| |
April 2003: Laget er påmeldt som 9ar lag, men kan spele 11ar edi gangane det er nok spelarar. | |
Konstanse Torgersen var hovudtrenar og Ingolf Leikanger var lagleiar. Stallen var på 15-16 spelarar i april 2022. Det blei jobba med å få til samarbeidslag med klubbane på Gurskøya, men det blei eige Bergsøylag. Målet for sesongen: Etablere seg i 4.divisjon. Laget hamna midt på tabellen. | |
Samarbeidslag Bergsøy/Gjerdsvika/Gursken. På 8 kampar blei det 1 siger, 1 uagjort og 6 tap med målforskjell 10-34. Laget endte på 7.plass i 4.divisjon. | |
Trenar 01.01.2020 - Ingrid Beate Smådal Hide blei hovedtrenar for Bergsøydamene, etter å ha vore trenar for jentelag heilt sidan 2012. I januar hadde spelarstallen 22 spelarar og var godt igang med treningskampar og treningar, men så kom pandemien som satte ein stoppar for den vidare utviklinga og sesongen. Laget spelte dermed ikkje nokon offisielle kampar denne sesongen. | |
Thomas Spiro (Hjelpetrenar) Damelaget kom på 8.plass i 4.divisjon etter 1 siger, 4 uavgjort og 9 tap. Målforskjell 15-52. 20åringen Ingrid Beate Smådal Hide ledar Bergsøy sitt J15/16 lag i Norway Cup, eit lag ho har vore trenar i sidan ho var 12 år. | |
Samarbeidslag Bergsøy, Gurskøy og Tjørvåg som slo seg sammen og kombinerte Jenter 16 og damelaga. Synne blei omtrent samtidig tilsett som trenar for laget. Ho har erfaring frå Sandviken to år i toppserien og ei tid i 2.divisjon. | |
Jake Knight takka ja til trenarrolla for damelaget og J16/J14 i september 2016 - | |
Morten Hårsåker Rafael Bermudez Laget endte på ein 2.plass i 4.divisjon med 28 poeng på 14 kampar. Laget avslutta sesongen med ein 9-2 siger mot Herd2. | |
Peter Lind (Hjelpetrenar) Laget endte på ein 2.plass i 4.divisjon med 28 poeng på 14 kampar. Laget avslutta sesongen med ein 9-2 sige rmot Herd2. | |
Raymond Rachid tok over damelaget i august/september 2012 etter at Eli Anne Vattøy trekte seg. Den første kampen han hadde ansvaret for vann damelaget 7-2 på Ørsta stadion. | |
Jørn Magnussen Børge Hansen Eli Anne Vattøy signerte i oktober 2010 - Trakk seg i midten av august 2012 Trenar Eli Anne Vattøy fekk med seg Jørn Magnssen og Børge Hansen i teamet, og Rolf Arne Ramstad takka ja til å være lagleiar. Kjetil Clementsen stiller som spelarutviklar. I april var laget på treningsleir i Tunis. | |
Øyvind Paulsen (Hjelpetrenar) Eli Anne Vattøy signerte i oktober 2010 - Trakk seg i midten av august 2012 Det skulle satsast meir på jente og damene, og klubben ønsker å igjen spele med 11ar-lag. Dei melde seg på til 3.divisjon. Eli-Anne Vattøy skreiv under kontrakt som hovudtrenar, mens Øyvind Paulsen blei hjelpetrenar. | |
Damelaget må trene med jentelaget for å ha nok spelarar på trening, men ønsker å spele 7ar fotball dei gangane det er nok spelarar tilgjengelig. Damelaget hadde ei tøff periode med fire tap på rad, men den var imponerande kampen mot Stranda der Bergsøy låg under 5-1 til pause og klarte 6-6 tilslutt. Ein annan kamp mot Stranda blei avgjort på overtid til 2-1 etter scoring av Ruth Flø Paulsen. Mai 2010: Trenar Kjartan Paulsen sa 5-0 sigeren mot Hasundgot var enveiskjøring. Oddbjørn Åkerøy og Per Svenning Madsen var trenarar for 1996-laget som ikkje tapte ein einaste kamp denne sesongen. Avisutklipp trenarar 2010 | |
Thomas Voldsund Hallgeir Frøystadvåg Gudmund Hopen trenar ilag med Thomas Voldsund frå Februar 2009 - August 2009 August 2009: Thomas Voldsund og Hallgeir Frøystavåg tok over etter Gudmund sin bortgang. Første serierundene for damelaget: 5-0 mot Haddal, 8-3 mot Volda og 5-0 mot Ørsta/sæbø/Åmdal. Ruth Frantsen Flø blei kåra til Årets Damespelar. | |
En håpte å stille 11ar-lag men det blei ein ny sesong med 7ar fotball. For tredje år på rad spelte dei seg til KM slutttspelet. Susanne Sandvik blei årets spelar på damelaget etter en sesong med 8 sigerar, 1 uavgjort og ett tap. Målforskjell 74-7. | |
Damelaget vann si avdeling i 7ar serien avdeling 1. Bergsøy, Brattvåg og Herd junior vann kvar sin avdeling i klasse kvinner 7-er. | |
Etter to år med samarbeid med Hødd var det klart for eige Damelag i Bergsøy med trenar Øyvind Paulsen. Det var klart tidlig på året at Bergsøy ville stille med 7ar lag. Hallgeir Frøystadvåg og Thomas Voldsund var trenarar for J15. | |
Samarbeidslag mellom Bergsøy og Hødd. Etter nedrykk i 2004 blei det 3.divisjon i 2005 ilag med laga Ha/no, Volda/Ørsta, Sykkylven/Fortuna og Brattvåg. Igjen blei det ein tung sesong, og etter 16 kampar hadde laget berre 1 siger, 3 uavgjort og 12 tap med målforskjell 19-68. | |
Samarbeidslaget Bergsøy/Hødd. Nedrykk frå 2.divisjon i 2004. | |
Sleit med å stille nok spelarar til 7ar fotball Dina Leinebø leda laget da laget tapte 7-0 i årets siste kamp i 2001 sesongen. I september 2001 sa Dina Leinebø og Elisabeth Norland seg villig til å ta trenaransvaret mot det som forhåpentligvis blei 7ar serie også mot 2002 sesongen. Det ser imidlertid ikkje ut til at det blei funne nok spelarar, og Bergsøy hadde (trulig) ikkje damelag i 2002 og 2003. Asbjørn Myklebust hadde jentelaget | |
Arne Klepp var dametrenar og vann første kampen 3-1 mot Langevåg. | |
Trenar frå Desember 1998 - Nils Roger Paulsen tok over etter at Asbjørn Myklebust ville trappe ned. Men Myklebust ville fortsatte i støtteapparatet, samt at Svein Arne Leine var oppmann og Odd Rudolfsen tok rolle som leiar/koordinator på jentesida. | |
Damelaget spelte i 2.divisjon. Bergsøy sine juniorjenter kom heilt til finalen i Danacup, det første norske jentelaget i finale på 12 år. I finalen møtte dei Mepis frå USA som vann 2-0. Asbjørn Myklebust hadde no hatt trenaransvaret for jentene siste 5 år. | |
Bergsøy hadde ikkje damelag på grunn av for liten interesse, men det blei jentelag, småjentelag og lillejentelag. Det blei også arrangert en jentefotballdag etter initiativ frå Sunnmøre Fotballkrets. Jentelaget under Asbjørn Myklebust sin ledelse blei suverent best på Sunnmøre og Fylkesmester for første gang i klubbens historie. Det måtte ekstraomganger til før sigeren kom i Huldalen mot Dahle (1-0). Under Norway Cup kom laget til 16-dels finale. | |
Ivan Myklebust var hovedtrenar for Damelaget i 1996. Bergsøy sitt jentelag med Asbjørn Myklebust som trenar blei best på Sunnmøre. Jentelaget vann også Ivar Aasen turneringa inne i Ørsta. | |
Ivan Myklebust var damelagets trenar etter at det hadde vore nokre år uten damelag. Oppmann var Susann Frantsen. Damelaget var påmeldt 7ar-fotball i en serie som besto av 5 lag der det skulle spelarst tre kampar mot kvar. Bergsøy endte på 4.plass med kun Tjørvåg under seg på tabellen. Etter 12 kampar blei det 3 sigerar, 1 uavgjort og 7 tap med målforskjell på 44-57. Vinnar blei Larsnes foran Vartdal og HIL/ØIL. Asbjørn Myklebust var no trenar for småjentelaget som blei kretsmesterar. Dei kom også til finalen i Dale-cup i Kristiansund, og var også til Norway Cup. | |
Bergsøy ville i januar 1993 stille damelag, og håpar å stille 11ar lag med Børge Hansen som trenar, men trulig var det ikkje nok påmelde. | |
Alf Årdal var damelagets trenar mens Paula Bjørlykke var oppkvinne. Laget spelte 4.divisjon 7ar-fotball og blei nummer to i si avdeling etter Larsnes. Målforskjell 72-32. Elin A Kvalsvik blei toppscorar med 25 mål. | |
April 1988: Damelaget måtte trekke seg frå 3.divisjon etter den fine 4.plassen ifjor. Årsaken er mannskapsmangel. | |
Damelaget spelte i 3.divisjon og kom på 4.plass bak Sunndal, ÅFK og Hareid, men foran lag som Bryn, Volda, Rival, Goma og Isfjorden. Ved siger etter straffespark (uavgjort ved full tid) blei det ett ekstra poeng, og Bergsøy vann alle sine tre straffesparkar. | |
Sigmund Nymark kom inn som trenar for damelag og jentelag etter at Gudmund Hopen blei A-lagstrenar for herrane. Damelaget kom på 4.plass i dameserien. Bergsøy arrangerte også for første gang ei dameturnering i Herøyhallen og gjekk til topps i eiga turnering etter 3-0 i finalen mot Sunndal. Jentelaget tok sitt tredje KM på rad. Spelar Inger Anne Berge fekk også prøve seg på landslagssamling dette året. | |
Gudmund Hopen fortsatte som Damelagets trenar, og laget tok ein 5.plass i Avdeling A. Oppmann var Sindre Notøy. Spelarstallen talte 20 spelarar. Suksessen fortsatte for jentelaget som blei kretsmester for andre år på rad. Etter 18 kampar blei det 17 sigerar og 1 tap med målforskjellen 109-5. KM tok dei etter å først å ha tapt 1-2 mot VRF men slo dei med 4-0 i returkampen. Bergsøy sitt jentelag blei vinnere av B-sluttspelet i Norway Cup. | |
Gudmund Hopen tok på seg trenaransvar for både jentelaget og damelaget. Jentelaget blei kretsmesterar denne sesongen etter å ha spelt 0-0 i første finalekamp mot Ålesund på heimebane, og vann 2-0 på Nørvebana. Laget gjekk også til topps i Otta-cup, og Bergsøy dro også på Norway Cup dette året. | |
Johan Moltu (Jentelaget) Gudmund Hoen var dametrenar, mens Johan Moltu var den første trenaren for jentelaget. Gudmund var godt likt, streng og fair. Han satte krav, og jentene utvikla seg raskt den første tida. Denne første sesongen spelte damelaget 12 kampar i Dameserien Avdeling A, og det blei 3 sigerar, 1 uavgjort og 8 tap med målforskjell 28-41. Laga Bergsøy møtte i dameserien var Volda, Hareid, Eid, Haddal, Vartdal og Hjørungavåg. Jentelaget kom denne sesongen på 3.plass etter fleire knepne 1-0 tap. |