Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Runde

Lokalguiden:
Tilbake til Lokalarkivet



Runde er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre. Runde er internasjonalt kjent for fuglefjellet, men har også mykje besøk frå skattejegarar som ynskjer å finne gull- og sølv-myntar etter «Akerendam»-forliset.

Runde ligg nordvest i kommunen med busetnad i aust, og nord. Garden Runde ligg på austsida, medan Goksøyr ligg på nordsida. På Kvalneset heilt i nordvest på øya, ligg Runde fyr, oppretta i 1767 som eit av dei første i Noreg og sett i ubemanna drift i 2002. Det høgste punktet er Varden med sine 332 meter over havet søraust på øya, men Rundabranden er lettare å sjå der den stig 294 meter nesten rett opp frå havet i vest. Vegen til Runde har kome over Rundebrua frå Remøy sidan 1982. Før den tid var sjøvegen einaste måten å kome seg til Runde.

Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til omlag 500 000 fugl, deriblant lundefugl, toppskarv og krykkje. Grunnkrinsen Runde hadde 133 innbyggjarar med eit allsidig virke per 1. januar 2005. Innbyggjarane her står òg bak innsamlingsprosjektet Herøy Village. Næringslivet på Runde omfattar eit gartneri, fiskeri, jordbruk, campingturisme med tilknytta servicebedrifter, guida turar både på sjøen og til lands og ein leirskule.


(Bildet: Å gå på rundefjellet er en fin blanding flott natur og vilt dyreliv.)

Fjellbeskrivelse.

Av alle 359 øyane og skjera i Herøy, er Runde den klart mest interessante og vidkjende. Fuglefjellet vert vitja av turistar frå heile verda. Langs kanten av fuglefjellet går det turstiar frå Trepet i sør til Rundebranden og Goksøyr i nord. Den enklaste ruta til vårt sørlegaste fuglefjell har ein brei og grasgrodd sti. April til juni er den mest interessante hekkesesongen, men ruta er snøfri nesten heile året. Ta med vindtette plagg og tett fottøy.

Ei lett rute, 1 t treng du til toppen, 2 km frå parkeringa. Høgdeskilnad 5-294 m. Frå rv 61 er det skilta mot Fosnavåg, etter kvart også til Runde. Køyr heilt til den store parkeringsplassen like før Goksøyr. Gå gjennom grenda til eit skilt som viser veg til fuglefjellet.

Ein god sti forbi eit kvernhus svingar litt bratt oppover. Snart vert det slakkare terreng over litt fuktige myrar til eit skar med utsikt vestover havet. Så vert det stigning langs fjellkammen opp til høgste punktet på Rundebranden. Beste utsikta mot fuglefjellet er frå Raudenipa., som ligg litt lågare på nordsida av Rundebranden. Runde fyr ligg lengst nordvest på øya. Ein avstikkar frå Rundebranden til fyret krev eit par timar ekstra, men returen kan du uansett legge langs fjellkanten mot Skarveura. Trepet - Goksøyr er ein flott 2 t tur tvers over øya frå sør til nord. Etter ei kort og bratt oppstigning kan du gå langs kanten av den stupbratte vestsida, bak Trollvogga og Sandshornet og ned til Goksøyr. Frå hamna i Runde sentrum ligg båtar klar for sightseeing rundt fugleøya, du kan greit få tid til både fjelltur og båttur på ein dag.


(Bildet: Her ser du en av dei fine toppane med god utsikt.)

Runde har ei lang historie med mange dramatiske hendingar knytta til vêret. Fleire forlis, nokre berre nemnde i segner, andre med store skattar som er berga, førde til oppføringa av Runde fyr. Seinare, i 1880, tok ei dramatisk ulukke med mange augnevitne livet av 8 personar der dei fleste var frå Runde. I 1992 vart fuglebestanden truga då MS «Arisan» lak fleire tonn med tungolje etter å ha gått på grunn på skjeret Geitmaren. I 1982 vart Runde tilknytta resten av kommunen med veg då Rundebrua vart ferdigstilt.


(Bildet: Goksøyr Camping og kiosken gjer sitt for å ta vare på turistane.)



Fleire bilder frå området.

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde





kampreferat






Fotball





Ekstern Link fotball.no


Fotball




Ekstern Link fotball.no


handball



Ekstern Link handball.no


handball



Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt