For Bergsøy spelte Jarl Åge Vågsholm 175 kampar i 13 strake sesongar frå 1993 til 2005.
Han er pr 28.10.2022 nummer 15 på Adelskalenderen, to kamper bak Daniel Jøsok Kvalsvik som i 2022 sesongen klatra opp til 14.plass.
Med sine 58 mål for Bergsøy er Jarl Åge nummer 10 på Bergsøy si målscorarliste gjennom tidene.
Han var ei duracellkanin, ernergisk og med stålkondisjon, flink til å kome til målsjansar og dyktig på å avslutte på volley.
Statistikken
År
Kampar
Mål
1993
13
3 seriemål
1994
11
0
1995
19
16 seriemål
1996
13
3 seriemål
1997
2
2 cupmål
1998
2
1999
25
7 seriemål
2000
21
8 serie + 1 cup
2001
10
4 seriemål
2002
18
6 seriemål
2003
1
2004
18
3 seriemål
2005
21
5 seriemål
Totalt
175 kampar
55 seriemål 3 cupmål
Fotballkarriæren - Tidlig epoke
Vi dykker inn i Jarl Åge Vågsholm si Bergsøykarriære og starter på miniputtnivå.
Miniputtane til Bergsøy tok sølv under "Mini Hødd" turneringa i 1983 der 30 lag var med og deltok. I finala blei det tap 4-2 mot Spjelkavik.
Bilde frå 1983, Bergsøy miniputtar klasse 1974. Bak frå venstre Eivind Nerland, Magnus Sverdrup, Jarl Åge Vågsholm, Håkon Andre Harsvik, Marvin Kopperstad.
Framme frå venstre Arild Kvalsund, Erling Sundal, Frank Djupvik, Jon Robert Moen. Lagleiar E Sverdrup.
To år seinare var Jarl Åge blant dei Bergsøykarane som tok NFF sitt ferdighetsmerke.
Dei blir målt ferdigheter i sjonglering, dribling, føring av ball, mottak og headding samt korte og lange pasningar.
For Bergsøy hadde Kjartan Fagerlund og Jarle Digernes dreve med ferdighetsmerke ei tid for miniputtane, og desse blei då dei yngste som nokongong hadde klart dette i Bergsøy.
Bilde frå 1985. Dei yngste som nokongong hadde tatt ferdighetsmerke i Bergsøy. Bak frå venstre Ronny pål Kvalsvik, Vidar Myklebust, Stian Elvesæter og Rune Frantsen. Framme frå venstre Vegard Fagerlund, Morten Digernes, Jarl Åge Vågsholm og Tom Erik Broks.
Dei neste åra scorar Jarl Åge Vågsholm mange mål på dei aldersbestemte laga til Bergsøy.
Til Vålerenga på tur
På sommaren 1989 blei Jarl Åge Vågsholm og Lasse Myrhol heldige spelarar som fekk oppleve ein fotballtur til Oslo.
Bilde frå 1989. Jarl Åge Vågsholm og Lasse Myrhol ligger fremst foran alle lagkameratane sine.
Smågutespelarane blei uttrekt til å reise til Oslo for å besøke tidligare Bergsøyspelar Marvin Arnesen i Vålerenga.
Smågutetrenar Ivan Myklebust er ein nær venn av Marvin, og såleis kom ein fram til eit spessielt tilbud som må seiast å være draumen for unge fotballspelarar.
-"Jarl Åge og Lasse skal såleis besøke Vålerenga og få et innblikk i korleis ein storklubb fungerar, og dei får trene ilag med Vålerenga sitt smågutelag i tillegg til Tusenfrydpark og andre spennande omvisningar.
Avsluttningsvis får dei være med på kampen Vålerenga mot Mjølner på Bislett der dei får være med på taktikkmøte før kampen".
Fotball og Handball 1989-1991
I 1989 scorar han også fleire mål på Bergsøy sitt handballag gutter 14, noko som gjer at Jarl Åge Vågsholm i 1990 blir utatt til talentsamlinga LUM (Lokale utviklingsmiljø) i Sulahallen som einaste spelar frå Bergsøy.
På Gutar14 i handballen var han som på fotballbana ein god målscorar. Blant anna blei han toppscorar med 5 mål mot Brattvåg i eit 17-14 tap, der også Eldar Lillerovde scora 4 mål for Bergsøy.
Også andre spelarar på laget som Gard Berge, fekk også etterkvart gode Bergsøykarriærer innanfor handballen.
I ein kamp mot Spjelkavik som endte 17-17 blei Gard toppscorar for Gutar16, mens Jarl Åge Vågsholm og Andre Voldsund fekk skryt av trenaren Solveig Grønbech for å vise kva som budde i dei.
I ein kamp i 1991 scorar Jarl Åge Vågsholm på ein flygar mot Volda lagt opp av Jarl Sandnes.
Lagbilde
Bilde frå 1990. Bergsøy sitt guttelag slo VRF med 1-0. Jarl Åge Vågsholm framme nummer to fra høgre.
Lagbilde
Bilde ukjent årstall
Lagbilde
Bilde ukjent årstall
Samtidig sjonglerte Jarl Åge både handballen og fotballen, og da Bergsøy sitt guttelag i fotball skulle møte topplaget Ørsta i juni 1990 blei det storsiger 5-0. Jarl Åge Vågsholm scora heile fire av måla.
I september var det klart for storkamp i Huldalen da Bergsøy sitt smågutelag skulle møte vinnaren av Norway Cup VRF. Og det blei seier til heimelaget.
Arild Kvalsund scora vinnarmålet, mens Jarl Åge Vågsholm var nærme på å øke til 2-0. Bergsøy hadde eit godt lag.
Dana Cup 1990
Bergsøy sitt guttelag i fotball gjorde det sterkt i Dana-Cup. Dei var faktisk det første laget i Bergsøy som representerte klubben i ei internasjonal turnering utanfor landets grenser.
20.juli kjørte busen sørover med 43 personar ombord der 21 var spelarar alle ikledd heilt nye overtrekksdrakter.
Bilde frå 1990. Dana Cup.
I gruppespelet blei dei nummer to etter å ha tapt ein kamp mot Balzers frå Liechestenstein med 3-1.
Dette laget viste seg å være bedre enn Bergsøy, og Jarl Åge sitt mål blei berre eit trøystemål. I neste kamp mot Skeid blei det andre bollar, og ein 3-0 siger etter mål av Erling Sundal, Tor Arne Voldsund og Geir Sandnes.
Så blei det også kamp mot New Jersey frå USA der ein uavgjort var nok til å gå til A-sluttspel. Det blei ein ny 3-0 siger etter mål av Arild Kvalsund, Jarl Åge Vågsholm og Geir Sandnes.
Det vesttyske laget Buckenberg slo Bergsøy ut med 4-1 i neste kamp, der trøystemålet blei scora av Geir Sandnes på straffespark. Dermed var Bergsøy sin første historiske deltaking i Dana-Cup over.
Handball 1992/93
Jarl Åge Vågsholm var ikkje ferdig med handballen enda. I 1992 var det duka for lokaloppgjer i 3.divisjon mellom Spjelkavik og Bergsøy.
Det var venta at Nils Christian Nørvåg og Igor Terzic skulle være nøkkelpersonar for kvart sitt lag. Sannsynligvis skulle Bergsøy sette unge Jarl Åge Vågsholm som frimerke på
Igor Terzic på samme måte som laget hadde gjort mot Jaroslaw Tkaczyk på Rørvik. Bergsøy vann kampen 29-27 i det som skulle bli Gard Berge sitt gjennombrudd i Bergsøytrøya med 8 mål.
Bilde frå 1992 på handballbana, Roald Johansen og Jarl Åge Vågsholm.
Bergsøy endte på 7.plass i 3.divisjon Handball Herrer sesongen 1992/93, og Jarl Åge Vågsholm spelte då ilag med Gard Berge, Jørn Remøy, Tor Sindre Steinsvik, Stig Vestnes og Adlof Espeseth for å nemne nokre.
Debuterer på A-laget i Fotball 1993
Debuten hans kom under Tor Meinseth si trenarperiode - borte mot Vartdal 13.mai 1993 der han som juniorspelar kom inn for Lasse Myrhol og var eit friskt pust i 2.omgang. Han var også nær ved å scåre i debuten sin, men ballen spratt ned på målstreken, og ingen var der for å ta returen.
-"Jarl Åge har tidligare vist seg som en måltjuv - og i denne omgangen rakk han å bevise at dette er en kar Bergsøy vil få mykje glede av i framtida. Rask og løpsvillig og en evne til å finne dei rette posisjonane foran mål."
(Vestlandnsytt etter Jarl Åge sin debut)
Han scora tre mål på A-laget i sin debutsesong. Det første målet kom 24.juni 1993 heime mot Vigra i ein 2-0 siger. Vestlandsnytt skreiv då at det var Jarl Åge Vågsholm sitt første mål i A-lagssamanheng, men at det heilt sikkert ikkje blir det siste. Det skulle dei få heilt rett i.
Seinare i sesongen får Jarl Åge Vågsholm skryt for hardt spissarbeid på topp ilag med Nils Roger Paulsen i ein kamp mot Spjelkavik.
-"Årets funn, Rune Frantsen spelte nok en solid kamp på høgre back. Elles er det gledelig at unge Jarl Åge Vågsholm ser ut til å ha funne seg til rette, og er en typisk goal getter, og scåret også sitt første mål i A-sammengeheng."
(Bergsøylegende Olaf Brathaug etter Vigrakampen)
Etter 13 kampar i 1993 er Jarl Åge Vågsholm fast på A-laget frå 1994 sesongen og spelar dei 10 førsta kampane, og vi finner han ikkje på bana igjen før han kjem inn halvskada i sesongens siste kamp.
Bergsøy A-lags stallen 1994.
1995 sesongen
I 1995 finner vi Jarl Åge Vågsholm og Bergsøy i storform.
Målscorarevna viste seg på topp der han scora 16 mål på 19 kampar og var dermed sterkt delaktig til at laget presterte opprykk til 3.divisjon. Dette er det meste ein spelar i Bergsøy har scora utan å bli toppscorar eit år, iogmed at Arild Kvalsund scora 23 mål dette året.
Jarl Åge hadde formtoppen ei god periode der han scora seks kampar på rad, totalt ni mål.
Under ein av desse kampane der han scora to mål skreiv Bergsøys æresmedlem Olaf Brathaug slik i Pravda:
-"Han gav aldri opp. Hans siste kom ut av innsats. på vill flukt etter ballen. Forsvareren var først. Men Flis slengte frem sin gulltå like foran stolperota. Og pang blei det mål. Det minnet om en viss herr Teige sin tå i forne tider. Kjør på Flis. Du har farten som skal til."
(Bergsøylegende Olaf Brathaug)
Sesongen endte med stor jubel, og Jarl Åge avslutta sesongen sterkt med scoringar også i dei tre siste kampane. Først for å sikre opprykket borte mot Harøy, deretter
scora han to mål i siste heimekamp for å sikre at Tom Beddari måtte ta barten slik han hadde lova. Jarl Åge Vågsholm og Lasse Myrhol sikra deretter kretsmesterskapet med to mål kvar borte mot Hasundgot i ein 4-1 siger siste serierunde.
Brathaug omtalte Jarl Åge som ein levande rev etter kampen. Ein som gjemmer seg men som dukker opp i umulige situasjonar og lagar mål i vanskelige posisjonar.
Opprykk til 3.diivsjon i 1995. Bak fra venstre: Fredrik Remøy, Kåre Arne Kvalsund, Nils Roger Paulsen, Torbjørn Leikanger, Arild Kvalsund, Lasse Myrhol, Arve Leine, Ronny Pål Kvalsvik, Erlend Eide Vike og Trenar Tom Beddari.
Framme: Vegard Fiksdal, Rune Frantsen, Frank Kopperstad Skorpen, Tony Pettersen, Jarl Åge Vågsholm, Lars Ove Almestad, Olav Elias Torset, Lennart Garnes, Kristian Berge. Fremst keeper Trond Bø.
1996-1998: Langtidsskade
I 1996 var Jarl Åge eindel i millitæret, men det blei 13 kampar likevel. Sesongane 1997 og 1998 blei derimot verre med, med to kampar i kvar sesong i vår statistikk.
Preben Hestad og Jarl Åge Vågsholm fungerte bra sammen på topp i treningskampane og scora jamnt og trutt i 1997, og dette fortsatte også da det blei alvor 16.april 1997 i årets første cupkamp mot Hareid.
Bergsøy vann 4-1 mot Hareid der Jarl Åge Vågsholom og Preben Hestad scora to mål kvar.
Men så fekk Jarl Åge et skadeavbrekk, og blei sårt sakna i lengre tid. Til kampen mot Spjelkavik håpte trenarduoen Beddarri/Prytz at hans løpskapasitet og vilje kunne være tilbake på plass.
Men Jarl Åge Vågsholm si skade såg ikkje ut til å betre seg med det første, og Arild Kvalsund blei henta frå Ørsta for å dekke eit spissproblem i Bergsøy etter at også Lasse Myrhol hadde fått seg ein lyskestrekk.
Lagbilde
Lagbilde 1996
Lagbilde
Lagbilde 1997
Det som starta så bra med mål på bana, endte med ein sesong utanfor sidelinja - og også foran sesongstart 1998 var Jarl Åge omtala som uaktuell på grunn av langtidsskade. Det blei med to innhopp heilt mot slutten av denne sesongen på A-laget, og elles mest spel for Bergsøy2.
1999-2001
Dette snur seg i dei neste sesongane der han igjen vil bli ein viktig brikke for laget. Jarl Åge spelar 25 kampar i 1999 og 21 kampar i 2000.
Lagbilde
Lagbilde 1999
Lagbilde
Lagbilde 2000
Lagbilde
Lagbilde 2001. Bak fra venstre: Trenar Jørn Manussen, Frank Sverre Skorpen, Roy Igesund, Frode Myrhol, Martin Molnberg, Arve Leine, Geir Sandnes, Jan Åge Torgersen, Børge Remøy og Arvid Kvalsund (Oppmann)
Framme: Steffen kvalsund, Anders Per Vågsholm, Marvin Kopperstad, Knut Erik Håheim, Morten Reite, Tommy Ingebrigtsen, Christoffer Nilsen, Jarl Åge Vågsholm, Karl Bjarte Vike og Pål Andre Nerland.
Sesongen 2000 starta med at Jarl Åge sendte Bergsøy i ledelsen på Beckham-vis mot Skarbøvik i cuppen, eit skudd frå 25 meter som suste i hjørnet. Men Bergsøy tapte 3-1, og
laget fortsatte med fleire dårlige resultat i starten og låg nest sist etter 11 runder og berre to sigerar. Jarl Åge hadde fleire viktige mål som var med på å halde Bergsøy over nedrykksstreken idet sesongen var over, totalt 8 mål.
2002 sesongen
Jarl Åge opplevde opprykk i 1995 og var nærme på å klare det igjen i 2002. Det blei 22 seriekampar uten tap og eit seriemesterskap i 3.divisjon der han scora 6 mål i løpet av sesongen.
Ørsta er eit lag Bergsøy ofte har slitt mot, men Jarl Åge sine to mål mot Ørsta i seriens andre kamp var med på å sette standarden og flyten for resten av sesongen.
Utklipp
Bergsøy slår Ellingsøy med 6-1 i 2002 sesongen. Jarl Åge scorar allereie etter 5 minutt. Frå venstre Rune Frantsen, Roy Igesund, Frank Skorpen og Jarl Åge Vågsholm
Utklipp
Bergsøy slår Hareid med 4-2 etter mål av Frank Sverre og Jarl Åge, samt godt keeperspel av Martin Løset
Bak fra venstre: Raymond Leine, Kristian Berge, Rune Frantsen, Frode Myrhol, Roy Igesund, Martin Molnberg, Mons Arne Kvalsvik, Trond Paulsen, Arve Leine, Jarl Åge Vågsholm, Anders Per Vågsholm, Steffen Kvalsund og Gudmund Hopen.
Framme: Karl Bjarte Vike, Martin Løseth, Børge Remøy, Christoffer Nilsen, Anders Helsem Hoff, Knut Erik Håheim, Lars Conradi Andersen, Vegard Sævik, Frank Sverre Skorpen, Arild Kvalsund og Arvid Kvalsund.
2003-2005
Jarl Åge Vågsholm var mykje skada i 2003 sesongen, og det blei med berre ein kamp. Men han blei ein viktig brikke i laget i 2004 og 2005 sesongane.
Utklipp
2004. Brattvåg - Bergsøy 2-4. Jarl Åge Vågsholm spelte en god 2.omgang og punkterte kampen med et flott langskudd som gikk rett i krysset.
Utklipp
2004. Målscorarane Jarl Åge og Anders Vaagen etter 2-1 mot Godøy
Utklipp
2004. Bergsøy slo Skarbøvik med 5-3 på Bergsøy Stadion. Jarl Åge Vågsholm scora det siste og avgjerande målet for å punktere kampen.
2004 hadde fleire oppturar og gode resultat, mens 2005 sesongen blei ein tyngre sesong med kampen mot nedrykk. Jarl Åge sine ernergiske løp på kanten skulle bli viktig for å halde energien og håpet om ståplass.
Med to mål heime mot Sykkylven og to mål heime mot Volda var han sterkt delaktig i å snu dei dårlige resultata og få Bergsøy til å berge plassen i 3.divisjon.
Utklipp
2005. Jarl Åge har scora to mål heme mot Sykkylven. Fra venstre Jarl Åge, Anders Hoff, Frank Skorpen og Christoffer Nilsen.
Utklipp
2005. Våt kamp og vått bilde etter siger mot Volda. Fra venstre Marvin Kopperstad, Gustav Pettersen. Jarl Åge Vågsholm, Preben Hestad.
Den siste Bergsøykampen
Det siste Jarl Åge Vågsholm gjorde i Bergsøydrakta på A-laget var å være med på å sikre 3.divisjonskontrakta heime mot Stranda foran 106 tilskuarar i Huldalen 24.september 2005.
Jarl Åge Vågsholm mot Stranda i 2005 i sin siste Bergsøykamp.
Jarl Åge Wågsholm fekk rødt kort og marsjordre mot slutten av den andre omgangen. Litt spessielt der altså, at det siste Jarl Åge gjorde i ei Bergsøydrakt var å bli utvist.
Han var ueinig i et Stranda kast, men la likevel ballen rett ned på linja medan ordet "Homlepong" kom ut av lungene.
Ronald Moen på sidelinja kunne etter kampen stadfeste av ballen aldri var ute av spel. Dommaren likte oppførselen dårlig, og forvekslet homlepong med det mer aggressive horepong. Dermed direkte rødt kort til den normalt svært så avbalanserte venstrevingen. Litt ros må vi gi til dommaren sidan han etter kampen vedtok at han nok missoppfattet situasjonen, og det røde kortet blei omgjort til et gult.
Bergsøy sikrar plassen i 3.divisjon 2005 sesongen, og dette er det siste vi ser av Jarl Åge Vågsholm i Bergsøy på A-laget. Bak frå venstre: Tom Beddari, Kurt Åge hauge, Gustav Pettersen, Magne Havnen, Steffen Moltu, Arve Leine, Steffen Kvalsund, Mons Arne Kvalsvik, Frank Skorpen, Lars Conradi Andersen, Christoffer Nilsen og Jarl Åge Vågsholm.
Framme frå venstre: Kjell Alfred Otterlei, Per Ståle Nykrem, Arve Kvalsvik, Toni Sandanger, Preben Hestad, Mats Inge Teige, Marvin Kopperstad, Kjetil Paulsen.
Tjørvåg frå 2006
Frå sesongen 2006 blei Jarl Åge Vågsholm å finne i Tjørvågdrakta som spelande trenar.
Og i Tjørvåg har han vore sidan og gjort ein kjempejobb der. Jarl Åge Vågsholm er årets grasrottrenar på Sunnmøre i 2022. Vi gratulerer.