Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Stjerne-Profil
Lasse Myrhol






Bergsøy Idrettslag Lasse Myrhol

Kampar
141
Mål
34
Gule kort
3


LM




Skills-barometer

Forsvarer:



Midtbanespelar:


Vingspelar:


Hurtighet:


Teknikk:


Døballar:


Fakta
Info Fakta
Debut 07.08.1992 -
Ørsta - Bergsøy 5-0
Alder ved debut 15 år, 9 månader
Antall kampar 141
Antall mål 34
Første mål 12.05.1994 -
Bergsøy - Ellingsøy 1-2
Kort-statistikk
Sist spelte kamp 08.07.2000 -
Sunnylven - Bergsøy 2-5
Tid fra første til siste kamp Ca 8 år




Profil: Lasse Myrhol



Lasse Myrhol vaks fram som ein talentfull fotballspelar som spelte lenge på kretslag og var ein teknisk og anvendelig spelartype. Han har vore toppscorar i fleire innandørsturneringar, har vore fast straffetakar og frisparkspesialist, men kunne like godt bli nytta som midtstoppar.

Under suksess-sesongen i 1995 spelte han fast 22 kampar. I sesongen 1997 blei han toppscorar for A-laget med 13 mål.



Informasjon

I 1989 var dei lovande smågutespelarane Lasse Myrhol og Jarl Åge Vågsholm i Oslo på tur som Marvin Arnesen sine gjestar i Vålerenga. Lasse scorar bra med mål i desse tider og blir kalla inn til gutekrinslagssamling i 1992, på grusbana på Moa. Han kvalifiserte seg då for vidare spel for U15 laget.

I august 1992 debuterer Lasse Myrhol på A-laget i ein kamp der Bergsøy tapte 0-5 mot Ørsta. Gutespelar Lasse Myrhol fekk derimot også litt spalteplass, ettersom han rakk å vise fram talentet sitt.

I den neste kampen mot Vigra blei det debut på heimebane for Lasse Myrhol. Vigra blei slått 5-1 og Lasse starta kampen som venstreback i en kamp der Endre Tjervåg scora fire mål. I mai 1993 er Lasse tatt ut på gutekretslaget U16 som skal delta i ei turnering i Orkdal. I 1994 spelar Lasse fleire kampar som sweeper på A-laget, og i september fekk han æra av å representere Sunnmøre på laget G17-G19 som skulle spele mot gutelandslaget G17. Trenar var Reidar Vågnes. Lasse blei no omtala som ein teknisk allraound spelar som kan nyttast i dei fleste plassar på laget.

Lasse spelte sentralt på midtbana i 1995, som blei ein stor jubelsesong for A-laget. Men som den anvendelige spelaren han er kunne han også bli satt ned som midtstopper, og spelte kampar ilag med Arve Leine i midtforsvaret.
-"(..)Klart for 2-0 på en flott enkeltmannsprestasjon av Lasse Myrhol. Han spelte vegg og dribla av både en forsvarar og keeper før han trilla ballen i det opne målet."

(Vestlandnsytt etter 6-1 mot Godøy 1995)
Også på hausten i 1995 spelar Lasse Myrhol fortsatt på kretslag. Samtidig fortsetter Bergsøy sin suksess idet laget vinner junior-KM i Giskehallen. Lasse Myrhol scora 10 mål og blei turneringa sin toppscorar.Bergsøy slo Hødd med 6-4 i finalen etter å ha leia 4-0.

Sterkt gjorde han det også i Innadørs-KM for senior med 9 mål der toppscorar blei Arnt Vidar Fiskerstrand med 11 mål. Bergsøy sin beste spelar i turneringa var fintekniker Lasse Myrhol. I romjula 1995 fortsatte turneringssforma for Lasse Myrhol da han og laget "Eiliv og gutta" vann i Hareidshallen 5aside turnering. Lasse Myrhol scora det siste og avgjerande 3-2 målet mot Grimsby i finalen, og blei også kåra til turneringens beste spelar. Lasse toppa også statistikken for Grendacupmål etter dei to første sesongane med turneringa med 20 mål.

I 1997 viser Lasse fram mange fine raid som flankesspelar for A-laget, mens vi i 1998 også ser han spelte solidt i midtforsvaret i ei sikrande midtstopparrolle i fleire kampar. Likevel var han fast straffespesialist. Hausten -98 flytta Lasse til Bergen men han fullførte haustsesongen for Bergsøy. I avskjedskampen på Bergsøy stadion, mot erkerival Hødd, enda han med raudt kort etter berre 15 minutt for felling av bakerste mann. Feilaktig hevdar han den dag i dag. Eit lite paradoks all den tid han sjeldan fekk kort, og ikkje fekk sitt første gule kort før han hadde spelt nokre sesongar på A-laget. I 1999 og 2000 gjorde han gjesteopptredenar i Bergsøy i studiepausene om sommaren.

Etter 2000 har Lasse Myrhol benytta sitt fotballtalent med på Romjulsturneringar og for Bergsøy2. Han vann med laget "kremen" i 2001.

Han har spelt i mange klubbar etter Bergsøy. I Bergen spelte han først for ein sesong for Kjøkkelvik og deretter ein sesong for Lyngbø i 3.div. Deretter tok han i 2001 turen opp eit nivå og gjekk til Fana som på den tida var eit 2.div lag som kjempa om opprykk til 1.div. I 2003 rauk han korsbandet i kneet, han kom tilbake og spelte ein siste sesong for Fana før han “la opp”. Så flytta han til Oslo.

I Oslo gjorde han comeback for Lokomotiv Oslo - sunnmørslaget - som då spelte i 7.divisjon. Det vart eit litt stort steg ned frå 2.div så han fann seg eit 3.div-lag, St. Hanshaugen der han spelte ein halv sesong. Derfrå tok han initiativ til prøvespel for KFUM Oslo og fekk tilbod om å signere for den klubben. Der spelte han ein periode før nok ei alvorleg kneskade(brusk) førte til operasjon og nok ei pause frå fotballen. Etterpå gjekk turen tilbake til Loket i 2008 og 2009

Sommaren 2009, på besøk heime i Herøy, fekk han ei ny alvorleg skade og måtte gjennom nok ein operasjon - denne gongen i ei skulder som revna etter eit frisbee-kast(!) før ei fotballtrening på Bergsøy stadion. Dette førte til ei ny pause frå fotballen. Siste comebacket etter skade kom då i Trondheim der han så smått begynte å spele hobbyfotball for Ranheim oldboys, og var innstilt på å trene med Bergsøy då han returnerte permanent til Herøy sommaren 2011. Ei lang oppkøyringsperiode endte med nok eit avrive korsband i ein fotballbinge på Einedalen, og då var karriera over. Eller var den det?

Då Lasse, som no var i siste del av 30-åra, igjen var tilbake etter siste kneoperasjon, då var der ikkje kamptilbod for han i moderklubben så då spelta han eit par sesongar på Tjørvåg i 6.div. i 2013 og 2014-sesongen Det endte med opprykk til 5.div i 2014 og han vart då kåra til årets spelar for Tjørvåg IL som anker på midtbana.

Frå 2015 vart Lasse initiativtakar til å starte Bergsøy sitt 7ar-lag i fotball. I tillegg var Bergsøy sitt 2.lag i 6.div på den tida henta frå same treningsgruppe med litt meir mosjonistar som spelte fotball for moro skuld, utan å være aktuelle for A-lag. Lasse vart spelande trenar på begge desse laga og holdt styringa der i tre sesongar frå 2015-2017. Frå 2018 tok klubben over ansvaret for Bergsøy 2 og gjorde det om til meir tradisjonelt rekruttlag.

7ar-laget vart ei suksesshistorie der gamle falma stjerner, kombinert med litt yngre krefter, fekk spele kampar igjen, og det endte med stor sosial og sportsleg suksess. Bergsøy spelte KM-finale fem sesongar på rad frå 2015, og stakka av med KM-tittelen tre gongar, sist i 2019.

I 2024 spelar Lasse fortsatt, når strekkskadene tillet det, 7ar-fotball for Bergsøy i ein alder av 48 år. I tillegg til å engasjere seg som trenar for 2018-kullet på gutesida.

I tillegg har han hatt diverse verv i klubben siden 2015 og har vore i styret sidan 2017.

Statistikk

År Kampar Mål
1992 10
1993 19
1994 20 1
1995 22 5
1996 17 2
1997 25 13
1998 21 4
1999 5 5
2000 4 4
Totalt 141 34

Bilder



1996

1997






FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt