Handballspelar, korpsentusiast, herøyspeladministrator, politikar, bonde og daglig ledar for Runde Miljøsenter. Tor Sindre Steinsvik har gjennom fleire år vore engasjert innenfor samfunnsliv og kulturliv i Herøy kommune. Særlig er det arbeid innanfor musikk, idrett og kultur som har engasjert han.
Æresmedlem i Bergsøy - Tor Sindre Steinsvik
Tor Sindre Steinsvik
Han var aktiv i handballgruppa gjennom ei årrekke både som trenar, leiar, styremedlem og sportslig leiar. Han var aktiv spelar til han var 43 år og står på vår strenge adelskalender oppførd med 195 kampar. Trulig skulle han hatt fleire kampar på lista:
- "Då dei starta herrelaget førte dei nok ikkje statistikk, vi for inni Ørsta å spelte den tida. Så, i 1976 var eg med ei stund, så reiste eg til Ålesund og spelte på Rollon i tre år og hadde endel kampar der før eg kom tilbake".
Det vi har statistikk av er ifrå sesongen 1982/83 i 4.divisjon der Tor Sindre spelar 16 kampar og scorar 23 mål.
-"Det som starta handballen for meg var at vi spelte i friminutta og i gymtimane, og damene spelte i Bergsøycup. Så frå 1976 trente vi i gymsalen på Borga, med harde tacklingar".
I 11 strake sesongar fram til 1992/93 spelar Tor Sindre jamnt tosiffra kampar kvar sesong, og samler sammen 508 mål i denne perioda. Flest mål scora han i sesongen 1984/85 med 86 mål på 18 kampar.
Dei siste sesongane han spelar blir det litt færre kampar. I 1994/95 spelar han 3 kampar og scorar 1 mål, og det blir tre kampar i kvar av sesongane 1996/97 og 1998/99 før det endar med 2 kampar i 1999/2000 på vår liste.
T
otalt ifrå 1982/83 er han med å spele 15 sesongar for herrelaget, der 7 av sesongane var i 4.divisjon og 8 sesongar i 3.divisjon. Han mottok pris for 100 kampar under handballens dag i 1989, og 150 kampar i 1992.
Han var en engasjert spelar og trenar, så vi spurte kva forhold han hadde til dommarane. Tor Sindre svarte med et smil:
- "Eg hadde et godt forhold til dommerane, men eg kjefta mykje på dei. Mannfolk i krig må gå ut over en kvann. Men det blei ikkje så veldig med raude kort".
Et bevis på engasjementet viste seg i 1993 idet han var trenar for herrelaget. I en kamp mot Skogn meinte Steinsvik det hadde vore nok labert spel på bana - så han hivde på seg drakta og gjekk innpå og scora i sitt første angrep. Så fortsatte han å dirigere sine troppar på ein ypperleg måte.
Synes du lista som spelar er imponerande, så kan en trekke pusten litt før vi startar på Steinsvik si liste som trenar.
I sesongen 1982/83 sesongen er han trenar ilag med Ove Vinge for herrelaget, og i 1984/85 sesongen var han trenar for både herrelag og damelag samtidig.
-"For å få det til måtte damelaget og herrelaget trene samme dag. Då hadde vi satt av kvelden. Samtidig så dreiv eg med politikk og så jobba eg på Frøystad Fiskevegn. Det var stort sett at eg kom på treningane og hengde frå meg kjeldressen, og når treninga var ferdig tok en på seg dresssen igjen og for på jobb igjen. Det var ei travel tid. "
I vår liste over handballtrenarar for A-laget til Herrer og Damer står Tor-Sindre som trenar i 16 forskjellige sesongar. I fem av sesongane er han trenar for både herrelag og damelag samtidig, og til sammen summerer vi opp at han har vore hovudtrenar for herrelaget i 10 sesongar og for damelaget i 12.
-"Når begge laga var i 3.divisjon så var problemet å nå fram i mellom hallane. Terminlista måtte settast opp sånn at eg kunne rekke frå den eine hallen til den andre hallen. Det var å hoppe i en bil som sto klar. Rune Notøy, Terje Krogset og Bodil Notøy gjorde alle en fantastisk innsats for å få det til. Bodil ofra alt for at vi skulle ha det bra".
Dei siste åra som trenar var for damelaget i fem sesongar på rad frå 2007/08 til 2011/12. Her må vi innrømme at vi har utført statistikk-arbeid i mange fleire år for fotballen enn for handballen, så noko kan være feil - iogmed at Tor-Sindre sjølv meinte han var trenar til rundt 2013/14.
Han blei årets herrespelar sesongen 1991/92, fekk Herøy kommune sin kulturpris i 2002, og i 2020 fekk han æresmedlemskap i Bergsøy. Torbjørn Hide hadde dette å seie idet han delte ut æresmedlemskapet:
-”Tor Sindre Steinsvik var svært delaktig i framgangen til Bergsøy Handball på 80 og 90 tallet. Denne personen skal ha mykje av æra for den positive utviklinga i denne perioda. Han var spelar, trenar for herrelag, damelag og aldersbestemte lag, og var også ei periode deltidsansatt i Norges Handballforbund.
Han har et brennande engasjement for dei unge og frivillige arbeid, og det er ikkje berre Bergsøy som får nytte hans engasjement. Mange frivillige verv har blitt besatt av denne personen. Det er ei stor ære og glede å kunne på vegne av Bergsøy Idrettslag å utnevne Tor-Sindre Steinsvik til Æresmedlem”.
Tor-Sindre sjølv seier at det berre er ei snill kone som kunne gjort alt dette mulig.
-"Mykje feriedagar blei brukt. Foreksempel om vi skulle på lossing til inntekt for handballen så brukte eg feriedager".