Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com


















Stjerne-Profil
Gullik Kjellstadli






Bergsøy IdrettslagGullik Kjellstadli

Kampar
178
Mål
13
Gule kort


GK




Skills-barometer

Keeper ferdigheter:



Defansive ferdigheter:


Hodestyrke:


Målscorer:


Fakta
Info Fakta
Debut 09.08.1981-
Bergsøy - Steinskjær 2-3
Alder ved debut 18 år, 8 månader
Antall kampar 178
Antall mål 13
Første mål 14.08.1983 -
Rollon - Bergsøy 1-1
Kort-statistikk
Sist spelte kamp 07.06.1991 -
Bergsøy - Langevåg 1-9
Tid fra første til siste kamp 9 år, 9 månader
Annen Fakta




Informasjon

Gullik spelte i nær ei 10års periode 178 kampar for Bergsøy sitt A-lag og var ein dominerande forsvarsspelar som ruva godt i hodeduellane. Han debuterte i storsesongen 1981 og var ein viktig brikke på laget heilt til han gav seg ti år seinare. Det blei eit opphald for Hareid IL i 1987.

Gullik var også seinare trenar for aldersbestemte lag, og var også hjelpetrenar for A-laget ei periode.

Statistikk

År Kampar Mål
1981 10
1982 20
1983 24 2
1984 22 1
1985 9+ 2
1986 21 2
1988 22 3
1989 12 2
1990 11
1991 8 1
1981-1991 159 bekrefta kampar 13 mål

Oversikt over måla


Gullik scora 13 mål for Bergsøy. Måla har kome i 9 sigerar, 3 uavgjort og 1 tap. Her er oversikta:

1: 14.08.1983 - Rollon - Bergsøy 1-1.
Gullik gav Bergsøy ledelsen sju minutt før slutt etter eit innlegg fra Fred Frantzen. Gullik møtte innlegget perfekt og brukte skallen til å score sitt første mål for Bergsøy.

2: 04.09.1983 - Tornado - Bergsøy 2-3
Utlikningsmålet til 2-2 kom midtveis i omgangen da Gullik Kjelstadli small eit kjempeskot frå 25 meter som smaug seg inn i krysset.

3: 26.08.1984 - Fyllingen - Bergsøy 1-2
I den 2.omgangen satte Bergsøy inn Henning Solem i angrepet og pressa lengre oppe i bana. Dette gav resultat 20 minutter ut i omgangen, og det presise innlegget headda Gullik Kjelstadli nydelig i mål til 1-1.

4: 27.04.1985 - Hessa - Bergsøy 1-1
Bergsøy fekk eit frispark frå 35 meters hald, og Gullik Kjelstadli sende av gårde eit skudd som smaug seg mellom mange bein og heilt inne ved stolperota til 1-1.

5: 10.05.1985 - Ellingsøy - Bergsøy 0-1
To minutter før full tid kunne imidlertid Bergsøy få sleppe laus ein måljubel. Det var Gullik Kjelstadli som headda ein corner frå Tony Pettersen i mål.

6: 16.05.1986 - Blindheim - Bergsøy 1-2
Gullik Kjelstadli økte etter ein keepermiss i følge heimelagets versjon av målet. Bergsøy sin versjon er at han økte ledelsen med hovudet etter eit frisparklegg.

7: 22.08.1986 - Bergsøy - Blindheim 2-1
Et frispark frå Jack Pettersen som Gullik Kjellstadli styrte med hovudet inn i hjørnet til 2-1 ledelse. Ei flott scoring og fortjent ledelse til heimelaget.

8: 29.04.1988 - Mauseidvåg - Bergsøy 0-1
Banens beste Gullik Kjelstadli kjempa til seg ballen etter en døballsituasjon, og frå skrått hold greide han å score via borterste stolpe

9: 07.05.1988 - Bergsøy - Hessa 7-0
Bergsøy scora alle sju måla før pause, og avisa hadde nok med å ramse opp målscorarane denne gangen.

10: 05.07.1988 - Bergsøy - Aksla 4-0
Gullik Kjelstadli var den første til å finne nettmaskene da han etter knape kvarteret headda inn en corner.

11: 28.04.1989 - Bergsøy - Skarbøvik 1-1
Midtvegs i omgangen var det Gullik Kjelstadli som kjempa ballen over streken etter en corner.

12: 26.05.1989 - Sykkylven - Bergsøy 1-2
Trond Paulsen la en perfekt corner som blei stussa vidare av Kenneth Pettersen til Gullik som sveva høgt over heimeforsvaret og headda kontant i hjørnet. Fin scoring.

13: 06.05.1991 - Ellingsøy - Bergsøy 3-1
Gullikk sitt mål etter 73 minutt var flott, en fin headding etter et god innlegg fra høgre ved Are Blindheim.

Spelarinfo


I 1972 står det i Vestlandnsytt at gode gamle fotballveteran Gunnar Kjellstadli sitt lag Berge vann Bergsøy si lilleputtserie med 10 poeng, og i dette laget spelte blant andre Gullik Kjellstadli. Lagkameratane var den tida Tor Berge, Rune Relling, Jonny Ulvan, Lodvar Berge, Kjetil Goksøyr, Rune Hatløy, Rune Flusund, Åshild Flusund, Per Furø og Gunnar Berge. Oppmann for Berge var Gunnar Kjellstadli, oppmann for Fosnavåg var Harald Lied, oppmann for Frøystad var Sigmund Nymark, oppmann for Eggesbønes var Sverre Lima, oppmann for Myklebust var Jack Pettersen og oppmann for Fosnavåg2 var også Harald Lied.

I 1974 spelte Bergsøy sitt lilleputtlag veldig godt, og blei puljevinnar foran Hødd. Den avgjerande kampen blei spelt på Hødddvoll der Bergsøy vann 2-0. Særlig spelte Gullik Kjellstadli en god kamp i mål, mens det var Tonny Pettersen og Ivan Myklebust som scora måla.

I 1977 tok Bergsøy sitt smågutelag KM etter å ha slått Ravn med 4-1 i en finalekamp i Huldalen.
1977: Smågutelag tok KM. Framme frå venstre Marvin Arnesen, Gullik Kjellstadli, Henning Espeseth, Fred Aril Nørvåg, Per Svenning Madsen, Ivan Myklebust, Per Jan Brekke og Tony Pettersen.
Bak: Gunnar Kjellstadli, Arnulf Goksøyr, Ottar Djupvik, Geir Johan Bakke, Ole Sørdal, Trond Vike, Terje Huldal, Edvard Kvalsund og Charles Teige.


I 1979 tok Gullik Kjellstadli et nytt KM, denne gang som juniorspelar. Vestlandsnytt gav trenaren Kjartan Fagerlund stor del av æra for at juniorlaget klarte å ta KM for andre år på rad.
: Bak fra v.: Trenar Kjartan Fagerlund, Tom Bøe, Arthur Almestad, Robert Hjelmeseth, Anders Almestad, Ole Sørdal, Tonny Pettersen, Trond Paulsen, Frode Wilhelmsen og Per- Svenning Madsen. Framme frå v.: Ivan Myklebust, Gullik Kjellstadli, Arnvid Husøy, Per- Jan Brekke, Trond Vikp og Marvin Arnesen. Foto av Geir Myklebust


Også i 1980 var det spel for eit godt juniorlag for Gullik Kjellstadli.
Framme frå venstre Arnulf Goksøyr, Arthur Almestad, Trond Vike, Arnvid Husøy, Marvin Arnesen og Anders Almestad
Bak frå venstre Odd Morten Berge, Per Jan Brekke, Robert Hjelmeseth, Gullik Kjellstadli, Tonny Pettersen, Ole Sørdal og Odd Rudolfsen (lagledar)


Det var rundt 1979/1980 at interessa også kom for innandørsturneringar etter at Herøyhallen kom på plass. Det blei storsuksess når laget starta å spele turneringar, og det aller første Bergsøylaget som vann ei innandørs turnering i Herøyhallen var leda av lagleiar Asbjørn Myklebust. Lagbilde under:
Framme frå venstre Arvid Husøy, Kåre Igesund, Frode Wilhelmsen og Øyvind Møller. bak frå venstre Asbjørn Myklebust, Gullik Kjellstadli, Tom Bøe, Trond paulsen, Ivan Myklebust og Arthur Almestad.


1981: debuterer på A-laget


Gullik kom inn på Bergsøy sitt A-lag i gullåret 1981, da Bergsøy spelte på det nest øverste divisjonsnivået i landet. Den første kampen vi har registrert at han spelar på A-laget er heime mot Steinskjør den 9.august i 1981. Bergsøy låg under 3-0 før Svein Arne Møller og Jarle Myking reduserte, men det blei eit tap. I Vestlandsnytt sto det at avsluttninga av akmpen trekte litt opp heilhetsinntrykket, men også en pluss til dagens debutant i forsvaret Gullik Kjellstadli.

Han må ha gjort et godt inntrykk, for han spelte i samtlige av kampane resten av sesongen. Vi har notert ned 10 kampar for Bergsøy i 1981, deriblant mot Molde på Bergsøy Stadion. Då spelte junioren Gullik Kjellstadli en veldig god kamp i forsvaret ilag med Knut Igesund. Dei hadde godt samarbeid og klarte å halde kontroll på Åge Hareide i sin siste kamp før han dro til Manchester City og blei utlandsproff. Bergsøy vann kampen 2-0.

Gullik Kjellstadli har kontroll på Åge Hareide i kampen mot Molde.



-"Unge Gullik slapp ikkje landslagsstjerna og Norges beste hovudspelar til. Ja, det var faktisk mange som lurte på om ikkje heller Gullik burde dra til Manchester."

(Vestlandsnytt 4.september 1981)

Gullik spelar snart meir og meir fast på A-laget, og spelar 20 kampar i 1982 sesongen. Det var kun Gullik og Fred Frantzen som spelte heile 24 kampar i 1983 sesongen. Det var kampar som midtstoppar med både Knut Igesund og Ivan Myklebust i denne perioda. I 1984 trekte Bergsøytrenar Arne Klepp seg som trenar, og då blei det vedteke at trioen Gullik Kjellstadli, Trond paulsen og Kjell Rønnestad skulle ta over trenaransvaret.

Starten på 1985 sesongen starta med fleire mål av Gullik. 14.mai er det overskrifta "Gullik avgjorde nok ein gong", etter at han scora mål både i den første og den tredje serierunda.

I 1985 måtte Gullik også gjere som han hadde gjort i yngre dager, nemlig å ta på seg keeperdrakta under en Bergsøykamp. Det var i en kamp i august dette året at BErgsøy spelte mot Brattvåg, og Frank Otto Frøystadvåg blei skada. Bergsøy hadde brukt opp innbytterkvota si, og Gullik blei då plassert i mål. Siste del av omgangen måtte då Bergsøy spele med 10 mann, og Brattvåg scora to mål på denne tida. Det blei eit 6-1 tap.

I 1987 melde Gullik overgang til Hareid, noko Kurt magne Berge også gjorde. Det blei imidlertid berre en sesong for Hareid før Gullik kom tilbake til Bergsøy. Også i 1988 var det Gullik som starta målsesongen best for klubben (slik han gjorde i 1985), då han scora i både den første og den andre serierunda. Det å score i seriepremiære gjenntok han også i 1989 heime mot Skarbøvik.

I 1989 var Trond Paulsen endel forsvarspartner til Gullik, og også Tom Beddari spelte kampar som midtstoppar denne sesongen. I april 1990 står det at nøkkelspelaren Gullik er borte frå laget til den komande sesongen, men vi noterer likevel ned 11 kampar for Bergsøy denne sesongen. Det blei kampar ilag med blant andre Vidar Eikrem i forsvaret i 1990.

Den einaste gongen Gullik har scora mål (13 mål totalt) uten at laget har tatt poeng var det aller siste målet han scora, i den andre serierunden i 1991 mot Ellingsøy. Det blei et 3-1 tap. Endre Rudolfsen og Ivan Myklebust spelte kamapr ilag med Gullik i forsvaret denne sesongen. Den aller siste kampen vi har registrert at Gullik spelte var mot Langevåg denne sesongen, det endte i 1-9 på heimebane.

I 2007 sesongen var Gullik hjelpetrenar for A-laget, medan Tom Beddari var Hovudtrenar.
Bildet: Fra en showkamp i 1994. Les mer






FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt