Tilbake

Stjerneprofil Lars Ove Almestad

Han herja på midtbana for Bergsøy frå 1983 til 1998

Informasjon

Lars Ove Almestad er son til Asbjørn Almestad (1940) og Ragnhild (1940).
Asbjørn og Ragnhild fekk barna Lars Bjørn, Arthur og Wenche.

Lars Ove Almestad starta med friidrett og deltok i gate og terrengløp, og blei vinnar i 1975 i si klasse.

Lars Ove Almestad var ein viktig spelar for A-laget gjennom nesten heile 1980 og 1990 tallet.

Han fekk sin debut på A-laget etter vår statistikk borte mot Kristiansund i 1983. Han kom då inn som innbyttar for Paul Kurt Nerland. Det sto då at "Hyperraske Lars Ove Almestad skapte også store vanskar for KFK forsvaret då han kom inn et stykke ut i andre omgang". Lars Ove var ein rask og lovande spiss, sto det foran 1984 sesongen.

I en kamp mot Hareid i mai 1984 fekk Lars Ove seg en flygetur ut av sidelinja i Huldalen, og ende i steinane. Dommaren måtte legge til adskillig med tid for skaden han pådro seg, og det var berre heldig at det var hofta og ikkje hodet som gikk i steinane.

Det blei mindre kampar i 1985 grunna militærtjeneste, men Lars Ove har likevel kampar for A-laget i 16 sesongar på rad. I 1986 spelte han gjerne i forsvaret med Ivan Myklebust, men også i angrep. Han blir stadig meir viktig for A-laget.

I 1987 scorar han Bergsøy sitt første mål for sesongen på Bergsøy Stadion da laget slår Ørsta med 2-1. Han spelte også fleire kampar no som svært offensiv back og gjorde en solid innsats både offensivt og defensivt.

Mot Maiseidvåg i 1987 blei det straffesparkonkurranse. Det sto 4-4 da Lars Ove skulle fram for å ta sin straffe, men han satte den høgt over. Øyvind Sunde scora sikkert for Maiseidvåg til 5-4, dermed hadde Bergsøy til då tapt begge sine to straffesparkkonkurranser denne sesongen. Lars Ove Almestad fekk tross straffebommen godt skryt for sitt spel som sweeper denne kampen.

I 1988 finner vi lars Ove Almestad med kapteinsbindet for Bergsøy. I en 2-0 siger mot Haddal så scorar han begge måla og blei kampens store helt. Det første etter gjennomspel fra Fred Frantzen og det andre et kanonskudd frå 16 meter. Lars Ove finner målforma og scorar 11 mål denne sesongen, og spelte mange av kampane på høgresida av midtbana. Lars Ove var som kaptein og målscorer lagets profil utad i opprykkskamp mot Brattvåg.

Are Blindheim og Lars Ove Almestad i 1988
Are Blindheim og Lars Ove Almestad i 1988


Utover i 1988 blir han omtalt som midtbanedynamo, og terrier på midtbanen. Med si løpsstyrke var han også målfarlig. I treningskamp i 1989 mot Brattvåg scora han alle tre måla i en 3-2 siger mot Brattvåg - frå sin midtbaneposisjon.

I 1990 bytta Frode Wilhelmsen og Lars Ove posisjon en kamp, der Lars Ove gikk inn meir sentralt. Og der fekk han nytta si løpsstyrke til å straffe motstandarlaga. Men det blei mange kampar på høgrekanten der han fekk brukt farta si og slått innlegg også i 1992. Mange av måla Lars Ove scora så står det at han "fossa gjennom", "var på gjennomløp", eller "brukte farta si". I 1993 står det at Lars Ove Almestad var et angrep aleine da han spurta forbi Ørskog forsvaret. Mot Vartdal skapte han problem med kjappe rykk og stor løpsstyrke. Bergsøy sitt angrepsvåpen i mai 1993 var løpeballar på Lars Ove Almestad på topp.

Sweeper, offensiv back, høgreving, midtbanegeneral. På stadige løp og med raske rykk. Målfarlig. Løpskapasitet. Midtbanemotor. Kaptein.

Gullklokker for 200 A-kampar
September 1994. Endre Tjervåg spelte sin siste heimekamp for Bergsøy og fekk blomsterbukett. Lars Ove Almestad og Nils Roger Paulsen fekk begge gullklokker for å passere 200 A-kampar for Bergsøy. Kampen blei derimot eit 0-1 tap for Fjørtoft.


I 1996 ser vi at Lars Ove igjen spelte i forsvaret. Under fotballens dag i 1996 skriver Mathias Pettersen at Lars Ove Almestad har spelt 251 kampar. Nils Roger Paulsen 231 og Tony Pettersen 214.

I 1997 ser vi at Lars Ove spelar på topp ilag med Oddmund Vaagsholm. 30.september 1997 står det at han kanskje har spelt sin siste kamp. Han hadde jobba hardt på topp borte mot Stranda. Han trua no med å trappe ned.

Cupkamp mot Ørsta oktober 1997
Cupkamp mot Ørsta oktober 1997.


Det blei tap 1-4 mot Ørsta i oktober 1997. Han hadde varsla at han skulle legge opp, men det blei likevel en god del kampar også i 1998. Han spelar også i siste serierunde 1998 den 26.september mot Åram/Vankam. Det blir hans siste A-kamp. Og han scora då også sitt siste A-mål i en 4-1 siger. Og målet var nok eit typisk "Øyvind Leonhardsen løp".