Bergsøy IdrettslagGeir Sandnes
- Kampar
- 121
- Mål
- 23
- Gule kort
-
GS
Skills-barometer
Bergsøy Legende:
Defansive ferdigheter:
Offansive ferdigheter:
Playmaker:
Teknikk:
Kondisjon:
Profil: Geir Sandnes |
Geir er kanskje ein av dei mest talentfulle fotballspelarane Bergsøy har hatt gleden av å ha i klubben. Ein Zidane, sterk i kroppen, stålkondisjon og teknisk slepen med målinnstinkt. Full pakke av ein sentral midtbanespelar. Han er også kjent for kallenamnet "svela", og har vore noko skadeplaga til tider.
Han fekk sin debut i 1990 heime mot Haddal i ein 4-2 siger, idet han erstatta Trond Paulsen som spiss. Den vesle tida han fekk på bana viste han at han er ein mann for framtida. Dei neste åra 1991 til 1996 var han ein viktig brikke på laget, som blant anna rykte opp i 1995 til 3.divisjon.
|
Tidlig epoke
I 1986 var det Rundemarsj, og det var 11 åringen Geir Sandnes frå Remøy som var først i mål i Goksøyra. Han brukte en time og 32 minutt på joggeturen.
Geir Sandnes imponerte allereie som 11 åring
Geir Sandnes var også med i friidrett, og hadde gode resultater der. Under idrettsdagen 1986 var det Remøygutane som gjorde det skarpast i guteklassa, og Geir sandnes vann med 286,5 poeng.
Blant øvelsane utførte han blant anna eit høgdehopp på 1,40 meter.
Når en kjem til 1990 så blir Geir Sandnes og Vegard Fiksdal tatt ut til Gutekretslagsamling på Guard Park. I en guttekamp på ei elendig Huldalsbane
i mai 1990 var det Geir Sandnes, Vegard Fiksdal og Arild Kvalsund som var best da Bergsøy vann 3-2 over Brattvåg.
A-laget
Debuten på A-laget kom siste kvarteret i ein 4-2 siger heime mot Haddal i august 1990.
Den neste tida skulle han meir og meir vise fram sin gode teknikk, overblikk og gode løp. Han blir snart omtala fleire gongar som ein midtbanedirigent.
-"Elles fekk unge Geir Sandnes sin A-lagsdebut i Bergsøytrøya da han kom inn som erstattar for Trond paulsen som spiss det siste kvarteret. På den vesle stunda han var inne rakk geir å vise at han er ein mann for framtida.."
(Vestlandsnytt august 1990)
I august 1993 er Geir tilbake i Bergsøytrøya etter eit kort opphald i Hødd. Det viser seg å være viktig for Bergsøy dei neste åra. "Geir resigerte det meste i si sentrale midtbanerolle", står det i september 1993.
Tor Meinseth prøver også å spele med Geir Sandnes som spiss, noko som var vellykka i ein treningskamp mot hareid i 1994. I 1994 og 1995 spelte Geir det meste av kampar, og var ganske viktig da Bergsøy klarte opprykk til 3.divisjon.
Proffkontrakt
I mars 1996 studerer Geir Sandnes Media og kommunikasjon i England (Wolverhampton) saman med Steinar Hagen.
Her blei geir tilbydd 40-50 pund i uka for å spele med Brightnorth. Det tilsvarde 4-500 kroner i uka. Nivået var tilsvarande 3.divisjon i norge.
Det blir likevel heile 17 kampar for Bergsøy i 1996 sesongen, og Geir Sandnes blir kåra til Årets Bergsøyspelar 1996.
Tonny Pettersen får gullklokke for 214 kampar, Geir Sandnes fekk prisen for årets spelar 1996 og Lars Ove Almestad ein statuett for å spele 251 kampar.
I mars 1997 er Geir Sandnes og Arild Kvalsund å finne i Ørstadrakt. Arild blir ikkje lenge før han kjem tilbake til Bergsøy, men Geir fortsatt der vidare litt til.
Under Grendacupen i romjula 1998 viste Geir sine tekniske ferdigheter også der, og blei turneringens beste spelar.
-"På midtbana dreiv Geir Sandnes med ein annan idrett og er i kjempeslag. Han dominerte stort, var overalt og drog med sine lagkameratar. Han var i ei klasse for seg. ."
(Vestlandsnytt september 2000)
I 2000 sesongen var Geir Sandnes tilbake i Bergsøytrøya igjen, sjølv om det blei berre 8 kampar denne sesongen. Av dei fem første kampane han spelte så var han banens beste i fire av dei.
I 2001 var Geir ganske viktig for laget, spelte 18 kampar og viste eit veldig høgt nivå. Han var egentlig på utlån frå Ålesund til Bergsøy, og en av årets mest minnerike kampar var nemlig kampen Ålesund2 mot Bergsøy der Geir Sandnes var rett og slett suveren.
Geir hadde også spelt litt for Oppsal ei periode.
Geir Sandnes blei kåra til Årets Bergsøyspelar også i 2001.
I april 2002 skreiv Geir Sandnes under for Hareid, men nokre månader seinare var han å finne i god form for 2.divisjonsklubben Sparta Sarpsborg. Når vi kjem til august 2002 kjempar Sparta om opprykk, med Geir i spissen for den innsatsen.
I januar 2005 skriv imidlertid Vestlandsnytt at Geir legger opp.
I 2007 gjorde Geir imidlertid et lite comeback i Bergsøydrakta igjen. Det blei 5 kampar og 2 mål.
Han blei deriblant klart banens beste spelar i ein
5-0 siger mot ÅVK.
Statistikk
År |
Kampar |
Mål |
1990 |
2 |
|
1991 |
15 |
4 |
1992 |
13 |
|
1993 |
6 |
|
1994 |
22 |
2 |
1995 |
15 |
7 |
1996 |
17 |
4 |
2000 |
8 |
1 |
2001 |
18 |
3 |
2007 |
5 |
2 |
Totalt |
121 |
23 |
Bilder
1995 sesongen
1992 sesongen