Historikk

sq-sample19

FRAMSIDA
Historikk.com




Velkommen til Historikk.com

Vi har delt heimesida inn i kategorier.

Klubbhistorie (Hovedside)
Fotball spesifikke sider (Røde)
Handball spesifikke sider (Gule)
Friidrett og Øvrig sport (Grønne)

Oversikt: Historikk.com Sideoversikt

Statistikk : EXELFIL 2021 August (4 MB)

Profil: Kjartan Fagerlund


Album:
Profil: Kjartan Fagerlund



En naturlig ledarskikkelse på fotballbana med sterk arbeidsmoral og fin teknikk. Nr 10 på Adelskalenderen etter 15 års tjeneste på A-laget. Scåringar både via frispark og spelemål gjer at han står som nr 11 på målscorarlista. Han var kapteinen som førte Bergsøy til 3.divisjon foran 1970 sesongen. Han var første målscorer for Bergsøy nokongong i ein NM-cupkamp. Og ikkje minst, han var Bergsøy A-lags trenar i tre perioder og også trenar for aldersbestemte lag. Var han også ilag med Jack Pettersen skaperen bak den kjente "Start-vippen"?

Vi ønsker å hedre hans minne som ei av dei største Bergsøylegendene her på historikk.com, og tek et nærmare blikk på hans fotballkarriære i denne spelarprofilen.



Kjartan Fagerlund spelte sin første A-kamp 20.08.1961 og den siste 12.06.1977.
Hans aktive karriære som spelar på A-laget tilsvarer då over 15 år og 9 månadar.

Dei to første sesongane signerte han på sjølv at han spelte 27 kampar 1961/62 og 1963.
Vidare er vår opptelling følgande:

Statistikk
Årstall Info
1961/62: 15 kampar (minst 7 mål)
1963: 12 kampar (minst 3 mål)
1964: 5 kampar
1965: 4 kampar (minst 1 mål)
1966: 2 kampar
1967: 13 kampar (minst 9 mål)
1968: 13 kampar (minst 6 mål)
1969: 18 kampar (6 mål + 4 cupmål + 1 KM mål)
1970: 17 kampar (2 mål + 1 cupmål)
1971: Opptelling 8 kampar (2 mål)
1972: 14 kampar (2 mål)
1973: 19 kampar (5 mål)
1974: 10 kampar
1975: 12 kampar (1 mål)
1976: 15 kampar (2 mål)
1977: 6 kampar
Totalt: 183 kampar (46 seriemål, 5 cupmål, 1 KM mål)


Fotballkarriæren



Vi spurte Kjartan Fagerlund ein gong om han fekk noko særlig med gule kort i si karriære. Då svarte han:
-"Ej var antagelig for snilde. Eg huska eg fekk et gult kort i Måløycupen en gong, og da sa ej til dommaren at det var forferdelig at han skulle ødelegge statistikken min uten gule kort."

(Kjartan Fagerlund)


Nr 10 på Adelskalenderen



Statistikken medfører at Kjartan Fagerlund er nr 10 på vår Adelskalender pr januar 2021. Slik har det desverre ikkje vore før inntil nylig. Fagerlund var i likhet med andre spelarar (som spelte mange kampar på 1960tallet) som Ola Goksøyr (137 kampar) og Gunnar Kjelstadli (131 kampar) ikkje nemnt i Adelskalenderen på baksida av programblada (Sjå bilde) gjennom 90-tallet og tidlig 2000-tallet. Det er først i den seinare tid at historikk.com har fått systematisert og summert opp tilgjengelig informasjon.



Nr 11 på Toppscårerlista



Med sine registrete 52 mål er Kjartan Fagerlund på plass nr 11 på Bergsøy A-lag si toppscorerliste.

I sesongane 1962-1968 har vi pr januar 2021 fortsatt mange Bergsøymål som ikkje er tilknytta ein spelar, og vi ser dermed ikkje vekk ifrå at Kjartan Fagerlund kan klatre opp på topp 10 lista her også.


Statistikk som Bergsøy A-trenar



Statistikk som A-trener for Bergsøy
Statistikk
Årstall Statistikk Mål og poeng Plassering
1973: 7-6-5 43/28 - 20 poeng 6.plass i 3.divisjon
1976 10-4-4 38/20 - 24 poeng 2.plass i 3.divisjon
1986 6-7-9 28/36 - 19 poeng 8.plass i 4.divisjon
Totalt 23-17-18 109/84 - 63 poeng Trenar


1959: Guttelaget



I 1958 var Kjartan Fagerlund med i eit treningsstemne i Huldalen der han vann konkurransa for høgdehopp. Året etter er han guttespelar. Kjartan Fagerlund forteller:

-"Den mest spennande turen til kamp hadde vi sikkert på guttelaget. Vi skulle til Ålesund med ei snekke på 26 fot med et lite hus framme. Og den snekka gikk nok med ei 6-7 mil, og ei tre timers tur til Ålesund. Det starta å regne og blåse, og huset framme i båten hadde berre plass til halvparten av spelarane. Resten måtte stå ute og bli våte. Redningsvestar fantest ikkje dei tide".

Bilde fra en guttekamp i 1959 som viser spelartroppa:
: Lagoppstilling guttekamp Bergsøy mot Hareid i Juli 1959

-"Eg huska også en kamp, det var nok før eg starta på A-laget. Eg var nok med som tilskuar, og Bergsøy skulle spele ut på Valderøya. Men laget mangla keeper. Edmund Wiik frå Åndalsnes var keeper og han var på sjøen, og var på vei til lands. Vi som var på vei til kamp tok jo også båt, så då møttast båtane utanfor Flø og Edmund kom over der og vart med på kamp. Det var ei spesiell tid."

Startar å trene med A-laget



Foran 1961/62 sesongen har Kjartan Fagerlund starta å være endel med på A-treningar og treningskampar. Han fortalte:

-"Det fyrste eg kan huske, når eg var heilt unge uti Huldalen. Når eg fekk starte å trene med A-laget. Og fekk bryne meg med spelarar som Sigmund Paulsen og Ola Goksøyr og dissa karane der. Men so var der en John Ertresvåg. Han var god altså. Han var då senterhalf som det heitte den gongen, og eg var å såg han på kretslaget en gong i Ålesund, og eg meina at han var en av Sunnmøres absolutt beste fotballspelarar. Og han hadde vi her ute (Bergsøy) som senterhalf.
-"Å trene mot han (John Ertresvåg) og bryne seg på han, det var tøft for en 17 åring. Han var en veldig veldig god fotballspelar"

(Kjartan Fagerlund)


1961: Debuterer på A-laget og blir ein viktig spelar



( : Lagbilde 1963. Bak fra venstre Per Eide, Paul Brekke, Kjell Almestad, Sigmund Paulsen, Geir Frantsen, Kjartan Fagerlund, Harald Arnesen. Framme fra venstre: Jon Helge Kvalsvik, Gunnar Kjellstadli, Kjetil Reite, Egil Leikanger og Oskar Waage.)

1961 er et moderne skifte for Bergsøy sitt fotballag. I februar blir det søkt om å ha ei pølsevogn i Huldalen under kampane, og i mars søker klubben om å benytte seg av nye klubbfarger - kvite drakter med rød krage, røde mansjetter og rød bukse. Dei grønne draktene blei no historie. Og på sommaren blei bana utvida med 850 kvadratmeter, noko som medførte at klubben skulle slite økonomisk ei periode vidare.

Bergsøy hadde også klart opprykk, og var klare for 3.divisjon (nivå 4 i landet). Et hopp i nivået som medførte økning frå 14 kampar til 22 kampar sesongen 1961/1962. Bergsøy trengte ein god stall til serien skulle starte 30.juli.

-"Eg huskar at Bergsøy måtte søke dispensasjon for at eg skulle spele på A-laget, for eg var ikkje fyllt 17 år. Og motstandaren i den fyrste kampen var mot et lag frå Ålesund"

(Kjartan Fagerlund)
Fagerlund huska ikkje feil. 11.august 1961 sendte Bergsøy en søknad til Norges Fotballforbund for å få dispensasjon til å bruke spelarane Kjetil Reite og Fagerlund på A-laget. Det var nesten berre ein månad til Kjartan var 17 år, men Bergsøy trengte alle spelarane dei kunne få.



Søknaden blei godkjent, og 20.august 1961 spelte Kjartan Fagerlund sin første A-kamp for Bergsøy. Motstander var Rollon i den fjerde serierunden. Bergsøy tapte 1-2 i Huldalen i en kamp der Asmund Myklebust og Gunnar Kjelstadli utmerka seg mest for Bergsøy, men Kjartan Fagerlund skulle også utmerke seg i sin debut. Fem minutter før slutt var det han som satte inn trøstemålet til 1-2. Sitt første mål i sin første kamp.

Det blei ein sportslig tung sesong for Bergsøy i 3.divisjon med mange store tap. Sesongen har også blitt noko kjent for Johs Wike og Sverre Botn sitt telegram til Pit Pettersen med teksta "Pit du Pit det går drit, tett målet med huntonit".

Men mange tap til tross - Kjartan Fagerlund fekk vist seg fram positivt. Ikkje berre det, men i fleire kampar blir han omtalt som lagets bestemann.

10.09.1961: "Kjartan satte inn trøstemålet og utmerka seg best for Bergsøy "
29.04.1962: "Kjartan Fagerlund, K. Wickstrøm og Kjell Hopen var de beste på Bergsøy."
27.05.1962: "Best på Bergsøy var Kjartan Fagerlund."
03.06.1962: "Bergsøy virket kondisjonssvakt og bare en spiller fortjener omtale; Kjartan Fagerlund".

"Pit" Pettersen blei spurt etter eit 3-0 tap for Rollom om kven som var best, da svarte han: "Kjartan Fagerlund meistra best bana". Og slik kan vi fortsette: I den neste kampen vann Bergsøy mot Stordal, anført av Bergsøy sin bestemann Kjartan Fagerlund som også scora eit av måla. I 3-2 sigeren mot Sykkylven scora Fagerlund to mål.

Kjartan Fagerlund var allereie av dei viktigaste spelarane i sin fyrste sesong på A-laget. Han var ein ledartype som tok ansvar fra første kamp, og fortsatte å gjere det også dei neste 15 sesongane. Deretter fortsatte han å ta ansvar som trenar.

Vi spurte han om si rolle på fotballbana:

-"Eg spelte alltid på midtbana, og var mykje med i spelet. Eg var veldig intressert i taktikk og disposisjona og sånn. Vi sprong ikkje heim etter treningane, vart alltid sitande igjen i garderoba og diskutere."

(Kjartan Fagerlund)
Kanskje blei han også toppscårar i sin debutsesong, med sine (minst) 7 mål. Nestemann på lista var Gunnar Kjelstadli med 4 mål. (Vår målscorerliste for sesongen 1961/62 mangler 6 målscorere).

Kjartan Fagerlund var i 1961 også ein junior-kretslags kandidat. Sunnmørsposten skreiv dette i november 1961:
-"Bergsøy hadde i haust sin debutsesong i 3. div. Sett frå dette synspunkt at laget er grusbanelag, må ein seie at innsatsen har vore god. Vi kan nemne karar som Kolbjørn Wickstrøm, ein rask og kombinerande spiss. Likeins må vi nemna Leikanger og Kjelstadli som båe har vore jamne, gode spelarar denne sesongen, og jr.-krets- lagets kandidat Fagerlund"

(Sunnmørsposten 1961)


1962-1966: Spelar fleire kampar kvart år



Kjartan Fagerlund blei en god brikke på A-laget. Han var ein anvendelig spelar som spelte på dei fleste posisjonane på midtbana. Vi kan gi nokre utdrag fra kampreferata:

1963: "Banens beste tekniker var indre venstre Kjartan Fagerlund".
1963: "Målscorere Per Eide og Kjartan Fagerlund var også sitt lags beste spillere.
1964: "Bergsøy hadde svært gode spillere i Kjartan Fagerlund og Sverre Botn.
1965: "(..) Bergsøy til 1-1 på et flott frispark av Kjartan Fagerlund fra 20 meters hald".

: ca 1964/1965: Harald Arnesen, Kolbjørn Wickstrøm, Kjartan Fagerlund, Kjell Almestad, Jon Helge Kvalsvik, Sverre Botn, Eldar Eilertsen. Framme: Gunnar Kjelstadli, Sigmund Paulsen, Roger M Larsen, Kjell Karlsen og Odd Berge.


1965-1966: Tur innom Hødd



24.November 1965 mottek Bergsøy eit brev frå Norges Fotballforbund som bekreftet at Kjartan Fagerlund var klar for Hødd.

-"- Også ny er Kjartan Fagerlund, vingløper det også, en av de mest lovende juniorspillerne vi har hatt her oppe i vårt fylke."

(Hødds formann Sverre Saunes)


Sesongen 1966 var Hødd klare for sin første sesong i Eliteserien. Det var eit stort nivåforskjell på Hødd og Bergsøy. Bergsøy var ein klubb som ennå ikkje hadde hatt ein A-trenar, mens Hødd skulle spele med fleire tusen tilskuerar på landets høgste nivå.

Mens han budde på hybel i vik blei det bra med trening. Kjartan Fagerlund tok nivået, og scora nokre mål i treningskampane. Men det blei vanskeligare da han fekk arbeid i Fosnavåg og måtte pendle. : Kjetil Hasund poserer ilag med fire nye spelarar på Hødd i 1966. Harald Johansen, Svein Rødland og Eivind Høydal er tre av dei, mens Kjartan Fagerlund står heilt til høgre.


24.april hadde Hødd serieåpning på heimebane mot Sarpsborg, og kom ca 7000 tillskuerar. Det seier litt om nivået, entusiasmen og spenninga rundt klubben. Men det var nok allereie då klart for Kjartan Fagerlund at det var vanskelig for han å kombinere arbeid og pendlinga til Ulsteinvik.

-"Eg scora nokre mål for Hødd i treningskampane, men det blei for travelt å bu i Fosnavåg og kjøre til Røyra og ta ferge til vik. Etter eg starta på jobb i Ura i januar 1966 blei det etterkvart berre Bergsøy."

(Kjartan Fagerlund)
13.mai 1966 sende Bergsøy eit brev til Norges Fotballforbund for å få han speleberettiga for Bergsøy igjen, og allereie 23.mai 1966 kom bekreftelsen på at Kjartan Fagerlund igjen var klar for Bergsøy.

-"Det var ikkje sånn som idag at en ofra alt på fotballen, og eg hadde andre interesser også. Eg ofra ikkje en påsketur på ski for å spele en treningskamp, men eg trente jo mykje likevel. Når eg var i millitæret var eg et halvt år i nordnorge uten å få sleppe heim, men eg trente jo der då på millitærlag. Og i Volda spelte eg på gymnaslag, så eg spelte jo fotball der eg var. Eg fekk endatil spele treningskampar for Volda uten å være innmelde, men det var ikkje poppulært for dei som sat på innbyttarbenken."

I 1967 deltek Kjartan Fagerlund også på ein kamp på Aksla Stadion, "By mot Bygd". To sammensatte lag av gode og kjente spelarar frå klubbane i distriktet. Kjartan var med på bygdelaget.

I 1968 kom Geir Grimstad og blei den fyrste ansatte Bergsøy A-lags trenaren. Det var imidlertid fortsatt slik at det var ein utvalgskomite (UK) på tre personar som sto for laguttaket. Egil Leikanger, Petter K Pettersen og Kjartan Fagerlund sto for uttaka denne sesongen. I perioden 1966 til 1969 satt Kjartan Fagerlund også i Bergsøystyret som sekretær.

1969: NM CUP, Opprykk og storspel




1969 var eit stort år for Kjartan Fagerlund og Bergsøy, og då tenker vi ikkje berre på at han var med å vinne 4x5 kilometer skistafett på Leikongsætra for Bergsøy, med Arild Kristiansen, Bjørn Prytz og Arne Reed på laget.

1969 var trulig Kjartan Fagerlund sin beste sesong i si Bergsøykarriære. Kjartan og Asbjørn Myklebust utgjorde ein frykta angrepsduo som tilsammen skulle score 34 mål denne sesongen. Kjartan Fagerlund sto for 11 av desse, fordelt på 6 seriemål, 4 cupmål og 1 mål i kvalik for opprykk.

1969 var nemlig første året Bergsøy var kvalifisert for Norgesmesterskapet (NM-cup). Klubbens første NM-kamp var 3.mai 1969 mot Eid, og Bergsøy vann 7-1 på bortebane. Kjartan Fagerlund åpna scoringsfesten 7 minutt ut i kampen, og scora dermed klubbens første mål i NM nokongong. Både Kjartan og Asbjørn Myklebust scora 3 mål kvar, mens Ronald Moen satte inn det siste målet.

I den påfølgande cupkampen mot Tornado vann Bergsøy 3-1, og Kjartan Fagerlund var i storform. Det var også han som ga Bergsøy ledelsen da han dunka ballen imål fra hjørnet av 16 meteren.

-"Bergsøy sin 1.omgang var noko av det beste laget har prestert, og særlig Kjartan Fagerlund var i storform. Han har vel sjeldent spilt bedre enn igår, da han organiserte og avsluttet i stor stil".

Storspelet i serien medførte at Bergsøy kom på 1.plass, og var klare for kvalikkampar for opprykk. Det måtte spelast kamp mot både Sunndal og Bryn for å avgjere opprykket. Ei utfordring var at Bergsøy ikkje fekk spele på heimebane, for kretsen godtok ikkje at kampane skulle gå på grus.

-"Opprykkskampen på Sunndalsøra huska ej. Sunndal var et lag vi ofte kriga mot i toppen av tabellen.."

(Kjartan Fagerlund)
Den første opprykskampen skulle være borte mot Sunndal. Det var publikumsrekord på Sande stadion med vel 1000 tillskuere, og det var Bergsøy sin viktigaste kamp i klubbens historie fram til då. Med siger ville Bergsøy være ett steg nærmare opprykk og motstand som Molde i neste års (1970) serie.

Kjartan Fagerlund sto fram igjen og tok ansvar som kaptein. Han scora kampens einaste mål. Det var ei enorm stemning. Banens og lagets desidert beste spiller var Kjartan Fagerlund.
( : Kaptein Kjartan Fagerlund ordner 1-0 siger mot Sunndal, og Bergsøy er på god vei mot opprykk.)












I den avgjerande kampen for opprykk mot Bryn var Kjartan Fagerlund igjen dominerande.

-"Kjartan Fagerlund herja rundt på bana som den store organisator etter pause. Han tackla, la til rette, han var i forsvaret, han var spiss, og han var midtbanespelar. "Eg var litt gåen ei stund," sa Kjartan etterpå".

Kampen endte 2-2, og det var nok til å sikre opprykket. Eit av måla serverte Fagerlund på sølvfat til Asbjørn Myklebust. Det var en fin presang til Bergsøy IL at laget fekk 3.divisjonskontrakt 25 år og 8 dager etter at klubben blei skipa. På Bergsøy sin jubileumsfest i 1969 får Kjartan Fagerlund overrekt pokal for spelte 75 A-kampar.

( : Bergsøy jublar for opprykket i 1969)


1970: Høgare nivå



Vi nemnde at Kjartan Fagerlund trådde inn på A-laget i det vi kalla starten på ei nyare og moderne Bergsøyepoke i 1961/62. Vi kan fortsette med å seie at han var den ledande kapteinskikkelsen da Bergsøy gikk inn i den neste store epoka for Bergsøy A-lag.

Fra 1970 er nemlig Bergsøy i 3.divisjon, og laget skal møte Molde i serieåpninga i Huldalen. Bjørn Prytz blei trenar for A-laget, og Knut Teige og Jack Pettersen kjem tilbake frå Hødd for å spele i klubben. Bergsøy er no oppe på et anna nivå enn tidligare, og entusiasma og spenninga økte i Fosnavåg.
: Bergsøyspelarar i trening foran sesongen 1970


Kampen heime mot Molde er noko mange av dei som var der huskar godt den dag idag. Det var stor stemning, 1100 tillskuerar og korpsmusikk foran kampstart med Bergshorn. Sveinung Frøystad scora målet i ein 1-1 kamp, og ifølge rapportane var Bergsøy sin beste spelar Kjartan Fagerlund.

-"Lagets bestemann var likevel Kjartan Fagerlund på midtbanen, som sammen med Moldes Erik Brakstad, også midtbanespiller, var banens beste".
-"Taktikken var klar mot Molde. Eg og Oskar Waage på midtbana fekk klar beskjed om at Brakstad og deira midtbane aldri skulle være imylla oss og vårt forsvar. Vi skulle alltid være på den rette sida"

(Kjartan Fagerlund)
: Foran lagets første kamp i 3.divisjon, mot Molde i 1970


1971-1977: Kjartan Fagerlund spelar og trenar



: Fra seriekamp mot Clausenenga i 1970


I tillegg til å spele tosiffra antall kampar kvar sesong er han en god rådgivar og tok naturlig på seg oppgaver og ansvar.
: A-laget i 1973 med Kjartan Fagerlund som spelande trenar


-"Eg blei tidlig kaptein på A-laget og var kaptein i monge år, så det var kanskje naturlig at eg tok ansvaret og blei trenar. Det var fyrst seinare eg tok trenarutdanning, for når eg tok siste kurset så trente eg Moltu."

(Kjartan Fagerlund)
I 1973 blir han spelande trenar for Bergsøy A-lag, og han tek ansvaret seriøst. Kjartan førte statistikk ikkje berre over spelte kampar, men også antall treningar på kvar enkelt spelar. Han gjennomførte 92 treningar, og av dei deltok Ronald Moen i 84, Knut Igesund i 82, Jack Pettersen i 79, Jan Karsten Myrhol og Rune Vike i 77 og Kjell Vike i 73 treningar. Laget endte midt på tabellen i 1973.

I 1976 sa han seg igjen villig til å ta på seg trenarjobben etter at Bjørn Prytz ikkje kunne fortsette etter 1975 sesongen. Knut Igesund blei assistenttrenar. Laget endte på 2.plass på 3.divisjons tabellen 6 poeng bak Skarbøvik.

Kjartan Fagerlund fortsatte sjølv å spele på Bergsøy A-lag fram til kampen Bergsøy - Skarbøvik den 12.juni 1977. Han kom inn som innbyttar i det som blei ein mållaus toppkamp på Bergsøy Stadion med 1100 tillskuerar på tribuna.

-"Siste kampen eg spelte var den einaste kampen eg ikkje spelte på midtbana trur eg. Då spelte eg back. Det ha vel kanskje bjunt å bli dårlig med farta.."

(Kjartan Fagerlund)


1979: Juniortrenar Kjartan Fagerlund



I 1978 hadde Sigmund Paulsen ordna juniorlaget KM, og Kjartan Fagerlund skulle ikkje være noko dårligare i 1979. Vestlandsnytt gav Fagerlund stor del av æra for at juniorlaget klarte å ta KM for andre år på rad.
( : Bak fra v.: Trenar Kjartan Fagerlund, Tom Bøe, Arthur Almestad, Robert Hjelmeseth, Anders Almestad, Ole Sørdal, Tonny Pettersen, Trond Paulsen, Frode Wilhelmsen og Per- Svenning Madsen. Framme frå v.: Ivan Myklebust, Gullik Kjellstadli, Arnvid Husøy, Per- Jan Brekke, Trond Vikp og Marvin Arnesen. Foto av Geir Myklebust)

-"Eg trente småguttelag, guttelag og juniorlag. Og på junior vann vi KM også, med spelarar som seinare blei sentrale A-lagsspelarar.."

(Kjartan Fagerlund)


1986: A-trenar for tredje gong





I 1986 tok Fagerlund på nytt over trenaransvaret for Bergsøy A-lag. Han såg ikkje negativt på det sjølv om laget hadde scora berre 8 mål på dei sju fyrste kampane.

-"Det er lite som skal til før det kan endre seg", seier trenar Fagerlund.

Bergsøy klarte å halde plassen i 4.divisjon med ett poengs margin.

Fotball for morro: Solid gjeng



Jan Åge Fjørtoft har hatt nokre fotballskular i Gursken, og då har det også vore nokre show-kampar med spelarar frå forskjellige lag som har samla seg. Her er eit bilde fra eit av desse åra der mange solide spelarar, deriblant Kjartan Fagerlund, spelte kamp.
: Vestlandsnytt, Per Moltu. Større bilde


Historia om Start-vippen



Start-vippen heiter den, og Svein Mathisen står som opphavsmann for den. Han vippa ballen opp til blant andre Helge Skuset, og poenget var at ballen skulle få en god bue over muren og gå hardt imål.

I Bergsøy er teorien på start-vippens opphav litt annaleis, for trekket blei nemlig brukt av Kjartan Fagerlund og Jack Pettersen så tidlig som i mai 1970. Og på den andre banehalvdelen var Skarbøvik og daværande SIF-spelar Helge Skuset.
: Jack Pettersen heilt til venstre dundrer til etter vipp fra Kjartan Fagerlund, og stillinga blir 1-0


Det var nemlig i en seriekamp på SIF-stadion i 1970 at Kjartan Fagerlund og Jack Pettersen hadde planlagt trekket, og utførte det. Skarbøvik sin mur står like utanfor 16 meteren idet Bergsøy har frispark. Kjartan skulle vippe opp, og Jack skulle skyte. Det blei utført perfekt, og ballen suste imål heilt oppe ved tverrleggaren.
-"Og etter dette målet dro Helge Skuseth til Start, og begynte å ta i bruk ditta trikset der. Og så blei det etterkvart kjent som start-vippen.."

(Kjartan Fagerlund)


Opprykk med Moltu 1991



Kjartan Fagerlund si beste plassering på tabellen som Bergsøytrenar blei nummer 2, men som trenar for Moltu blei det opprykk i 1991. Laget rykte opp til 5.divisjon, og i spelartroppa var også fleire andre spelarar som vi kjenner med fartstid i Bergsøy.
: Kjartan Fagerlund er trenar for Moltu. På bildet har vi spelarane bak frå venstre Trond Roppen, Kenneth Moltu, Stian Lillestøl, Vidar Gjerde, Kenneth Pettersen, Sverre Helleset og Kjartan Fagerlund. Framme fra venstre Sigmund Ytre Hauge, Bjørn Kristian Eikrem, Rolv Bakke, Magnus Lillestøl, Jack Pettersen, Tony Pettersen og Leif Arne Sandvik.




Fleire bilder



Utklipp

Voldnes

Utklipp

Hødd 1966

Utklipp

Lag 1969

Utklipp

Pokal 1969

Utklipp

Tidlig 1970tallet

Utklipp

1977

Utklipp

A-lag

Utklipp

1969






Fotball kampreferat

Kampreferat og statistikk

1415 kampreferat

Serie/Cup/KM

1952-2021









Snarveier