Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Heid Stadion


Første fotballbana i Herøy:
Det var den første fotballbana i Herøy, og frå 1947 til 1951 var det til Heid "Stadion" at naboklubbane i frå Herøy, Sande og Ulstein kom for å spele kamp. Bakgrunnen til dette starta like etter krigen, da Bergsøy Idrettslag kalla inn til møte på Bergshall 10.juni 1945 for å diskutere om å få laga til ei bane. Det var myra ved Bergshall som var tiltenkt at skulle bli stadion for heile øya, men då det skulle stemmast om å bygge der stakk folket fra Berge av. Det ryktast at grunnen var fordi dei ønskte å bygge si eiga bane.

Og det klarte dei. Spelarane frå Heid kom i hovedsak fra Bergsbygda, Frøystad, Eggesbønes og Dalane (Myklebust), og dei grunnla klubben Heid allereie 17.juni 1945. Altså berre ei uke etter at dei hadde vore i møte på Bergshall. Stiftarar var E.B. Andreassen og Osvald Hansen (f.1913). Osvald var medlem av Bergsøy Skytterlag og hadde skarpskyttermerke samt skytterorganisasjonens medalje og dugleiksmerke.

Og arbeidet med bana tok raskt igong. Idrettslaget Heid kjøpte banegrunn ovanfor Elsebø ved skytebana og tok straks til med arbeid på eiga bane der.
-"Idrottslaget Heid har no under arbeid ein moderne idrettsplass på Berge og har søkt Herøy kommune om tilskot tål bygginga av plassen, Søkanden vart handsama i siste heradstyremøte."

(Sunnmørsposten 20.09.1945)
Idrettslaget Heid var godt etablert no, og under Fredsmarsjen i 1945 var det 345 vaksne som greidde prøva, og fleire greidde også å gå ei mil på under 70 minutt. I juni 1946 løyvde Herøy heradstyre 2000 kroner til Gurskøy Idrettslag og Idrettslaget Heid, til opparbeiding av idrettsplassar. I juli 1947 spelte Heid ein kamp mot Sundgot og vann 4-1, og i desember samme år blir det meldt at Heid hadde planert ut 2-3 mål av bana.

November 1948: "Etter semje mellom idrottslaga på Berge og i Fosnavåg og idrottsutvalet vart det vedteke at idrottslaget Heid skulle få alt tilskot frå heradet til å setje bana si heilt i stand mot at ho kan nyttast til treningsbane for heile øya".

I Juni 1949 hardnar det seg til. Bergsøy møter Heid i en treningskamp.
-"Ein heil del folk gjekk forbi Litlebøen for å sjå på fotballkampen som var på «Heid» Det synte seg atiter ein gang at det er for verhardt på «Heid» sin idrettsplass, og kampen sundag vart prega av dette. Begge laga hadde gode perioder med tildele bra tilrettelagde sjangsar, men kulingen som ogso ville ha litt å seia, «stal» ofte ballen for nasa på spelarane. — B.I.L. vann fortent med 2—1. Den beste på bana var BIL sin venstreback Leif Pettersen, ein spelar vi kan vente mykje av. På «Heid» sitt lag merka me oss serleg centerhalfen Dahl og høgre backen Betran Eggesbø. "

(Vestlandsnytt 02.06.1949)
23.Juni 1949 (Jonsok) blei det invitert til fotballkamp mellom Heid og Bergsøy med påfølgande handballkamp like etter. Bergsøy vann fotballkampen 4-2, mens handballkampen mellom jentene fra Heid og Bergsøy - endte 7-0 til Bergsøy.

På dette tidspunktet rundt månedskiftet juli 1949 var det Ernst Andreassen som var formann i Heid, og han kunne fortelle at Heidbana no var oppe i ein størrelse på 65x30 meter. Den hadde hittil blitt brukt til treningsbane. No var arbeidet i full gong med utplanering av resten slik at bana vert 90X50 meter. Dette vert den første bana i Herøy og den vil stå heilt ferdig i august 1949. Arbeidet på bana tok til i 1945 og det var til januar 1949 lagt ned arbeide for over 12 000 kr. Etter den tid har det vore lagt ned ein del gratisarbeid.

24.11.1949: Heid idrottslag, Berge, har no i fleire veker hatt eit arbeidslag på 5—6 mann i sving med planeringsarbeid på bana si. I april 1950 var igjen arbeidet på bana i full gang, og dei hadde tidligare på hausten gjort ferdig til grusing 90 meter. Noko av denne lengda var omlag 45 meter breid, og arbeidet pågikk med å fullføre denne breidda.

I Juli 1951 spør Bergsøy om å få bruke Heid til kampar til den komande fotballsesongen, ettersom si eiga bane i Huldalen ikkje kom til å bli klar til dette. Heid bekreftar at Bergsøy får leige bana, men Bergsøy finner tilslutt ut at det blir for dyr leige (50kr pr kamp) og at dei ikkje kan bli med i seriespelet denne sesongen. I november 1951 er det likevel tegn til samarbeid da klubbane har spørsmål om ikkje dei kan dele på ein trenar.
-"Den fyrste fotballbana i Herøy vart offisielt teken i bruk med over 1000 tillskuarar. Det var «Heid» og «Tennfjord» som, spela denne kampen, eg Heid vann med 5—2. Før kampen tok til heldt Roger Saunes, som er med i styret for Sunnmøre fotballkrins ein stutt tale og ordførar Nærø ga ballen det fyrste sparket — dermed var bana opna på seremoniell vis. Etter kampen samlast so spelarane og nokre andre til ei lita festleg samkome på Berge skule der bana vart overlevert fram helsingar og gode ynskje til idrottslaget Heid. "

(Vestlandsnytt 06.08.1951)
I denne første offisielle kampen på Heid mot Tennfjord stilte heimelaget følgande lag: Frå mål til ytre venstre Willy Dahlstrom, K. Myklebusthaug J. Monsholm, N. GrønnhaugJ. Soløy, Arnfinn Berge; A. Myklebust, H. Emhjellen, H. Dahl, G. Monsholm J. Frøystad. Reservar: K Steinsvik, Konrad Berge, Jens Hjorthaug, Karsten Berge.

Tidlig på 1950 tallet er informasjonen om Heid at dei har ca 70 medlemmar, har eiga grusbane på 88x47 meter med planar om å utvide til 100x60. Drakta besto av rød trøye med hvit besetning og hvit bukse. Heid sitt fotballag i 1951/52: Framme fra venstre Kåre Myklebusthaug, Villy Dalstrøm og Jens Monsholm. Midten fra venstre: Nils Grønhaug, John Soløy og Arnfinn Berge. Bak fra venstre: Asmund "Assi" Myklebust, Henrik Emhjellen, Harald Dahl, Gunnar Monsholm og Knut Steinsvik.

05.10.1952 spelar Heid mot Bergsøy på heimebane for første gang i en offisiell kamp. Bortekampen i Huldalen blei tapt med 5-4, mens denne kampen på Heid blei tapt med 1-4. Bergsøy vann fortjent, etter ledelse 2-1 til pause i en kamp der bestemann var senterhalv Jon Ertesvåg.
(Bilde fra kampen Heid - Bergsøy i 1952)

Etterkvart kom Huldalen i drift meir og meir, og Heid si klubbhistorie blei kortare enn kanskje mange hadde trudd. Bana til Heid blei i mange tiår brukt som treningsbane, og står den dag idag som ei brukande grusbane. Men tidsalderen idag gjer at grus blir lite brukt, og kunstgras har tatt over. Heidbana står dermed som et minne om ei tid som var, i et turområde som idag blir mest spasert forbi av dei som skal opp på Hornseten.

Panoramabilde Heid 16.februar 2006

(Større bilde)



Fleire bilder



Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde



FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt