Historikk

sq-sample19

FRAMSIDA
Historikk.com




Velkommen til Historikk.com

Vi har delt heimesida inn i kategorier.

Klubbhistorie (Hovedside)
Fotball spesifikke sider (Røde)
Handball spesifikke sider (Gule)
Friidrett og Øvrig sport (Grønne)

Oversikt: Historikk.com Sideoversikt

Statistikk : EXELFIL 2021 August (4 MB)

Huldalen


Bergsøy si første heimebane:
Sjå panoramabilde av Huldalen


Allereie tidlig i klubbens første epoke var det snakk om bane i Huldalen, men det skulle ta nokre år før det blei realisert.

10.juni 1945 blei det foretatt det aller første møtet i diskusjon om å få på plass ei bane til klubben. Banespørsmålet blei løyst ved at et prosjekt som på reguleringskartet i Huldal var avsett til idrettsføremål - blei kjøpt.
-"Fosnavåg Bykgjekommune har stukke ut plass for idrettsbane ute i Huldalen. Denne bane vil naturligvis bli mere tilgjengelig for ungdommen i Fosnavåg, og ungdommen fra resten av øya vil kanskje føle seg utenfor her og ikke slutte seg opp om arbeidet. Imidlertid står også dette i stampe idet ene av grunneierne ikke vil selge. Bergsøy Idrettslag ser fore seg en idrettsbane og trenger startkapital, og starter dermed en kronerulling.."

(Vestlandsnytt 13.juni 1945)
Det såg først ut til at partane ikkje skulle bli enige når det gjaldt å kjøpe grunnen til Huldalen, men tilslutt gikk det rette veien. Halvparten blei kjøpt av Leif A. Fosnavåg og den andre halvparten gitt som gave av Gerhard Voldnes som kjøpte stykket av Petter K Pettersen (kjent som "Pit"). Størrelsen på hele stykket var på 10 mål.

Bilde

Vestlandsnytt 26.oktober 1945

Bilde

Skøte 16.juni 1947

Bilde

Skøte 16.juni 1947

Bilde

Skøte



Ing.Holstad fra Ålesund var så på plass for å stikke ut plassen, og i første omgang var planen å bygge ei fotballbane på størrelsen 110x70 meter. Det vil då bli ei fotballbane med veg rundt. Det er vidare meining av alle på fotballaget skal delta 50 timer med dugnad, og første dugnadsøkta tok til 25.oktober 1945. Det første som blei gjort var å ta opp veiter, tilsammen ha ein tru på at over ein kilometer måtte takast opp.

Vidare på hausten vil en fortsette arbeidet med skyting og planering, og håper å få innvie plassen til jonsok. Når fyrste arbeidet er ferdig vil ein deretter bygge vidare til ein fullt tidshøvelig stadion. I kronerulling til oktober 1945 hadde det foreløbig kome inn 2000 kroner.

7.desember 1945 var arbeidet med bana ferdig for det året, og opptil 20 mann hadde vore i arbeid jamnt. Arbeidet hadde no kome så langt at dei rekna veitegravinga for ferdig. Planen var å starte opp igjen arbeidet til våren igjen, og då skulle steinarbeidet ta til.
-"Årsmeldinga viser at fra laget blei skipa 4.oktober 1944 og til september 1945 hev det vore 7 styremøte, 2 medlemsmøte og 3 ekstraordinære generalforsamlinger. Av viktige saker som hev vore handsama kannemnast idrettsbanespursmålet.

Av tilstelningar hev det i året vore halde eit skistemne (den fyrste på Bergsøya). Vidare hev det vore halde fleire fotballkampar, der spelarane frå BIL hev gjort det godt. Dessutan hev laget stade for "Fredsmarsjen 1945".."


(Vestlandsnytt 1.februar 1946)
Tidlig i mai 1946 var arbeidet med bana igang igjen for fullt med veitegraving igjen - eit arbeid som trengtest blei det skrevet. Ein ingeniør hadde nettopp vore på plass for å sjå over anlegget. Seinare i månaden var steinarbeidet i gang og drevet av eit arbeidslag som har kraftige maskinboreanlegg, så dei rekna med at arbeidet skulle gå radikt frammover.

¨ Deretter følgte det en dugnad hausten 1946 der det blei lagt veiter på kryss og tvers under heila anlegget. Etterkvart kom banestørrelsen opp i 45x90 meter, og bana sto klar i 1951. Dette blei mulig på bakgrunn av slagg til fyllamasse frå Voldnes og grus og leire frå Torvik.

  • 27.mai 1948: Sakkyndige hadde no vore på plass i Bergsøya og såg på idrettsanlegga, og der blei det stemt for at idrettsplassen i Huldalen skulle bli ein stadion og Heid-bana treningsbane.

  • 5.mai 1949: Bergsøy hadde lenge søkt om tilskudd fra kommuna til idrettsbana i Huldalen uten å få eit øre hittil. Med eit lån på 15000 kroner og idrettsplassen halvferdig var det ikkje mykje lys å sjå i enden. Også kino blei det søkt om tilskudd for i Bergsøya, men konservative argument som at kino virkar moralsk og kulturelt nedbrytande på ungdommen avgjorde saka - sto det i Vestlandsnytt.

    -"Arbeidet på idrettsbana i Huldalen tek til att. Treningsbane på 100x50 meter vert trulig ferdig til hausten.

    Vi trudde vi skulle gjera ein heil del frivillig arbeid frå medlemmane si side, men det ser ut til at folk har det travelt og det er vanskelig å samle dei. Det går etter måten bra med finansane, og so fekk vi 6000 kroner av tippepengane og skrapar litt att det vi har i kassa fra før - så skal vi nok få det opp i 20 000 kroner. For den summen skal vi greie ein heil del. Frantz Frantzen skal setje på med boremaskinene, elektrisk kran og bil, so ein ventar at det vil gå fort unda."


    (Peder Worren til Vestlandsnytt 30.juni 1949)

    Bilde

    Bilde



    Det var ikkje heilt bestemt ennå i juni 1949 kor mykje som skulle fyllast, men dei tok sikte på ei bane på 100x50 meter. For å få det til å gå med tidsplanen håpte Peder Worren at medlemmane vile hjelpe til meir også på kveldstid. I juli 1949 starta det ei ny kronerulling på 5 kroner for å få inntekter på plass.

    -"Eg huskar at Peder Worren og eg gikk i brodden på å halde marknad på Høgtun. Det trongtest pengar for å lage fotballbane i Huldalen. Kvar kveld i ei heil veke var det fullt kjør på Høgtun med skytebane og tombola, og i helga var det show og dans. Vi stilte med eige orkester."

    (Arthur "Bassar" Frantsen)
    Vestlandsnytt 13.oktober 1949




    1950: Dei første kampane



    Det tok virkelig nokre år før bana var klar for skikkelige fotballkampar. Men i 1950 var det endelig klart for en debut. Kampen mot Sundgot i 1950 var ikkje seriekamp eller obligatorisk Bergsøykamp, men likevel ein historisk kamp for Bergsøy Idrettslag. Huldalen (76x40 meter) var klar til den første testkampen etter iherdig dugnadsinnsats, og begge lag spelte med 9 spelarar.

    Sundgot var "Lisje-Hødd", og dette trekte mange tillskuerar. Det blei ein underhaldande kamp, og ikkje noko å seie på at laget frå Ulsteinvik vann 8-3. Bana var ikkje godkjent for seriespel i fotball, men stor nok til at handballdamene kunne spele sine kampar. Alt i 1949 var handballdamene igang med kampar, og 27august i 1949 fekk Bergsøy sin første handballsigerdå dei slo Hødd med 2-0.
    -"Det var jonsokkveld, mykje folk og god stemning."

    (Bergljot (Myrhol) Myrseth mimrar tilbake til den første seriekampen Bergsøy-damene hadde i Huldalen i 1951, før bana var heilt ferdig.)


    Bilde

    Handball i Huldalen

    Bilde

    Kretsmestere 1951

    Bilde

    Handball i Huldalen

    Bilde

    Handball i Huldalen





    1952: Huldalen klar for seriefotball



    Først i 1952 var Huldalen godkjent for seriespel for fotball, og endelig kunne Bergsøy spele skikkelig seriefotball. Debuten i seriesystemet kom i ein bortekamp mot Brattvåg, mens lagets første heimekamp nokongong var 10.august 1952 mot Heid i Huldalen. At motstandaren var Heid var også spessielt, dette vart eit skikkelig lokaloppgjør. Rundt 500 tillskuerar fekk med seg skikkelig underholdning denne dagen. Kampen endte med ein 5-4 siger til Bergsøy.

    Bilde

    Huldalen

    Bilde

    Bergsøy - Heid 1952

    Bilde

    Bergsøy - Heid 1952

    Bilde

    Lagbilde 1952

    Bilde

    1953 mot Sæbø

    Bilde

    1953 mot Hareid

    Bilde

    1954 mot Heid





    1969: Fotball starter å kreve grasbaner



    Vidare på 1950-tallet spelte Bergsøy Fotball A-lag mange kampar med sine grønne drakter i Huldalen. På 1960 tallet fekk laget dei kvite draktene som vi kjenner bedre til idag. Etter eit turbulent resultatmessig tiår for fotballaget hadde dei ein god sesong i 1969 og var klare for opprykkskampar til 3.divisjon. Da skulle det vise seg at det ikkje var så enkelt å ha Huldalen som heimebane. I 3.divisjon var det no vanlig at laga hadde gode grasbaner, og sjølv om Bergsøy hadde planar om ei grasbane var ikkje bygginga kome so langt. Bergsøy fekk ikkje lov til å spele kvalifiseringskampane i Huldalen, og kunne risikere å spele på bortebane også heile sesongen 1970 om det skulle bli opprykk.
    -"Må vi spille hele neste sesong på bortebane, og ikke får dispensasjon til å spille seriekamper i Huldalen, er jeg redd opprykk faktisk vil bety alvorlig tilbakeslag for fotballen her ute"

    (Egil Leikanger)


    1970-1972: Tida før grasbana



    Publikum har det også vore rikelig med plass til, tildømes møtte det opp omtrent 1100 tillskuere i 1970 da Molde var på besøk i det som må seiast var lagets høgdepunkt til den tid. Men å spele på grus når kravet var gras var nok ikkje alltid så lett. I anledning opprykket hadde Bergsøy prøvd å gjere det beste ut av det, og dermed også oppgradert anlegget i Huldalen. Huldalsbana blei utvida og klubbhuset blei restaurert.

    Huldalen måtte bli inspisert ei uke før seriestart for å sjå om den kunne bli godkjent til 3.divisjonsspel eller ikkje. Norges Fotballforbund sendte formann og nestfromann i Sunnmøre Fotballkrets, Ola Mork og Rolf O Larsen til å inspisere bana. Entrepenør Leif Sande hadde gjort arbeidet med å gruse bana, men Bergsøy stressa med resterande arbeid som å rydde rundt bana, sette opp mål og liknande. Dugnad måtte til for å få alt på plass, og dei oppmoda alle om å kome for å hjelpe til - samt ta med seg jernrive, spade og trillebor.

    Bilde

    Utvidar Huldalen 1970

    Bilde

    Arbeid 1971

    Bilde

    Arbeid 1971

    Bilde

    1970 mot Molde

    Bilde

    1970 mot Molde

    Bilde

    1970 mot Langevåg

    Bilde

    1970 mot Clausenenga

    Bilde

    1970 mot Skarbøvik

    Bilde

    1970 mot Bryn

    Bilde

    1970 mot Bryn

    Bilde

    1971 mot Clausenenga

    Bilde

    1971 mot Skarbøvik

    Bilde

    1971 mot Herd





    1972: Grasbana blir hovedbane



    Den siste kampen i Huldalen før grasbana blei klar var 2.juli 1972 mot VRF, i ein kamp bortelaget vann 2-0.

    Bilde

    1972 mot VRF

    Bilde

    Avskjed med Huldalen

    Bilde

    Glimt fra Huldalen

    Bilde

    Glimt fra Huldalen

    Bilde

    Glimt fra Huldalen

    Bilde

    Ventetid

    Bilde

    Den store dagen

    Bilde

    Endelig på gras i 1972





    1972-2009: Huldalen spelte fortsatt ei stor rolle



    Sjølv om Bergsøy hadde fått ei grasbane kom Huldalen til å prege oppveksten for dei fleste idrettsglade Herøyværeingar i mange tiår vidare. Faktisk var Bergsøy ofte vanskelige å slå i festninga si i Huldalen.

    Bilde

    Jamnar til bana

    Bilde

    Seriekamp 2003

    Bilde

    Seriekamp 2005

    Bilde

    Seriekamp 2005

    Bilde

    Sikra 3.divisjonskontrakta i 2005





    1988: Endelig eit stort klubbhus



    1988: Bergsøy IL har i mange år lide av mangel på et tidsmessigt garderobehus i Huldanen. Draumen om eit nytt og romsligare hus har stadig vorte skyvd i tid grunna den økonomiske situasjonen i fotballgruppa. I fjor vart draumen omgjort til røyndom, klarsignal blei gjeve, arbeidet sett igong. Tilsagn om tippemiddel låg føre, og kostnadsoverslag og finansieringsplan blei vedteke av hovedstyret i Bergsøy IL. No har arbeidet kome så langt at stendarane til delingsvegane i fyrste etasje er oppsett, og det er klart for den vida innreiinga. Primus motorar for dette dugnadsarbeidet har vore Asbjørn Almestad og Kåre Botn. Begge med mange år i aktiv tjeneste for Bergsøy IL.

    Bilde

    Kåre Botn og Asbjørn Almestad

    Bilde

    Klubbhuset

    Bilde

    Klubbhuset

    Bilde

    Klubbhuset



    2009: Avvikler aktiviteten i Huldalen



    I 2009 starta Bergsøy å avvikle aktiviteten i Huldalen da klubbhuset blei solgt til Huldal Barnehage. Huldalen Barnehage blei åpna i november 2009 uten illeluktande fotballsko, men kun med glade ungar i ei ny småbarnsavdeling. I juni 2010 sto det i Vestlandsnytt at Bergsøy Fotball vurderer å selge også fotballbana, og at området på ca 12 dekar kan bli til eit nytt bustadområde.
    -"Området på 11-12 dekar omfattar fotballbana og litt til. Dette er det fotballalget som eig i Huldalen og det har vi tenkt å selge."

    (Hallvar Ulfstein og Ole Sande i Bergsøy Fotball 2010)
    Salget blei etterkvart gjennomført for 8 millioner kroner, etter ein lang prosess med omregulering av arealet til bustadbygging. Kjøper var Mesterhus Sunnmøre. Bergsøy skulle sitte igjen med omtrent 7,5 millioner kroner at kostnadane med salget og refusjon av spelemiddlar blei trekt ifrå.
    -"Alle som har vore med på dette dugnadsarbeidet har sin del av æra av verdien av anlegget og eigendommen som Bergsøy no har solgt. No skal det nyttast til å utvikle klubben vidare. ."

    (Daglig leder Tom Beddari i juli 2015)

    Bilde

    Bilde

    Bilde

    Bilde

    Bilde

    Bilde

    Bilde

    Bilde

    Bilde

    Bilde

    Bilde

    Bilde






  • Fotball kampreferat

    Kampreferat og statistikk

    1415 kampreferat

    Serie/Cup/KM

    1952-2021









    Snarveier