8.februar 2020 hadde Bergsøy ei 75 års markering for Bergsøy. Feiringa skulle nok egentlig vår i oktober 2019, men blei noko utsatt. Vi tek eit tilbakeblikk.
Det var ein festdag fra morgen til kveld, og Bergsøy var godt synlige også sentralt i Fosnavågs gater på dagtid med gratis kaker til dei som var på shopping.
Men så kom kvelden.
Odd Kåre Wiik leiia showet da omtrent 250 gjestar var samla på Thon Hotell til feiring. Odd Kåre gjorde jobben på strålande vis, og gav fram smil og latter kvar gong han var på scena med sine lokale historier.
Noko av det fyrste publikum fekk servert var Fosnavågsongen sunget og spelt av Bjørn Prytz og Fred Frantzen.
"I mange mange år har Fosnavåg vært heimen vår..(..) For det er Fosnavåg som ligger i en krans av hav".
Fosnavågsongen
Slik gikk songen da Bjørn Prytz og Fred Frantzen var på scena og song Fosnavågsongen. Musikk har alltid vore eit viktig bidrag når Bergsøy IL har feira jubileum.
50 år tidligare da Bergsøy feira 25 årsdag var det Bassar som sto med trekkspel. Bjørn Prytz var på scena den gongen også, då han
holdt den spirituelle talen for damene. 50 år går fort.
Ein som ikkje sto på scena for 50 år sidan var Alfred Toftesund Longva. Vi var glade han gjorde det denne gongen, for songen "lilleputtvisa"
laga av Blindheim synes vi i historikk.com han framførte heilt strålande.
-"Men ikkje fått spela mot Gjerdsvika engong. Men det e slik det e, ej tenke gjerne at, det går vel ikkje glatt - Bestandig.
Kvar trening he ej fylt, ikkje støtt med lyst, men ej he møtt opp fyrst - bestandig.Gjer alt som trenar sei, og spring så fort ej kan, men blir heilt sistemann - bestandig. "
(Den finaste Bergsøysong vi kjenner til - Lilleputtvisa - , sunge av Alfred Toftesund Longva med Elise Nærø på piano)
I tillegg framførte Elise Nærø sin nye Fosnavågsong, som også er ein nydelig song. Så dei musikalske biddraga på jubileumsfesten var slettes ikkje noko å seie på.
Æresmedlemmer
Til dette jubileumet var klubbens beste bidrag (synes vi) å få en skikkelig gjennomgang og struktur på klubbens Æresmedlemmar.
-"Når en fyrst er i Bergsøy så er det ein livslang greie. Når en fyrst er infisert, så e du der. Om 25 år når det er 100 års jubileum vil eg tru eg fortsatt ser monge av dåkke.
Og når vi starta med planlegginga av dinne festen så var det en av desse tinga som dukka opp - Æresmedlemmer. Og det er litt flaut å innrømme det, men spørsmålet dukka opp: Kven er dei egentlig?
Fordi det har blitt utdelt, men ikkje systematisert. Ergo så tenkte vi, at det må vi gjere nåko med.
"
(Lasse Myrhol)
Med struktur meinar vi ikkje berre at det blei gitt tid til å bli kjent med alle og hedre dei, men klubben hadde også laga ein plansje som skulle hengast i klubbhuset for å synliggjere namna på æresmedlemmane.
På denne måten vil ein ikkje lengre måtte undre seg over kven som har fått æra eller ikkje. Namna vil dermed være synlig i hjertet av klubben - for alle å sjå. Det er flott.
Lasse Myrhol held opp plansjen med namna til Æresmedlemmane
Det blei ei god anledning til å hedre alle klubbens æresmedlemmar, og kvar enkelt fekk sin tid på storskjerm med presentasjon av Lasse Myrhol.
Ein etter ein kom bilde og namn på storskjermen, og publikum sin applaus var på plass. Æresmedlemmane som kunne være til stede - var på plass for sin fortjente heder.
Peder Worren. Olaf Brathaug. Mathias Pettersen. Martin Slåttelid. Asbjørn Myklebust. Geir Johan Bakke. Ruth Frøystad. Egil Leikanger. Per Botn. Johs Wike. Ola Goksøyr.
To fortjente nye æresmedlemmar kom også på plass: Tor Sindre Steinsvik og Roger Kvalsvik.
Tor Sindre Steinsvik og Roger Kvalsvik
Styreleder Torbjørn Hide tok talarstolen idet to nye Æresmedlemmer blei avduka til stor jubel frå salen. Først ut var det Roger Kvalsvik som fekk den velfortjente æra.
-"Engasjementet denne personen har hatt for Bergsøy strekker seg trulig over 50 år. Han var i sin ungdom aktiv i Bergsøy både i fotball og friidrett.
I studietida hevda han seg i svært godt nivå i mellomdistanse, og var med på bygge opp friidretten i Bergsøy Idrettslag. I den tida var her kun grusbane, og han var ein pådrivar for å bygge tartandekke.
(...) Det er ei stor glede for Bergsøy Idrettslag å oppnevne Roger Kvalsvik til ny æresmedlem. "
(Torbjørn Hide om Roger Kvalsvik)
Deretter skulle også Tor-Sindre Steinsvik få stor jubel frå salen.
-"Han var svært delaktig i framgangen til Bergsøy Handball på 80 og 90 tallet. Denne personen skal ha mykje av æra for den positive utviklinga i denne perioda.
Han var spelar, trenar for herrelag, damelag og aldersbestemte lag, og var også ei periode deltidsansatt i Norges Handballforbund. Han har et brennande engasjement for dei unge og frivillige arbeid, og det er ikkje berre Bergsøy som får nytte hans engasjement.
Mange frivillige verv har blitt besatt av denne personen. Det er ei stor ære og glede å kunne på vegne av Bergsøy Idrettslag å utnevne Tor-Sindre Steinsvik til Æresmedlem. "
(Torbjørn Hide om Tor-Sindre Steinsvik)
Frank Sverre Skorpen
Det var også vel fortjent at evigunge Frank Sverre Skorpen fekk litt heder på scena. Bergsøy sin mangeårige kaptein har i løpet av sin Bergsøykarriære prestert nærmast det umulige, nemlig å passere legende Fred Frantzen i antall kampar og mål for Bergsøy.
For denne prestasjonen blei det ein statuett med synlig bevis på at han er den mestspelande og mestscorande i Bergsøy si historie.
Lars Conradi Andersen overrekker Frank Sverre Skorpen stauetten
-"Uten av det har blitt bemerka med så store ord, så har Frank Sverre Skorpen blitt klubbens mestspelande og mestscorande gjennom historia.
Vi som har spelt ilag med Frank har sett dette kome, for vi har spelt ilag med ein motivert og innsatsfyllt spelar. Som aldri gir opp. Desidert mestspelande og desidert mestscorande i Bergsøy si historie og det er verdt en heder.
Her er en statuett. Vi er i tvil om nokon klarer å overgå dette. Du er fantastisk. Gratulerer."
(Lars Conradi Andersen)
Johs Wike
Æresmedlem Johs Wike har meir kunnskap og erfaring med Bergsøy Idrettslag enn dei aller fleste.
Mykje kunnskap har han også tilegna seg gjennom arbeidet med den fantastiske Bergsøyboka han har skrevet.
Johs Wike hadde ei tale om forskjellig som skjedde i klubbens tidlige dager.
Johs Wike
-"Bergsøy hadde ikkje lilleputtlag, men satte ein notis i Vestlandsnytt i håp om å få ei 11-12 lilleputtspelarar til ei turnering i Ulsteinvik.
Det kom over 60 gutongar i Huldalen. Frode Wilhelmsen, Arthur Almestad, Kjetil Goksøyr og fleire blei sent til Ulsteinvik på turneringa - men kva med dei 50 ekstra? Jo da fann ein ut at ein skulle lage ein serie
i Ytre Herøy. Harald Lied tok seg av Fosnavåg. Jack tok seg av Myklebust. Lima Senior på Eggesbønes tok seg av Eggesbønes. Gunnar Kjellstadli tok seg av Berge. Og Sigmund tok seg av Frøystad og Leine. Når det vart gjort sto det faktisk fortsatt eit lag igjen uten oppmann, og då kalla Harald Lied dei innpå butikken og sa at det blei Fosnavåg2."
(Johs Wike)
Øvrig på scenen
Thomas Sporsheim hadde ein sceanse der han intervjuet gjester på scena, mens han viste nokre bilder på storskjermen. Det blei tilbakeblikk på litt forskjellig ilag med dei som var på scena.
Thomas Sporsheim intervjuer gjester
Så var det Historikk.com da. Dette ser eg litt tilbake på med skrekk den dag idag, for eg hadde nedskrevet omtrent det som skulle seiast -
men når scena blei intatt vart aldri notatane brukt. Dermed blei det skremande på sparket. Først blei det ein liten omvisning av noko av det en kan finne på heimesida.
Men noko av det som føltes viktigast for meg var å ære dei som har bidratt veldig til klubben, og da var det eine å hedre Mathias Pettersen for sitt engasjement og sin patriotisme.
Uten hans klubbfølelse hadde han ikkje tatt så godt vare på forskjellig viktige dokumenter, som vi i Historikk.com fekk æra av å få scanne og ta vare på for ettertida. Fra Mathias Pettersen si samling har vi scanna over 750 dokumenter som finnast i vårt arkiv.
Vi fekk hedre Mathias Pettersen symbolsk ved å gi Bergsøy tilbake den første møteboka til klubben frå 1944, der klubben blir grunnlagt, som var ein del av det som Mathias hadde tatt godt vare på.
Det andre var at det blei vist ein video vi hadde laga, med Bergsøyhistorikk - i tillegg til å hedre minne til Gudmund Hopen, Ludvik Hansen, Sigleif Skorpen,
og Arne Arnesen i tillegg til allereie nemnte Mathias Pettersen. 5 personar som var ganske aktive i min tid som A-spelar i Bergsøy åra 1998-2008.
Historikk.com overrekker den første møtebok til Bergsøy
Her vises dei siste minutta av filmen vi viste.
Mot slutten av Bergsøyfesten kom også eit på-sparket-bidrag av ein engasjert handballtrenar i form av Thomas Buchardt. Han takka for sin tid som handballtrenar for herrelaget til stor jubel frå alle i salen.