Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Bergsøy Æresmedlemmer

Æresmedlemmer:




Liste over Bergsøy Æresmedlemmmer
 
Peder Worren


Æresmedlem 1994

Han var tilstede fra første dag, da Bergsøy blei skipa 4.oktober 1944, og han vann seniorklassa i skihopp under klubbens første arrangement. Han var med på det første lagbildet i fotball og var tidlig aktiv i det meste. Han var også kasserar i klubben. I 1946 overtok han som leiar i klubben da Andreas Sævik flytta. Da han blei bedt om å være instruktør for damegruppa takka han ja til dette, og det blei drevet gymnastikk på Høgtun. Vidare blei han instruktør for symjing, livredning, og handball.

Han var totalt sju år medlem av styret, og fira av dei som formann. Peder Worren var også en sterk pådrivar for arbeidet i Huldalen, samt friidretts og ungdomsgruppe i laget. Idet Huldalen blei åpna i 1952 fekk Peder Worren overrekt blomster, og blei spessielt takka for sitt arbeid i Bergsøy sidan klubben blei stifta.

 
Egil Leikanger


Æresmedlem

Egil Leikanger var eit tidlig idrettstalent. I tidlig alder reiste han til Ålesund på eget initiativ og erobra 1. og 2.plassar i forskjellige øvelsar, og skulle i fleire år dominere årsklasser innenfor friidrett. I 1952 stilte han som 13 åring i klasse 14 år sidan det var den yngste klassa i KM, og blei nummer 2 i øvelsane 60 meter, høgde, lengde og kule. Året etter vann han øvelsane høgde og lengde uten tilløp. 2,67 i stille lengde var eit godt resultat for den yngre klassa.

Det var kanskje ikkje rart at mannen med slik spenst i 1954 spelte keeper da Bergsøy slo Heid 11-1 i Huldalen. Vidare på 1950 tallet tok han instruktøransvar for friidrett i klubben, mens han også utover på 1960 tallet spelte Bergsøy A-lag kampar, blant anna starta han i debutkampen i 3.divisjon i 1960/61. I 1969 fekk han pris for over 25 spelte kampar.

Etterkvart skulle Egil Leikanger være borti svært mange roller innad i klubben, og hadde ei stor rolle for å bedre klubbens økonomi. Han var leiar i stadionnemda, med i UK fleire gongar, kasserar, oppmann i 1969, og var svært delaktig i organisering og talentutvikling som blant anna tiltaket med bronsjeballen.

 
Ola Goksøyr


Æresmedlem

Ola var ein av støttespelarane på Bergsøy det første tiåret i klubbens historie tiltross for at han måtte ta båt frå Runde til trening og kamp. Rundt konfirmasjonsalderen starta gutane på Goksøyr å stable på plass eit fotballag, og Ola var kaptein på laget.

-"Frå 1945 til 1965 var eg fast inventar på fotballaget til Bergsøy. Eg fekk spele både i dei grøne og dei raude og kvite draktene dei åra eg var med i klubben. Det var ei utrulig rik tid for meg".

Idet Bergsøy kom tilbake til Fosnavåg så var det fortsatt lenge til Ola kom seg heim, for da måtte han benytte snekka si for å komme seg vidare til Runde hamn. Så sykla han derifrå til Goksøyra. I dårlig vær var foreldra ofte bekymra heime mens dei venta.

Ola var tidlig aktiv også som friidrettsutøvar, og var med i fleire konkurransar. På det første friidrettsstemnet som Bergsøy arrangerte i 1957, var Ola Goksøyr med som deltaker og vann 1500 meter. Med åra blei det stadig fleire løp og premiar for sin deltakelse. Faktisk var Ola lengre aktiv som friidrettsutøvar enn han var fotballspelar i Bergsøy IL.



 
Asbjørn Myklebust


Æresmedlem


Asbjørn Myklebust var tidlig et fotballtalent, og var med å vinne Sunnmørscuppen i fotball alt i 1962. Mange år seinare, i 1979 var han eldstemann på A-laget og kunne sjå tilbake på mange sesongar som toppscorar for laget. I 1979 kom kanskje ett av dei mest minnerike måla også, nemlig mot Rosenborg i NM-cupkamp.

For Bergsøy står han pr 12.02.2021 oppført med 159 kampar, 61 seriemål, 11 cupmål og 1 KM mål. Han er dermed på 5.plass på toppscorarlista i klubben.

I nokre år var også Asbjørn Myklebust den einaste norske fotballproffen i tysk fotball.



 
Ruth Frøystad


Æresmedlem 1995


Født i 1955, og er ei legende i Bergsøy IL for sitt engasjement innenfor handballen. Som handballkeeper sto ho i fleire år som ein levande mur, også når motstandarane fekk straffekast. Ho skulle kome tidlig inn på juniorkretslaget, og seinare være med på landslagssamling for junior og ungdom. I 1970/71 var ho med å vinne handball KM klassa 14-16 år, og det var berre det første av fleire. I ei kretsfinale 1971/72 redda ho fem av sju straffekast.

Seinare blei ho trenar for damelaget og fleire aldersbestemte klasser. Allereie i 1973 var ho sekretær i handballstyret.

 
Olaf Brathaug

Æresmedlem 1995


Olaf Brathaug var nokre år på 1970tallet leiar i fotballgruppa og seinare var han også oppmann for A-laget i 1979.

Historikk.com kjenner han best for sitt årelange arbeid med kampreferat og statistikk som han utførte ved å følge med A-laget. For kvar kamp noterte han ned ei utgave av det som blei kalla "Pravda". Pravda er russisk og betyr "sannhet", og teksta Brathaug skreiv var sannheten om det som skjedde på fotballabana.

Vi har prøvd å samle så mange av desse utgavene som mulig her på vår heimeside.



 
Martin Slåttelid


Æresmedlem 1995


I 2012 fekk handballentusiasten Martin Slåttelid utdelt frivillighetsprisen, og det altså ganske mange år etter at han blei æresmedlem i Bergsøy IL. Martin starta tidlig som keeper på handballaget, og har sidan den tid vore ei ildsjel. Innanfor handballen har han hatt ulike verv med like stort engasjement. Han har blant anna vore leiar i Handballgruppa. Han har vore eit forbilde for mange som motivator, og arbeidde blant anna for å få fram idrettsparken. Han har vore leiar for idrettsrådet i Herøy og blei også kåra til åres leiar av Norges Handballforbund.

Han har gjort ein formidabel innsats for barn og unge i Herøy.

 
Per Botn


Æresmedlem 2003


Sidan 1978 var Per Botn med i Bergsøy i diverse ledarverv. Per Botn var i mange år fotballedar i Bergsøy, deriblant var han daglig leder i 2001.

Han var messegeneral i 1996 for Herøymessa som skulle vare i ni dagar, ei tilstelning som skulle føre til viktig bidrag til Bergsøy si pengekasse. Å skaffe pengar var også ei av utfordringane da Per Botn var oppmann i Bergsøy sin suksessesong 1981 da laget spelte på det nest høgste nivået i Norge. Det blei nærmast eit fast sentralbordfunksjon på lærarrommet ved Ytre Herøy ungdomsskule denne tida for å få alt til å henge sammen. Budsjettet den sesongen var på mellom 600 og 650 000 kroner for å dekke blant anna resiseutgifter. Det var mykje arbeid med reklame, program, danser og basarar i tillegg til å håpe at publikumsinntektene skulle stå for en god del av potten.

 
Johs Wike


Æresmedlem 2011


Johs Wike var eit friidrettstalent som tok førsteplass i juniorklassa i både høgde og lengde Etter å ha deltatt i instruktørkurs i regi av Norges Idrettsforbund fekk Johs Wike på 1950 tallet ilag med Egil Leikanger og Sigmund Emhjellen ansvar for instruktøroppgåver i Bergsøy. Så tidlig som i 1955/56 var han med dugnadsnemnda for banearbeid. I 1960 debuterte han på Bergsøy sitt A-lag fotball, og spelte blant anna i debutkampen i 3.divisjon. I 1974 var han styremedlem i friidretten.

Johs Wike har gjort eit uvurderlig arbeid for Bergsøy Idrettslag ved å dokumentere historia til klubben gjennom si bok "Idrett i havgapet". Han står også bak "oversettelsen" av den første møteboka til klubben - boka vi kaller Bergsøy sitt gamle testament - som du finner her.

 
Mathias Pettersen


Æresmedlem 2011


Gjennom heile sitt liv hadde fotballen ei stor betydning for Mathias. Frå han var ungdom spelte han aldersbestemt fotball, og fram til det siste var han med å administrere Bergsøy IL som klubbkoordinator.

På 1970 tallet stilte han opp på det som var av dugnadar i klubbens regi, og stilte velvillig opp om nokon trengte ei hjelpande hand. På 1980 tallet blei han tillitsvalgt i fotballgruppa. Mathias har vore annleggsansvarlig, marerialforvaltar, og arbeidde med kampoppsett og treningstider. Som arrangement og kampansvarlig var han nøyaktig.

Hovedstyreformann Mathias Pettersen sto i spissen for festkomiteen som sørga for den hjertelige velkomsten til laget som i 1980 kom tilbake til Fosnavåg etter å ha sikra opprykket til det nest høgste nivået i Norge.



 
Geir Johan Bakke


Æresmedlem 2019


Bergsøy IL utvikla seg svært mykje på dei åra Geir Johan Bakke var styreformann i klubben fram til Lars Conradi tok over stillinga i november 2018. I 2010 var han offansiv på at kunstgraset på den nye bana skulle kome igang året etter, og sidan den gong har Bergsøy sitt baneområde forandra seg til det uigjennkjennelige.

Fotballformann Geir Johan Bakke var stolt da han i 2013 kunne åpne Bergsøy sitt nye klubbhus ved sidan av Havila Stadion.

Både på drift og anleggsida blei det store utviklingar, der Fiskarhallen var det siste tilskuddet. Geir Johan var styreleiar i Bergsøy i 10 år.

 
Roger Kvalsvik


Æresmedlem 2020


Roger Kvalsvik svinger seg opp med staven og vinner stavhoppkonkurransa med 1,85 i år 2000 i konkurranse mot blant andre Kjartan Paulsen og Bjørn Myklebust. Han leiar også heile heatet foran Paul Kurt Nerland da dei spring rundt bana og oppi vollgrava. Det er Tindeklubben Grei som arrangerer konkurransene.
-"Engasjementet denne personen har hatt for Bergsøy strekker seg trulig over 50 år. Han var i sin ungdom aktiv i Bergsøy både i fotball og friidrett. I studietida hevda han seg i svært godt nivå i mellomdistanse, og var med på bygge opp friidretten i Bergsøy Idrettslag. I den tida var her kun grusbane, og han var ein pådrivar for å bygge tartandekke. (...) Det er ei stor glede for Bergsøy Idrettslag å oppnevne Roger Kvalsvik til ny æresmedlem. "

(Torbjørn Hide om Roger Kvalsvik)
Fysioterapeuten er opptatt av fysisk aktivitet. Når han deltek i treningstilbud for aktive menn i Herøy kirka kalla dei treningsgruppa for "Amen". Roger Kvalsvik var aktiv i Bergsøy IL Trimgruppa, men også som leiar i friidrett. Han var primus motor i Bergsøyleikane som var eit av dei største friidrettsarrangementa i Møre og Romsdal.

 
Tor Sindre Steinsvik


Æresmedlem 2020


Tor Sindre Steinsvik har gjennom fleire år vore engasjert innenfor samfunnsliv og kulturliv i Herøy kommune. Det å bidra på grasrota har vore viktig. Særlig er det arbeid innanfor musikk, idrett og kultur som har engasjert han.
-"Han var svært delaktig i framgangen til Bergsøy Handball på 80 og 90 tallet. Denne personen skal ha mykje av æra for den positive utviklinga i denne perioda. Han var spelar, trenar for herrelag, damelag og aldersbestemte lag, og var også ei periode deltidsansatt i Norges Handballforbund. Han har et brennande engasjement for dei unge og frivillige arbeid, og det er ikkje berre Bergsøy som får nytte hans engasjement. Mange frivillige verv har blitt besatt av denne personen. Det er ei stor ære og glede å kunne på vegne av Bergsøy Idrettslag å utnevne Tor-Sindre Steinsvik til Æresmedlem. "

(Torbjørn Hide om Tor-Sindre Steinsvik)
Han var aktiv i handballgruppa gjennom ei årrekke både som trenar, leiar, styremedlem og sportslig leiar var han senrral i handballmiljøet. Sjølv var han aktiv spelar til han var 43 år og står oppførd med over 200 kampar.




kampreferat






Fotball





Ekstern Link fotball.no


Fotball




Ekstern Link fotball.no


handball



Ekstern Link handball.no


handball



Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt