Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Bergsøy feirar 60 år

Arkivet:
Klubben i vårt hjerte fyller rundt år.

Iår er det 60 år sidan Bergsøy Idrettslag vart skipa. Det er god grunn til å grattulere Bergsøy Idrettslag for det laget har stått for og fått utført gjennom desse 60 åra.

(Bildet: Peder Worren (1921-2000) gjorde i en mannsalder ein stor innsats for Bergsøy Idrettslag.)


År 1944 den 4.oktober ble det på Bergshall holdt skipingsmøte for dannelse av en idrettsforening på Bergsøya. Møtet var sammenkalt av Andreas Sævik og Andreas Lied. Dessuten var følgende til stede;

Ole Karlsen, Sverre Leine, Helge Pettersen, Arne Hjelmeseth, Peder Worren, Kristoffer Kvalsvik, Kåre Velsvik, Peder Hopen, Gudmund Leikanger, Mads Kleiven, Erling Stenersen, John Kopperstad, Norvald Vågsholm, Knut Nilsen, Olav Djupvik, Mathias Leine, Petter V Pettersen, Alf Vinge, Håkon Pettersen, Gerh. Pedersen, Astor Pettersen, Håkon Hansen, Mindor Reite, Per Pedersen, Norris Pettersen, Steinar Stenersen og Oleander Brekke.

Alle tegnet seg som medlemmer, og det ble valgt følgende styre;

Andreas Sævik (formann), Andreas Lied (nest-formann), Peder P Worren (sekretær), Kåre Velsvik (kasserer), Norris Pettersen (materialforvalter).

Bergsøy turn og Atletklubb som laget heitte då det blei skipa, satsa i den fyste tida på aktivitetane gymnastikk, turn og boksing, og det blei halde treningar på Bergshall med Andreas Sævik som instruktør. Han var i denne perioden den sentrale leiaren i laget både som formann og instruktør. Det var ofte styremøte, og møteprotokollane fortel også om god aktivitet i laget dei to fyrste åra. Styremøta vart for det meste haldne på hybelen til Andreas Lied.


1945: Skirenn



I 1945 vart det arrangert skirenn. Det vart tevla i både hopp og langrenn. Andreas Sævik vart suveren vinnar av langrennet med Astor Pettersen og Finn Voldnes på dei neste plassane. Eivind Myklebust hadde det lengste hoppet i hoppkonkurransen, som vart halden på marka nedanfor Høgtun i Skarabakken. Han hoppa 15,5 meter, men braut eine skia. Det enda med at Andreas Sævik vann hopprennet også, og på dei neste plassane kom Astor Pettersen og Finn Voldnes enda en gong.

24.mai 1945: Bergsøy Idrettslag



På styremøtet 24.mai 1945 vart det vedteke at laget skulle skifte namn til Fosnavåg idrettsforening. Men berre seks dagar seinare vart det gjort vedtak om å melde laget inn i Norges Idrettsforbund med namnet Bergsøy idrettslag. No hadde fotballinteressa vakna for alvor. 10.juni vart det halde folkemøte på Bergshall, og mange møtte fram. På møtet var det stemning for å kjøpe grunn til idrettsanlegg ved Bergshall. Men då det skulle røystast, "stakk alle fra Berge av" står det i møteprotokollen. "Grunnen til dette vet vi ikke, men det går rykter om at de ville begynne på en bane for seg selv."


Heid Idrettslag



I 1945 vart Heid idrettslag skipa, og laget fekk sin idrettsplass opp i marka på Berge. Bergsøy idrettslag fekk kjøpe grunn i Huldalen hausten 1945. Begge laga fekk i 1946 eit kommunalt tilskot på 2000 kroner til opparbeiding av bane. I Huldalen vart grøftinga unnagjort i desember 1945 etter god dugnadsinnsats. Ei helg vart det skipa til marknad med skytebane og tombola på fredag og laurdag, og på søndag var det revy. Dette vart ei årviss arrangemang dei neste åra, og en fekk på den måten inn pengar som kom godt med i det vidare arbeidet med bana.


Den fyrste kampen



(Bildet; Bildet er fra 1957 eller 1958. Framme fra venstre; Asmund "Assi" Myklebust, Edmund Notøy, Edmund Wiik, Frank Frantzen, Ingvald Stenersen. Bak; Petter Homlong, Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg, Egil Myrene, Sverre Botn og Jon Frøystad.)

Fotballen rulla på skuleplassen ved Myklebust skule. Her vart det spela mange "store" kampar, og laget reiste dessutan til ulike bygder på Sunnmøre, og gjorde det slett ikkje så verst. Ola Goksøyr fortel at eit lag samansett av spelarar frå Runde og Goksøyra spelte en kamp mot Fosnavåg på skuleplassen ved Myklebust skule. Ola Goksøyr fortel;

-"Eg var sjefen for Rundegjengen. Vi syntest vi hadde nådd eit slikt høgt fotballnivå på Runde at vi var modne for større oppgåver enn å spele mot kvarandre. Vi hadde høyrt at det skulle være et bra lag i Fosnavåg, og at sjefen deira var ein Peder Worren. Eg ringte han og avtala kamp. Vi møtte opp på skuleplassen med ei optimistisk innstilling og ei klar formeining om at vi skulle ta rotta på fosnavågarane. Men vi kom raskt ned på jorda. Runde/Goksøyra fekk seg en skikkelig baksmell. Vi tapte heile 2-12. No var vi kanskje ikkje så dårlige som resultatet kan tyde på. Frå Runde kom glimrande spelarar som tvillingbrørne Per og Inge Ervik, for ikkje å snakke om Hans Ottesen. Øystein Østensen Goksøyr var et stortalent. Eg trur vi hadde like godt mannskap som fosnavågarane, men på Runde brukte vi å spele på gras. Vi var såvisst ikkje et grusbane-lag. Skuleplassen ved Myklebust skule var så hard at teknikken vår ikkje kom til sin rett. Dessutan var ballen vi nytta så knallhard at vi fekk problem. Det var slik ein voldsom og merkelig sprett i han. Om Peder Worren & Co hadde pumpa ballen ekstra hard for at han skulle sprette slik han gjorde, eller gjordt anna lureri, veit eg ikkje. Men i ettertid har eg aldri sett en ball oppføre seg slik som denne. For oss unge rundeværingane så var dette et mysterium. Det var en slukøra gjeng som seinare på dag for ut Holmefjorden med kurs for heimleg farevatn."

Dette fotballmøtet skulle likevel få mykje å seie for Ola Goksøyr.
-"Etter kampen kom Peder Worren og ville snakke med meg. Han sa at han hadde lagt merke til at eg hadde scora begge måla til Runde/Goksøyra. Peder meinte eg hadde potensial som fotballspelar, og at eg derfor kunne verte en bra mann for fotballaget i Fosnavåg, eller kanskje var det Bergsøy Idrettslag han hadde i tankane. Det vart iallfall oppretta kontakt imellom oss, og fra 1945 til 1965 var eg fast inventar på fotballaget til Bergsøy. Eg fekk spele både i dei grøne og dei raude og kvite draktene dei åra eg var med i klubben. Det var ei utrulig rik tid for meg. I Bergsøy Idrettslag vart eg frå fyrste dag godt motteken. For meg som budde ute i Goksøyra var det stort å kome inn i dette miljøet. Eg vart kjent med mykje folk og fekk mange gode vennar. Somme av dei er mine beste vennar den dag idag", fortel Ola Goksøyr.

Ola Goksøyr var også med på å spele mot Heid idrettlag. Her var det sterke kjenslar inne i bildet både før, under og etter kampane. Men det var alltid god stemning og mykje dramatikk i desse lokaloppgjøra endten det var i Huldalen eller på Heid kampen gjekk. Der var ei knallhard Heidkjerne i Straumenområdet som gjorde at temperaturen kunne verte svært høg under desse kampane. Det var aldri uvennskap mellom klubbane, men det rådde ei steinhard patriotisme i begge leirar. Bergsøy heldt seg for å være bedre fotballspelarar enn heidarane, og det blei da sårt dei gongane det blei tap. Seinare var Heid slått sammen med Bergsøy, og det var et klokt trekk. Spelarane på Heid og Bergsøy gjekk godt ilag, og det blei et rikare miljø for alle partar. Mange av karane på Heid var fargerike typar som det var trivelig å være sammen med. Litt etter litt tok dei ivrigaste Heid-tillhengarane til å heie på Bergsøy. Dei såg sine egne gjere det godt på Bergsøy, og det var det som skulle til.


1952: Serievinnar



I 1952 sto fotballbana i Huldalen endelig klar, men før den tid hadde laget spelt nokre kampar på bana. Fyrste kampen Bergsøy spelte der var mot Sundgot, men då var berre ein del av bana grusa. Ho var då så lita at en ikkje kunne stille med 11 mann, trulig brukte en 8-mannslag.

Laget vart meldt inn i Sunnmøre fotballkrins 7.mai 1951, og det blei kjøppt inn drakter. Dei var grøne med kvit krage, og buksene var blå. 1952 var den fyrste store fotballsesongen for laget. Da var anlegget i Huldalen ferdig, og i en storleik som gjorde at det kunne spelast seriekampar der. I møteprotokollen kan en lese at fotballaget hadde spelt sine første kampar i 3.divisjon, og med godt resultat. Av 8 kampar vann Bergsøy 6 og toppa tabellen ved sidan av Vartdal. Det mest benytta lag i denne perioden var Finn Voldnes, Nils V Pettersen, Leif Pettersen, Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg, Peder P Worren, Petter J Pettersen, Erik Løfoll, Knut Nilsen, Ola Goksøyr og Svere Botn.


Handballgruppa



Det vart også skipa ei damehandballgruppe kring 1950. Laget som fortrinnsvis bel benytta i 1952 sesongen var Anna Nilsen, Janny Hopen, Palma Leikanger, Lilly Flote, Jorunn Leikanger, Grethe Solbakk, Liv Igesund og Bjørg Leikanger. Bjørg Stenersen fortel;

-"Då eg var jentunge fekk vi så å seie aldri spele fotball ilag med gutane. Derfor måtte vi finne på noko å finne på sjølv, og da vart det gjerne handball. Fram til 1951 vart treningane avvikla på skuleplassen ved Myklebust skule. Vi var en gjeng med jenter som møtte opp før dametreningane tok til. Peder Worren som trena damene instruerte oss jenteungane litt før dametreningane tok til. Det hende også at vi jentene fekk være med på desse treningane. På den måten blei vi tidlig intrisserte for handball. Grethe Myklebust og eg var skikkelig stolte då vi i 1951 fekk beskjed om at vi som 13 og 14 år gamle vart tekne ut på damelaget. Dette var i den tida da handball var en utandørsidrett.

I 1951 vart Bergsøy krinsmester. I tillegg vann laget B-serien og rykte opp i A-serien. Det var også i denne sesongen at laget spelte sin første kamp i Huldalen. Det skjedde jonsokafta, Bergsøy slo Hareid 6-1. Etter denne sesongen slutta den gamle garde. Berre to, tre var att på laget da 1952 sesongen tok til. Det var altså snakk om et generasjonsskifte.


(Bildet; Handballaget som vart krinsmester i 1951. Bildet er teke i Huldelen jonsokafta 1951 da den fyrste handballkampen blei spela der. Bergsøydamene slo Hareid med 6-1. Framme fra vesntre; Bjørg Leikanger, Bergljot Myrhol, Anna Nilsen, Grethe Solbakk og Marit Myklebust. Bak fra venstre; Synnøve trettøy, Reidun Roksvåg, Sonja Melvær, Liv Igesund og Rannveig Solbakk.)






kampreferat






Fotball





Ekstern Link fotball.no


Fotball




Ekstern Link fotball.no


handball



Ekstern Link handball.no


handball



Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt