Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Profil: Per Arve “Pelle Kvalsund og Nils Christian Nørvåg


Profil:
Profil: Per Arve “Pelle Kvalsund og Nils Christian Nørvåg



Ein mandag i august 1977 startar nokre gutar i klasse 1a på Bergsøy Skule. Her skulle fleire seinare bli gode handballspelarar på Bergsøy. Per Arve Kvalsund, Nils Christian Nørvåg, Ronny Koteng, Roald Johansen.

Denne profilsida setter vi av til to av dei. Den eine var keeper, den andre playmaker og storscårar. Vi snakkar om: Per Arve “Pelle Kvalsund Og Nils Christian Nørvåg



Per Arve “Pelle Kvalsund og Nils Christian Nørvåg



Nils står på vår målliste med 776 mål på 151 kampar, det er over 5 mål i snitt pr kamp. Flest mål scora han i 1989/90 med 153 mål på 22 kampar. Kva som er rekorden med mål i en kamp veit vi ikkje, men han scora iallfall 14 mål mot Mosjøen i 1993, og laget tapte likevel 21-27. Hans karriære i Bergsøy strekker seg frå 1988 til 2014.

Pelle manglar vi rett og slett statistikk på, men tidsperioda hans på herrelaget til Bergsøy var 1988-1992. Så blei det spel i Eliteserien i mange år derifrå.

I 1981 spelar Pelle på Bergsøy sitt lilleputtlag i fotball, som presterte 68-1 i målforskjell og slo Larsnes med 19-0. Men frå 1982 ser det ut som handballen tek over interessa, og i ein kamp for Gutte12 vinner Bergsøy over Rollon med 6-4 der Pelle scorar 2 av måla, mens Nils Christian blir toppscorar med tre mål.

Pelle vil etterkvart få mykje skryt for sitt keeperarbeid, mens Nils utviklar sitt spel i den andre enden av bana.

1984: -”Per Arne Kvalsund stod nok ein gong glimrande i mål”.

Begge spelar no på G14-laget som vinner KM både i 1984 og i 1985.

Snart er dei på G15 laget som skal kvalifisere seg til landsserien for å møte landets 16 beste lag. Gutane imponerte og vann mot fleire lag for å kvalifisere seg idet Nils Christian scårar 19 av 45 mål oppe i Trondheim. I landsserien endte Bergsøy på sisteplass, men laget fekk nyttig erfaring mot gode lag, som styrka dei i serien lokalt.

I 1986 vinner dei igjen KM. G16-laget har 16 sigerar med 377-150 i målforskjell med Bjarne Pettersen som trenar. Året etter vinner dei igjen - denne gangen med 8 poeng ned til neste lag på tabellen. Stig Vestnes var også med i trenarteamet no.

I tillegg vinner laget Rolloncup etter å ha slått Rollon i finalen 15-14. Dette skjedde etter nok en kamp der Nils Christian og Pelle var dei dominerande spelarane. Nils blei toppscorar i turneringa med 19 mål, mens Kristian Berge scora 15.

I tillegg til å spele vil både Nils og Pelle utvikle seg vidare. I 1987 melder dei og fleire seg på idet handballgruppa vil utvikle trenarar og dommarar, kurs med Asbjørn Kilsli. Pelle blir trenar for Gutte12, som på denne tida har spelarar som Jarl Åge Vågsholm og Ronny Pål Kvalsvik som seinare blir mest kjende som fotballspelarar.

I 1988 vinner G18 Rosecupen i Molde, og i finalen blir Pelle kåra til den beste spelaren. Seinare på året går Bergsøy til topps i Bergsøycupen, og no var både Nils og Pelle med seniorgjengen ilag med spelarar på over 30 år som Adolf Espeseth, Per Frøystad og Tor Sindre Steinsvik.

I mars 1989 opplever dei trampeklapp med 500 tilskodarar idet Bergsøy slår Gloppen og rykker opp til 3.divisjon. Adolf Espeseth var kampens store spelar, kun i konkurranse med keeperane Terje og Pelle Kvalsund som sto glimrande i mål. Dei tok dei eine skudda etter dei andre i slik fortvilelse at Gloppenspelarane slo golvet i frustrasjon.

Utviklinga går fort



Utviklinga går fort no. Pelle imponerte stort som keeper og Nils Christian som bakspelar viste liten respekt for motstandarane og blei toppscorar under en treningsleir i Skjåk. Idet Nils blir 18 år er det fleire som meinar han snart er moden for større oppgaver. Han har god skotarm og lure innspel og styrer kampane.

I 1990 har Pelle kapteinsbindet i Bergsøy mens Nils Christian prøver lykken i 1.divisjon med laget Tindlund. I januar 1991 får han debuten mot Stavanger IF som blei rekna å være landets nest beste lag bak sandefjord. Nils scora eitt mål etter at han overtok plassen til Petr Bartonss som bakspelar.

Det blir imidlertid mest reservespel for Tindlund på Nils Christian. Han hadde også vore endel småskada og fekk ikkje vist alt han var god for. Karriæra i Tindlund endte med 5 kampar, og etter eitt år var han tilbake i Bergsøydrakta.

I Bergsøy har Pelle i mellomtida storspelt. Jørn Remøy løfter han i været med overskrifta "Kvalsund vart helten". Pelle sto som en levande mur og var både høgt og lavt. Med raske reaksjonar redda han fleire straffespark, og utan redningane vile laget ikkje vunnet mot Mosjøen 15-14.

I Oktober 1991 er Pelle og Nils i samme militærleir; Vatneleiren. Begge blir henta heim til kampane. Dei trenar med 3.divisjonslaget Sola. Men i 1992 er det Pelle sin tur til å prøve seg på et høgare nivå enn Bergsøy. Turen går til 2.divisjonslaget Fyllingen.

“Bergsøy-målvakten grep sjansen og leverte en praktkamp”.

I september 1992 får Pelle strålande kritikk etter sin debut for 2.divisjonslaget Fyllingen. Motstander var Skien som vann Eliteserien året før. Pelle stortrivst etterkvart i Bergen som andrekeeper idet Fyllingen tek opprykk til 1.divisjon. Han spelte i 21 av 22 kampar, og tempo, teknikk og fysikk var på eit heilt anna nivå enn det hadde vore i Bergsøy.

Mot NM finale



Alt går berre oppover. Keeperen med si store styrke på nærskot går frå det eine høgdepunktet til det andre. I en kamp mot Sandefjord meinte osloavisene at Pelle var den dominerande spelaren. I november 1993 blir Pelle klar for NM-finale etter at Fyllingen mot alle odds slo Viking i semifinalen. Det blir ikkje stort større handballkampar enn dette i Norge.

Men finalen 29.desember gjekk ikkje som laget håpte. Sandefjord vann 25-14 etter at det sto 6-12 til pause. Dei var sjanselause. Pelle var likevel bra med. Han kom inn etter 14 minutt og spelte seg oppover, han fekk en firar på børsen som en av lagets beste.

I 1994 startar Nils med studier i Oslo, og det blir mindre handball. I 1995 rykker Fyllingen ned, og da velger Pelle å gå til eit av laga som rykte opp: Norrøna.

Det blei ein god del speletid på Pelle i 1995/96-sesongen, og han følte seg aldri som ein andrekeeper, men to dagar før 1996/97 sesongen og hans fjerde sesong på det øverste nivået så er trenaren ute offentlig og seier han vil ha tak i bedre keeperar.

Dette skaper en mediestorm. Pelle svarte på tiltale med en redningsprosent på 40 i treningskamp mot Åsane, og såg fram til å spele mot Glenn Solberg og Drammen som hadde blitt europacupmester. Det blei imidlertid et stortap.

Pelle trener balanse med Cecilie Leganger og står på, men sesongstarten er tøff. Etter det sjette strake nederlaget heime mot skien hadde han det forferdelig og følte seg som en syndebukk. Han tok på seg all skyld og ville grave seg ned. Han blei også slakta av trenaren som hadde gått ut og sagt at om laget skulle redde seg i eliteserien måtte dei skaffe seg en ny keeper. Pelle hadde også forventa meir lojalitet av egen trenar.

Toppidretten er tøff, men det er også Pelle. I den neste kampen storspelar han mot Runar og har 17 redningar og laget spelar 23-23 og tek det første poenget. Han storspelar også i den neste kampen idet Norrøna vinner mot Urædd. Så kjem ei uheldig timing med skade på trening, men idet han kjem inn i neste kamp er han igjen god og har 12 redningar på 21 skudd. Han hadde kanskje variert i løpet av sesongen, men var likevel lagets klart beste keeper.

I mai 1997 kjem et fristande tilbud frå Stavanger. Stavanger IF sine toppambisjonar frista meir enn Norrøna sin nedrykkskamp. Sesongen går opp og ned, og Pelle vurderer å legge opp etter sesongen. Da blir han overtalt til å kome tilbake til Norrøna av sine gamle lagkamerater.

I juni 1998 vinner Pelle og Norrøna over Fyllingen, hans tidligare klubb, og Pelle får mykje av æra idet han skapte mange gode konringar. Så storspelar han igjen idet Norrøna slår hans andre tidligare klubb Stavanger IF med 25-24. Pelle blei kåra til banens beste med 20 redningar.

Men så skjer det brått at han melder at han legger opp like etterpå. Å vinne mot gamle lagkamerater sier Pelle er en verdig avslutning. Ikkje lenge etter får han et beinbrudd under innefotball, og da er det slutt uansett.

Det blei mange år med Eliteseriespel. Fem sesonger i Bergen der tre var for Fyllingen og to for Norrøna. Så sesongen i Stavanger. Ei imponerande reise på toppnivået.

Mens Pelle legger opp så har ikkje Nils tenkt å gi seg heilt ennå. Idet Bergsøy startar opp igjen herrelaget etter fem sesonger uten lag så er han igang igjen i 2006, og har no delt trenaransvar ilag med Jørn Remøy.

Nils med festspel




Spolar vi fram til september 2008 så har herrelaget vunnet alle sine heimekampar dei to siste åra. Og er klare for 2.divisjon. Laget gikk rett frå 4.divisjon til 2.divisjon. Nils Christian er snart 38 år, men mot Melhus/Gimse spelar han glimrande og slår til med 13 mål. -"Han var kampen gjennom en trussel for et hardt pressa trønder-forsvar som nærmast vart svimle av Nørvåg sitt festspel".

Uten Nils Christian og Jan Erik på bana i ein kamp mot Kolstad i mars 2009 gjekk Bergsøy på et unødvendig tap. Laget var rett og slett et mykje svakare lag uten dei to, sto det i vestlandsnytt.

Bergsøy heldt seg i 2.divisjon, men Nils Christian melder snart at han gir seg og ikkje blir med vidare.

Fem år seinare, i februar 2014, gjer likevel eit lite comeback. Bergsøy henta inn superveteranen som under trenar Gintaras får skryt for forsvarsarbeidet. Nils scora eitt mål mot NTNUI, det blir hans siste sprell for herrelaget.

Nils blei årets spelar i sesongane 1989/90 og 1993/94. I seinare år har Nils hatt roller som leiar sportsleg utval, styreleiar i Bergsøy handball

Og dette var soga om to kompisar, der den eine hadde mål om å skape mål og den andre gjorde alt for å hindre dei.



FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt