Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Stjerne-Profil
Trond Paulsen

Profil:



Bergsøy IdrettslagTrond Paulsen

Kampar
311
Mål
58
Gule kort


TP




Skills-barometer

Forsvarsspelar:



Midtbanespelar:


Angrepsspelar:


Målscoringsteft:


Patriotisme:


Legendebarometer:


Fakta
Info Fakta
Debut 14.august 1977 -
Bergsøy - Træff 0-0
Alder ved debut
Antall kampar 311
Antall mål 58
Første mål 10.06.1978 -
Ålesund - Bergsøy 4-2
Kort-statistikk
Sist spelte kamp 19.september 1993 -
Bergsøy - Fjørtoft 1-1
Tid fra første til siste kamp 16 år
Annen Fakta



Profil: Trond Paulsen



Han blei fødd i 1960, og var ein del av eit kull spelarar som skapte mykje god fotball i Bergsøy på 1970 og 80-tallet.

Trond Paulsen er på 3.plass på Bergsøy A-lag Fotball sin Adelskalender med 311 kampar. På toppscårerlisten finner vi han på delt 7.plass ilag med Lars Ove Almestad som begge står med 57 offisielle Bergsøymål.

Trond var aktiv fotballspiller i perioden 1977 til 1993, og ble delt toppscårer for Bergsøy A-lag i sesongene 1981, 1986 og 1989.





Statistikk
Årstall Info
1977: 2 kampar
1978: 3 mål
1979: 20 kampar 1 mål
1980: 7 mål
1981: 7 mål
1982: 2 mål
1983: 3 mål
1984: 3 mål
1985: 2 mål + 1 cupmål
1986: 20 kampar 5 mål
1987: 22 kampar
1988: 21 kampar
1989: 26 kampar (263 kampar hittil)
1990: 21 kampar + 1 cup
1991: 8 kampar
1992: 19 kamper 4 mål
1993: 1 kamp




Informasjon og statistikk som trenar



Trond Paulsen fekk trenaransvar for Bergsøy A-lag i 1984 sammen med Gullik Kjelstadli og Kjell Rønnestad etter at Arne Klepp trakk seg midtveis i sesongen. Og i sesongane 1988, 1989 og 1992 var Trond Paulsen spelande trenar. Ti år seinare gjorde han comeback som trenar igjen, sesongane 2002 og 2003.

Gudmund Hopen var assistent i 1988, Paul Kurt Nerland i 1989, Asbjørn Myklebust i 1992 og Gudmund Hopen var assistent igjen i 2002 og 2003.

Statistikk
Årstall Statistikk Mål og poeng Plassering
1984: Arne Klepp trakk seg midtveis x 12.plass i 3.divisjon
1988: 22 kamper : 11-6-5 46/24 - 39 poeng 6.plass i 4.divisjon
1989: 22 kamper : 9-5-8 29/35 - 32 poeng 4.plass i 4.divisjon
1992: 22 kamper : 5-4-13 25/54 - 19 poeng 10.plass i 3.divisjon
2002: 22 kamper : 18-4-0 66/27 - 58 poeng 1.plass i 3.divisjon
2003: 22 kamper : 7-4-11 45/51 - 25 poeng 8.plass i 3.divisjon
Totalt: 110 kamper : 50-23-37 211/191 - 173 poeng 1 nedrykk
1 seriemesterskap

(Statistikk 1984 er ikke rettferdig å ta med ettersom trenaransvaret var delt ansvar med fleire spelarar)


Fotballkarriæren



Trond Paulsen var ein del av ein årgang som hadde fleire gode talenter, og som var ein del av eit juniorlag som gjorde det godt i Junior-NM. Laget slo ut Ålesund etter 5-4 på straffespark, og fekk reise til Bergen for å møte Brann på Brann stadion til NM 4.runde. Etter ein dramatisk kamp endte det med 5-3 tap i straffesparkkonkurransen. Beste i den kampen var Leif Tarberg, Ståle Voldsund, Trond Paulsen og Sigfred Skorpen.
(Bak frå venstre suksesstrenar Sigmund Paulsen, Sigfred Skorpen, Kåre Igesund, Leif Tarberg, Jan Harald Nerland, Trond Paulsen, Ståle Voldsund, Hugo Brathaug og Robert Hjelmeseth.
Framme frå venstre Anders Almestad, Geir Egil Olsen, Trond Hasfjord, Bodvar Kleiven, Eivind Møller, Frode Wilhelmsen, Malvin Berge og Arnvid Husøy.
Spelarar ikke til stades var John Johannessen, Jens Morten Dahlstrøm og Kjetil Goksøyr)




1975 -Norway Cup



Bergsøy sitt juniorlag gjorde det godt i Norway Cup i 1975 og nådde sluttspelet. Der blei dei utslått av Baune med knepne 2-1.


1977 - Debut på A-laget



Om statistikken vår stemmer fikk Trond Paulsen sin debut på Bergsøy A-lag den 14.august 1977 i ein seriekamp mot Træff på Bergsøy Stadion. 800 tillskuere hadde funnet fram i sommervarmen, men måtte skuffet konstantere at dommer Oddmund Kaldhussæter blåste av kampen på stillinga 0-0. Det blei meir mål i den påfølgande 7-0 kampen mot Herd der Svein Inge Urke og Fred Frantzen var i scoringsform. Det blei med desse to kampane til Trond Paulsen i 1977 sesongen, der Bergsøy endte på 3.plass på tabellen.


1978 - Spelar seg fast på A-laget


(Bergsøy sitt sterke juniorlag som tok KM i 1978. Bak frå venstre Arnvid Husøy, Ivan Myklebust, Bård Ottesen, Kjetil Goksøyr, Øyvind Møller, Anders Almestad, Tom Bøe, Trond Paulsen, og Frode Wilhelmsen.
Foran fra venstre Robert Hjelmeseth, Arthur Almestad, Tonny Pettersen, Gullik Kjelstadli, Per Jan Brekke, Geir Egil Olsen, Edv Kvalsund, Trond Vike.)


Det blir mer sjansar for Trond å vise seg fram i 1978 sesongen. I generalprøva før seriestart (1-3 tap for Eid) var Trond Paulsen omtalt som den mest positive på laget. I sjette serierunden mot Kristiansund er det bare Trond Paulsen og Knut Teige som får godkjent karakter i et 2-3 tap.

I den påfølgande kampen mot Ålesund på Bergsøy Stadion finner vi det første målet vi har registrert på Trond Paulsen. Ålesund hadde ein komfortabel ledelse 3-0, men få minutt før pause slo Trond eit høgt innlegg som ÅFK-keeper Midtgård feilberegna og rota inn i eige nett.

I en kamp mot Herd scårar Trond Paulsen to mål:
(Trond Paulsen scårer 1-0 målet mot Herd (4-1) etter 10 minutters spel, og satte seinare inn 3-1 målet også. Sluttresultatet blei 4-1 til Bergsøy. )

(Trond Paulsen ble tomålsscårer i kampen mot Herd (4-1) i 1978. Her har vi Fred Frantzen flankert av to av Bergsøy sine unge gode garde, Trond Paulsen og Svein Arne Møller.)

-"- Bergsøy nyttar fleire unge spelarar for tida, og dei er lovande. Denne gong la vi mest merke til teknisk gode Trond Paulsen og Svein A Møller på midtbanen. "

(Fra kampreferatet i NM kampen Ørsta - Bergsøy i 1978)


Trond Paulsen starter no virkelig å markere seg i Bergsøydrakta. I heimekampen mot Kristiansund var han bestemann, og i kampreferatet står det at

"Den eneste som framhevet seg positivt var junioren på midtbanen, Trond Paulsen. Gode pasninger!"

I et annet referat står det at "junioren Trond Paulsen kjempa fint gjennom heile kampen og er absolutt noko å bygge på vidare". Så blir han også Bergsøys bestemann i ein heimekamp mot Valder.

"Bergsøys nyttigste spiller var uten tvil Trond Paulsen som arbeider godt og ser ut til å vokse med oppgavene."

Treningsleir til England


1979



Trond Paulsen er 18 år og allereie en viktig brikke på laget. Bergsøy har mange unge spelarar, og blir foran cupkampen mot Rosenborg kalla for "Juniorlaget". Snittalderen før den kampen var på ca 21 år.
Forstørr bildet


1980 - Viktig spelar i kampen om opprykk



To kampar gjennsto av sesongen, og Bergsøy skulle spele heimekamp mot Tornado. Det var 2346 betalande tillskuerar denne dagen, ny publikumsrekord. Bergsøy måtte vinne, men mangla samtidig sin storscorar Fred Frantzen som var ute i suspansjon. Trond Paulsen spelte vanligvis på midtbana, men tok over rolla som midtspiss i Frantzen sitt fravær. Han blei den største profilen og scora begge måla i en 2-0 siger, og han hadde blitt tremålsscorar om det ikkje hadde vore for at det siste blei scora nokre centimeter i offsideposisjon.

1-0 var eit praktmål. Kjartan Palsen slo kryssball til Kjell Rønnestad som forserte og la hardt inn foran mål. Trond Paulsen stormet til og satte den mål på direkten. 2-0 scoringen var et hardt og lavt skudd av Trond Paulsen som kom overraskende på keeper. Han hadde skutt døren til 2.divisjon åpen, og laget var berre en siger borte mot Sverre ifrå opprykk.

Utklipp

Tornado 1980

Utklipp

Tornado 1980

Utklipp

Tornado 1980



Den viktige sigeren mot opprykksrival Tornado gjorde at opprykkskampen sto mellom Bergsøy og Skarbøvik. Det var ei spennande periode for Bergsøysupporterne fram mot den spennande og siste seriekampen borte mot Sverre.
(Trond Paulsen og Knut Igesund dagen før den avgjerande opprykkskampen i Levanger i 1980, borte mot Sverre)

(Foto av Harald Thorset etter at Bergsøy hadde sikra opprykket til 2.divisjon, norges nest høgste nivå.)



Flaggskipet Bergsøy i 1981



I bladet Vi Menn sto det på framsida: "Fotballklubben Bergsøy - Frisk vestavind fra havgapet". Bergsøy var det nye flaggskipet på Sunnmøre.

Utklipp

Mot 1981 sesongen

Utklipp

Vi Menn

Utklipp

Nordlys, 27.april 1981



Da Bergsøy debuterte i 2.divisjon, (Landets nest høgste nivå tilsvarende 1.divisjon idag) var Trond Paulsen på plass som en sentral brikke på laget. Bergsøy spelte heime mot Sogndal med 1657 tilskuere rundt banen. Kampen ble mållaus, men ilddåpen i divisjonen ble godt gjennomført. Det blei med det eine året i 2.divisjon. Den beste serieprestasjonen Bergsøy har hatt i si klubbhistorie. Trond Paulsen og Fred Frantzen blei delt toppscårer med 7 mål kvar denne sesongen. Tre av desse måla til Trond Paulsen kom i heimekampen mot Tromsø. Han scåra også mot Molde både heime og borte.

Trond Paulsen si stupheadding til 2-0 siger mot Molde på Bergsøy Stadion var dermed det siste målet Åge Hareide såg som fotballspiller før han dro til England og ble fotballproff for Manchester City. Bare noen dager senere hadde Åge Hareide sin største dag som fotballspiller, da han i september 1981 var med å slå England 2-1 på Ullevåll.

Utklipp

Mot Tromsø

Utklipp

Sunnmørsposten


-"- Tre mål i løpet av en kamp? Det har jeg vel ikke maktet siden jeg spillte på småguttelaget. Har aldri oppleved noe lignende i A-sammenheng "

(Trond Paulsen etter 3 mål mot Tromsø)



Fekk spelande trenaransvar i 1984



Sesongen 1984 starta med at Arne Klepp var trenar, men etter misnøye med haldningar trekte han seg omtrent midtveis i sesongen. Det førte til at spelarane Gullik Kjelstadli, Kjell Rønnestad og Trond Paulsen fekk ansvaret med å lede treningane og sette opp lagoppstillingane videre ut sesongen. Ein rotete sesong med mangel på kontuinitet, deriblant blei fem forskjellige keeperar benytta fram til midtveis i sesongen, gjorde at det blei for ujamne prestasjonar. Det blei et nytt nedrykk for Bergsøy. (Bildet: Gullik Kjelstadli headder mot mål mens Trond Paulsen følger spent med mot Sandviken i 1984 i årets første seriekamp på heimebane, og den einaste som blei spelt på Bergsøy Stadion.)



1985 - Kjemper for opprykk



Midtveis i 1985 sesongen tek Bergsøy sommerferie på tabelltoppen etter 2-0 mot Hessa, der Trond Paulsen og Tony Pettersen sto for måla. Det holdt desverre ikkje heilt inn for Bergsøy som endte på ein 3.plass, kun målforskjellen bak Vigra og 1 poeng bak Langevåg på 1.plassen.


1986 - Redder Bergsøy fra nedrykk



(Det blei nesten opprykk i 1985, men denne sesongen kjemper Bergsøy ein hard kamp for å unngå nedrykk til 5.divisjon. )

Trond Paulsen var ein viktig spelar for Bergsøy, og Vestlandsnytt skreiv at kampen mot Spjelkavik i den siste serierunden var ein skjebnekamp for Bergsøy og Trond Paulsen. Det var Trond som satte inn straffesparket som gjorde at Bergsøy klarte 1-1 i den kampen, og det blei også eit avgjerande mål. Bergsøy endte med 19 poeng over nedrykksstreken, mens Vigra endte på 18 poeng under streken.

Målet var Trond Paulsen sitt 5 mål for sesongen, og han blei dermed delt toppscårer ilag med Tony Pettersen dette året.

1989 - Toppscorer



Trond Paulsen og Frode Wilhelmsen deler toppscårertittelen i 1989 med 5 mål kvar. (Bildet: Matchvinner Trond Paulsen etter at Bergsøy vann 1-0 mot Skarbøvik i 1989. Trond Paulsen sto på som spiss i denne kampen. "Vi var nødt til å trå til idag!" Det var Trond Paulsens korte oppsummering etter 90 minutts innsats der han avgjorde kampen med et direkte frispark midt i 2.omgang. )

1992 - Spelande trenar



Trond Paulsen tok på seg trenarjobben ilag med Asbjørn Myklebust til 1992 sesongen, og han fungerte som ein spelande trenar som var ein viktig brikke i laget. Han spelte 19 kampar og scora 4 mål. Men tiltross at Endre Tjervåg scora 14 mål var laget for ujamnt og vann ikkje ein einaste bortekamp for heile sesongen. Den siste kampen som endte 0-0 borte mot Åram signaliserte eit maktskifte i regionen ettersom Åram sendte Bergsøy ned ein divisjon, mens dei sjølv beholdt plassen i 3.divisjon.

Utklipp

Stallen 1992

Utklipp

Vestlandsnytt 24.04.1992

Utklipp

Resultata 1992

Utklipp

Heilsvart 1992



(Bildet: Trond Paulsen, Tonny Pettersen og Nils Roger Paulsen var målsorarar og banens beste spillere i en 3-0 kamp mot Herd på heimebane i 1992. Men laget fekk ikkje til samme prestasjonane på bortebane.

Etter nedrykket i 1992 la Trond Paulsen opp som fotballspelar. Det var ein ryggskade som satte stoppar for den vidare fotballkarriæra.

-"- Eg fekk klar beskjed frå legen om at eg berre måtte legge fotballen og all hardtreninga på hylla. Det artige er at samme legen fem år seinare sa til meg at eg berre måtte hive meg i treninga. "

(Trond Paulsen)



1993 - Den siste kampen



Sjå bilde av kven som la opp

Mot slutten av sesongen 1993 spelte han likevel ein kamp mot Fjørtoft i et nydelig vær søndag 12.september 1993. Nils Roger Paulsen var ute med flere gule kort, samt at Lars Ove Almestad og Rune Frantsen var ute med skader. Dermed var det duka for eit lite comeback, der Trond kom inn som innbytter. Trond var like ved å avgjere kampen med eit skudd frå 25 meter som så vidt duppa over tverrleggaren, men det endte 1-1.

Og der endte også Trond Paulsen si fotballkarriære som spelar på Bergsøy A-lag, 16 år og 30 dager etter han spelte sin første kamp.


Sesongen 2002 - Trenarcomeback og seriemester



Trond Paulsen og A-laget klarte denne sesongen noko ingen andre i Bergsøy har klart hverken før eller senere, nemlig å føre et Bergsøy A-lag gjennom en heil sesong uten å tape en eneste seriekamp. På 22 kampar blei det 18 sigere og 4 uavgjort, og seriemesterskap foran Volda.

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp


-"- Det har vore utrulig artig. Etter ein knallstart på sesongen har vi starta å vente på det første tapet, men det har ikkje kome. "

(Trond Paulsen)


Det blei straks tøffare motstand idet Bergsøy skulle ut i to kvalifiseringskampar om opprykk til 2.divisjon. Motstander var Averøykameratane. Med rødt kort til Bergsøy i begge kampane blei det vanskelig, ikkje minst på bortebane da det røde kortet betydde keeper utvist og straffe imot. Det blei 1-1 heime og 5-0 tap på bortebane, og dermed fortsatt spel i 3.divisjon. (Trond Paulsen og Gudmund Hopen ser at det blir berre 1-1 heime mot Averøykameratane. På bortebane blei det tap 5-0.)




Sesongen 2003 - Berga plassen i siste runde



Etter ei lang medgangsbølge i 2002-sesongen blei det ein langt tøffare sesong i 2003. Ikkje før i seriens aller siste runde blei plassen berga. Rune Frantsen satte inn det avgjerande målet etter 77 minutter. (Det blei jubel i årets siste kamp da Bergsøy redda 3.divisjonskontrakta med ein 1-0 siger over Stordal etter scoring av Rune Frantsen.)

Trond Paulsen gav seg som trenar for A-laget etter sesongen. Han spelte derimot lenge Old Boys fotball etter at legen hadde godkjent at trening igjen var fornuftig. Fram til 2002 henta han heim 3 KM som Old Boys spelar.


Fleire bilder



Utklipp

2007

Utklipp

1980

Utklipp

1980

Utklipp

JR KM

Utklipp

Stall 1978

Utklipp

Juniorlaget 1978

Utklipp

Juniorlaget 1978

Utklipp

Mål i 1978

Utklipp

RBK 1979

Utklipp

Lagbilde 1979

Utklipp

bilde



FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt