A-laget på tur
Treningsleir i Sverige
Årets gjeng: Trond Paulsen med familie samt Gulikk Kjelstadli med familie og Gudmund Hopen. Kim Vågeskar, Anders Hoff, Vegard Sævik, Martin Molnberg, Oddbjørn Seljeseth, Karl Bjarte Vike, Roy Igesund, Christoffer D. Nilsen, Frank Sverre K. Skorpen, Steffen Kvalsund med dame, Knut Peter Sævik, Kai Henning Higraf, Kjell Alfred Otterlei, Knut Lied, Anders Per Wågsholm og Mons Arne Kvalsvik.
I fjor var Bergsøy som kjent på Danmarkstur, men denne gongen måtte laget teste ut eit anna naboland. Sverige, nærare bestemt Skærhamn i Tjørn litt nord for Gøteborg, blei reisemålet. Ein plass med fint ver og gode baneforhold.
Skærhamn sentrum, som låg rundt tjue minutt gange frå bustadfeltet, var ein fin liten sommarplass med hundrevis av båtar ved kai. Brygga var det som trekte mest folk, og det var kanskje litt overraskande at det ikkje fanst fleire og større butikkar der. Det blei med andre ord ingen stor shoppingtur.
På bildet under ser vi litt av korleis Bergsøy budde under opphaldet. Det minna litt om eit kulturhus, med treningshall og ei glimrande grasbane rett utanfor døra. I øvste etasje budde spelarane fordelt på tre rom, i andre etasje låg spisesalen med svært god mat, medan første etasje bestod av ein utsliten gymsal, garderobar og eit støvete treningsrom.
Den store grasbana hadde også eit treningsfelt på enden. Rett bak låg ei grusbane, men denne blei ikkje brukt. Ein vanleg dag bestod av morgontrening frå 09:45 til 11:30, lunsj 12:30, ny trening frå 16:30 til 17:50 og middag anten klokka 18 eller 19.
Sidan treningsmengda var stor og avstanden til sentrum lang, blei det mykje tid rundt hovudfeltet. Kortstokken blei mykje brukt, og eit biljardbord fungerte som tidsfordriv – sjølv om det mangla ei skikkeleg kø.
Det skjedde også litt utanfor døra denne veka. Søndag spelte storlaget IFK Gøteborg mot dei lokale heltane frå Skærhamn. IFK vann enkelt 6–0, men stemninga var god og publikum møtte opp i stort tal.
Onsdag kom det til og med sirkus med kamelar til området. Tysdagen før hadde Bergsøy fri frå ettermiddagsøkta og tok turen til Gøteborg for shopping. Der rakk dei fire timar før butikkane stengde.
Fredag blei treningsleiren avslutta med felles middag på «Den flytande restaurang» i sentrum.
IFK Gøteborg blir rekna som Sveriges svar på Rosenborg. Bergsøy kunne kanskje ha gått på autografjakt, sidan IFK både trente og åt på same plass i to dagar. Steffen Kvalsund måtte likevel sikre seg eit spesielt minne.
Diallo, den tidlegare Lillestrøm-spissen som også hadde vore innom Vålerenga, blei målet. Ein LSK-supportar fekk dermed oppfylt draumen sin.
Gjengen var endeleg på plass i Sverige, og då var det trening som stod i fokus. I mangel på veldig mange aktivitetar blei handbak ein populær konkurranse. Her ser vi Vegard Sævik og Oddbjørn Seljeseth.
Ein kveld samla alle seg på den mest populære plassen for felles middag. Frå venstre: Obba, Anders Per, Frank, Chris, Anders og Mons.
For å ete opp maten trong ein litt tyngre skyts. Her ser vi Kjellstadli og Hopen.
Problemet med å ta bilde er at det ofte skjer i ikkje-sportslege augeblikk. Her er Roy og Frank Sverre i gang med kveldskos.
Etter mykje mat var det kanskje ikkje så lett å kome tilbake til «hotellet». Her tek Mons seg ein liten kvil på ein vennleg sel.
Nokre av spelarane på utstilling utanfor idrettshallen.
Roy og Anders på det mest rutinerte A-rommet.
Det einaste paret som var med på turen: Steffen og Julianne.
Seinare på kvelden: Roy og Steffen. I bakgrunnen Mons, Knut og Kai Henning.
Etter ein lang treningsleir er det ikkje unormalt at heimturen kan bli slitsam. Her er eit eksempel.