Stjerneprofil Stig Vestnes
Han har gått gradene i handballen frå aldersbestemte klasser til seniorlaget, der han avslutta karrieren si i 1997, etter å ha spelt 235 kampar og scora 318 mål.
Æresmedlem i Bergsøy IL
09.05.2024 kom beskjeden om at Bergsøy IL hadde utnemnt Stig Vestnes til æresmedlem under handballens dag.
– Stig vert utnemnd på grunn av sitt store engasjement i Bergsøy IL, og spesielt i handballen. Han har gått gradene i handballen frå aldersbestemte klasser til seniorlaget, der han avslutta karrieren si i 1997, etter å ha spelt 235 kampar og scora 318 mål, heiter det i grunngjevinga frå Bergsøy IL.
Aksel Vestnes og Randi Kalsnes hadde tre barn (Ruth, Bente og Anita) og budde på Kvamsøya fram til dei flytta til Eggesbø i 1963. Så kom Stig (22.11.1965) til verda som nummer fire i ein søskenflokk på fem der femtemann kom i 1971 (Siv Marie). Det skulle vise seg å bli ei stor handballfamilie av denne gjengen.
Ruth Vestnes blei æresmedlem i Bergsøy i 1995, var i årevis trenar og knallgod keeper for Bergsøy, og meir om henne kan du lese her. Bente var også eit stort handballtalent. Det var berre eitt år mellom søstrene, slik at dei spelte på same laget og vann blant anna KM for Bergsøy i 1971/72-sesongen. Mens Ruth var kjent for å stoppe mål, var Bente flink til å score mål som linjespelar, og begge to satsa vidare og spelte for Langevåg i 2. divisjon.
Både Ruth og Bente var kjent for å vere aktive lenge. Bente spelte for Langevåg gjennom store delar av 1970-talet og blei belønna med ein 200-kampers pokal i 1980. Ho var fortsatt kaptein for laget idet vi kjem ut i midten av 1980-talet.
Dei to yngste søskena Stig og Siv skulle følgje i same fotspora med imponerande idrettskarrierar. Vi tek eit nærmare blikk på Stig Vestnes og nokre av hans merittar i denne profilen.
Intro (Spelarportrett 1995)
Stig har hatt mange kampar, verv og trenarroller, og på A-laget var han mest kjent som kantspelar. Han har vore rekneskapsansvarleg i økonomiutvalet og styremedlem i hovudstyret, samt at han har vore medlem i handballkretsens valnemnd. Han har tatt A- og B-trenarkurs via handballforbundet og opparbeidd seg ei lang trenarerfaring i Bergsøy som starta i 1986 då han trente G16 ilag med Bjarne Pettersen. Det har blitt mykje handball, og Stig likte dårleg når A-lagets seriekampar kolliderte med G14 sine kampar.Stig har klare intensjonar med treninga og synest det er viktig med målsetjing. Kombinasjon av kortsiktige og langsiktige mål er viktig, og elles snakkar Stig mykje om team. Spelarane skal jobbe for kvarandre. Eit trenarforbilde var Asbjørn Kilsti, som var ein av dei store i handballmiljøet på Sunnmøre. Ein trenar som gav spelarane ansvar. I tillegg har Marijan Sedjac og Svenn Tore Jakobsen vore til inspirasjon.
-"Når foreldra viser interesse og kjem på kamp for å sjå laget, spør korleis det går, då føler eg at eg får betaling tilbake for at eg tek meg av ungdommen deira."
(Stig Vestnes i 1995)
Tidlig fotballkarriære
I 1978 var Stig ein del av lilleputtlaget til Bergsøy i fotball. Trenar var Harald Arnesen og laget hadde spelarar som Frode Woldsund, Geir Leinebø, Loyd Kleppe, Ronny Voldsund, Atle Nerland, Børge Hansen, Nils Roger Paulsen, Perry Kopperstad, Sverre Madsen, Jon Kenneth Bøe, Karl Kvalsvik, Ingolf Leikanger, Per Robert Myklebust og Jarl Remøy for å nemne nokre.To år seinare var det fotballfeber i Bergsøy då A-laget i fotball tok opprykk til 2. divisjon. Stig meinte då at Frode Wilhelmsen burde bli årets Bergsøyspelar fordi han laga mange av målsjansane. Stig spelte no på Bergsøy sitt småguttelag:
Fremst: Ingolf Leikanger, Ronny Voldsund, Nils Roger Paulsen, Roy Almestad, Jarl Remøy, John Kenneth Bøe, Stig Vestnes, Børge Hansen og Per Robert Myklebust
1981/82: Første sesongen
I sesongen 1981/1982 starta Stig Vestnes å spele for Bergsøy sitt 4.-divisjonslag i handball. Kulturhuset og handballhallen hadde kome i 1979/80, og han fekk gode treningsforhold. I mange kampar spelte Bergsøy jamt med motstandarane tidleg i kampane, men sprakk noko på slutten. Slik også i ein kamp mot Rollon der Bergsøy tapte 20–29, og Vestlandsnytt meinte laget kanskje hadde nytte av meir kondisjonstrening.
-"Det spørs om BIL må satse litt meir på kondisjonstrening. Men også på det taktiske plan er det ein del som manglar. Men det er kanskje ikkje bedre å vente så lenge ein ikkje har trenar. Bergsøy er no for alvor i faresona."
(Vestlandsnytt 12. januar 1982)
I den siste kampen for sesongen blei det tap 46–10 for Stranda, der Bergsøy gratulerte Stranda med meisterskapet. Trass 46 baklengs var det keeper Martin Slåttelid som fekk bestemannsprisen, og Stig Vestnes blei toppscorar.
Totalt denne sesongen spelte Stig 10 kampar og scora 4 mål, medan Bergsøy endte nest nederst i divisjonen med 2 sigrar og 16 tap på 18 kampar.
Fortsatt mange tap
Faktisk kun tap. I sesongen 1982/83 spelte Bergsøy 14 kampar i serien og tapte alle. Men dei presterte nesten sensasjon idet dei heldt på å skremme Rollon i Herøyhallen. Rollon vann til slutt 18–21, men stillinga hadde blant anna vore 16–16 og topplaget starta ei stund å merke stresset. Stig Vestnes scora to av måla i det som til då var det 12. tapet på like mange kampar. På spelarkortet står det at Stig spelte 15 kampar og scora 19 mål denne sesongen.I sesongen 1983/84 blei det 3 sigrar, 1 uavgjort og 11 tap, medan det i 1984/85 blei 6 sigrar og 12 tap.
Engasjert i handballen
Stig Vestnes spelte handball, men var ikkje berre spelar. Han starta å engasjere seg i klubben etter kvart også som trenar og styremedlem. I desember 1986 var han kasserar i styret. Jorunn Aasen var formann og Terje Krogset var nestformann i styret der også Britt Berge, Gunn Johnsen, Eldar Zahl, Svanhild Kvalsund, Olga Selvåg og Åge Remøy var med.Snart starta Stig også å innkassere sigrar som trenar ilag med Bjarne Pettersen, for eit framstormande 16-årslag som vart best på Sunnmøre. Spelarar som Ronny Koteng, Kristian Berge, Nils Kristian Nørvåg, Jonny Selvåg, Jørn Remøy og Per Arve Kvalsund med fleire – var den nye generasjonen handballspelarar som skulle kome til å vere som ein frisk pust for klubben. I mars 1987 sikra laget seg nok eit kretsmeisterskap, for andre år på rad og med 8 poeng ned til lag nummer to på tabellen.
I desember 1987 blir det nytt styreval der Bodil Notøy blir leiar med Terje Krogset som nestleiar, medan Stig Vestnes fortset som kasserar. I same tidsrom held Bergsøy på med trenar- og dommarutdanning, og har snart med sine 14 sertifiserte trenarar fleire enn nokon andre handballklubbar på Sunnmøre. Også på dommarfronten gjer klubben det sterkt og stiller med ti dommarar, like mange som klubben har lag i serien. Klubben har no 180 aktive handballspelarar.
1988: Større satsing
Stig Vestnes er no ikkje berre spelar og kasserar, han er også hovudtrenar for 16-årslaget som i mars 1988 tek eit nytt KM. Dermed hadde denne årsklassa tatt sitt tredje KM på rad. «Laget hadde levert ein imponerande sesong», skreiv Stig Vestnes i sin kamprapport idet laget slo Stranda med 21–13 i den siste kampen. Jørn Remøy scora 9 av måla, medan Kristian Bendal scora 3 og Frode Myrhol, Bjørnar Bendal og Johnny Selvåg scora 2 kvar. Faktisk scora også keeper Terje Kvalsund tre mål, alle på skot frå eige keeperfelt. Bård Kvalsund var hjelpetrenar for KM-meisterane.I sesongen 1987/88 enda også A-laget rekordhøgt opp på tabellen og tok ein 2. plass i 4. divisjon, klubbens beste plassering nokon gong, der dei lenge kjempa om opprykk. Dette var også Stig Vestnes sin beste sesong når det gjaldt å score mål, han putta 64 mål på 18 kampar.
Dei ønskte å byggje vidare på den suksessen, og henta den dyktige Rollon-trenaren Asbjørn Kilsti for å leie laget som hovudtrenar. Dette var første gongen Bergsøy henta ein trenar utanfrå klubben, og Kilsti var ein mann som hadde ein kjent og sentral rolle i handballmiljøet på Sunnmøre. Stig Vestnes blei tilsett som hjelpetrenar for laget som no skulle auke treningsdosane og ha eit mål om opprykk til 3. divisjon.
Utklipp
Kretsmeister i Bergsøy. Bak frå venstre er trenar Stig Vestnes, så har vi Bjørnar Bendal, Kjell Ove Olsen, Johnny Selvåg og Jørn Remøy. Foran frå venstre er Frode Myrhol, Terje Kvalsund og Håvard Notøy. På bildet manglar Johnny Paulsen og Stig Lillerovde.
Utklipp
Desember 1988, dugnad er viktig i handballen. Her ein gjeng i full sving på Frøystad Fiskevegnfabrikk. Her jobbar dei på kveldane med kniv i handa og tek vekk gammalt garn frå tauverk som skal brukast oppatt.
I september 1988 er det også ny jubel idet Bergsøy slår Volda med 17–15 i finalen under Bergsøycup. Det var tydeleg at Bergsøylaget hadde fått god fasong under leiing av Asbjørn Kilsti og hjelpetrenar Stig Vestnes. Publikum fekk servert fleire lekkerbiskenar som ein aldri før hadde sett av eit Bergsøylag. Stig kunne ilag med Tor Sindre Steinsvik stille opp for eit bilde med pokalen som viste at Bergsøy no hadde vunne sin eigen cup for andre gong.
Fram mot jul 1988 var det meste gått etter planen og laget var serieleiar i 4. divisjon. Serieledarane samt gutelaget i 18-årsklassa var samstundes fleire kveldar og arbeidde på Frøystad Fiskevegn. Dei hadde handtert 750 garn på denne tida som resulterte i 18 000 kroner i kassa, noko som blant anna var for å dekke reiseutgiftene til trenar Kilsti som pendla frå Ålesund.
-"Slike jobbar er eit alternativ til å gå med loddbøker. Det er også positivt å vere i lag utanom treningane, og det sosiale er med på å styrke samhaldet i laget."
(Stig Vestnes om arbeidet hos Frøystad Fiskevegn)
1989: Opprykksjubelen
Sesongen 1988/89 blei tidenes mest spennande hittil i klubbens historie.
-"Vi skal revansjere oss for 17–17-resultatet mot Kristiansund i haust, ein kamp vi burde vunne etter spelet vi presterte. Vi må vinne resten av kampane skal opprykk bli ein realitet."
(Stig Vestnes)
Det var snart tid for opprykksfinale mot Gloppen i Herøyhallen 11. mars.
Utklipp
Fleire med jubileum i kampen mot Kristiansund. Tor Sindre Steinsvik (100 kampar), Per Frøystad (150 kampar), trenar Asbjørn Kilsti og Stig Vestnes (100 kampar).
Utklipp
Blant spelarane i form var blant andre Nils Christian Nørvåg.
Trenar Stig Vestnes opplyste før kampen at det var eit skadefritt og motivert lag som var klare for å møte Gloppen. Han håpte publikum møtte opp for å støtte laget, og det skulle vise seg å ikkje vere noko problem.
Det blei jubel i ein fullstappa Herøyhall idet Bergsøy knuste Gloppen med 27–18 etter 15–7 til pause. «Bergsøy opp med trampeklapp» var overskrifta i det som blei handballklubbens største festkveld. I dei få periodane Bergsøy mangla rytme tok 33-årige Adolf Espeseth kommando og ansvaret, og han enda opp med å score heile 13 av måla til Bergsøy denne kampen. Dei einaste som kunne konkurrere med han om bestemannsprisen var dei to målvaktene, brørne Terje og Per Arve Kvalsund som tok dei eine skota etter dei andre. Gloppen-spelarane dunka armane i golvet i frustrasjon. Per Frøystad og Ronny Koteng scora 3, Tor Sindre Steinsvik og Stig Espeseth scora 2 mens Roald Johnsen og Stig Vestnes scora eitt mål kvar.
3. divisjon tidlig på 1990-tallet
Også under G-sport Cupen i september 1989 viste Bergsøy og Stig Vestnes godt spel. Dei kjappe vingane Ronny Koteng og Stig Vestnes viste mange fine detaljar. Det skulle no bli spennande å følgje laget vidare i 3. divisjon. Og Bergsøy fekk ein god start, der to trønderlag måtte reise frå Herøyhallen utan poeng dei to første vekene. Handballfeberen var god i Fosnavåg idet 230 tilskodarar møtte opp for å sjå Bergsøy mot Wing.
Bergsøy beholdt plassen i 3. divisjon med eitt poengs margin idet sesongen var over. Stig Vestnes spelte 22 kampar og scora 19 mål. Dette medførte ei vidare satsing for klubben som for sesongen 1990/91 tilsette Mirijan Sedjak som ny hovudtrenar. Han var frå Jugoslavia og hadde trent Spjelkavik til opprykk året før. Klubben avanserte nye steg på tabellen og enda på 3. plass i 3. divisjon.
I 1991/92 var det ny mann på plass som hovudtrenar; Darko Grzentic. Dette året enda laget på 2. plass. Bergsøy hadde gått frå nedre halvdel av divisjonen til øvre halvdel med god satsing. Samstundes som Stig Vestnes fortsatt var ei viktig brikke på A-laget, var han også ei viktig brikke som trenar for aldersbestemte lag. I 1992 trente han blant andre Gutte 12 som gjorde ein god innsats under Åndalsnes Cup.
Stig Vestnes var også sentral idet Bergsøy vann 29–27 borte mot Spjelkavik i oktober 1992. Då han blei plassert som frimerke på heimelagets gode spelar Terzic, byrja Bergsøy endeleg å innhente Spjelkavik si 18–14-leiing. Dette snudde kampen før veteranane Tor Sindre Steinsvik og Adolf Espeseth avgjorde mot slutten. Dette var også 18-årige Gard Berge sitt gjennombrudd for Bergsøy, han tok tak i dei periodane det butta imot og scora 8 mål i kampen.
Spelar og trenar, og fortsatt med i styret mot slutten av 1993. Bergsøy såg no fram mot å feire 50-årsjubileum året etter. Bergsøy hadde spelt ein dårleg kamp mot Skogn og sakna forsvarsstrategen Stig Vestnes som var ute med skade. Går vi eitt år seinare og til desember 1994, så er Stig nestformann i styret med Bodil Notøy som formann. Han er fortsatt trenar for gutelaget, der blant andre Roy Igesund sto i mål og Jon Robert Håheim, Trygve Valø, Dag Are Nilsen, Tord Vågsholm, Alf Sigmund Hjelmeseth og Steffen Ove Voldsund scora mål i ein 26–12-siger mot Volda.
200 kampar i 1994
Bergsøy avslutta sesongen 1993/94 med to dårlege kampar i Herøyhallen, men før kampen mot NTHI i mars 1994 fekk ein i alle fall markere at Stig Vestnes no hadde spelt 200 kampar for Bergsøy. Han fekk overrekt blomster av formann Bodil Notøy. Den solide og alltid pålitelege Stig kunne nok tenkt seg ein jubileumskamp med eit anna resultat idet Bergsøy tapte 17–24.I november 1994 er det Stig Vestnes og Ottar Ristesund som er veteranane på A-laget. Stig var no 29 mens Ottar var 25 år, og deretter var det spelarar som Håvard Notøy (22 år) og Gard Berge (20 år) som blei rekna som nestveteranar. Stig var med andre ord ei viktig bærebjelke der mange av spelarane på laget no var 17–18 år – og Bergsøy var inne i eit generasjonsskifte. Det tydde ikkje at dei var dårlege sportsleg av den grunn, ettersom laget tok ein 2. plass i 3. divisjon – berre eitt poeng bak Spjelkavik.
I sesongen 1994/95 spelte Stig 14 kampar og scora 26 mål, og i den påfølgjande sesongen 1995/96 spelte han 15 kampar og scora 37 mål. I ein kamp mot Spjelkavik i januar 1995 måtte Stig ut på båre etter eit slag over nakken. Han blei sendt til sjukehus der det blei konstatert sterk hjernerystelse.
Stig var no også trenar og lagleiar for Gutte 14, og som alltid med i handballstyret.
I styret som blei valt i desember 1995 var det igjen Bodil Notøy som heldt fram som leiar, medan Peder Worren, Stig Vestnes og Ann Karin Nærø var med. Mykje av arbeidet galdt å skaffe inntekter, der losse- og lasteinntektene var viktige for handballen.
Stig hadde vurdert å leggje opp etter 1994/95-sesongen, men presterte sikkert forsvarsarbeid og fine scoringar frå flanken. Han viste i ein kamp mot Kristiansund i oktober 1995 at han fortsatt hadde mykje å tilføre laget. Ikkje minst i hektiske og oppjaga kampar er rutinen viktig. Stig scora fire mål i denne kampen.
Mot slutten av spelarkarriæra
I april 1996 gjekk Bergsøy G12 til topps i Rollon Cup med Stig Vestnes som trenar.
No nærmar det seg også slutten på Stig Vestnes si spelande karriere på A-laget til Bergsøy. Den siste kampen meiner vi var heime mot Røros den siste kampen, og der var Stig Vestnes på plass igjen.
-"Veteranen viste at han slett ikkje hadde gløymt gamle kunster. Ved sesongstart toppa Stig adelskalenderen med 232 spelte kampar. Denne kampen scora han fire mål."
(Vestlandsnytt mars 1997, om Bergsøy sin kamp mot Røros i sesongavslutninga 1996/97.)
Frå debuten i 1981/82-sesongen til dei siste kampane i 1996/97-sesongen har det vore 16 sesongar på rad der Stig Vestnes spelte på A-laget utan avbrot. Han har på denne tida registrert 318 mål.
Men sjølv om han sluttar som aktiv spelar betyr det ikkje at han gir seg. Han er fortsatt kasserar i hovudstyret. Han var også aktiv på andre område, og fullførte blant anna sin tiande Rundemarsj i 1998.
Etter aktiv karriære
I april 2000 fekk Stig Vestnes utdelt ein goodwill-pris for si viktige rolle i handballen gjennom mange år både som aktiv spelar, trenar og i administrasjonen.
-"Innsatsen hans kan knapt målast i kroner og øre."
(Handballleiar Johnny Ulvan i april 2000.)
På sommaren 2003 får Stig æra av å overrekkje Egil Leikanger blomster då han blei æresmedlem i Bergsøy. Stig hadde no lagt ned eit stort arbeid som hovudstyreformann, men hadde av arbeidsmessige årsaker sagt frå seg attval. Som avtroppande hovudstyreformann får han også overrekkje Caroline Skaar Pederprisen i 2004.
Utklipp
Stig Vestnes gir blomster til æresmedlem Egil Leikanger i juni 2003.
Utklipp
Stig Vestnes og Ruth Worren overrekkjer Caroline Skaar Pederprisen i 2004.
Stig engasjerer seg lokalt og er leiar i Viketoppen Grendalag idet dei får opna sin nye samlingsplass i 2006 på Viketoppen. Samstundes engasjerer han seg stadig som trenar og leiar seks til åtteåringane ilag med Berit Akogyeram, dei spelte blant anna ei minihandballturnering i 2007.
I 2014 tek G14 sølv i Vestkystcup med Stig som trenar.
Utklipp
Sølv i Vestkystcup. Bak frå venstre Stig Vestnes, Kai Andre Yndestad, Filip Remø Dahl, Simen Kvalsvik Vestnes, Knut Arild Djupvik, Daniel Brekke, Alexander Katai Dypvik, Morten Moltumyr Hjelle, Martin Erdal, Benjamin Aasen Akogyeram, Marin Pedersen, Odin Larsen. Framme frå venstre Arne Antonsen Kopperstad, Marius Nærø Remøy, Tobias Torvholm Sævik og Olav Sølve Skarbø.
Utklipp
G16-laget i 2014 med Stig Vestnes i spissen fekk påskjønning for god innsats og for å aldri gi opp sjølv om det har butta litt imot.
2015: Bergsøy United
I juni 2015 vart det klart at Bergsøy ville starte opp eit tilbod à la det Hødd hadde fått til i Ulsteinvik med Hødd United. Stig Vestnes, som sist sesong var trenar for G16, får hovudansvaret for satsinga.I desember 2015 var Bergsøy godt i gang med sitt nye handballtilbod. Kvar måndag er det full fart i gymsalen på Bergsøy skule. På sikt er det ønske om å spele kampar mot andre lag og delta i turneringar.
-"Vi har hatt inntil sju utøvarar på trening men har god plass til fleire. Dersom nokon har lyst til å prøve ut handball er dei hjartelig velkomne til oss. Vi håper mange vil vere med å spreie informasjonen om vårt nye handballtilbod, det vil bety mykje for oss."
(Stig Vestnes, desember 2015)
Vi har fått på plass ein del spelarar, men har plass til fleire, seier Stig igjen i januar 2016. Samstundes har ikkje Stig heilt gitt seg på herresida i handballen heller, ettersom han er trenar for Bergsøy 2 i 4. divisjon når dei serieopnar i oktober 2016. Dei serieopna med siger mot Surnadal.
I mai 2017 blei Stig årets eldsjel for sin innsats som trenar både for 4.-divisjonslaget og Bergsøy United. Seinare på året håper Stig og fleire andre representantar for Bergsøy handball at ein ny hall snart er på plass ved Einedalen skule.
I februar 2018 reiste så Bergsøy United til Trivselshagen på Sandane for å spele to kampar. Aldri før hadde laget stilt opp i kamp, og dei var spente og nervøse. Kampen mot HU enda med 6–9, medan ein kamp mot Florø enda med 11–19.
Når vi kjem seinare ut på hausten til september 2018, så blei Stig Vestnes heidra for lang og tru teneste i Bergsøy-handballen, og blei kåra til «Årets begeistrar» av Region Nord.
Utklipp
Årets begeistrar 2018.
Utklipp
Frivilligprisen 2021.
-"Det gir så mykje tilbake å vere trenar for denne gjengen. Det gir meg driv til å halde på. Det er veldig kjekt å få denne utmerkinga, det er ingen tvil om at det er kjekt å bli sett pris på."
(Stig Vestnes, september 2018)
-"Han er lidenskapelig oppteken av sport og idrett. Han er eit typisk ja-menneske, og i dag er eg her for å hylle han som de har hatt som trenar heilt sidan de starta opp på Bergsøy skule i 2015. Eg vil seie de er heldige som har Stig som trenar, men eg trur også at han synest han er heldig som får vere trenar for dykk."
I 2022 blei Stig Vestnes så nominert som kandidat for frivilligprisen på nasjonalt nivå, der 21 kandidatar frå heile fylket var nominerte. Dette var første gong ein slik pris skulle delast ut.
Så blei han æresmedlem i Bergsøy i 2024, under handballens dag.
Statistikk