Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Profil: Stig Vestnes


Profilen:
Profil: Stig Vestnes



Æresmedlem i Bergsøy IL

09.05.2024 kom beskjeden om at Bergsøy IL hadde utnemnt Stig Vestnes til Æresmedlem under handballens dag.

– Stig vert utnemnd på grunn av sitt store engasjement i Bergsøy IL, og spesielt i handballen. Han har gått gradene i handballen frå aldersbestemte klasser til seniorlaget, der han avslutta karrieren si i 1997, etter å ha spelt 235 kampar og scora 318 mål, heiter det i grunngjevinga frå Bergsøy IL.


Aksel Vestnes og Randi Kalsnes hadde tre barn (Ruth, Bente og Anita) og budde på Kvamsøya fram til dei flytta til Eggesbø i 1963. Så kom Stig (22.11.1965) til verda som nummer fire i en søskenflokk på fem der femtemann kom i 1971 (Siv Marie). Det skulle vise seg å bli ei stor handballfamilie av denne gjengen.

Ruth Vestnes blei æresmedlem i Bergsøy i 1995, var i åresvis trenar og knallgod keeper for Bergsøy, og meir om henne kan du lese her. Bente var også eit stort handballtalent. Det var berre ett år mellom søstrene, slik at dei spelte på samme laget og vann blant anna KM for Bergsøy i 1971/72 sesongen. Mens Ruth var kjent for å stoppe mål så var Bente flink til å score mål som linjespelar, og begge to satsa vidare og spelte for Langevåg i 2.divisjon.

Både Ruth og Bente var kjent for å være aktive lenge. Bente spelte for Langevåg gjennom store delar av 1970-tallet og blei belønna med en 200-kampers pokal i 1980. Ho var fortsatt kaptein for laget idet vi kjem ut i midten av 1980-tallet.

Dei to yngste søskena Stig og Siv skulle følge i samme fotspora med imponerande idrettskarriærer. Vi tek et nærmare blikk på Stig Vestnes og nokre av hans meritter i denne profilen.


Intro (Spelarportrett 1995)



Stig har hatt mange kampar, verv og trenarroller, og på A-laget var han mest kjent som kantspelar. Han har vore reknskapsansvarlig i økonomiutvalget og styremedlem i hovedstyret, samt at han har vore medlem i handballkretsens valnemnd. Han tatt A og B trenarkurs via handballforbundet og opparbeida seg ei lang trenarerfaring i Bergsøy som starta i 1986 da han trente G16 ilag med Bjarne Pettersen. Det har blitt mykje handball, og Stig likte ikkje når A-lagets seriekampar kolliderte med G14 sine kampar.

Stig har klare intensjonar med treninga og synes det er viktig med målsetjing. Kombinasjon av kortsiktige og langsiktige mål er viktig, og elles snakkar Stig mykje om team. Spelarane skal jobbe for kvarandre. Eit trenarforbilde var Asbjørn Kilsti, som var en av dei store i handballmiljøet på Sunnmøre. Ein trenar som gav spelarane ansvar. I tillegg har Marijan Sedjac og Svenn Tore Jakobsen vore til inspirasjon.
-"Når foreldra viser interesse og kjem på kamp for å sjå laget, spør korleis det går, då føler eg at eg får betaling tilbake for at eg tek med av ungdommen deira. "

(Stig Vestnes i 1995)

Tidlig fotballkarriære



I 1978 var Stig ein del av Lilleputtlaget til Bergsøy i fotball. Trenar var Harald Arnesen og laget hadde spelarar som Frode Woldsund, geir Leinebø, Loyd Kleppe, Ronny Voldsund, Atle Nerland, Børge Hansen, Nils Roger Paulsen, Perry Kopperstad, Sverre Madsen, Jon Kenneth Bøe, Karl Kvalsvik, Ingolf Leikanger, Per Robert Myklebust, og Jarl Remøy for å nemne nokre.

To år seinare var det fotballfeber i Bergsøy da A-laget i fotball tok opprykk til 2.divisjon. Stig meinte då at Frode Wilhelmsen burde bli årets Bergsøyspelar fordi han laga mange av målsjansane. Stig spelte no på Bergsøy sitt småguttelag:
Bildet: Småguttelaget 1980. Bakerst Robert Hjelmeseth (Lagleder), Frank Arild hansen, Frode Voldsund, Tor Sigmund Garvik, Loyd Kleppe, Kenneth Pettersen, Sverre Madsen, Arild Nordtun og Perry Kopperstad.
Fremst: ingolf Leikanger, Ronny Voldsund, Nils Roger Paulsen, Roy Almestad, Jarl Remøy, John Kenneth Bøe, Stig Vestnes, Børge Hansen og Per Robert Myklebust




1981/82: Første sesongen



I sesongen 1981/1982 starta Stig Vestnes å spele for Bergsøy sitt 4.divisjonslag i handball. Kulturhuset og handballhallen hadde kome i 1979/80, og han fekk gode treningsforhold. I mange kampar spelte Bergsøy jamnt med motstandarane tidlig i kampane, men sprakk noko på slutten. Slik også i en kamp mot Rollon der Bergsøy tapte 20-29, og Vestlandsnytt meinte laget kanskje hadde nytte av meir kondisjonstrening.
-"Det spørs om BIL må satse litt meir på kondisjonstrening. Men også på det taktiske plan er det ein del som mangler. Men det er kanskje ikkje bedre å vente så lenge en ikkje har trenar. Bergsøy er no for alvor i faresonen. "

(Vestlandsnytt 12.januar 1982)
I den nemnte kampen mot Rollon scora Stig 1 mål, mens Raymond Leine feira 18 års dagen sin med 5 scoringar. Elles scora Jonny Ulvan, Adolf Petter Espeseth, Ove Vinge, Dag Harald Igesund og Nils Djupvik.

I den siste kampen for sesongen blei det tap 46-10 for Stranda, der Bergsøy gratulerte Stranda med meisterskapet. Tross 46 baklengs var det keeper Martin Slåttelid som fekk bestemannsprisen, og Stig Vestnes blei toppscorar. Totalt denne sesongen spelte Stig 10 kampar og scora 4 mål, mens Bergsøy endte nest nederst i divisjonen med 2 sigerar og 16 tap på 18 kampar.


Fortsatt mange tap



Faktisk kun tap. I sesongen 1982/83 spelte Bergsøy 14 kampar i serien og tapte alle. Men dei presterte nesten sensasjon idet dei holdt på å skreme Rollon i Herøyhallen. Rollon vann tilslutt 18-21, men stillinga hadde blant anna vore 16-16 og topplaget starta ei stund å merke stresset. Stig Vestnes scora to av måla i det som til då var det 12 tapet på like mange kampar. På spelarkortet står det at Stig spelte 15 kampar og scora 19 mål denne sesongen.

I sesongen 1983/84 blei det 3 sigerar, 1 uavgjort og 11 tap, mens det i 1984/85 blei 6 sigerar og 12 tap.
Lagbilde Bergsøy 1984




Engasjert i handballen



Stig Vestnes spelte handball, men var ikkje berre spelar. Han starta å engasjere seg i klubben etterkvart også som trenar og styremedlem. I desember 1986 var han kasserar i styret. Jorunn Aasen var formann og Terje Krogset var nestformann i styret der også Britt Berge, Gunn Johnsen, Eldar Zahl, Svanhild Kvalsund, Olga Selvåg og Åge Remøy var med.

Snart starta Stig også å innkassere sigrar som trenar ilag med Bjarne Pettersen, for eit framadstormande 16års-lag som vart best på Sunnmøre. Spelarar som Ronny Koteng, Kristian Berge, Nils Kristian Nørvåg, Jonny Selvåg, Jørn Remøy og Per Arve Kvalsund med fleire - var den nye generasjoen handballspelarar som skulle kome til å være som en frisk pust for klubben. I mars 1987 sikra laget seg nok et kretsmesterskap, for andre år på rad og med 8 poeng ned til lag nummer to på tabellen.
Bildet: 16årslaget mars 1987. Bak frå venstre Bjarne Pettersen (trenar), Ronny Koteng, Kristian Berge, Nils Kristian Nørvåg, Jonny Selvåg, Jørn Remøy og Stig Vestnes (Trenar). Framme frå venstre Jonny Paulsen, Roald Johansen, Per Arve Kvalsund, Terje Kvalsund, Tor Martin Kvalsund og Kjell Ove Olsen. Spelarar som ikkje var med på bildet var Kai Vidar Fylling, Stig Lillerovde, Rune Stenersen, ASbjørn Leinebø og Lasse Eggesbø.

I desember 1987 blir det nytt styrevalg der Bodil Notøy blir leiar med Terje Krogset som nestleiar, mens Stig Vestnes fortsetter som kasserar. I samme tidsrom held Bergsøy på med trenar og dommerutdanning, og har snart med sine 14 sertifiserte trenarar fleire enn nokon andre handballklubbar på Sunnmøre.Også på dommarfronten gjer klubben det sterkt og stiller med ti dommarar, like mange som klubben har lag i serien. Klubben har no 180 aktive handballspelarar.
Bildet: Bergsøy satsar på trenar og dommarutdanning og nye handballtrenarar er bak frå venstre Maria Nilsen, Roar Aasen, Bård Kvalsund, Stig Vestnes, Jørn Remøy, Ann-Kathrin Myklebust og Siv Vestnes. Framme frå venstre Per Arve Kvalsund, Reidun Skjelsvik, Berit Aasen, Ronny Koteng, Nils Kristian Nørvåg og instruktør Asbjørn Kilsli.



1988: Større satsing.



Stig Vestnes er no ikkje berre spelar og kasserar, han er også hovedtrenar for 16års laget som i mars 1988 tek eit nytt KM. Dermed hadde denne årsklassa tatt sitt tredje KM på rad. "Laget hadde levert ein imponerande sesong", skreiv Stig Vestnes i sin kamprapport idet laget slo Stranda med 21-13 i den siste kampen. Jørn Remøy scora 9 av måla, mens Kristian Bendal scora 3 og Frode Myrhol, Bjørnar bendal og Johnny Selvåg scora 2 kvar. Faktisk scora også keeper Terje Kvalsund også tre mål, alle på skot frå eige keeperfelt. Bård Kvalsund var hjelpetrenar for KM-mesterane.

I sesongen 1987/88 endte også A-laget rekordhøgt opp på tabellen og tok ein 2.plass i 4.divisjon, klubbens beste plassering nokongong, der dei lenge kjempa om opprykk. Dette var også Stig Vestnes sin beste sesong når det gjeld å scåre mål, han putta 64 mål på 18 kampar.

Dei ønska å bygge vidare på den suksessen, og henta den dyktige Rollontrenaren Asbjørn Kilsti for å lede laget som hovedtrenar. Dette var første gangen Bergsøy henta ein trenar utanfrå klubben, og Kilsti var en mann som hadde ein kjent og sentral rolle i handballmiljøet på Sunnmøre. Stig Vestnes blei tilsett som hjelpetrenar for laget som no skulle auke treningsdosene og ha et mål om opprykk til 3.divisjon.



Utklipp

Kretsmester i Bergsøy. Bak frå venstre er trenar Stig Vestnes, så har vi Bjørnar bendal, Kjell Ove Olsen, johnny Selvåg og Jørn Remøy. Foran frå venstre er Frode Myrhol, Terje Kvalsund og Håvard Notøy. På bildet manglar Johnny Paulsen og Stig Lillerovde.

Utklipp

Desember 1988, Dugnad er viktig i handballen. Her en gjeng i full sving på Frøystad Fiskevegnfabrikk. Her jobbar dei på kveldane med kniv i handa og tek vekk gammalt garn frå tauverk som skal brukast oppatt.



I september 1988 er det også ny jubel idet Bergsøy slår Volda med 17-15 i finalen under Bergsøycup. Det var tydelig at Bergsøylaget hadde fått god fasong under ledelse av Asbjørn Kilsti og hjelpetrenar Stig Vestnes. Publikum fekk servert fleire lekkerbiskenar som en aldri før hadde sett av eit Bergsøylag. Stig kunne ilag med Tor Sindre Steinsvik stille opp for eit bilde med pokalen som viste at Bergsøy no hadde vunnet sin eigen cup for andre gang.
Bildet: Tor Sindre Steinsvik og Stig Vestnes med pokalen

Fram mot jul 1988 var det meste gått etter planen og laget var serieleiar i 4.divisjon. Serieledarane samt gutelaget i 18årsklassa var samtidig fleire kveldar og arbeidde på Frøystad Fiskevegn. Dei hadde handtert 750 garn på denne tida som resulterte i 18 000 kroner i kassa, noko som blant anna var for å dekke reiseutgiftene til trenar Kilsti som pendla frå Ålesund.
-"Slike jobbar er eit alternativ til å gå med loddbøker. Det er også positivt å vere i lag utenom treningane, og det sosiale er med på å styrke samholdet i laget. "

(Stig Vestnes om arbeidet hos Frøystad Fiskevegn)


1989: Opprykksjubelen



Sesongen 1988/89 blei tidenes mest spennande hittil i klubbens historie.
-"Vi skal revansjere oss for 17-17 resultatet mot Kristiansund i haust, en kamp vi burde vunnet etter spelet vi presterte. Vi må vinne resten av kampane skal opprykk bli en realitet. "

(Stig Vestnes)
Laget var i form og slo blant anna Kristiansund med 27-21 der åtte mann kom på scoringslista. Ronny Koteng scora 6, Adolf Espeseth og Nils Kristian Nørvåg scora 5, Tor Sindre Steinsvik 4 og Stig Vestnes 3, Per Frøystad 2 samt at Johnny SElvåg og Stig Espeset scora. Det var snart tid for opprykksfinale mot Gloppen i Herøyhallen 11.mars.

Utklipp

Fleire med jubileum i kampen mot Kristiansund. Tor Sindre Steinsvik (100 kampar), Per Frøystad (150 kampar), trenar Asbjørn kilsti og Stig Vestnes (100 kampar)

Utklipp

Blant spelarane i form var blant andre Nils Christian Nørvåg



Trenar Stig Vestnes opplyste før kampen at det var et skadefritt og motivert lag som var klare for å møte Gloppen. Han håpte publikum møter opp for å støtte laget, og det skulle vise seg å ikkje være noko problem.

Det blei jubel i ein fullstappa Herøyhall idet Bergsøy knuste Gloppen med 27-18 etter 15-7 til pause. "Bergsøy opp med trampeklapp" var overskrifta idet som blei handballklubbens største festkveld. I dei få periodene Bergsøy mangla rytme så tok 33 årige Adolf Espeseth kommando og ansvaret, og han endte opp med å score heile 13 av måla til Bergsøy denne kampen. Dei einaste som kunne konkurrere med han om bestemannsprisen var dei to målvaktene, brødrene Terje og Per Arve Kvalsund som tok dei eine skudda etter dei andre. Gloppen spelarane dunka armane i golvet i frustrasjon. Per Frøystad og Ronny Koteng scora 3, Tor Sindre Steinsvik og Stig Espeseth scora 2 mens Roald Johnsen og Stig Vestnes skora ett mål kvar.
Bildet: Jubelscener idet klubben blei klare for 3.divisjon.



3.divisjon tidlig på 1990-tallet



Også under G-sport Cupen i september 1989 viste Bergsøy og Stig Vestnes godt spel. Dei kjappe vingane Ronny Koteng og Stig Vestnes viste mange fine detaljar. Det skulle no bli spennande å følge laget vidare i 3.divisjon. Og Bergsøy fekk ein god start, der to trønderlag måtte reise frå Herøyhallen uten poeng dei to første ukene. Handballfeberen var god i Fosnavåg idet 230 tilskodarar møtte opp for å sjå Bergsøy mot Wing.

Bergsøy A-lag 1989/90


Bergsøy beholdt plassen i 3.divisjon med ett poengs margin idet sesongen var over. Stig Vestnes spelte 22 kampar og scora 19 mål. Dette medførte ei vidare satsing for klubben som for sesongen 1990/91 ansatte Mirijan Sedjak som ny hovedtrenar. Han var frå Joguslavia og hadde trent Spjelkavik til opprykk året før. Klubben avanserte nye steg på tabellen go endte på 3.plass i 3.divisjon.

I 1991/92 var det ny mann på plass som hovedtrenar; Darko Grzentic. Dette året endte laget på 2.plass. Bergsøy hadde gått frå nedre halvdel av divisjonen til øvre halvdel med god satsing. Samtidig som Stig Vestnes fortsatt var en viktig brikke på A-laget var han fortsatt også en viktig brikke som trenar for aldersbestemte lag. I 1992 trente han blant andre Gutte12 som gjord een god innsats under Åndalsnes-Cup.

Stig Vestnes var også sentral idet Bergsøy vann 29-27 borte mot Spjelkavik i oktober 1992. Da han blei plassert som frimerke på heimelagets gode spelar Terzic begynte Bergsøy endelig å innhente Spjelkavik sin 18-14 ledelse. Dette snudde kampen før veteranane Tor Sindre Steinsvik og Adolf Espeseth avgjorde mot slutten. Dette var også 18 årige Gard Berge sitt gjennombrudd for Bergsøy, han tok tak i dei periodene det butta imot og scora 8 mål i kampen.
Bergsøy A-lag 1993/94


Spelar og trenar, og fortsatt med i styret mot slutten av 1993. Bergsøy såg no fram mot å feire 50-års jubileum året etter. Bergsøy hadde spelt en dårlig kamp mot Skogn og savna forsvarsstrategen Stig Vestnes som var ute med skade. Går vi ett år seinare og til desember 1994 så er Stig nestformann i styret med Bodil Notøy som formann. Han er fortsatt trenar for gutelaget, der blant andre Roy Igesund sto imål og Jon Robert Håheim, trygve Valø, Dag ARe Nilsen, Tord Vågsholm, Alf Sigmund Hjelmeseth og Steffen Ove Voldsund scåra mål i ein 26-12 siger mot Volda.

200 kampar i 1994



Bergsøy avslutta sesongen 1993/94 med to dårlige kampar i Herøyhallen, men før kampen mot NTHI i mars 1994 fekk ein iallfall markere at Stig Vestnes no hadde spelt 200 kampar for Bergsøy. Han fekk overrekt blomster av formann Bodil Notøy. Den solide og alltid pålitelige Stig kunne nok tenkt seg ein jubileumskamp med et anna resultat idet Bergsøy tapte 17-24.

I november 1994 er det Stig Vestnes og Ottar Ristesund som er veteranane på A-laget. Stig var no 29 mens Ottar var 25 år, og deretter var det spelarar som Håvard Notøy (22 år) og Gard Berge (20 år) som blei rekna som nestveteranar. Stig var med andre ord ein viktig bærebjelke der mange av spelarane på laget no var 17-18 år - og Bergsøy var inne i et generasjonsskifte. Det betydde ikkje at dei var dårlige sportslig av den grunn, ettersom laget tok ein 2.plass i 3.divisjon - berre ett poeng bak Spjelkavik.
Bildet: Johnny Selvåg, Stig Vestnes, Håvard Notøy og Stian Garvik etter ein 16-13 siger mot Øyar i januar 1995.Håvard Notøy scora 10 av Bergsøy sine mål.

I sesongen 1994/95 spelte Stig 14 kampar og scora 26 mål, og i den påfølgande sesongen 1995/96 spelte han 15 kampar og scora 37 mål. I en kamp mot Spjelkavik i januar 1995 måtte Stig ut på båre etter et slag over nakken. Han blei sendt til sjukehus der det blei konstantert sterk hjernerystelse.

Stig var no også trenar og lagleiar for Gutte14, og som alltid med i handballstyret. I styret som blei valgt desember 1995 var det igjen Bodil Notøy som heldt fram som leiar, mens Peder Worren, Stig Vestnes og Ann Karin Nærø var med. Mykje av arbeidet gjaldt å skaffe inntekter, der losse og lasteinntektene var viktige for handballen.

Stig hadde vurdert å legge opp etter 1994/95 sesongen, men presterte sikkert forsvarsarbeid og fine scoringar frå flanken. Han viste i en kamp mot Kristiansund i oktober 1995 at han fortsatt hadde mykje å tilføre laget. Ikkje minst i hektiske og oppjaga kampar er rutinen viktig. Stig scora fire mål i denne kampen.
Bildet: Lagbilde oktober 1995. Stian Garvik, Tor Christian Holesland, Jan Erik Myrseth, Stian Yndestad, Kristian Berge, Gard Berge, Håvard Notøy, Andre Dypvik, Ivar Nærø, Terje Kvalsund, Stig Vestnes, Knut Erik Håheim og trenar Tor Sindre Steinsvik.



Mot slutten av spelarkarriæra



I april 1996 gikk Bergsøy G12 til topps i Rollon-CUp med Stig Vestnes som trenar.
Bildet: Vinnere av Rolloncup. Bak frå venstre Even Valø, Kjell Christian Bostad, trenar Stig Vestnes, Amer Santic og Christian Rian. Midtrekka Toy Thomas Bøe, Runar Slåttelid og Kenneth Espeseth. Framme frå venstre Raymond Storvik, Dag Hugo Aspheim, Ragnar Andre Grønbeck, Hugo Frøystad og Arnt Arntsen.

No nærmar det seg også slutten på Stig Vestnes si spelande karriære på A-laget til Bergsøy. Den siste kampen meinar vi var heime mot Røros den siste kampen, og der var Stig Vestnes på plass igjen.
-"Veteranen viste at han slett ikkje hadde gløymt gamle kunster. Ved sesongstart toppa Stig adelskalenderen med 232 spelte kampar. Denne kampen scora han fire mål. "

(Vestlandsnytt mars 1997, om Bergsøy sin kamp mot Røros i sesongavsluttninga 1996/97.)
I sesongen 1996/97 spelar Stig berre 3 kampar og scorar 5 mål, noko som medfører at han ender totalt på 235 kampar på vår Adelskalender som mestspelande Bergsøyspelar gjennom tidene. Denne rekorden held seg heilt til 2024 idet Oddvar Johan Roseth passerer 240 kampar for Bergsøy.

Frå debuten i 1981/82 seongen til dei siste kampane i 1996/97 seosongen har det vore 16 sesongar på rad der Stig Vestnes spelte på A-laget utan avbrudd. Han har på denne tida registrert 318 mål.

Men sjølv om han sluttar som aktiv spelar betyr det ikkje at han gir seg. Han er fortsatt kasserar i hovedstyret. Han var også aktiv på andre områder, og fullførte blant anna sin tiande Rundemarsj i 1998.

Etter aktiv karriære



I april 2000 fekk Stig Vestnes utdelt ein goodwill pris for si viktige rolle i handballen gjennom mange år både som aktiv spelar og trenar og i administrasjonen.
-"Innsatsen hans kan knapt målast i kroner og ører. "

(Handballleiar Johnny Ulvan i april 2000.)
I 2002 stig Stig så i gradene i hovedstyret og blir valgt som ny leiar. "Det blir blant anna oppretta ein idrettsskule for barn i 1.-4.klasse der trenarane for dei ulike gruppene har ansvaret for opplegget tre veker kvar i slengen", uttalte Stig i januar 2003. Opplegget var gratis for Bergsøy sine medlemmar og ei god satsing på rekurtering.

På sommeren 2003 får Stig æra av å overrekke Egil Leikanger blomster da han blei æresmedlem i Bergsøy. Stig hadde no lagt ned eit stort arbeid som hovedstyreformann men hadde av arbeidsmessige årsaker sagt frå seg attvalg. Som avtroppande hovedstyreformann får han også overrekke Caroline Skaar Pederprisen i 2004.

Utklipp

Stig Vestnes gir blomster til æresmedlem Egil leikanger i juni 2003

Utklipp

Stig Vestnes og Ruth Worren overrekker Caroline Skaar Pederprisen i 2004



Stig engasjerer seg lokalt og er leiar i Viketoppen Grendalag idet dei får opna sin nye samlingsplass i 2006 på Viketoppen. Samtidig engasjerer han seg stadig som trenar og leiar seks til åtteåringane ilag med Berit Akogyeram, dei spelte blant anna ei minihåndballturnering i 2007. I 2014 tek G14 sdølv i Vestkystcup med Stig som trenar.

Utklipp

Sølv i Vestkystcup. Bak frå venstre Stig Vestnes, Kai Andre Yndestad, Filip remø dahl, Simen Kvalsvik Vestnes, Knut Arild Djupvik, daniel Brekke, Alexander Katai Dypvik, Morten Moltumyr Hjelle, Martin Erdal, Benjamnin Aasen Akogyeram, Marin Pedersen, Odin Larsen. Framme frå venstre Arne Antonsen Kopperstad, Marius Nærø Remøy, Tobias Torvholm Sævik og Olav Sølve Skarbø.

Utklipp

G16 laget i 2014 med Stig Vestnes i spissen fekk påkjønning for god innsats og for å aldri å gi opp sjølv om det har butta litt imot.





2015: Bergsøy United



I juni 2015 vart det klart at Bergsøy ville starte opp eit tilbod ala det Hødd hadde fått til i Ulsteinvik med Hødd United. Stig Vestnes som sist sesong var trenar for G16 får hovudansvaret for satsinga.

I desember 2015 var Bergsøy godt igang med sitt nye handballtilbod. Kvar mandag er det full fart i gymsalen på Bergsøy Skule. På sikt er det ønske om å spele kampar mot andre lag og delta i turneringar.
-"Vi har hatt inntil sju utøvarar på trening men har god plass til fleire. Dersom nokon har lyst til å prøve ut handball er dei hjartelig velkomne til oss. Vi håper mange vil være med å spreie informasjonen om vårt nye handballtilbod, det vil bety mykje for oss. "

(Stig Vestnes, desember 2015)
Bildet: Stig Vestnes og Sigbjørn Myrseth.

Vi har fått på plass en del spelarar men har plass til fleire, seier Stig igjen i januar 2016. Samtidig har ikkje Stig heilt gitt seg på herresida i handballen heller ettersom han er trenar for Bergsøy2 i 4.divisjon når dei serieåpnar i oktober 2016. Dei serieåpna med siger mot Surnadal.
Bildet: I januar 2016 opmodar Stig Vestnes, Sigbjørn Myrseth, Rita Huldal Skorpen, Bergljot Myrseth, Synnøve Kvalsvik og Kathrine Berge fleire om å møte på trening.

I mai 2017 blei Stig årets eldsjel for sin innsats som trenar både for 4.divisjonslaget og Bergsøy United. Seinare på året håper Stig og fleire andre representantar for Bergsøy Handball at ein ny hall snart er på plass ved Einedalen skule.

I februar 2018 reiste så Bergsøy United til Trivselshagen på Sandane for å spele to kampar. Aldri før hadde laget stilt opp i kamp, og dei var spente og nærvøse. Kampen mot HU enda med 6-9 mens en kamp mot Florø endte med 11-19.
Bildet: Bergsøy United spelte sine første kampar. Stig Vestnes, Linn Skorpen, Thomas Kvalsvik, Sia Marie Tollås, Per Ivar Kleppestrand, Synnøve Kvalsvik og Sigbjørn Myrseth.

Når vi kjem seinare ut på hausten til september i 2018 så blei Stig Vestnes heidra for lang og tru tjeneste i Bergsøyhandballen, og blei kåra til "Årets begeistrar" av Region Nord.

Utklipp

Årets begeistrar 2018

Utklipp

Frivilligprisen 2021


-"Det gir så mykje tilbake å være trenar for denne gjengen. Det gir meg driv til å halde på. Det er veldig kjekt å få denne utmerkinga, det er ingen tvil at det er kjekt å bli sett pris på. "

(Stig Vestnes, september 2018)
Bjørn Prytz var på plass for å dele ut Frivilligprisen til Stig Vestnes i 2021, og sa:

-"Han er lidenskapelig oppteken av sport og idrett. han er et typisk Ja-menneske, og idag er eg her for å hylle han som de har hatt som trenar heilt sidan de starta opp på Bergsøy Skule i 2015. Eg vil seie de er heldige som har Stig som trenar, men eg trur også at han synest han er heldig som får være trenar for dykk".

I 2022 blei Stig Vestnes så nominert som kandidat for Frivilligprisen på nasjonalt nivå, der 21 kandidatar frå heile fylket var nominerte. Dette var første gang ein slik pris skulle utdelast.

Så blei han Æresmedlem i Bergsøy i 2024, under handballens dag.
Bildet: leiar i handballgruppa Øyvind Bostad, æresmedlem Stig Vestnes og leiar i hovudstyret Torbjørn Hide.




Statistikk





FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt