Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Stjerne-Profil
Ruth Vestnes

Profil:



Bergsøy IdrettslagRuth Vestnes

Kampar
263
Mål
Gule kort


RV




Skills-barometer

Keeper:



Reaksjonsnivå:


Æresmedlem:


Mange år som spelar:


Fakta
Info Fakta
Debut Før 1969
Alder ved debut ca 14
Antall kampar 263
Antall mål
Første mål
Kort-statistikk
Sist spelte kamp 2006/2007
Tid fra første til siste kamp Over 38 år
Annen Fakta



Profil: Ruth Vestnes



Født i 1955, og er ei legende i Bergsøy IL for sitt engasjement innenfor handballen. Som handballkeeper sto ho i fleire år som ein levande mur, også når motstandarane fekk straffekast. Ho skulle kome tidlig inn på juniorkretslaget, og seinare være med på landslagssamling for junior og ungdom. I 1970/71 var ho med å vinne handball KM klassa 14-16 år, og det var berre det første av fleire. I ei kretsfinale 1971/72 redda ho fem av sju straffekast.

Seinare blei ho trenar for damelaget og fleire aldersbestemte klasser. Allereie i 1973 var ho sekretær i handballstyret.

I 1995 blei ho æresmedlem i Bergsøy, og fortsatt er ho idag (2023) klubbens einaste kvinnelige æresmedlem.


Statistikken Handball
År Divisjon Kampar
Før 1977 42
1977/78 D5 14
1978/79 D4 17
1979/80 D4 14
1980/81 D4 16
1983/84 D4 8
1985/86 D5 11
1986/87 D4 18
1987/88 D5 14
1988/89 D5 8
1990/91 D4 17
1991/92 D4 15
1992/93 D4 10
1995/96 D3 16
1996/97 D3 14
1997/98 D3 18
2005/06 D3 1
2006/07 D3 2
Totalt 263





Tidlig fase



I 1967 toppar ho lista ilag med Unni Stenersen på resultat på idrettsdagen jenter 12 år i kast stor ball med ei lengde på 20 meter. Like bak finner vi Gunn Roksvåg med 19,5 meter.

Så skjer det at Eivind Rødal kjem frå Farstad i Romsdal og vekker til live handballen i Herøy.
Bildet trulig frå 1969. Heimekampane blei no spelt i Huldalen der dette bildet er ifrå. Framme frå venstre: Gunn Roksvåg, Berit Kvalsvik, Torill Berge, Ruth Vestnes og Gunn Kopperstad. Bak: Eivind Rødal, Tove Berge, Unni Stenersen,Johanne Reite, Anne-Berit Nærø, Karin Fylling og Fiona Myrhol. Bildet er tatt av Maron Vikene.


1969



Ruth markerte seg meir og meir i handballmålet, og får i februar 1969 skryt for sin innsats og dristige spelestil under ein kamp mot Ørsta. Idet jentelaget slår Herd med 2-1 i juni er det Gunn Roksvåg, Ruth Vestnes og Fiona Myrhol som blir trekt fram som dagens beste spelarar, samtidig som det blir bemerka at laget tek store steg både i tempo og forsvarsspel.

Ruth skal gjere seg stadig meir bemerka, og får vidare i september skryt idet laget vann to kampar mot Ørsta. Fleire gangar hadde ho blitt lagt merke til av representantar frå kretsen, og snart blir Ruth premiert for innsatsen ved å bli nominert til kretslaget sjølv om ho ennå ikkje var fyllt 14 år. Etter det Vestlandsnytt fekk opplyst, så var ho ein sikker kandidat til keeperjobben på dette laget.

Bilde

Bildet: Vestlandsnytt 13.02.1969

Bilde

Bildet: Vestlandsnytt 02.09.1969

Bilde

Bildet: Vestlandsnytt 07.10.1969

Bilde

Bildet: Vestlandsnytt 07.10.1969



Idet vi kjem til desember 1969 endte Jentelaget (14-15 år) på ein tredjeplass i serien, og Eivind Rødal var stolt av jentene sin prestasjon. Han var handballformannen som hadde fått sving i handballen igjen, men som sa fra seg gjennvalg og gav roret vidare til Arthur Westbø.

Spelarane som fekk bronsjediplom var: Ruth vestnes (keeper), Unni Stenersen, An-Berit Nærø, Fiona Myrhol, Tove Berge, Gunn Roksvåg og Berit Kvalsvik. Innbytterar: Johanne Reite, Tove Hjelmeseth, Karin Fylling.

1970 - Kretslag og KM



Veien vidare til Bergsøy sitt damelag var ikkje så lang. I september 1970 vann Bergsøy damehandballag med 6-0 mot Larsnes, og Ruth får mykje av æra for at Larsnes - som hadde mange gode skot - ikkje klarte å få mål i kampen.

Samtidig hadde Jentelaget (14-15år) vunne si avdeling, og Bergsøy hadde no fått fire jenter på kretslaget: Ruth Vestnes, Fiona Myrhol, Gunn Roksvåg og Berit Kvalsvik. Det var litt av ein prestasjon å få fire jenter med på laget.

Bilde

Bildet: Jentelaget 14-16 år vann KM i 1970. Bak frå venstre Bente Vestnes, Tove Berge, Berit Kvalsvik, Eivind Rødal (Trenar), Fiona Myrhol, Anne Brit Nærø og Unni Stenersen. Framme frå venstre heidi Igesund, Åse Huldal, Ruth Vestnes, Tove Frantzen, Gunn Roksvåg og Elise Voldsund.

Bilde

Lagbilde 1970/71 i farger
Bak frå venstre: Bente Vestnes, Tove Berge, Berit Kvalsvik, Eivind Rødal, Fiona Myrhol, Anne Brit Nærø, Unni Stenersen.
Framme fra venstre: Heidi Igesund, Åse Huldal, Ruth Vestnes, Tone Frantzen, Gunn Roksvåg, Elise Voldsund

Bilde

Oktober 1970



Ruth viste seg fram på kretslaget, og blei like godt lagets beste spelar idet Romsdal slo Sunnmøre med 3-2. Ikkje lenge etter sikra Bergsøy seg kM i utandørsserien med ein stor 10-1 siger mot Ikornes, der Gunn Roksvåg spelte ein god kamp og blei beste spelar med Ruth som ein god nummer to. Eivind Rødal var i ekstase over prestasjonen, og laget skulle no meldast på innandørsserien. Merk at dette er nesten ti år før Herøyhallen blir ein realitet.

Første Bergsøyjentene gjorde innandørs var å slå Volda med 11-2. Eit voldalag med store handballtradisjonar og gode treningsforhold i eigen idrettshall. Det var svært mange som var imponert over at Bergsøy kunne klare ein slik prestasjon uten eigen hall. Det blei såpass oppmerksomhet rundt dette at NRK var på plass med radiointervju med tittelen "Bergsøyjentene gjorde furore i Ørstahallen med sitt handbsllspel". Konklusjonen var sjølvsagt at det måtte idrettshall til Bergsøy også etterkvart.

Når vi kjem til desember 1970 viser det seg at bergsøyjentene også er ustoppelige innandørs. Med seier 6-3 mot Hødd der nok eingang Ruth stenger målet og held nullen i den andre omgangen - så ligger Bergsøy godt i rute til å kapre også innandørsKM.

Bilde

Oktober 1970 - Vann utandørs KM

Bilde

Desember 1970 - Innandørs KM

Bilde

Desember 1970 - Årsfest



Når det er årsfest for handballgruppa så vart det mykje å feire. Rødal takka jentene for innsatsen og hadde gratulasjonsbukett frå hovedstyret blei overrekt til lagkaptein Fiona Myrhol. Det blei utdelt diplomar og medaljar for kretsmesterskapet, og også for Oslo-cup 1970. Fleire personar, deriblant Ruth, fekk også diplom for spelte 25 kampar for dei diverse laga. I tillegg blei det utdelt diplom til Lars Kihle for hans arbeid som trenar i handballgruppa.

1971 - Sunnmøres beste juniorkeeper



I mars 1971 kan Eivind Rødal glede seg over at heile fem av Bergsøy sine jenter er uttekne til kretslaget jenter 14-16. Dei tre beste på dette laget skal sendast til samling for juniorlandslaget. Bergsøy sine representantar på kretslaget var Ruth Vestnes (målvakt), Gunn Roksvåg (spiss), Berit Kvalsvik (ving), Fiona Myrhol og Bente Vestnes (back). Det viste seg seinare at Fiona var nokre få dagar for gammal, og dermed ikkje fekk være med likevel.

I mai 1971 blir Ruth Vestnes igjen trekt fram som ein av dei viktigaste spelarane på laget, og at ho trulig er Sunnmøres beste juniorkeeper. Jentelaget vann blant anna 5-0 mot Norborg med Ruth som banens beste spiller uten å slippe inn mål. Ho gjenntok prestasjonane på damelaget idet Bergsøy slo Ørsta 14-5, og leverte keeperspel av ypperste klasse i ein kamp dømt av Sigmund Paulsen og Knut Stensvik.

I juni blir Ruth nemd i Vestlandsnytt som den beste damehandballkeeper - utan tvil - på Sunnmøre etter fleire gode kampar.

Bilde

Mai 1971

Bilde

Juni 1971

Bilde

Juni 1971




-"Grunnen til at det ikkje blei fleire mål mot Bergsøy var det fantastiske keeperspelet til Ruth Vestnes. Ho dirigerte forsvaret på en ypperlig måte, og dei få ballane som gikk forbi forsvaret tok ho seg sjølv av.."

(Vestlandsnytt 15.juni 1971)
Jentelaget deltok også i NM, og sjølv om det blei tap i første runde så fekk Ruth vise seg godt fram. Bergsøy tapte 8-6, men 7 av måla måtte Gloppen score på straffekast for å kunne få ballen i nettet. Kampen blei spelt i Firdahallen, og ein kunne knapt høyre dommarfløyta på grunn av at publikum klappa så høgt av Ruth sine redningar.

Ei uke seinare tok laget litt revansje da dei sikra siger i KM-finalen mot Spjelkavik i Ørstahallen ved å vinne 11-1. Gunn Roksvåg scora 7 mål, Berit Kvalsvik 2, mens Tove Berge og bente Vestnes scora eit mål kvar. Einaste for Spjelkavik som klarte å overliste Ruth Vestnes var Kirsten Skinlo med lagets einaste mål.

Dette var lagets tredje KM-siger på rad, etter at Rødal hadde meldt laget med i serien i 1968.

Bilde

August 1971

Bilde

August 1971




-"Keeperen vår på juniorlaget Ruth Vestnes har spesielt utmerka seg. Ho er eit keepertalent heilt utenom det vanlige. Berre 16 år er ho, men du store tid kor ho har imponert. På 4 år har ho spelt 42 kampar, men berre 54 ballar har ho måtte hente ut av nettmaskene. ."

(Eivind Rødal, oktober 1971)
Bildet tatt av Harald Thorseth. Eivind Rødal fotografert med kanskje det største talentet i Bergsøyhandballen, juniorkeeper Ruth Vestnes. Oktober 1971.



1972



Ruth fortsatte å storspele i mål, og i februar 1972 redda ho 5 av 7 straffekast i ein kamp mot Hovdebygda. Bergsøy gjorde det strålande, og i mai står det at damelaget og juniorlaget (jenter) tilsammen no hadde spelt 31 kampar på rad utan tap. Idet Bergsøy slår Hødd med 3-4 på ei grusbane i Ulsteinvik var det igjen Ruth som var den store forskjellen på laga.
Ruth i aksjon



-"Et lag som fikk publikum til å sperre opp øynene i serieåpninga var Bergsøy som stilte opp i skjørt. Dette var helt nytt, i alle fall i Ørstahallen. Men det så ut til at de nye draktene falt i publikums smak", ifølge Sunnmøre Arbeideravis.

(Sunnmøre Arbeideravis)

I desember 1972 står det følgande:

-"Heller ikkje dette referatet kommer vi utenom keeper Ruth Vestnes som blir påstått å være fylkes beste keeper i dameklassen. Vi tror hennes spill i Moldehallen underbygger denne påstanden ganske ettertrykkelig. "

Når det gjelder skjørtene Bergsøy spelte i var det ein dommer som sa:

-"Hadde håndballforbundet vedtatt ved lov at samtlige damelag haddee å stille i eit slikt antrekk skulle vi gjerne frafalt kravet på dommerhonorar".

-"Med henne der i mål kan en ta motet fra alle"

(Mai 1972, Laglederen til Elnesvåg etter at Ruth hadde redda fire straffer og to returer på straffer. Ruth var nok ein gang banens beste da Bergsøy vann 10-7 og Bergsøy gikk til 2.runde. Uten henne imål hadde ikkje Bergsøy vunnet.)


Bilde

Lagbilde 1972

Bilde

Lagbilde 1972
Kretsmestere 4.divisjon innendørs 1972. Bak fra venstre Eivind Rødal, Anne Marie Raanes, Liv SKjerve, Annlaug Remøy, Torill Berge, Otto Myklebust. Framme fra venstre Mariann Dypveit, Gunn Roksvåg, Anne Marie Almestad, Ruth Vestnes, Ingebjørg Bakko, Bente Vestnes, Berit Kvalsvik.

Bilde

Lagbilde 1972
Bak frå venstre Torill Berge, Bente Vestnes, Berit Kvalsvik, Unni Stenersen og Anne Marie Raanes. Kneståande frå venstre Anlaug Remøy, Gunn Roksvåg, Ruth vestnes, Liv Solheim og Anne Mari Almestad.

Bilde

Ruth Vestnes og Otto Myklebust

Bilde

Mai 1972



Ruth Vestnes og Gunn Roksvåg oppnådde 75 Bergsøykampar dette året og fekk dermed gulløredobler.

1973 - Landslagssamling



Bilde frå 1970-åra. Frå venstre Anlaug Varhaugvik, Fiona Myrhol, Gunfrid Brandal, Anne Marie Rånes, Ruth Vestnes og Åse Huldal.


I februar 1973 reiser Ruth på landslagssamling til Trondheim der ho tek del i samling for junior og ungdom. Samlinga skjer i Nidarøhallen og er leda av forbundskaptein Tore Rath. Frå Møre og Romsdal var det berre Ruth og Torill Ingebjerg frå Molde som blei tatt ut til denne samlinga. Ruth var uheldig og stua fingeren på denne samlinga.

-"Eg var sjølvsagt svært gledelig overraska då eg fekk vite at eg var utteken på landslagssamling. Eg seier sjølvsagt ja til invitasjonen og lover å gjere mitt beste.

(Ruth februar 1973)

1973/1974 - Langevåg



Med talent og suksess kjem det muligheter for å spele på høgare nivå, og for Ruth gikk veien til Langevåg der ho gjorde sine saker godt. Sjølv om Langevåg tapte mot både Skogn og Steinkjer så hadde tapa vore mykje større om ikkje Ruth hadde storspelt.

-"Ho er eit keepertalent som blir bedre og bedre. Tidligare var hennes styrke de høye skuddene, men nå er hun like suveren nede på gulvet"
Banens to beste spillere februar 1974 kamp mellom Langevåg og Skogn. Ruth Vestnes for Langevåg og Solfrid Knutsen for Skogn. Bildet: Sunnmøre Arbeideravis.


Idet Volda debuterte i 2.divisjon var det banens beste Ruth Vestnes som ordna 8-7 siger til Langevåg. Også søsteren Bente Vestnes var klar for Langevåg dette året.

1975-1977



Bergsøy overraska godt under Hovdecupen, og fekk ein 4.plass. På laget var Ruth Frøystad, Annlaug Varhaugvik, Anne Mari Rånes, Berit Teige, Sigrid Kopperstad, Gunn ROksvåg, Trude Teige, Mørtel Voldset, Åse Huldal, Fiona Myrhol og Arleen Brekke.
Lagbilde 1975


Det hadde vore ei rolig periode for damehandballen i Bergsøy, men no var laget på vei oppover igjen.

Bilde

Lagbilde 1977
Bak fra venstre Trude Teige, Vivi Broks, Ruth Frøystad, Anne M Kvalsvik, Unni Bostad. Framme Oddrun Leikanger, Anita Igesund, Berit Teige, Åse Vike og Janne Hovden.

Bilde

Lagbilde 1977
"Rekordlaget 1977". Bak frå venstre: Anlaug Varhaugvik, Berit Teige, Ruth Frøystad, Trude Teige, Anne Mari Kvalsvik. Framme frå venstre: Oddrun Leikanger, Anite Igesund, Janne Hovden, Åse Vike og Anne Mette Nørvåg




1978/79



Lagbilde 1978


Damelaget hadde prestert å rykke opp frå 5.divisjon til 4.divisjon, og laget hadde ein keeper som hadde stått som ein levande mur ifølge referata i avisene.

Ruth blei også kåra til tiårets keeper av Sunnmørsposten dette året. Ho var aleine om å kome på laget uten å ha eit topplag å støtte seg til.
På tiårets lag 1970-tallet, Sunnmørsposten november 1978



1980



Ruth spelar fortsatt sjølv om ho også er trenar, og i september 1980 reddar ho 6 av 7 straffekast idet Bergsøy spelte 7-7 mot Rollon. Det er ikkje vanskelig å forstå at ho var ein viktig spelar for laget. I fleire kampar står ho imål med mange gode redningar.
Lagbilde 1980
Bak frå venstre Ruth Frøystad (trenar), Olga Eggesbø, Oddrun leikanger, Mette Vike, Berit Teige, trude Teige. Framme frå venstre Vivi Myklebust, Betty Ristesund, Brit Vikeby, anita Igesund og Gunn Igesund (trenar)



1981 - Langevåg igjen



Langevåg spelte i 2.divisjon og hadde endt på ein 7.plass året før.
Søster Bente Vestnes i Langevågdrakta



1985 til 1989



Vi finner fleire referater der det står at Ruth Frøystad gjorde ein glimrande kamp mellom stengrene.
Lagbilde 1987



1990/91



Ruth hadde mange roller, blant anna leiar for krinslaget ilag med Steinar Teigen frå Spjelkavik i tillegg til aldersbestemte lag i Bergsøy. Vidare blei ho årets spelar på damelaget i Bergsøy dette året.

Bilde

Lagbilde 1990/91

Bilde

Årets spelarar Ruth Frøystad og Ronny Koteng

Bilde

Etter siger mot Hødd




1991/92 - Veterankeeper på 37 år



Darko Grzentric var trenar, mens søster Siv Vestnes blei årets Bergsøyspelar i ein sesong der laget tidlig kjempa i toppen. Ruth kom blant anna innpå mot Elnesvågen og storspelte, og Bergsøy vann 18-17. Seinare blei det stortap mot Stranda/ringen, der veterankeeper Ruth var klart best hos Bergsøy med fleire praktredningar.

Idet Beergsøy tapte 14-13 mot Gloppen var det 37årige veterankeeper Ruth Frøystad som får skryt for praktredningar, samt at Anne Britt Sandanger kanskje spelte sin beste kamp i trøya til da.

Det var i ein kamp mot Skarbøvik at Ruth spelte sin seriekamp nr 200 og fekk blomster av formann Bodil Notøy. Gitte Nærø og Solveig Grønbech spelte godt ilag med Ruth denne kampen, men SIF vann med 12-11 heilt i dei siste sekunder. Bergsøy endte tilslutt midt på tabellen med 18 poeng på 18 kampar og ein målforskjell på 285-285.

Bilde

Lagbilde 1991/92

Bilde

Lagbilde 1991/92

Bilde

Lagbilde 1991/92




1992/93



Bergsøy vann stort med 40-8 heime mot Gloppen, og Ruth var også framme og scora på eit straffekast denne kampen. Seinare blei det tap blant anna mot Hovdebygda der både Ruth og keeperkollega Bodil Bø blei skada. Det er Bodil Bø som står mest i mål, og står nokre kampar som ein levande vegg. Ho blir også kåra til årets Bergsøyspelar dette året. I løpet av sesongen kjem også unge talent som Silje Nørvåg og Elisabeth Nørvåg og banakar på døra til A-laget.

Bergsøy endte på ein 4.plass med målforskjell 320-274. Skarbøvik rykte opp, Sula, Mauseidvåg og Gloppen rykte ned.

Bilde

Lagbilde 1992/93

Bilde

Lagbilde 1992/93

Bilde

Toppa adelskalenderen med 200 kampar for Bergsøy



Sesongen 1993/94 er det Bodil Bø og Elisabeth Sævareide som er keeperar på A-laget, med Bodil som førstekeeper. Elisabeth Sævareide tek så kommando som førstekeeper fra start av i 1994/95 sesongen.

1995/96 - Mor og datter på laget



I den andre kampen i 1995/96 sesongen gjer Ruth comeback i Bergsøytrøya i ein kamp heime mot Sverresborg som endte 23-23. 40 åringen viste at både spenst og reaksjon er intakt. Ho hadde fleire klasseredningar, og frå buret hadde ho god oversikt over kva dottera Vibeke foretok seg på venstrekanten. I tillegg spelte søster Siv på streken - flott familieinnsats.

Ruth og Siv opplevde seinare siger mot National, der ho blir beskreven som mjuk som ein katt i Bergsøymålet.

Bilde

Lagbilde 1995/96 Ruth Comeback

Bilde

Ruth og Siv 1995

Bilde

Ruth mot National



I september i 1996 var Bergsøy med i Spjelkavik-cup, og Ruth framsto som den beste keeperen i turneringa i en alder av 41 år.

Bergsøy endte på 4.plass i 3.divisjon med Tor Sindre Steinsvik som trenar. Årets toppscorar blei Hanne Reite med 80 mål, mens årets spelar dette året blei Anniken Rønnestad.

1996 - Æresmedlem i Bergsøy



Mot slutten av året 1996 var det ikkje lett å halde tilbake tårene da prisutdeler Bodil Notøy gav Ærespris til Ruth Frøystad på Herøy Hotel.
Æresmedlem i Bergsøy, mottek prisen av Bodil Notøy



-"Dette er ein pris som heng svært høgt, og om det er nokon som fortjener den så er det Ruth. Ho er 41 år og har vore aktiv som handballspelar i 28 år og som trenar i 17 år. Og Ruth er framleis like aktiv som keeper og trenar."

(Bodil Notøy i begrunnelsen til prisen)
-"Eg vart heilt skjelven og rørt, for det er berre så fantastisk å bli gjort ære på som dette", sa Ruth som sa vidare at handballen hadde blitt ein livsstil.

"Faktisk har det ikkje vore tungt for meg å halde på i alle desse åra, saktisk så er det heller slik at eg ikkje greier å slutte". Også Asbjørn Myklebust fekk ærespris i Bergsøy dette året.

1996/97 - Trenar og keeper



Ruth tok over som trenar for damelaget sesongen 1996/97, men var også keeper på laget. Det unge laget gjennomførte ein god sesong og satte seg i respekt med ein 3.plass i 3.divisjon, og trenar Ruth Frøystad framsto som divisjonens beste keeper tross passerte 40 år for nokre år sidan. Elisabeth Nørvåg blei årets damespelar. Etter ein god start på sesongen kom det nokre tap der det var tydelig at laget savna trenar og keeper Ruth som ikkje hadde vore med mot Gimse og Børsa & Skaun. Ruth hadde nemlig fått ei kneskade, og det var dårlig med erstattarar i laget. Heime mot Sula var det søster Siv Vestnes som var sporty nok til å ta på seg keeperdrakta, og dette gjorde ho ein god jobb med då Bergsøy vann 19-15.

Etter å ha kome tilbake frå skade var det nokre middels kampar før Ruth igjen var i storslag da Bergsøy presterte årsbeste og vann 26-22 borte mot Rival. Da var veteranen igjen som ein levande vegg og tok motet av Rivalspelarane med sine redningar.

Mot Sula borte blei det ein knepen 15-14 siger idet Vibeke Frøystad scora 8 sekunder før slutt, mens Ruth redda heimelagets siste forsøk på mål til stor jubel.

-"Neste år venter eg at yngre krefter tek over. I helga spelte Silje Nørvåg solid mellom stengrene, men diverre har ho vore plaga med skader. Men til neste år håper vi ho er på plass. "

(Trenar og veterankeeper Ruth)

1997/98 - Spesiell utmerkelse



Ruth hadde rett i at Silje Nørvåg var klar for meir ansvar, og Nørvåg blei også årets spelar dette året. Men veteranen spelte likevel den første seriekampen imål da Bergsøy vann 25-23 mot Oppdal. Vestlandsnytt skreiv:

-"Den spreke superveteranen ser aldri ut til å bli for gammal, og hennar rutine kan bli gull verdt for BIL utover i sesongen. "

Bilde

Nina Remøy og Ruth Frøystad

Bilde



Også den neste kampen mot Træff er det Ruth som imponerar i en 26-25 siger, der Per Moltu beskriver henne på følgande måte:

-"I målet står trenar Ruth Frøystad og spelar på eit stort register. Ho varta opp med ei rekkje fantomredningar, og takka vere hennar storspel heldt ho BIL inne i kampen heile tida. Ruth er reaksjonssterk og mjuk i kroppen. Verkelig imponerande av dama som fyller 42 år om nokre dagar"

Bergsøy vann dei seks første kampane. Ruth blei også lagets beste spelar i kampen mot Spjelkavik2 der laget vann dramatisk 23-22, og den 43-åringe trenaren storspelte i mål.

I april 1998 blei det stor jubel under handballens dag idet Ruth fekk ein spesiell utmerkelse for mangeårig innsats for handballen i Herøy.
Ruth med utmerkelse under handballens dag 1998


Til sesongen 1998/99 skjedde det mange utskiftingar og tek Solveig Grønbech over trenarrolla til damelaget, mens blant andre Linda Frantsen og Rita Valø sto i mål.


2000/2001 - Vinner av 4.divisjon



Til sesongen 2000/2001 kjem Ruth tilbake som assistenttrenar med Per Frøystad som trenar, og laget hadde unge keeperar i Viviann Voldsund og Susanne Sandvik. Sandvik hadde då mest ballerfaring ifrå fotballen, og hadde i fleire år vore ein av fylkest mest lovande fotballkeeperar. Ein annan fersk keeper som sto imål dette året var Christina Kvalsund.

Trenarparet Per og Ruth hadde no to døttre på damalaget og ein son på herrelaget, og Vibeke Frøystad blir årets spelar.
Kretsmester 4.divisjon 2000/2001


Bergsøy vart avdelingsvinnar etter ein flott sesong, men gav likevel frå seg opprykket ettersom fleire av spelarane var småbarnsmødre og ikkje var klare for dei lange reisene til trøndelag i 3.divisjon.

I oktober 2000 skjer det noko imponerande som må nemnast; Ruth Frøystad blir kasta inn som keeper på Spjelkavik sitt unge 1.divisjonslag i to kampar oppe i Trondheim. Spjelkavik hadde keeperkrise, og Ruth var sporty nok til å stille opp.

Bilde

Avisutklipp Sunnmørsposten 2000

Bilde

Avisutklipp Vestlandsnytt oktober 2000




2001/2002 - Vinner 4.divisjon igjen



Ruth gjorde comeback som hovudtrenar på laget med stor suksess. For andre år på rad vinner Bergsøy 4.divisjon, men for andre år på rad takker laget nei til opprykk.

Siv Vestnes blei årets damespelar for 5.gang, mens Ruth Frøystad takka for seg etter sesongen. Det blir imidlertid ikkje siste gangen vi ser ho på handballbana.

2005/2006 og 2006/2007 - Comeback igjen



Nokre år seinare, i 2005/2006 sesongen er det Susanne Sandvik som har etablert seg som hovudkeeper og blir årets spelar, men Ruth gjorde eit viktig innhopp mot Meldal. På vår "adelsliste" står Ruth med 1 kamp denne sesongen, og 2 kampar i 2006/2007 sesongen.
I 2005/2006 sesongen gjer Ruth nok eingang comeback med suksess


-"Meldal auka leiinga og var på det meste fem mål foran. Spenninga var stor då gjestane blei tildelt straffe og "evigunge" Ruth Frøystad gikk imål. Ho redda, og det gav heimelaget akkurat den vitamininnsrpøytinga dei trengte. "

(Vestlandsnytt - Bergsøy - Meldal 21-16.)

2005 - Kulturprisen



Dette året blei kulturprisen utdelt for 21.gang, og det var Ruth Frøystad som mottok årets pris. Sjekk og diplom blei overrekt av Bjarne Kvalsvik under Kulturhusets 25 års jubileum.

Referat fra Tidsskrift Herøy Sogelag (2006):

- Som aktiv handballspelar (målvakt) og handballtrenar gjennom mange år har Ruth Frøystad realisert det gamle ord: mens sana in corpore sano (ei sunn sjel i ein sunn lekam). Alt som 12 åring tok ho til med handball og miste ikkje iver og glæd etter åra som gjekk. Ho var eit par år med Langevåg sitt damelag, men elles er det i Bergsøyburet ho har hatt fartstida. Det har vorte over 250 kampar.

Sidan 1979 har ho hatt trenarjobb i Bergsøy. Å arbeide for og med ungdom er kulturaktivitet av beste sort. Ho har sjølv hatt glede av handballen, og som trenar ført dette over på dei yngre generasjonane - med smittande engasjement og iver. Som aktiv spelar og som dugande trenar har ho vore ein god rollemodell for ungdom i Herøy. Ikkje rart at ho også er æresmedlem av Bergsøy IL.
Bildet: Ruth Frøystad mottek Kulturprisen 2005, bildet av Vestlandsnytt.



Trenar for aldersbestemte lag



I tillegg til å trene og være spelar på damelaget har Ruth også vore trenar for mange aldersbestemte lag. Vi skal ikkje prøve å ramse opp, men kan nemne nokre årgangar. I 2011 trente ho J12 med Tone Nørvåg som oppmann, seinare blei ho trenar for J14 ilag med Sveinung Leine. I 2012/2013 var ho trenar ilag med Siv Vestnes for J14.

Bilde

Trenar for J14 i 2013, her ilag med leiar Anita Kvalsvik Leine

Bilde

Ruth ilag med kaptein for Bergsøy J16, Kine Kvalsund i 2010




2019 - Nominert til Sunnmørets beste



I 2019 blei det utført ei kåring der målet var å finne Møre og ROmsdal sin beste idrettsutøver gjennom tidene. Frå kvar kommune blei det nominert ein mann og ei kvinne, og frå Herøy var det Fred Frantzen (fotball) og Ruth Vestnes (Handball) som blei nominerte til prisen.

Frå Hareid var dei nominerte Trine Pilskog (friidrett) og Åge Hareide (fotball). Frå Ulsteinvik Edel Charlotte Fosse (turn) og Karsten Warholm (friidrett), og frå Sande Anne Dyrhol (friidrett) og Jan Åge Fjørtoft (fotball).

FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt