Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Profil: Sigmund Paulsen


Profil:
Profil: Sigmund Paulsen



Han utmerka seg tidlig som et fotballtalent med god teknikk, og var med i fleire av kampane som Bergsøy hadde etter krigen før dei starta i serien 1952. Men i tillegg til å bli Bergsøy sin første målscorar og den første storscåraren til laget, så tok han også på seg instruktøroppgaver. Han har vore oppmann, materialforvalter og fleire år i UK. Johs Wike omtaler Sigmund som "kongen av Huldalsbana".

Sigmund Paulsen har lang arbeidserfaring frå Fosnavåg Notbøteri. Han har tatt både den lille og store havhesten, var livreddar og symjeinstruktør. Var på forskjellige kurs.


Statistikken Fotball
År Kampar Mål
1952/53 2+ 1+
1953/54 14
1954/55 6
1955/56 13
1956/57 6 1
1957/58 9
1958/59/td> 3
1962 20 3
1963 9 4
1964 12 2
1965 14 13
1966 14 7
1967 10 2
1968 6
1969 18
1970 4
Totalt 166 33+


I fleire år har historikk.com søkt i alle kilder for å prøve å gjere statistikken til Bergsøy A-lag så god som mulig, men det er desverre vanskelig å finne noko god målstatistikk frå 1950-tallet. Sigmund sjølv meinte han scora bra mange mål dei første sesongane, og dette kunne sjølvsagt ført han langt opp på vår målscorerliste.

Vi kan nemne mål vi mangler i statistikken (pr 2023):

1952/52: Mangler 38 målscorerar
1953/54: Mangler 47 målscorerar
1954/55: Mangler 42 målscorerar
1955/56: Mangler 42 målscorerar
1956/57: Mangler 24 målscorerar
1957/58: Mangler 30 målscorerar
1958/59: Mangler 11 målscorerar

Totalt er det faktisk 319 mål som mangler ein målscorer i Bergsøystatistikken, og alle desse er ifrå Sigmund Paulsen si epoke før 1969. Sjølv meinar han at han scora ei 15-18 mål kvar sesong dei første åra.


Tidlig talent



Han utmerka seg tidlig som et fotballtalent med god teknikk, og var med i fleire av kampane som Bergsøy hadde før dei starta i serien. Han meinar sjølv at han spelte fyrste kampen i 1946 uti nørste Remøya på ei attlege der. Gikk oppi trefæringar og rodde ut for å spele kamp, og vann mot Remøya. Sigmund seier også at han ikkje hadde noko spesiell favorittfot, han brukte begge bein. Ein spelar som med tekniske finesser og dribleserien skapte publikumsvennlig fotball i Huldalen.

Ifølge "Idrett i havgapet" av Johs Wike så tjuvtrente Sigmund og kompisane med papirballar i vaskekjellarane om vintrane i mangel på bedre treningsforhold, og generasjonen som Sigmund tilhøyrde var det som kan kallast første juniorlaget til Bergsøy.

Egil Leikanger om Sigmund Paulsen:

-"Sigmund er det eg må kalle eit fotballtalent. Han hadde teknikk og oversyn, var en fotballspelar som visste kvar medspelarar og motspelarane sto. Han hadde blikk for spelet. Eg huska heilt på slutten mot en kamp på Stranda (29.08.1965), fyrste kampen vi spelte på gras. Eg spelte keeper og slapp inn et mål. På slutten sa Sigmund at han måtte få ballen, og han var så nær at eg kasta den til han. Eg skal sverge på at ballen ikkje var i bakken før han nikka den imål på den andre sida og vi vann kampen. Han for med den heilt solo over heile bana. (Bergsøy vann 2-1 etter 2 mål av Sigmund) Det spesielle med Sigmund var også at han var god over lang periode, han var med lenge".

-"Noko av det fyrste eg huskar om fotball som gutonge er ein fotballkamp på Myklebus skule, like etter krigen. Der var nokre Måløytvillingar som var gode, og dei sa før kampen: "Pass på han der", og det var han Sigmund som spelte for Fosnavåg. Han utmerka seg allereie den gongen. "

(Egil Leikanger.)
I 2007 mimra Sverre Tollås og Harald Lied på åra etter krigen, og at ungdommen dreiv med gøyme og leite i området rundt Holmsild. Dei valgde gjerne to lag på hausten når det var mørkt ute, og det eine laget skulle gøyme seg og det andre skulle leite. Gøymeplassane var like mange som talet på sjøbuder, men Sigmund Paulsen fann dei aldri under ei bud. Han var nemlig ein mester i å klatre lyktestolpar, minnast dei. (Ref: Vestlandsnytt 16/11/2007)

-"Vi skulle ut på øyane å spele så var det å bruke Aktiv og andre fiskebåtar som fylte seg med folk. Vi måtte på båt om vi skulle ut på Moltu også. Det var eit veldig engasjert publikum i dei tide, det var fullt oppi Huldalen og alle plassar. "

(Sigmund Paulsen.)


1952: Bergsøy sin første målscorer



I boka "Aktive fotballspillere bind 2, utgitt 1953 står det skrevet:

"Sigmund Paulsen, notbøter, Fosnavåg. F.24.06.1934. Indre høgre. Aktiv siden 1949".

Han spelte ikkje lengst framme, men han var ein farlig målscorer han Sigmund Paulsen. Det fekk han vist fram allereie i det første kampen Bergsøy spelte i serien.
Laget som slo Vartdal i lagets tredje kamp, Bergsøy sin første bortesiger i seriesystemet. Petter J Pettersen, Jan Vinge, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Knut Nilsen, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Kristian Østensen, Ola Goksøyr, Harald Djupvik, Sverre Botn og Leiv Tronstad. Framme fra venstre: Nils V Pettersen, Nils P Nilsen og Leif K Pettersen.


Bergsøy debuterte i seriespel borte mot Brattvåg 3.august 1952, eit lag som blei rekna for å være dei beste i divisjonen. Brattvåg vann 2-1, men Bergsøy spelte bra og burde kanskje ha vunnet. Muligens var det litt debutnervar idet heimelaget scora to mål før pause.

Bilde

Borte mot Brattvåg 1952

Bilde

Borte mot Brattvåg 1952

Bilde

Sigmund Paulsen, Ola Goksøyr, Sverre Botn

Bilde

Referat

Bilde

Prolog medlemsfest november 1952

Bilde

Seriemester 1952/53

Bilde

To av lagets stjerner idet A-laget startar i serien



Etter pausen dominerte Bergsøy, men klarte berre å score eit mål. Tidenes første målscorer for Bergsøy i seriefotball var 18 åringen Sigmund Paulsen som spelte sidehalf.

-"Eg passa på returane. La meg inni 16 meteren og la meg klar når nokon skaut. Hadde ei 17-18 mål kvar sesong til å begynde med. Eg hadde en tendens til å score, og var fast straffetaker. "

(Sigmund Paulsen.)
Seinare i oktober 1952 spelte Bergsøy sitt juniorlag treningskamp mot Hødd og tapte 3-1 i ein fartsfyllt kamp. Referent PIT skreiv at det som vanlig var Sigmund paulsen som var den store strategen på heimelaget.


Vidare på 1950-tallet



Fram til 1959 spelte han mest på høgre midtbane, mens han etter 1961 var mest i løparrekka som indre høgre. Ifølge seg sjølv bytta han litt med Jon Ertesvåg og spelte sweeper nokre gongar.
September 1953. Laget som tapte med æren i behold mot Herd. Klubbens første fotballkamp på gras. Bak fra venstre: Kristian Østensen, Jon Ertesvåg, Petter Sperre, Petter Homlong, Ola Goksøyr, Sverre Botn. Framme frå venstre: Sigmund Paulsen, Leif Pettersen, Nils P Nilsen, Jan Vinge, Peder Worren.


Bilde

06.09.1953. Før Herd - Bergsøy 5-0. Arthur «Bassar» Frantsen (bak bordet) saman med sonen Geir. Sigmund Paulsen, Ola Goksøyr og Jon Ertesvåg.

Bilde

Lyslugga Sigmund paulsen på jakt etter ballen i Huldalen. Johs Wike omtaler Sigmund som "kongen av Huldalsbana".



Avisene var ofte sparsomme når det gjaldt å skrive referat frå kampane, og det var svært sjeldent at det blei notert ned målscorarar i kampane. Derfor har vi ikkje god statistikk frå 1950-tallet. Berre avogtil skreiv avisene kven som var beste spelarane, og der kom Sigmund Paulsen og Jon Ertesvåg sine namn fram fleire gongar i tillegg til Peter Sperre. Om ein hadde kun lest avisene i tiåret 1950 så skulle en nesten tru laget berre hadde tre spelarar.

Bilde

Referat

Bilde

Referat

Bilde

Referat

Bilde

Bilde frå 1954. Ein Bergsøyspelar kastar ballen, og det ser ut til å være Sigmund Paulsen.




Tidlig aktiv som instruktør



Sigmund Paulsen var ikkje berre ein god spelar, han var tidlig ute med å kursast som trenar og instruktør. Allereie to år før fotballserien starta (1952), så var Sigmund Paulsen oppmann for handballen i 1950 ilag med Jan Vinge og Kåre Myklebust. Harald Solbakk var instruktør.

Men det var ikkje berre i handballen han var tidlig ute. Midt i debutsesongen 1952/53 så heldt klubben årsmøte, og det Jon Ertesvåg og Sigmund Paulsen blei instruktørar i fotball. Sigmund paulsen var då i tillegg til å spele og være instruktør på A-laget - også instruktør for guttelaget ilag med Sverre Botn. Allereie i 1954 dro Sigmund ilag med Sverre Botn på trenarkurs leia av Ragnar Pedersen frå NFF.

Bilde

Kurs i 1954. Sigmund Paulsen på trenarkurs på Aksla Stadion, han er nummer to frå venstre. Sverre Botn bakerst heilt til høgre.

Bilde

Kurs 1956

Bilde

1961: NFF Melder at Sigmund Paulsen er godkjent som kontrollør av ferdighetsmerket. I søknaden skreiv Bergsøy at Paulsen hadde deltatt i eit av Sunnmøre Fotballkrets sine instruktørkurser



I vår trenarstatistikk har vi notert oss ned Geir Grimstad i 1968 som den første A-trenaren ansatt av klubben, men i realiteten så var det altså mange av dei interne spelarane som Peder Worren og Sigmund Paulsen som vi kan seie var dei aller første til å organisere og ha oppgaver som vi idag tenker trenarane gjer. Den tida blei dei kalla instruktørar. Til forskjell frå dagens trenarar tok dei ikkje ut laget, det var eit eige utvalg som gjorde.

Dette utvalget var på plass også i Geir Grimstad si tid og også ut på 1970 tallet dei første åra, og dette betyr at heller ikkje Geir Grimstad hadde ansvar for uttak av lag i si tid - og at ansvaret dermed ikkje var så annaleis enn det spelarane som Sigmund Paulsen hadde som instruktør og kursa i øvelsar. Kort sagt: Det er ikkje mykje feil å seie at Sigmund Paulsen var ein av dei aller første som med samvittighet kunne kalle seg ein trenar/instruktør for A-laget.

-"Treningane var som regel å dele opp i to lag og spele mot kvarandre. Peder Worren hadde ansvaret for mykje av treningane fyrste tida. Så var eg og nokre andre til Ålesund på Aksla og hadde kurs. Der var Ragnar Larsen som var landslagstrenar (1948-1962) og skulle lære oss opp. Idet vi kom tilbake så hadde vi et visst system med trening, med intervall og diverse. Demping med ball. "

(Sigmund Paulsen.)


Knekade og operasjon i 1958



I ein kamp mot Rollon 10.august 1958 blir Sigmund Paulsen kneskada, og det virkar å ha vore ei skade som held han unna fotballbana i lengre tid. 29.september melder Bergsøy til fotballforbundet at Sigmund må operere for å lege skaden, og at denne operasjonen vil skje en av de neste dagene.

Frå 1958 var Sigmund Paulsen og Sverre Botn oppmenn for rekrutteringslaga gutte og junior. Dette året blei det også valgt eit UK for desse laga, og der satt Arthur Frantzen, Peter Sperre og Kolbjørn Wickstrøm.

På årsmøtet i 1959 er fortsatt Sigmund Paulsen ein av instruktørane til A-laget, denne gangen ilag med Jon Ertesvåg og Peter Sperre. Sigmund er i tillegg til a-laget også instruktør, oppmann og UK-medlem for både gutte og juniorfotballen. UK (Utvelgelseskomitee) besto av tre personar som tok ut laget, og det var Sigmund Paulsen, Harald Arnesen og Peder Worren. Som ei ekstra oppgave så var Sigmund også materialforvalter til A-laget ilag med Eystein Botn.

Det var også i desse tider at damelaget i handball trente mot spelarar på fotballaget for å bli meir robuste, og der var Sigmund Paulsen ein av dei som stillte opp ilag med spelarar som Jon Ertesvåg, Jan Vinge, Ingvald Stenersen og fleire.
(1960: Oppmann for juniorlaget i 1960.)



-"Sigmund Paulsen og Jon Ertesvåg er dei to beste Bergsøy-spelarane i mi tid på laget, seier Ola Goksøyr "

(Ola Goksøyr ref: vestlandnsnytt 4/08/2005), som i eit anna intervju også nemner Kjartan Fagerlund som ein av dei viktigaste.)



1961: Comeback



I juli 1961 står det at Sigmund Paulsen har comeback i første serierunde mot VRF, og at ein håpar at beinet hans held slik at den gode spelaren kan være med på alle haustkampane. Publikum svikta sjølvsagt ikkje heimelaget i sin 3.divisonsdebut, og det var møtt opp eit rekordantall tilskuere for å se en jevn kamp mot et av divisjonens beste lag. Sigmund var blant lagets beste spelarar ilag med målscorarane Kolbjørn Wickstrøm og Sverre Botn.

Bilde

Bilde

A-laget i ca 1964/65. Bildet ca 1964: Harald Arnesen, Kolbjørn Wickstrøm, Kjartan Fagerlund, Kjell Almestad, Jon Helge Kvalsvik, Sverre Botn, Eldar Eilertsen. Framme: Gunnar Kjelstadli, Sigmund Paulsen, Roger M Larsen, Kjell Karlsen og Odd Berge.




-"Mens andre hoppa opp og headda ballen så hoppa eg opp idet ballen var på vei ned og dempa den på hovudet. Der låg ballen på hovudet, mens eg sprang forbi etpar mann og skaut imål. Eg laga to mål på den måten. "

(Sigmund Paulsen.)



1962-1968: Spelar og instruktør



I 1962 blei oppmannfunksjon og UK slått sammen for gutte og juniorlaga. Harald Arnesen var oppmann ilag med Gunnar Kjellstadli, mens Sigmund Paulsen skulle ha ansvaret for uttak og utvikling av dei to laga. Bergsøy blei nummer to i juniorserien avdeling B på Sunnmøre, med blant anna imponerande resultat som 6-3 over Hødd og 4-2 over Ålesund.

Bergsøy Gutteklubb vann dette året klasse A i den poppulære Sunnmørscuppen.

Bilde

Bergsøy Guttelag 1962
Bak fra venstre Audun Askimdal, Gustav Harsvik, Knut Teige, Jan Dypvik, Asbjørn Myklebust, Andreas Kvalsund og dommar Reidar Borch Walderhaug. Framme frå venstre Harald Thorseth, Nils Frantsen, Knut Igesund, Sigleif Karlsen, Tor Pettersen, Ronald Moen og Jan Harsvik

Bilde

Bergsøy guttelag 1963.
Bak frå venstre Geir Finn Goksøyr, Jan Dypvik, Knut Teige, Asbjørn Myklebust, Jan Torgersen, Eldar Eilertsen. Framme frå venstre Odd Berge, Nils Frantsen, Håkon Harsvik, Knut Igesund og Ronald Moen

Bilde

Bergsøy guttelag 1964.



I november 1964 kjem Sigmund Paulsen inn i UK for A-laget ilag med John Stenersen og Nic Rånes, og i 1965 er han i UK ilag med Egil Leikanger og Nicolai Rånes.

Men det er fortsatt som fotballspelar på A-laget han herjar mest, og han scorar mål i alle sesongene frå 1963 til 1967. Aller mest effektiv var han i 1965-sesongen med minimum 13 fulltreffarar (av dei måla vi klarer å bekrefte). Vi mangler 13 mål å bekrefte i 1965 sesongen, men slik det ser ut var Sigmund Paulsen klar toppscorer denne sesongen.
(Bildet: Sigmund Paulsen scorer 2 og Knut Teige 1 mål mot Rollon i 1966. Bergsøy vinner 3-2 på bortebane)





1969: Spelar om opprykk



Fotballveteranen Sigmund Paulsen hadde vore med å vinne serien i 1952/53, i 1969 var han 37 år og med for å hjelpe Bergsøy vinne serien igjen. Det var stor stas da Bergsøy vann kamp etter kamp utover i sesongspurten, og Sigmund spelte dei fleste kampane. I 3-1 sigeren mot Rollon var det Sigmund og Knut Igesund som var dei mest dominerande og rydda godt i forsvaret. Han spelte også i løparrekka i tillegg til å spele på backplass.


-"Hausten eg kom til Bergsøy var eg med på endel treningar, og der var ikkje flomlys men iallfall en lyskastar i telefonstolpen i Huldalen. Det blei nokså skymt utover. Når klokka begynt å nærme seg sju sa et til han Sigmund at no har eg store problemer med å sjå ballen fordi det blir så mørkt. Da sa Sigmund: "Essa, ej he ikkje sett ballen på en time ej no". Då snakka vi om en spelar som spelte på intuisjon. "

(Bjørn Prytz.)
Sigmund rakk også å spele i alle dei tre første NM kampane klubben hadde i 1969. Dette var første året at Bergsøy kvalifiserte seg til NM-kampar.

Bilde

Laget mot Sunndal som vinner 1-0. Bak fra venstre Oskar Waage, Jon Peter Frøystad, Asbjørn Myklebust, Kjartan Fagerlund, Jostein Myklebust, Ronald Moen. Framme: Andreas Kvalsund, Eldar Eilertsen, Jan Karsten Myrhol, Knut Igesund, Sigmund Paulsen

Bilde

Laget mot Sunndal som vinner 1-0

Bilde

KM Finale mot Bryn. Sigmund Paulsen ser frå sidelinja.

Bilde

Dette ser vel ut som Sigmund Paulsen. Bildet er tatt etter kampen Bergsøy - Sunndal.

Bilde

Bilde frå kvalik-kampen mot Bryn 1969.

Bilde

Vestlandnsytt september 1969.




-"Dette er jammen artigaste fotballdagen eg har hatt på lenge"
(Sigmund Paulsen etter at Bergsøy sikrar seriemesterskapet med 4-3 mot Valder.

-"Når Bryn protesterte mot å spele imot oss på grus, så får vi vise dei at vi kan tukte dei også på gras"

(Sigmund Paulsen før KM-kampen mot Bryn.)



1970: Den siste sesongen



Han hadde spelt sidan den aller første kampen i 1952, hjalp klubben til opprykk i 1969 og endte med fire kampar i 1970-sesongen før han gav seg. Alle fire kampane Sigmund spelte denne sesongen kom han inn som innbytter.

Siste kampen Sigmund spelte var mot Langevåg 6.september, 18 år 1 månad og 3 dagar etter at han spelte sin første obligatoriske kamp. Så lenge varte altså hans spelande A-lags karriære.

Bilde

Kampbilde 1970

Bilde

Kampbilde 1970, CFK scorer



-"Eg spelte ilag med han Sigmund i fleire år. Han var en smart og teknisk god spelar som eg lærte mykje av. Ikkje minst som humørspredar og gode historie og godt lune for oss unggutane som kom opp på laget så hadde vi monge artige opplevelsar. Så han var en fantastisk type. "

(Asbjørn Myklebust.)



1970: Den største veteranen



I det sesongen er over i 1970 toppar Sigmund Paulsen adelskalenderen til Bergsøy med 166 kampar. Han blei hylla med kraftige klappsalvar frå festlyden idet han tok imot den store pokalen som hadde stått sist på bordet og venta.

Bilde

Sigmund paulsen mottek pokal av klubbens formann K.Reite

Bilde

Sigmund paulsen mottek pokal av klubbens formann K.Reite

Bilde

Sigmund toppar adelskalenderen etter 1970 sesongen



Han fortsatte både å spele fotball samt å være fotballtrenar i mange år til.

-"Ja, dinnje pokali e store, man ka du tru i fe på 50-årsfesti når i he spelt 300 kampa? "

(Sigmund Paulsen under 25 års festen.)



På tidlig 1970-tallet



I 1971 er Sigmund Paulsen med i UK for A-laget ilag med trenar Harald barstad og Tore Johan Stenersen. Altså ein av dei tre som har ansvar for å ta ut laget som skal spele kampar. Vidare starta han å dømme fleire kampar som dommar, samtidig som han starta å bli aktiv på i reservelagsserien.

I 1974 scorar han eitt mål idet Bergsøy slår Hareid 4-2, og dei andre målscorerane var jon Leine 2 mål og Arve Løken 1 mål. Han er også med i showkampar, der blant anna Schoking Blue mot Gevo i Huldalen der både Sigund, Kjartan Fagerlund og Per Worren kom på scoringslista.

Shocking Blue i 1973. Framme (frå venstre): Fred Frantzen, Sigmund Paulsen, Harald Thorseth, Mathias Pettersen og Einar Harsvik. Bak: Sindre Notø, Ståle Myklebust, Jack Pettersen, Martin Pettersen, Asbjørn Myklebust og Roger Huldal. Bilde av Osvald Ristesund.



Suksess som juniortrenar



Bak frå venstre trenar Sigmund Paulsen, Robert Brekke, Ole Løfoll, Sigfred skorpen, Paul Nilsen, Hugo Brathaug, Leif Tarberg, Frank Rødal. Framme frå venstre John Magne Johannesen, Martin Fyrmyr, Jan Harald Nerland, Kjetil Goksøyr, Jens Morten Dahlstrøm og Svein Harald Erntsen


I 1975 hadde juniorlaget ein god sesong med Sigmund Paulsen som trenar. Laget tapte juniorkrinscup-finalen på straffesparkkonkurranse (6-5) mot Stranda etter 1-1 ordinærtid. Bergsøy hadde fått en god start da Sigfred Skorpen gjorde 1-0, men Stranda utlikna like etter. Juniorlaget endte på ein andreplass i serien bak Hødd.
(1975. Bak fra venstre trenar Sigmund Paulsen, Kåre Igesund, Jan Leine, Sigfred Skorpen, Kjartan paulsen, Trond Paulsen. Framme fra venstre John Johannesen, Jens Morten Dahlstrøm, Odd Egil Igesund, Johnny Pettersen, Jan Harald Nerland, Leif Tarberg og Egil Vike. .)


I 1975 var Sigmund også ein del av ein tremannsjury som valgte ut "Dagens Bilar" på heimekampane. Dei to andre var Gunnar Kjelstadli og Harald Arnesen. Om ein av dei ikkje kunne være på kamp så var Asmund Myklebust reserve.

I 1976 tek Sigmund Paulsen på seg trenarrolla som gute og juniortrenar igjen. Han blei ein suksesstrenar for Bergsøy sitt lovande juniorlag som hadde slått ut Ålesund 5-4 på straffespark etter 1-1 ordinærtid i NM. Dei slo også Langevåg 4-1 og Sunndal med 2-1, og neste utfordring fekk dei ved å reise til Bergen og møte Brann. Med seier mot Brann ville laget gått til kvartfinale.
(1976 Bergsøy mot Brann i juniorcup. Bak frå venstre Sigmund Paulsen (trenar), Sigfrid Skorpen, Kåre Igesund, Leif Tarberg, Jan Harald Nerland, Trond Paulsen, Ståle Voldsund, Hugo Brathaug og Robert Hjelmeseth. Framme frå venstre Anders Almestad, Geir Egil Olsen, Trond Hasfjord, Bodvar Kleiven, Eivind Møller, Frode Wilhelmsen, Malvin Berge og Arnvid Husøy.)


I 1978 gikk Bergsøy sitt juniorlag til topps i juniorserien på Sunnmøre med Sigmund Paulsen som trenar.

1981: Trenar for Moltu



På folkemunne var Moltu kalla for Bergsøy2 dette året. Også trenaren Sigmund paulsen er tidligare Bergsøymann. Laget gikk ned frå 5.divisjon året før, og håpar å gå tilbake til 5.divisjon med ein god seosong dette året. Avgang frå Moltu har Rolv Bakke forlatt laget, men til gjengjeld har mange andre frå Bergsøy tatt turen.
(Moltu 1981. Framme fra venstre Egil Vike, Jostein Løvøy, Stig Giske, Harald Thorseth, Kåre Igesund, Geir Vangen og Henning Moltubakk. Bak frå venstre trenar Sigmund Paulsen, Paul Jostein Vike, Ståle Voldsund, Trond Myking, Noralf Lillestøl, Lennart Lillestøl, Dag Harald Igesund og Arthur Lillestøl.)





Old boys



Sigmund er 57 år i 1991, og spelar på Old Boys.
Bilde frå 1991, Bergsøy Old Boys med mange kjente ansikt. Bak frå venstre Per Worren, Sveinung Frøystad, Kjartan Fagerlund, Knut Teige, Asmund Myklebust, Harald Arnesen og Sigmund Paulsen. Framme frå venstre dommer Bjørn Riise, Ronald Moen, Oskar Waage, Jan Karsten Myrhol, Gunnar Kjelstadli og Eldar Eilertsen.


I 1999 blei det også kjent at Sigmund Paulsen hadde ekstra flaks også med lottokupongen med 7 rette tall, som sikra han 1,9 millioner kroner. Kupongen hadde han sjølvsagt kjøpt hos N.H. Lied, der det i tidligare dagar ofte var samlingspunkt for A-spelarane for å sjå lagopstillingane til UK dagane før kamp.

FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt