Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Stjerne-Profil
Peder Worren

Profil:


Bergsøy IdrettslagPeder Worren

Kampar
57
Mål
3
Gule kort


PW




Skills-barometer

Legendestatus:



Skiløpar:


Fjellmann:


Instruktør:


Fakta
Info Fakta
Debut 03.08.1952: Brattvåg - Bergsøy 2-1
Alder ved debut 30 år, 11 månadar, 21 dager
Antall kampar Registrert 57
Antall mål 3
Første mål
Kort-statistikk
Sist spelte kamp 02.10.1955: Bergsøy - Heid 6-0
Tid fra første til siste kamp 3 år
Annen Fakta





Profil: Peder Worren



Den første æresmedlem i Bergsøy. Den første handballinstruktøren. Den første fotballkapteinen. Han var tilstede fra første dag, da Bergsøy blei skipa 4.oktober 1944, og han vann seniorklassa i skihopp under klubbens første arrangement. Han var formann, sekretær, kasserar og revisor i klubben. Vidare var han instruktør for symjing og livredning. Mest av alt kanskje mest kjend som ein som tok initiativ, stilte opp på dugnad, og ein som ivra for å halde folk i bevegelse - gjerne på fjellet.

Han var sterkt medvirkande for både bana i Huldalen og Bergsøy Stadion, samt friidretts og ungdomsgruppe i laget.


Statistikken A-lag fotball
År Kampar Mål
1952/53 2+ 3 seriemål
1953/54 13 0
1954/55 8 0
1955/56 8 0
Totalt 57 kampar
Statistikken Styreverv
Stilling Totalt år Årstall
Formann 4 1946/47, 1948/49, 1949/50, 1952/53
Nestformann 1 1951/52
Sekretær 1 1944/45
Kasserar 1 1945/46
Formann i Dugnadsnemnd for klubbhus 1 1958/59


Kampstatistikken til Peder Worren er litt usikker. Om han spelte alle kampane i debutsesongen 1952/53 så blir dette 12 kampar, og totalt 41 kampar i perioden tilogmed sesongen 1955/56. Etter dette finner vi ikkje noko bevis for at han har spelt fleire kampar. Likevel ser vi at han i 1969 fekk statuett som bevis for 50 kampar for klubben, og han står med 57 kampar på vår liste - nesten av litt uvisst grunn.

Men om det er litt usikkerhet rundt nøyaktig antall kampar Peder Worren faktisk spelte for Bergsøy sitt A-lag, så er det temmelig godt dokumentert det arbeidet han utførte i klubben heilt i frå starten og i mange år vidare.


Bakgrunnsinformasjon



Peder Andreas Paulson Worren blei født 13.august 1921, kom fra Pettervågen 1 (Fosnavåg Øvre), og gifta seg med Ruth Pedersdatter Hjorthaug (29.07.1926) fra Reite. Dei busatte seg på bruksnummer 105 Fjelly (lisjebøen), hus bygd i 1957. Peder og Ruth fekk barna Per (1949), Tove (1952 og Hogne (1964).

Faren Paul Vorren var fødd og oppvaksen på Leikanger med stor søskenflokk, og gjorde tidlig nytte for seg i arbeidslivet på sjø og land. Tilslutt starta han å arbeide hos Gerhard Voldnes i Fosnavåg, og bygde hus like ved bedrifta. Her arbeidde han så lenge helsa holdt. Utanom Voldnes sjølv så var Paul Vorren og Harald Pettersen mellom dei som først fekk lys frå bedrifta. Det var strekt ei ledning til forsamlingshuset Høgtun. Hos Voldnes var det Paul Vorren som var ansvarlig for maskiner og elektrisk anlegg, var formann og seinare produksjonsledar.

I 1952 fekk Paul 30 års medalje (Norges Vel's medalje) for lang og tru tjeneste i bedrifta. Sonen Peder Worren fortsatte i farens fotspor fra ung alder, han starta allereie som 12 åring i bedrifta som visargut. Så blei han etterkvart lønningssjef i firmaet, og hadde arbeidd i Voldneskonsernet i over 50 år da han fylte 70 år. Han mottok Norges Vel medalje i 1967 og kongens Fortjenestemedalje i sølv i 1985.


1944: Klubben blei danna



Peder Worren var ein av dei som var med å starte Bergsøy Idrettslag, eller Bergsøy Turn og Atletklubb som namnet var den gang skipninga tok til 4.oktober i 1944. Han var med i det første styret, og han var med da "Fredsmarsjen" etter krigen var den første trimmen til idrettslaget. Ikkje berre var han med, men han var blant dei raskaste. I oktober 1945 står det at av 305 vaksne som greidde prøva, ei mil på under 70 minutt, så hadde Peder Worren tida på 67 minutt.

Nokre av dei andre raskaste deltakarar: Hans Eggesbø og John Eggesbø (65 minutt), Leiv Pettersen (65,5), Helge Pettersen (67), Herlaug Solem (67), Tønnes Simonsen (67,3), Alf Woldsund (67,3), Kåre P Vike (68), Lars Håvik (68).

-"Men eg kan ikkje noko for det, eg vert så riven med at det berre vert slik. "

(Peder Worren fortel at barna ikkje vil være med på fotballkamp fordi han ropte slik.)

Lagbilde

Bergsøy Styre 1944

Notat

Notat 1946

Notat

Notat 1949





1945: Langrenn og Skihopp



Peder Worren var aktiv og sprek, og da vinteren kom i 1945 og Bergsøy arrangerte skirenn og langrenn var han på plass. Peder Worren vann seniorklassa i skihoppet foran Leif K Pettersen og Nils Grønhaug. Når det gjaldt langrenn var det formann Andreas Sævik som var best med tida 25,28 mens Nils Grønhaug og Peder Worren delte andreplassen med tida 30,45 i seniorklassa. To stykke i juniorklassa hadde faktisk bedre tider, Astor Pettersen og Finn Voldnes gikk i mål på tidene 30,01 og 30,14.

1946-1950: Handball



Bergsøy Handball blei stifra 30.oktober i 1946, og søker i april 1947 om å få trene på Myklebust Folkeskule sin øvelsesplass. Bergsøy sitt damelag i handball var tidlig ute, og på eit styremøte 23.10.1947 ble det besluttet at Peder Worren skulle fortsette som trener og instruktør. Han var den første dametreneren, og var ein god trener som kunne reglane samt å lære fra seg.

-"Då eg var jentunge fekk vi så å seie aldri spele fotball ilag med gutane. Derfor måtte vi finne på noko å finne på sjølv, og da vart det gjerne handball. Fram til 1951 vart treningane avvikla på skuleplassen ved Myklebust skule. Vi var en gjeng med jenter som møtte opp før dametreningane tok til. Peder Worren som trena damene instruerte oss jenteungane litt før dametreningane tok til. Det hende også at vi jentene fekk være med på desse treningane. På den måten blei vi tidlig intrisserte for handball. Dette var i den tida da handball var en utandørsidrett."

(Bjørg Stenersen.)
Det hadde ikkje vore vanlig å sjå jenter drive på med slik sport. Det imponerte nok fleire at dei tilogmed sto slik på med treninga tross dårlig grusunderlag og med tynne sko. Interessa for handball var stadig veksande, og mange møtte opp for å sjå både kamp og trening.

I oktober 1950 blei Harald Solbakk instruktør for damehandballen, og samme år sa Peder Worren fra seg attvalg som formann (tiltross for fleire oppmodingar om å fortsette) etter fleire år i stillinga. Kåre Botn blei ny formann i klubben.


1944-1952: Fotball, dugnad og Huldalen



I etterkrigstida blei det arrangert fotballkamp mellom Bergsøy og Runde/Goksøyr, og Bergsøy vann kampen 12-2. Den store profilen på Bergsøy var kapteinen Peder Worren som scora over halvparten av måla. Dei to måla til Runde blei scora av Ola Goksøyr.
-"Vi hadde høyrt at det skulle være et bra lag i Fosnavåg og at sjefen for laget var Peder Worren. Eg ringte til han og avtala kamp, og kampen skulle spelast på Myklebust skuleplass "

(Ola Goksøyr om å spele fotballkamp allereie før Bergsøy blei skipa.)
På hausten 1948 var Peder Worren formann og ein viktig tilvekst i organisasjonen var at det blei oppretta ei eiga banenemnd med Arthur "Bassar" Frantsen som leiar. Det skulle bli ein stor jobb å få på plass Huldalsbana klar til seriefotball.

-"Peder Worren sto bak å få tak i lastebil frå Voldnes, trille ifrå Voldnes, og alt skaffa han tak i. Når dei kokte sild med Voldnes så hadde dei koks og noko som heitte slagg, og det henta en med lastebilen og brukte som fyll på bana."

(Ingvald Stenersen har godord om Peder Worren sin innsats med å få til Huldalsbana.)
I 1950 gjekk Peder Worren over i stillinga som oppmann for fotballen, med Petter K Pettersen som varamann. Oppmann var han i mange år,først i 1950-1955 også ilag med Frantz G Frantzen, men også seinare blant anna i 1960 da han også var med i UK ilag med Petter K Pettersen og Ludvik Hansen. UK vart oppretta allereie i 1951, og var ei poppulær nemnd som mange hadde ønske om å få være med på. Fleire gangar stillte Peder også opp som dommer, gjerne også når andre dommarar ikkje møtte opp, og fekk god skryt for innsatsen.

Peder var også tidlig på 1950-tallet med å ta initiativ for ei friidrettsgruppe og ungdomsgruppe i idrettslaget.

Bilde

Dårlige dommere

Bilde

Peder var i mange år aktiv i mannskoret Havdyn

Notat

Peder Worren med den nye Bergsøylogoen



(Bildet: Lagbilde frå før 1952. Bak fra venstre Peder Worren, Jens Gjerde, Gunnar Roksvåg, Kjell Hånes, Andreas Lied. Framme frå venstre: Per Pettersen, Oddvar Pettersen, Mindor Hestholm, Konrad Gjerde.)


1952: Bergsøy i seriespel



Bergsøy spelte sin første seriekamp i fotball 3.august i 1952, og det var mange spente Bergsøyspelarar den gang. I mål sto Nils P Nilsen, og på backane var Peder Worren og Nils V Pettersen. I halfrekka var Ola Goksøyr og Jon Ertesvåg, og i løparrekka var Sigmund Paulsen, Jan Vinge, Knut Nilsen, Leif Tronstad og Sverre Botn.

Bilde frå den første seriekampen til Bergsøy nokongong, borte mot Brattvåg i 1952 der Peder Worren spelte back


Så var det klart for den aller første heimekampen heime mot Heid den 10.august i 1952. Omtrent 500 mennesker var samla i Huldalen på den naturfine tribuna for å oppleve den første kampen på ei bane så stor som omtrent 6000 rutemeter.

Opningsseremonien tok til ved at formann i tiltaksnemnda Peder Worren overleverte bana og ein bukett til Kåre Botn som var nestformann i Bergsøy Idrettslag. Lærar Albert Trondstad heldt åpningstalen, og gav so dei laget sine vegne blomar til han som først og fremst har æra for at ein var komen så langt med bana; Peder Worren.

Peder Worren blei takka for den store innsatsen som hadde blitt gjort. Det vart også gitt blomar til formannen Kåre Botn som takk for innsatsen. Sverre Botn tok imot blomar på vegne av dei som i si interesse har ofra mykje av si tid på bana for å få ho i stand. Bergsøy spelte denne tid med sine grønne drakter med kvit krage.

Bilder av Peder Worren i lagbilder fram til ca 1954


Lagbilde

17.08.1952: Laget som slo Vartdal i lagets tredje kamp, Bergsøy sin første bortesiger i seriesystemet. Petter J Pettersen, Jan Vinge, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Knut Nilsen, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Kristian Østensen, Ola Goksøyr, Harald Djupvik, Sverre Botn og Leiv Tronstad. Framme fra venstre: Nils V Pettersen, Nils P Nilsen og Leif K Pettersen

Bilde

Bergsøykaptein Peder Worren til høgre med panneband under Bergsøy sin debutkamp på heimebane - tek imot blomster frå Heidspelar Monsholm.




Dugnad klubbhus i Huldalen



I 1957 blei det avtalt å kjøpe tomt til klubbhuset frå grunneigar Petter K Pettersen (PIT), og plassering av huset blei då planlagt. Ein dugnadsgjeng med Paul Zahl og Peder Worren var i spissen ilag med fleire bygningsfolk, deriblant Eystein Botn, fekk i oppdrag å bygge huset. Peder Worren var formann i dugnadsnemnda i 1958/59, og i 1959 var klubbhuset kome så langt at en kunne starte med innreiinga.

I bakgrunnen klubbhuset slik det såg ut i 1970

1960-tallet



Peder Worren starta 1960-tallet med å være oppmann og medlem i UK (Utvelgelsekomiteen som tok ut laget). Til sommaren 1961 var ei epoke i klubben over da Bergsøy skulle skifte drakter; frå dei grønne draktene laget no hadde brukt sidan 1952, og til kvitt og raudt slik som norges beste lag Fredrikstad hadde. I august 1961 blei det gjennomført 5-kroners kronerulling i avisa til inntekt for dei nye draktene.

1961

Peder Worren var oppmann da Bergsøy gjekk frå grønne til kvite drakter. 1961



I 1968 ser vi Peder var med da bedriftsidrettslaget GeVo arrangerte familietrim på ski og 70-80 deltakarar møtte opp. Beste resultat var det søskenparet Frode og Sigrun Hjorthaug som fekk. Peder Worren sa til Vestlandsnytt at det desverre var svært få som hadde møtt opp og hjelpt til.


Heder og Ære i 1969



Bergsøy feira 25 års jubileum i 1969, og det var eit godt tidspunkt for klubben å sette pris på nokre av sine medlemmar. Og det var fleire som hadde rosande ord å seie om Peder Worren sin innsats. Både Frantz Frantzen som var toastmaster under festen, samt Kåre Botn hadde gode ting å seie om hardtarbeidande Worren.
-"Peder P Worren som gjennom de siste 25 år er den som har gjordt mest for Bergsøy idrettslag på det administrerende plan og som aktiv fotballspiller. "

(Frantz G Frantzen var toastmaster under 25 års festen og gav rosande ord til fleire av klubbens medlemmar.)


Lagbilde

Ved jubileet i 1969 får Peder Worren utdelt statuett for 50 spelte A-kampar, ilag med Petter Homlong, Paul Brekke, Knut Igesund, Ronald Moen og Asbjørn Myklebust. For 75 kampar fekk Oskar Wåge, Kjartan Fagerlund, Jon Ertesvåg og Petter Sperre statuettar

Bilde

Peder Worren får pokal fra formann Knut Reite når Bergsøy feirar 25 års jubileum.

Bilde

Peder Worren






1966-1972: Grasbana



Peder Worren var som kjent sentral i dugnadsarbeidet med Huldalen, og han var også ein viktig mann i arbeidet med å få istand grasbana. Det har blitt skrevet at Bergsøy Stadion på mange måtar blei hans andre heim. Frå utsiktsposten i kjøkkenvindauget hadde han full kontroll over kampar og trening. Då tok det ikkje lang tid før han var på plass, og ein la fort merke til at han var komen. Frå sin faste plass kommenterte han høglytt det som skjedde på bana. Han var engasjert.
-"Når cornerflagga kjem opp, så veit eg at det er kamp."

"Bergsøy ball"


(Peder Worren, "Bergsøy ball" var gjerne eit av hans mest brukte uttrykk ifrå eksperthaugen)
Oppstarten for banenemnda skjedde hausten i 1966 med konstituerande møte der dei første deltakarane var Peder Worren, Egil Leikanger, Kristian Nørvåg, Knut Nærø, Mindor Reite, Frantz G Frantzen og Asgeir Ramstad. Dei to sistnemnte gjekk seinare ut og inn kom Nils P Nilsen og Harald Barstad.
-"Vi husker godt for en kjempeinnsats Peder Worren gjorde i Huldalen. Undrer på hvor mange dugnadstimer han la ned der? Og nå er samme Worren formann i byggenemnda for det som skal bli sentralidrettsanlegg."

(Fritt ord i Vestlandsnytt i 1969.)
Fram mot 1967 vart det arbeidd med grøft frå Myklebustvatn med innvikla arbeid. Gravemaskina som grov grøfta og la rør måtte ta seg fram ved hjelp av telefonstolpar heilt frå vatnet og nesten fram til vegen. I 1968 var det mykje arbeid med tverrgrøftene.

Peder Worren sa at mange var skeptiske til å legge bana i denne myra, men Norsk Myrselskap var på synfaring og hadde ein positiv rapport. Det blei anbefala at bana skulle ligge i 3 år for setning og etterjustering før toppdekket kunne leggast. Først i 1970 og 1971 kom ein igang med dugnad for fullt.

I juni i 1971 gikk han ut i avisa med et naudrop: "Hjelp oss å bli ferdig med sentralidrettsbana!". Worren var formann i byggenemnda og etterlyste meir dugnadsånd for å få bana ferdig.

-"Laurdag var det dugnad på bana. Peder Worren med verkande rygg møtte opp ilag med tre flinke unggutar. Det er temmelig motlaust."

(Vestlandnsytt i 1971, det etterlysast mer dugnadsvilje.)
Bana blei først utsatt eit år på grunn av sig i jordmassene, og når sommaren 1971 nærma seg var det fortsatt ikkje kome frø i jorda - og det var fortsatt mange rør å legge. 6. og 7.september i 1961 var det at Arne Rødseth sådde bana, og først i august i 1972 kunne laget spele sin første kamp der. Samme året var Peder Worren revisor i fotballgruppa ilag med Elias Hansen.

Under stadionåpninga sa Peder Worren at han hadde sett fram til denne dagen i lang tid, men at det fortsatt sto igjen ein del arbeid - i hovedsak fullføring av tribuneanlegg.

Idet ordføraren Knut Nærø talte så sa han at det var mange namn som skulle våre nemnde på ein slik åpningsdag, men han avgrensa seg til å seie nokre ord om Peder Worren som han omtalte som "einaren for idrettslivet i bygda".

Bilde

Formannen i banenemnda Peder Worren og ordførar Knut Nærø markerer med handtrykk at sentralidrettsanlegget til Bergsøy no er i kommunen sine hender

Avisutklipp

Fra album

Avisutklipp

Fra album



Symjing



Peder Worren var symjelærar i mange år, og lærte iallfall to generasjonar og fleire hundre barn å symje. Sjølv meinte han at han lærte å symje ved å være litt hyperaktig som barn. Det har vore sagt at Peder Worren har lært halve Herøy å symje.
-" Eg hoppa frå rorhustaket på en båt uten å kunne symje, men då var det så greitt at eg måtte berre lære det, helst fort."

(Peder Worren om at nokre barn sa han ikkje våga, men det gjorde han.)
Då Peder Worren bygde hus bygde han også basseng i hagen, og han dreiv undervisning både der og i Toftestøda før bassenget på Bergsøy Skule blei bygd. Det var forresten heller ikkje berre born han lærte å symje, men også mange fiskarar i kommuna.
-"Eg hadde Peder Worren i symjekurs inni indre Herøy idet eg skulle være redningsmann uti nordsjøen. Eg klarte ikkje å symje over bassenget engong, og då skulle Peder lære meg. Men eg trur han gav opp."

(Arvid Kvalsund. Kanskje en av få Peder Worren ikkje klarte å lære å symje.)


Bilde

Symjekurs i 1936

Bilde

Peder Worren tok svømmeknappen i 1946/47



1994: Æresmedlem, Kulturprisvinnar og årets publikummar



Klubben hadde aldri utdelt utmerkinga før, men det var naturlig at Peder Worren var den første i klubben til å få utdelt Ærespris.

Samme år fekk også Peder prisen som årets publikummar under handballens dag. Worren var alltid på plass på tribuna idet Bergsøy spelte sine kampar.

I tillegg fekk Peder Worren i 1994 også Herøy sin kulturpris, ein pris som for første gang blei utdelt i 1985 - den gang til Oddbjørn Blindheim. Han var ein verdig vinnar. Han hadde vore 20 år i Ungdoms og idrettsutvalg, 16 år i Friluftnemnda, og aktiv songar i over 30 år i tillegg til alt i Bergsøy. Uthaldande i jamnt og trutt arbeid hadde vore hans varemerke, med initiativ og innsikt.

Bilde

Peder Worren blei Bergsøy sin første Æresmedlem i 1944. Han sit ilag med Kåre Velsvik som også fekk heder for sin innsats. Bak står Leiar i Bergsøy Paul Lillebø. Bildet blei tatt av Per Moltu.

Bilde

I 1994 fekk Peder også ei anna utmerkelse, nemlig årets publikumar under handballens dag.

Bilde

I 1994 fekk Peder også Herøy Kulturpris. Her med Hildur Lid Hole i hovudutvalget for kultur.



Fjelltur og Mosjon



For Peder Worren var mosjon og fjellturar viktig, og han ivra etter at flest mulig skulle få være med å trimme. Samtidig var det ikkje om å gjere å ta alt på en gang, men begynn med å gå i fjellet så får en både naturopplevelsar, frisk luft og ein treff også andre folk. Med turstaven, turklede og venner var han i sitt ess.
-"Det er ikkje noko som er så fint som en fjelltur, timane ute i det fri er helsebot. Fjellturar er også sosialt, alle snakkar med alle, og ein treff alle mulege folk."

(Peder Worren)
Peder sto også bak bøkene på Hornseten og Igesundfjellet, og desse har vore med på å få folk ut av godstolen og ut i naturen. Nokon favoritt fjelltur var han usikker på om han hadde, men svarte at Molladalen var svært facinerande.

I april 1981 hadde over 2000 tatt trimturen til Hornseten, og initiativtaker Peder Worren var gledelig overraska over responsen - men ber trimmarar om å benytte dei oppmerka stiane og ikkje klatre over gardane.
-"Det er ikkje noko som er så bra som at borna får bygge opp kroppen sin frå dei er små. Men det er viktig at dei får prøve seg i fleire idrettsgreiner og oppleve gleda ved det. Kvar må finne ut kva dei likar best, og ikkje bli tvinga til å være med i den iddrettsgreina foreldra har mest sans for."

(Peder Worren)
I 1994 var Peder Worren i valnemnda samt materialforvalter i Herøy Turlag. I 1997 viste den spreke 75 åringen Peder Worren at sjølv bitande kulde ikkje kunne stoppe han, vikingen tok av seg på overkroppen og vaska seg i nysnøen under turen til Rjåhornet på Nerlandsøy, da Herøy Turlag hadde sesongopning.

-" Nydeleg. Navlebad er helsebot, og velværet du føler etter at du har fått på deg tørrt tøy er berre ubeskrivelig. Eg har vore plaga med influensa, og dette er tingen for å kurere den."

(Peder Worren prøvar å overbevise delvis sjokkerte turkameratar under tur til Rjåhornet, som i snøbygene svarte med å snøre hettene meir igjen.)
Så starta arbeidet med å få på plass ein varde på Hornseten, og målet var å få på plass denne varden før milenniumskiftet, år 2000. Peder Worren blei utnemnd som prosjektleder for dette, og det var heilt naturlig at det var Peder som fekk oppgava. Ingen hadde trakka så mykje i terrenget som nettopp han, og ingen brenn så for saka som nettopp han.

I mai 1999 var det kome så langt at Peder håpte det kunne bli prøvetending på varden allereie til jonsok. I november dette året fekk Peder boka "Sunnmøre og Sunnmøringen" av Herøy Turlag som eit symbol på at veteranen blei heidra for sin aktive innsats i turlaget. Også Oskar Moltumyr fekk denne, mens ekteparet Janny og Mads Kvalsvik også blei heidra.
-" Den store utfordringa no er å få turgåarar til å vere sporty nok til å ta med seg stein til toppen. Vi vil løde opp ein majestetisk og presentabel varde som vil syne fra dei fleste bygdene i distriktet.."

(Peder Worren om arbeidet med varde på Hornseten.)


Bilde

I 1992 var Peder Worren på plass for å konstantere at fotballformann Odd Rudolfsen i tidspunktet 1.april til 1.mai hadde gått frå 101 til 87 kilo. Ronald Moen og Ivar Sylte passa også på at resultatet stemde.

Bilde

I april 1997 opna Peder Worren (75 år) tursesongen med eit navlebad. Dette skjedde under Herøy Turlag si sesongopning til Rjåhornet på Nerlandsøy

Bilde

I 1988 var Peder med på dugnad for å sette opp nye skilt på Runde. Her ilag med Ingrid, Haldor og Steffen Frøystad.

Bilde

Det var sjølvsagt Peder Worren som tende varden kl 17:00 på nyttårsaften 1999/2000.



Avsluttning



Initiativtaker frå starten. Fotballspelar. Den første kapteinen. Handballinstruktør. Formann. Sekretær. Kasserer. Revisor. Symjelærar. Engasjert innenfor trim, friidrett og mosjon. Dugnadssjef og pådrivar for både Huldalsgrusen og Bergsøy si grasbane, klubbhus og fleire verv. Lista er lang, og blei på en måte avslutta med å brenne flamma på den nybygde varden på Hornseten som han var initiativtaker for. Nokre månadar seinare, 15.oktober i 2000, døde han.
-"Eg kan huske eingong i ungdommen at Peder Worren og eg gjekk i brodden for å lage marknad på Høgtun. Kvar kveld i ei veke var det fullt kjør på Høgtun med skytebane og tombola. Det kom inn ein god slump med pengar, og vi var ikkje lite stolte vi som hadde vore med på dette.."

(Arthur Bassar Frantsen)
Varden på Hornseten blei det siste store verdige minnesmerket, der han meir enn nokon andre sto på for å gjere Hornseten til eit turmål for lokalbefolkninga.

Ekstra bilde



I 1988, heile 44 år etter at Peder Worren i 1944 var med på å starte Bergsøy Idrettslag, så var han med i hovedstyret i klubben.
Her et bilde av gruppeformenn i klubben. Frå venstre: Gerd Nerland (trim), Bodil Notøy (handball), Hallvard Rusten (friidrett), Susann Frantsen (fotball), Peder Worren (hovedstyret) og Oddbjørn Vinjevoll (Hovedstyreformann)




FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt