Stjerneprofil Nils Roger Paulsen
Midtbanespelar frå 1983 til 2000
Informasjon
Nils Roger Paulsen fekk sin debut på A-laget i første serierunde 1983 borte mot Kristiansund 24.04.1983. Trond Paulsen var Bergsøy sin bestemann denne kampen, mens Kjartan Paulsen blei bytta ut etter 55 minutt for å gjere plass til Nils Roger Paulsen, den tredje Paulsen-broren. Kampen endte 1–0 til heimelaget, men Nils Roger var nær på å score då han kom inn som innbytter, og hadde eit knallhardt skot i tverrleggaren. Kjartan måtte for øvrig gå ut på grunn av strekk.
Det blei ikkje mykje meir spel på Nils Roger i 1983-sesongen før dei aller siste kampane av sesongen. Totalt blei det fire kampar.
I 1984 er derimot Nils Roger Paulsen fast i A-stallen. Litt ut i mai står det at juniorane Lars Ove Almestad, Jarl Remøy og Nils Roger Paulsen er karar som viser den rette kampånda og som laget vil få mykje nytte av.
Når vi kjem til juni blir Nils Roger omtala som ein midtbanegeneral som dirigerte i stor stil og som var arkitekten bak mykje av angrepsspelet.
I den første heimekampen i 1985 viser Nils Roger Paulsen seg fram som ein skikkeleg målscorar og set inn alle tre måla i ein 3–2-siger mot Brattvåg. Det blei til slutt 7 mål på Nils Roger denne sesongen.
I 1985 starta Nils Roger Paulsen og Tor Ove Stenersen sportsforretning på Myklebust. Dei var medlemmar av Fagsport-kjeden.
I 1988 går Nils Roger Paulsen til Træff på grunn av skulegang i Molde. Det varte imidlertid ikkje lenge før han var tilbake i Bergsøy igjen. I juli 1988 spelar han sweeper på A-laget, men aller mest blir han omtala i kampreferata når han kjem til scoringssjansar meir offensivt opp i bana.
I mai 1989 blei Trond Paulsen trekt ned som sweeper i Tom Beddari sitt fråvær, mens Nils Roger Paulsen tok over Trond sin sentrale posisjon på bana. Men seinare på året ser vi at også Nils Roger kunne bli trekt ned som markeringsstoppar. Midtstoppar-duo med Viar Eikrem i august 1989.
Også i 1991 ser vi at bestemannsprisen på A-laget av og til går til midtstoppar Nils Roger Paulsen, og i august dannar han midtstoppar-duo i lag med broren Trond Paulsen.
I 1992 fortset variasjonen med å spele midtstoppar i lag med Ivan Myklebust, eller på midtbanen. I 1993 måtte han til og med ta over keeperdrakta i ein bortekamp mot Herd idet innbytterkvota hadde blitt brukt opp, i ein kamp der Herd vann 5–0 og trenar Tor Meinseth blei utvist.
I mai 1994 jobba Nils Roger Paulsen på midtbana i lag med Geir Sandnes, der Nils stabiliserte laget defensivt. I juni spelte han igjen i forsvaret.
September 1994. Endre Tjervåg spelte sin siste heimekamp for Bergsøy og fekk blomsterbukett.
Lars Ove Almestad og Nils Roger Paulsen fekk begge gullklokker for å passere 200 A-kampar for Bergsøy.
Kampen blei derimot eit 0–1-tap for Fjørtoft.
I 1995 kunne Nils Roger feire 30-årsdag vitande om at Bergsøy hadde blitt kretsmeister i 4. divisjon. I 1996 var det Nils Roger og Lars Ove på 31 år samt eldstemann Tony (34 år) som danna dei rutinerte på A-laget. I ein toppkamp mot Aksla får Nils Roger Paulsen også oppleve å bli utvist for å få to gule kort. Kampen enda 1–1.
Under Fotballens Dag i 1996 står det at Nils Roger Paulsen har kome opp i 231 kampar. I 1997 er Nils Roger igjen å finne på midtbana til Bergsøy, blant anna i august dominerer han og Tobben Leikanger på midten.
I 1998 starta teikna på at han trappar ned, og han blir å finne på Bergsøy 2. I august 1998 børstar likevel Nils og Lars Ove støvet av skorna og trår til på A-laget igjen. Borte mot Hareid scorar Nils Roger eitt av måla i ein 2–0-siger.
I desember 1998 står det at Nils Roger Paulsen tek over som trenar for damelaget. I 1999 spelar Nils Roger kampar for Tjørvåg.
Sesongen 2000 er Nils Roger Paulsen tilbake i Bergsøy og spelar midtstoppar-duo med Tommy Notøy. I 2001 var han igjen tilbake i Tjørvåg, og blei blant anna frakta til Volda sjukehus etter ribbeinsbrot etter ein kamp mot Flø.