fagerlund og Asbjørn Myklebust scora 3 mål kvar, mens Ronald Moen sto for eitt av måla. Ronald scora 2-0 målet i kampen.

Utklipp

Lagoppstilling: Historisk første cupkamp til Bergsøy

Utklipp

Ronald Moen med tackling for å halde nullen borte mot Sunndal i kvalifiseringskampen.



Den store cupsigeren skulle varsle starten på ein veldig god sesong der Ronald Moen og Oskar Wåge spelte ilag sentralt på midtbanen i alle kampane untatt heime mot Spjelkavik. Ronald og Oskar får skryt for god prestasjon blant anna mot Rollon idet Bergsøy vinner 8-1 og tok tabelltoppen. Laget endar tilslutt på toppen av tabellen og skal ut i kvalifiseringskampar for opprykk.
Bildet: Laget mot Sunndal. Bak fra venstre Oskar Waage, Jon Peter Frøystad, Asbjørn Myklebust, Kjartan Fagerlund, Jostein Myklebust, Ronald Moen. Framme: Andreas Kvalsund, Eldar Eilertsen, Jan Karsten Myrhol, Knut Igesund, Sigmund Paulsen.

I kvalifiseringskampen mot Sunndal fekk Ronald Moen og Kjartan Fagerlund beskjed om å spele litt defansivt, og Bergsøygjengen hadde aldri sett laget spele så defansivt tidligare. Asbjørn Myklebust på topp fekk kun vingane til hjelp offansivt. Det sto 0-0 til pause, og Bjørn Prytz gav Kjartan og Ronald beskjed om å trekke litt lengre fram på bana. Bergsøy spelte då bedre, og best av alt var at Kjartan Fagerlund scora då det kampavgjerande 1-0 målet. Ronald Moen kjempa godt på midtbana i denna kampen, og det blei ein ny triumf for laget.
Bildet: Ronald Moen med Andreas Kvalsund og Johs Nørvåg etter 1-0 sigeren mot Sunndal.

Bergsøy presterte opprykk gjennom kvalifiseringskampane, og skulle seinare spele ein KM kamp mot Bryn. Der var Ronald Moen uheldig og handsa, noko som førte til straffespark og 1-0 til Bryn. Kampen hadde ikkje så stor betydning reint resultatmessig, og bar også preg av at den blei spelt i storm på ei dårlig bane.

Etter at 1969 sesongen ar over var det klart for å feire Bergsøy sitt 25 års-jubileum, og der fekk Ronald Moen utdelt statuett for sine 50 spelte A-kampar hittil.


1970



1970 og 3.divisjon var spennande for Bergsøy. Laget hadde gjort gode treningskampar før sesongen der Ronald hadde vist gode takter som midtstoppermakker til Knut Igesund. Han var også som alltid aktuell for å spele på midtbana i åpningskampen mot Molde, Laget blei dette:

Bjørn Prytz (keeper), Jostein Myklebust, Knut Igesund, Odd Berge, Ronald Moen, Oskar Waage, Kjartan Fagerlund, Knut Teige, Sveinung Frøystad, Jack Pettersen og Asbjørn Myklebust.

Utklipp

Bergsøy klare for 3.divisjon

Utklipp

Bak fra venstre: Knut Teige, Asbjørn Myklebust, Jack Pettersen, Sveinung Frøystad, Oskar Waage, Kjartan Fagerlund. Framme fra venstre: Jostein Myklebust, Odd Berge, Ronald Moen, Bjørn Prytz, Knut Igesund, Andreas Kvalsund.



Det blei 1-1 i åpningskampen mot Molde, og Bergsøy gjorde også ein god figur resten av sesongen. Ronald har ikkje scåra så mange seriemål, men var nærme i ein kamp mot Clausenenga da han smellte til på eit kjemepskudd. Mange meinte ballen var over streken, men dommaren kunne ikkje dømme mål når han var usikker. Mål blei det derimot i 6-0 sigeren mot Bryn. Midtbanespelaren Ronald hadde dagens siste og finaste mål i denne kampen, flott kombinasjonsspel som Ronald dunka i nettet.

-" Ronald Moen, som forøvrig spelte en god kamp og på nytt understreket at han er midtbanespiller, ville tydeligvis være med på galeien. Han stormet fram i rene Cooper-stil, la ballen til TEige som retuernerte pasningen til MOen og som scoret. "

(Sunnmørsposten 29.september 1970)
I cupen i 1970 spelte blant anna Ronald Moen best av Bergsøyspelarane mot Langevåg (3-2 tap), og avbraut Langevågangrepet gang på gang.

Bergsøy endte på 5.plass av 9 lag. Ronald spelte 17 kampar denne sesongen, flest av alle ilag med Kjartan Fagerlund, Sveinung Frøystad og Jack Pettersen. Ved sesongslutt fekk Ronald Moen utmerkelse for 75 spelte Bergsøykampar.


1971 - Midtstopper og midtbane



Asbjørn, Moen og Teige


Til serieåpninga 1971 skulle Bergsøy møte Skarbøvik som var eitt av dei mest frykta laga i 3.divisjon. Bergsøytrenar var no Harald Barstad, som sommaen med Tore Johan Stenersen og Sigmund Paulsen skulle danne UK denne seosngen. Vestlandsnytt sitt spådde lag til kampen var å fortsette med Knut Igesund og Ronald Moen i midtforsvaret, med Gisle Vike og Odd Berge på sidebackane slik som det hadde vore i dei siste kampane. Skarbøvik vann kampen 3-2.

A-laget 1971


Også i den neste kampen mot Clausenenga var Ronald Moen midtstopper, og blei denne gangen nemt å være Bergsøy sin bestemann i 1-2 tapet.

Men Ronald Moen var ei potet som kunne brukast fleire plassar, og spelte seinare i sesongen på midtbanen ilag med Jack Pettersen - blant anna i 2-5 tapet mot Hødd i NM cupen der stillinga var 2-2 etter ordinærtid. "Ronald Moen gjorde et kjempearbeid på midtbanen", sto det. Og da Bergsøy skulle møte Skarbøvik igjen på hausten så vann Bergsøy 2-1, der Ronald igjen leverte en god kamp på sentral midtbane.

-" Hele laget spilte meget godt. Skal noen framheves må det være Ronald Moen på midtbanen. "

(Sunnmøre Arbeideravis september 1971, kamp mot Herd.)
Vi har litt begrensa statistikk frå 1971 sesongen, men etter kampreferat har han minimum 9 kampar denne sesongen.


1972



Idet Bergsøy vinner 1-0 mot Ørsta er det Gisle Vike, Ronald Moen og Knut Igesund som gjer ein flott kamp i backrekka. I Vestlandsnytt sto det at forsvaret rei av stormen, og "Ronald Moen overraska med sikkert og ypperlig midtstopparspel". Men som fleire gangar før så varierte det med posisjon på bana, og seinare i sesongen var Moen tilbake på midtbana og storspelte. I 2-2 kampen mot Sunndal spelte Moen på midtbana med Jack Pettersen og virka å være i bedre form enn på lenge.
A-laget i 1972 Bak fra venstre: Per Worren, X, Knut Teige, Knut Igesund, Fred Frantzen, Gisle Vike, Sveinung Frøystad, Jan Karsten Myrhol. Framme fra venstre: Jack Pettersen, Oskar Waage, Rune Vike, Harald Thorseth, Ronald Moen og Kjartan Fagerlund.


Idet Bergsøy sikra 3.divisjonskontrakta med 4-0 mot VRF var det ekstra honnør til Ronald Moen som måtte steppe inn som høgreback på kort varsel idet Agnar Vike meldte forfall. Når sesongen var ferdig hadde Ronald spelt 14 A-kampar og passert 100 spelte kampar for Bergsøy. Det var berre to kampar han ikkje spelte denne sesongen.

Utklipp

Måløy CUP: Ronald Moen og Fred Frantsen

Utklipp

Måløy CUP: Ronald Moen mottek pokal




1973



Ronald Moen starta 1973 ved å spele på midtbana ilag med Jack Pettersen, men blei også trekt tilbake som midtstopper idet Kjartan Fagerlund overtok plassen på midtbana. Men Ronald har alltid spelt godt og fornuftig der han måtte ta sin plass. Idet Bergsøy vann 7-1 mot VRF var Ronald Moen nemnt som sterkaste mann i forsvaret denne kampen. I samarbeid med Knut Igesund får begge ofte skryt for sine prestasjonar i forsvaret gjennom sesongen.
-" Her vil vi denne gang framheve Ronald Moen som forsvarsener. "

(Sunnmørsposten 10.september 1973 etter siger mot Nordlandet..)
Ronald spelte mest kampar i forsvaret denne sesongen, spelte alle 19 obligatoriske kampane, og hadde også aller best spelaroppmøte på treningane. Han hadde deltatt i 84 treningar i løpet av 1973 sesongen, foran Knut Igesund med 82, Jack Pettersen med 79, Jan Karsten Myrhol og Rune Vike med 77 og Kjell Vike med 73 treningar.

Bildet:Ronald Moen 1973.

Utklipp

Lagbilde 1973

Utklipp

Lagbilde 1973




1974



Moen fortsetter som sterk og god midtstopper inn i 1974-sesongen, men var også målfarlig i ein kamp mot Sykkylven der han la ballen til rette på frispark og dunket den i mål via keeper frå 25 meter. Ballen fauk igjennom muren. Ronald tok også farlige frispark senere i sesongen.

Mot Langevåg var det møtt opp omtrent 800 tilskuere i Fosnavåg, og Ronald spelte sin beste kamp for sesongen. Og forma fortsetter å være god idet Bergsøy slår Herd med 2-0 etter mål av Knut Teige og Ronald Moen. Ronald stussa ballen fin i mål.
Målscorere mot Herd Knut Teige og Ronald Moen, med Bjørn Prytz imellom.


Ronald Moen spelte alle 20 obligatoriske kampane i 1974 sesongen.


1975



Ronald Moen, 26 år, forretningsmann. Sto det skrevet i Sunnmøre ARbeideravis 28.juni 1975.

Utklipp

1975 - Godt lag

Utklipp

1975 - Toppar Adelskalenderen

Utklipp

1975 - Pokal for 150 kampar



Ronald Moen spelar solidt i forsvaret ilag med blant andre Knut Igesund gjennom sesongen. Seinare i sesongen spelar også Asbjørn Myklebust i forsvaret, mens Agnar Vike og Eldar Zahl også er viktige i backrekka. Fleire gangar nemnast Ronald Moen som den som utmerka seg mest.

-"Ett lite pluss til Ronald Moen."

-"Skal det nevnes på Bergsøy må det bli midtstopper Ronald Moen".
A-laget 1975. Bjørn Prytz, Jan Karsten Myrhol, Eldar Zahl, Ronald Moen, Gisle Vike, Asbjørn Myklebust, Knut Teige, Kjartan Fagerlund, Fred Frantzen, Sveinung Frøystad, Knut Reite. Framme: Oskar Waage, Rune Vike, Jack Pettersen, Knut Igesund, Paul Kurt Nerland, Johs Nørvåg, Agnar Vike, Rune Vike.


I en kamp mot Åndalsnes suser han avgårde et skudd som smeller i tverrleggeren. I den neste kampen hevner han seg og smeller til på et frispark frå 30 meter og gir Bergsøy ledelsen 1-0 mot Aksla. Skuddet var kanskje mest meint som et høgt innlegg mot mål, men den spratt forbi alle og inn i nettet. Fred Frantzen skorar seinare 5 mål i den samme kampen og Bergsøy vinner 3-6 på bortebane. Også seinare i sesongen er det frispark frå Moen som tilslutt fører til retur og mål av Rune Vike - idet Bergsøy vinner 1-0 mot Skarbøvik.

Idet sesongen er over toppar Ronald Moen Adelskalenderen til Bergsøy med sine 166 obligatoriske Bergsøykampar. Han spelte alle dei 19 obligatoriske kampane denne sesongen. Kjartan Fagerlund sto oppført med 163 kampar, Knut Igesund 159 og Oskar Waage 150 kampar.
-" Ronald "Rivelino" Moen toppar lista når det gjeld obligatoriske kampar for Bergsøy IL. AV A-stallen idag er det 4 spelarar som har over 150 serie, cup og tippekamper. Ronald Moen 166, Kjartan Fagerlund 163, Knut Igesund 159 og Oskar Waage 150. "

(Vestlandsnytt 11.November 1975)


1976



Det var en tøff inngang til 1976 seosngen idet Bergsøy hadde mista Jack Pettersen og Asbjørn Myklebust i tillegg til å slite med skader. Midstoppar Ronald Moen fekk ødelagt en ankel og hinker rundt på krykker, og må være ute av spel en måneds tid. Knut Igesund har operert kne, og Kjell Vike går også på krykker med skada kne. Det blei dermed en amputert sesong, og Ronald Moen spelar berre ein seriekamp denne sesongen. I 2-0 tapet for Skarbøvik spelte Ronald Moen og Knut Teige best for Bergsøy. Ronald spelte også i 4-1 tapet mot Molde i cupen.


1977



-"Ronald Moen er med igjen etter avbrekk ifjor og flere juniorer er tatt med i A-stallen".

Det blei imidlertid ikkje så mange kampane. Han spelte 30.mai i heimekampen mot Bud der Bergsøy vann 6-1 og Fred Frantzen scora tidenes raskaste Bergsøymål. Han spelte deretter 8.juni mot Ålesund i cupen da Bergsøy tapte 1-0, og dette er siste kampen vi finner han i ei Bergsøydrakt på A-laget til Bergsøy. Ronald Moen fekk også gult kort i denne kampen.
Lagbilde 1977: Hans Gisle Holstad, Johs Nørvåg, Knut Igesund, Knut Teige, Fred Frantzen, Asbjørn Myklebust, Svein Inge Urke, Agnar Vike. Framme: Kjartan Paulsen, John Johannessen, Sveinung Frøystad, Paul Kurt Nerland, Rune Vike, Jack Pettersen, Kjartan Fagerlund, Ronald Moen.



2013


Årets supporter.

Tom Beddari overrekker blomstrane som er teikn på at Ronald Moen fekk prisen som Årets Supporter under fotballens Dag.

Ronald har vore fast på treningane til både aldersbestemt lag og A-lag og vist ei levande interesse og engasjement rundt klubben.

-"Dette fortener han. Slike folk treng vi", sa Tom Beddari.

FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt