Bilde
Fosnavåg er kommunesenteret i Herøy kommune på Sunnmøre. Tettstaden Fosnavåg ligg mellom Ytre Herøy Kyrkje og Igesund, medan ein i folkemengda for byen Fosnavåg reknar med heile Bergsøya. Det er vanleg å rekne grunnkrinsane Fosnavåg sentrum, Øvre Fosnavåg og Nørvåg som delar av Fosnavåg, deriblant halve Huldal, Kleiva og Vågsholm. Fosnavåg er ei naturleg hamn, den største i Norge, og har difor vore ein naturleg samlingsstad for båtar som har operert i nærleiken. Fosnavåg fekk bystatus 7. juni 2000, noko som igjen bana veg for at Fosnavåg kunne få hamnestatus. Større skip som tidlegare måtte registrerast i Ålesund, kan no ha Fosnavåg i hekken. Det nye kystvaktskipet KV «Harstad», døypt 28. januar 2005, er blant dei første med denne stadstilknytinga. Bystatusen førde også til ei større satsing frå handelsstanden og fleire butikkar har i dei 4–5 åra etterpå vorte samla under same tak.
(Bildet: En liten del av sentrum, med det populære Liedhjørnet.)
Fosnavåg er også eitt av dei sjeldnaste slektsnamna i Norge, og per mars 2005 var det kun 6 personar som hadde det.
(Bildet: Her ser en Hotel Neptun og Bokhandelen..)
(Bildet: Her ser en litt av Fosnavåg ovanfrå, tatt på vei mot Hornseten.)
Fleire bilder frå området.
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
|