Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Stjerne-Profil
Daniel Jøsok Kvalsvik






Bergsøy IdrettslagDaniel J Kvalsvik

Kampar
193
Mål
79
Gule kort


DJK




Skills-barometer

Keeper:



Forsvarer:


Offansiv midtbane:


Løpskapasitet:


Ledertype:


Målscorer:


Fakta
Info Fakta
Debut 17.04.2008 -
Bergsøy - Ørskog 3-3
Alder ved debut 17 år, 1 dag
Antall kampar 193
Antall mål 79
Første mål 15.05.2008 -
Bergsøy - Vigra 4-1
Kort-statistikk
Sist spelte kamp 29.09.2023 -
Blindheim - Bergsøy 2-1
Tid fra første til siste kamp Ca 15 år




Profil: Daniel Jøsok Kvalsvik



Trenar for Dufte IL i 2006, laget som spelte kamp mot Tufte IL og skapte publikumsrekord på Bergsøy Stadion. Spelte seg deretter inn som fast på A-laget i 2008 og blei årets spelar i sin første sesong. Var i Hødd i 2 år før han kom tilbake til Bergsøy i 2011 og blei like godt årets spelar i Bergsøy også den sesongen.

Hadde en fantastisk sesong i 2017 med 16 mål på 22 kampar, og fekk då sin tredje pris som årets Bergsøyspelar. Etter 2023 sesongen står Daniel med imponerande 79 mål på 193 kampar.



Informasjon

I 2004 var Daniel Kvalsvik og Niklas Vollen på talentsamling i Ulsteinvik. Den gang var dei smågutespelarar. To år seinare er Daniel Kvalsvik trenar for damelaget Dufte, og laget skal møte Tufte i Fosnavåg. Daniel var altså trenar under det som mest trulig var den store publikumsrekorden på Bergsøy Stadion.
-->Les mer om Dufte mot Tufte.

I 2007 er Daniel fortsatt berre ein gutespelar, men er kaptein på laget og et godt talent. Så når vi kjem til april i 2008 har han kome til junioralder, men viser at han er god nok for A-laget. I en treningskamp mot Hødd2 taper 4.divisjonslaget Bergsøy med 1-4, og det er Daniel Kvalsvik som er Bergsøy sin beste spelar.

Daniel fossar uredd inn på A-laget og blir raskt en viktig spelar. Det tek ikkje mange kampar før han får sitt første mål, og det skjedde i mai mot Vigra. Han scora tilogmed to mål i den kampen, og Bergsøy vann 4-1. Måla kom frå hans midtbaneposisjon, noko som skulle bli hans varemerke gjennom heile karriæra. Den flotte første sesongen på A-laget blir krona med at han blir kåra til Årets Spelar 2008. Daniel gikk til Hødd i 2009, og han fekk sin debut på A-laget til Hødd mot Alanyaspor under en treningsleir i mars 2010. Hødd teller treningskampar som obligatoriske kampar. Trenare var Lars Arne Nilsen. Hødd presterer oprykk til 1.divisjon i 2010, og Daniel scora også mål for Hødd sitt A-lag i den siste avgjerande kampen mot Molde2. Han kom inn som innbyttar og scora etter 90 minutt i en 6-0 siger.

Daniel kjem tilbake til Bergsøy til 2011 sesongen, og no fortsetter han som Bergsøyspelar i meir enn ti år på rad og blir stadig ein viktigare spelar. Han blir kåra til årets herrespelar i 2011 og også årets herrespelar i 2017. I 2017 spelar han 22 kampar og scorar 16 mål, ein imponerande prestasjon. Tre gangar har han altså blitt kåra til årets spelar i Bergsøy, noko kun Frank Sverre Skorpen også har klart.

I 2017 blei han også uttatt til "Folkets Lag", som skulle spele mot Ålesund på Color Line.

Statistikk

År Kampar Mål
2008 22 9
2011 23 8
2012 23 5
2013 14 5
2014 4 2
2015 6 2
2016 11 3
2017 22 16
2018 16 7
2019 22 11
2022 14 4
2023 16 7
Totalt 193 79

Bilder



2017

2019






FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt