Det luktar kunstgras
Vi har venta lenge, og ventar fortsatt.
(Bildet: 21.november var det arbeidarar på plass, men asfalteringa hadde ennå ikkje kome så langt.)
Nattbildet øverst på denne sida er det nyaste bildet tatt ifrå området. Det blir raskt mørkt, og bildet blei tatt i 1630-tida idag. På bildet ser en likevel at det har blitt asfaltert opp mot veien, noko som en ser ikkje hadde blitt gjort igår (bildet under). Draumen no er at en kan trene på kunstgras om ei 2 ukers tid. Sjølvsagt, det hadde vore gøy å trent på kunstgras også neste uke - men en får prøve å ikkje gjere draumane for kravstore.
(Bildet: Statusbilde 21.november, frå samme posisjon som vi tek bilde frå en gang iblant.)
Alle bilde som du ser her vil også bli lagt ut på vår kunstgrasside, der du kan sjå utviklinga frå området heilt ifrå starten. Vi kan også minne om to andre linkar som viser en del av utviklinga, nemlig sida "Fotografi spesial - utviklinga" og også vår eiga kunstgrasdagbok. Desse har ikkje blitt oppdaterte på ei stund, men vil bli det idet kunstgraset står ferdig. Idet bana står ferdig så vil Bergsoy.com dermed ha ei stor samling av framskrittsbilder vist på forskjellige måtar.
(Bildet: Asfalteringa var igang 21.november (tirsdag), og hadde kome lenger idag.)
Vi har tatt bilder jamnt og trutt ifrå området i godt over 200 dagar no, og har ingen planar om å gi oss med det no som det går mot slutten. Det blir artig å "få det ut av verda", slik at det kan bli et avslutta kapittel. Om ei ukes tid skulle en tru at vi kan vise mange fleire bilder frå utviklinga, for da har det nok skjedd litt av kvart.
Diverse anna nyheter.
* Volda har fått på plass et flott premieskap sponsa av vinmonopolen. Bilde av dette, samt meir informasjon om kva styre
laget har fått på plass - kan du lese på Volda si heimeside.
* Hareid IL si heimeside gratulerer Bergsøy sine juniorar med KM-sigeren, og omtalar dette som et brukbart plaster på såret for nedrykket.
Elles siterar vi det heimesida skriv om kvartfinalekampen mellom Hareid og Bergsøy:
-"- Ein rimeleg bra kamp av Hareid, kommenterte vår mann i Herøyhallen. - Gustav Pettersen (som scora to mål) var den store skilnaden. Spelarar som Ørjan Engen Grimstad, Henrik Bolstad Banne, Marius Slettebakk og Audun Orten Trovåg gjorde ein bra kamp, sjølv om sistnemnte kanskje skulle ha redda 3-2-målet, som på http://www.bergsoy.com/ blir omtalt som eit fantastisk frispark".
* Store mengdar premiar og god organisering kan være stikkord for Sykkylven sin avsluttningsfest. Inne på Sykkylven si heimeside kan en lese
kven som blei årets spelar både i 3.divisjon, 5.divisjon og på damelaget til Sykkylven. Kanskje et tips for Bergsøy å få igang liknande høgtidlige avsluttningsfestar med fleire lag og premiar, istadenfor dei siste åras "last supper" som en kan kalle det.