Tilbake

Bergsøy - Spjelkavik2

🕒 2026-04-18 00:00
🏷️ Fotball

3.serierunde spelast 1.mai

Trykk for å gi saka ein tommel opp.

4.divisjon Herrefotball: 3.serierunde

Bergsøy - Spjelkavik2

Fredag 1.mai kl 18:30

Laga har møttast to gangar før og det var ifjor. Heime vann Bergsøy 3-1 i det som blei den siste på et utskjellt slitt banedekke før bana skulle fornyast, og borte blei det 1-1.

Om vi ser meir på Spjelkavik i historisk sammenheng så har Bergsøy møtt førstelaget til byagjengen heile 51 kampar gjennom tidene - og Spjelkavik har vunnet 30 av dei kampane. Det er kun Herd og Ørsta som har slått Bergsøy fleire gongar. Dette Spjelkavik2 har imidlertid fått en tung start i årets 4.divisjon med to tap, 2-4 for Rollon og 3-1 tap borte mot Valder. Valder spelte forøvrig denne runda allereie torsdagskamp og tapte heime mot Langevåg igår. Så på tabellen er det no berre Spjelkavik2 og Ravn som ikkje har poeng hittil.

Bergsøy rauk no ut av cupen etter at Ørsta si anke gjekk igjennom. Det e lite å gjere med det, anna enn å notere at det var ei veldig spesiell hendelse. En får ønske Ørsta lykke til i neste cupkamp.

Og da er det berre for Bergsøy å fokusere på serien og kapre tre poeng på ein dag som historisk sett har vore ein aktiv dag. På 24.april har Bergsøy spelt mange kampar opp gjennom åra, og spelarar som Henning Moltubakk, Nils Roger Paulsen, Nick Sandanger, Eivind Sæter, Lars Ivar Moldskred og Remi Helleseth har vi notert fått sine debutar denne datoen. Men i vidt forskjellige årstall.

Om Sondre Nygård Olsen spelar så vil han tangere Lars Conradi Andersen sine 111 kampar. Sander Makipera Vike vil kunne avansere forbi Mons Arne Kvalsvik, Kenneth Pettersen, Jim Kjellstadli, Daniel Hatløy og Benjamin Leine som alle står på 55 kampar. Mens Niklas Nerland Elveseter kan passere sin eigen A-trenar i antall A-kampar om han spelar.

Trykk for å gi saka ein tommel opp.