Bergsøy IdrettslagKnut Igesund
- Kampar
- 300
- Mål
- 8
- Gule kort
-
KI
Skills-barometer
Hurtighet:
Defansive ferdigheter:
Ledartype:
Bergsøy Legende:
Fakta
Info |
Fakta |
Debut |
01.05.1966 - Bergsøy - Ørsta 2-5 |
Alder ved debut |
|
Antall kampar |
300 |
Antall mål |
8 |
Første mål |
02.06.1973 - Bergsøy - Ørsta 1-1 |
Kort-statistikk |
|
Sist spelte kamp |
1983 |
Tid fra første til siste kamp |
17 år |
Annen Fakta |
|
Profil: Knut Igesund |
Den solide forsvararen var den første Bergsøyspelar som nådde både 200 og 300 A-kampar. Han spelte totalt 17 år på A-laget frå 1966 til 1983 og er med sine 300 A-kampar på 4.plass på Bergsøy sin adelskalender.
Han opplevde opprykk til 3.divisjon i 1969 og til 2.divisjon i 1980, og i åra imellom var han den einaste Bergsøyspelaren som blei tatt ut på
Sunnmørslaget i tiåret 1970-1979. Han var kaptein i dei fleste av desse åra, og ein solid bauta som spelte på Bergsøy i heile si karriære.
|
(Bergsøyprofilar gjennom ei årrekke. Knut Teige (174 kampar) og Knut Igesund (300 kampar) følgte kvarandre tett på A-laget frå 1966-1983. Fred Frantzen (375 kampar) starta i 1969 og fortsatte til 1992.).
Knut Igesund blir omtala som ein forsvarskjempe. Vi spurte om det betydde at han var røff og tøff i duellane?
-"Ej veit ikkje om du trur mej, men ej meina eg fekk mitt fyrste gule kort idet vi rykkte opp i 1980. (Starta på A-laget i 1966). Så fekk ej ei 2-3 idet vi spelte i 2.divisjon (i 1981). Det er dei einaste gule korta ej he hatt.
Det var sjeldent at ej laga frispark, ej tok ballen og thats it."
(Knut Igesund)
Knut Igesund hadde god fart, og rydda somregel opp det som kom igjennom resten av laget. Sweepra bakerst med god teknikk, og god oversikt over spelet. I 1973 blei det notert ned i avisa at 3.divisjon hadde mange gode hodespillere, men at Knut Igesund nok var den beste når det gjaldt presisjon.
Han fekk også prøve seg i ung alder som spiss avogtil, men innsåg at han først og fremst var forsvarer. Mykje av tida gikk til fotball, noko han aldri angra på. En god kameratflokk og ei prestasjonslyst dreiv han i mange år.
Fram mot 1966: Aldersbestemt fotball
Det første vi finner om Knut Igesund er at han tok
Ferdighetsmerke for gutter i 1961.
Seinare finner vi han på Bergsøy sine guttelag som deltek i Guttecup (Lagbilder under). Dette laget gjorde det ganske godt, og skulle innehalde fleire spelarar som kom til å også gjere det godt for Bergsøy A-lag etterkvart.
Lagbilde Guttelag
1963
Lagbilde Guttelag
I sesongen 1964/65 spelte Knut Igesund alle dei ti kampane juniorlaget hadde i serien, og laget kom på 2.plass bak Ålesund. I åresberetninga
for sesongen seiast det at ein trygt kan nemne laget som eit av kretsens beste juniorlag. Også
Knut Teige og Ronald Moen spelte alle kampane for
juniorlaget denne sesongen.
Dei to "Knutane", Knut Igesund og
Knut Teige - følgte kvarandre heile si A-lags karriære. Begge starta å spele for A-laget i 1966, og begge hadde sine siste A-kampar i 1983.
Begge var også med på
Juniorkretslaget i 1967, og spelte seg inn på laget som deltok i Horten-turneringa dette året. Sunnmøre kom på ein 3.plass i turneringa.
-"Ej og han Knut (Teige) vi fyltest åt heile veien. I 1966 når vi var 15, eg veit ikkje om Bergsøy måtte søke om å få oss til å spele på A-laget (På grunn av aldersgrense).
Eg spelte vel venstreback då trur ej. "
(Knut Igesund)
(Bilde frå 1967, Juniorkretslaget som spelte i Horten med blåkvite drakter og snor i halsen. Det blei bronsje på Sunnmøre sitt lag etter blant anna siger 1-0 mot Romerike med Tom Lund på laget.
Bak fra venstre Sindre Drønnen (Blindheim), Einar Kristiansen (Langevåg), Jan Refsnes (Aafk), Jan Ove Solvåg (SIF), Knut Teige (BIL) og Reidar Vikebakk (Hødd).
Framme Dagfinn Fredriksen (Aafk), Inge Breivik (Mauseidvåg), Bjørn Sundet (SIF), Knut Igesund (BIL) og Reidar Vågnes (Langevåg).
A-kampar frå 1966
Knut Igesund debuterte på A-laget i serieåpninga 5.mai 1966
heime mot Ørsta. Det var ein fartsfylt kamp, men prega av at laga ikkje hadde hatt nok samspel enda.
Ronald Moen og Sigmund Paulsen var Bergsøy sine beste spillere denne kampen, som Ørsta vann 5-2. Knut Igesund spelte på venstreback.
(Lagoppstillinga: Knut Igesund sin debut mot Ørsta i 1966)
1966 sesongen var ein ujamn sesong, med både store tap og store sigerar. Men både Knut Igesund og Knut Teige blir straks viktige spelarar på laget og spelar 12 av 14 kampar denne sesongen.
I siste seriekamp i 1966 er dei med på å ta ny klubbrekord da
Bergsøy slår Sykkylven 11-0.
I 1967 fortsatte Knut Igesund for det meste å spele venstreback. Ifølge lagoppstillingane i 1966 og 1967 var det Gunnar Kjellstadli, Olav Harsvik og
Asbjørn Røsås som spelte oftast i midtforsvaret. Første gang vi ser ei lagoppstilling med Knut Igesund sentralt i forsvaret er 21.mai 1967
heime mot Skarbøvik, men den gang fordi Asbjørn Røsås var skadd.
Det blei med den kampen dette året. Knut sin faste posisjon dei første to sesongane på A-laget var på venstrebacken.
I 1968 var det Ronald Moen og Gunnar Kjellstadli som starta året i midtforsvaret, mens Agnar Vike gav konkurranse på backposisjon. Men utover i sesongen skjer det ei endring: Knut Igesund spelar oftare og oftare i midtforsvaret. Nokre gangar ilag med Gunnar Kjellstadli, andre kampar
med Røsås og avogtil med Ronald Moen. Bergsøy avsluttar 1968 sesongen med 5 strake sigerar, og det virkar som Knut Igesund har funnet sin nye posisjon. Det blir ikkje venstrebacken meir.
Laget sprudla og slo blant anna Brattvåg med 9-0 på bortebane. Asbjørn Myklebust scora 4, Kjartan Fagerlund scora 3 og Jack Pettersen scora 2.
Eit godt lag var på gong. Dette var også første året at Bergsøy hadde ein trenar: Geir Grimstad. Det startar å bli satsa meir på A-laget.
1969: Opprykk
Etter den gode avsluttninga på 1968 sesongen var det kanskje optimisme foran 1969 sesongen. Økonomien var likevel ikkje så god, og klubben søkte lensmannen om å få stelle til dans en kveld kvar
uke på Bergshall for å få økonomien til å henge ihop. Lensmannen minnte ved eitt høve om at ein ungdom sjølv fortalte han hadde med seg to flasker med "sterke" saker som vart drukke nede i kjelleren, og at Bergsøy såleis
måtte ha god kontroll med vakter på desse dansane. Begrensinga var på 300 personar.
Tross den økonomiske sida: A-laget spelte seg varme utover i sesongen og vann 4.divisjon. Asbjørn Myklebust scora 16 mål på 14 seriekampar, og Knut Igesund spelte alle kampane i midtforsvaret.
Men for å rykke opp måtte en også spele kvalifisering mot 4.divisjonsvinnarane i Romsdal og Nordmøre.
Utgangspunktet var tøfft, men blei ennå tøffare av at Bergsøy ikkje fekk lov å spele på heimebane i Huldalen.
Kretsen krevde at kampane skulle gå på grasbane. Den første kampen skulle være
borte mot Sunndal.
-"Sunndal var eit godt lag. Dei var gode i å halde ballen. Vi hadde vel en eller to forsøk over midtstreken for heile kampen, og på det eine forsøket scora Kjartan Fagerlund.
Eg spelte midtstoppar, og eg huska at idet Ronald Moen måtte ut og Gunnar Kjellstadli kom inn så formana eg han om at: No gjeld det altså. Men vi hadde en følelse av at vi faktisk hadde kontroll.
Det var en fantastisk god følelse å vinne ein slik kamp."
(Knut Igesund)
-"Godt humør i bussen, allsang med brumlande basstøtte av rutebileigar Olav Djupvik, småerting og vitsing på pensjonatet. Oppladding og avslappning, førebuing reint praktisk og mentalt. Bjørn Prytz var med som lagets trenar. Det var han som leidde allsongen, det var han som gav råd. Det var han som varsla om at sengetida var sett til klokka 2330 på laurdagskvelden, eit påbod som blei følgt til punkt og prikke".
(Vestlandsnytt 1969)
1-0 sigeren mot Sunndal var både god og heldig. Kjartan Fagerlund og Knut Igesund fekk kanskje mest av skrytet etter kampen, men også keeperinnbyttar Johs Nørvåg som kom inn for ein skada Jan Karsten Myrhol gjorde mange viktige redningar.
Målet Kjartan Fagerlund scora i kampen blei i avisa rekna å være det viktigaste målet i Bergsøyhistoria til den tid. Gleda var stor i Bergsøyleiren etter sigeren.
(Bildet: Fakf-1190 Magne Mulvik)
Men Bergsøy hadde ikkje sikra opprykket ennå. Den neste kampen skulle være på heimebane mot Bryn.
Bergsøy hadde først planlagt at kampen skulle gå på Hareid, men synfaring viste at bana var for dårlig. Deretter var "heimekampen" beramma til Langevåg.
Med mindre enn 48 timers varsel fikk derimot Bergsøy melding om at Forbundet hadde omberamma kampen Bergsøy - Bryn til å bli spelt på Roald Stadion på Vigra.
-"Når Bryn protesterar mot å spele mot oss på grus, så får vi vise dei at vi også kan tukte dei på gras".
I 1969 var reisen til Vigra på "heimebane" ikkje så enkel som den hadde vore idag. Avreise 0900 frå Fosnavåg med buss 15 minutt til Røyra der ein tok første ferge over til Stokksund.
45 minutt med buss til Hareid der en tok neste ferge til Sulesund. 60 minutt derifrå med buss til Ålesund der en tok neste ferge som tok 15 minutt til Valderøy.
Kampstart kl 14:00 mot Bryn, betydde at en ikkje var heime igjen i Fosnavåg før nærmare kl 21:30 på kvelden.
På vei fra fergekaia på Vigra mot stadion var alle i bussen usikre på vegen. Det var då
Ludvig "Lulle" Hansen kom med kommentaren:
"Ja men for svingande, er ikkje dette heimekamp, vi må da vel vite kvar heimebana vår er?
Utklipp
På vei til Sunndal
Utklipp
Bergsøy 25 års fest, pokal 50 kampar
Utklipp
A-laget 1969
Utklipp
Reise til Vigra på "Heimekamp" mot Bryn
Utklipp
Kamp mot Bryn
Bergsøy burde unngå å tape mot Bryn for å sikre seg opprykk - to av tre lag ville rykke opp. Men det starta dårlig, og til pause hadde Bryn ein 2-0 ledelse.
-"Han 9aren er det raskaste eg har vore ute for. Det eine målet burde eg ha stoppa, men no skal eg ta han. (Og det gjorde han)."
(Knut Igesund i pausen mot Bryn)
Etter pause gikk det bedre, og mål av Oskar Waage og Asbjørn Myklebust ordna 2-2. Bergsøy var klare for opprykk. En fin 25årspresang. Søndag 12.oktober 1969, 25 år og 8 dager etter at klubben blei skipa så fekk laget 3.divisjonskontrakt.
1970: 3.divisjon
Med opprykket til 3.divisjon skjedde også ei vidare satsing. Bjørn Prytz blei ansatt som trenar, og Knut Teige og Jack Pettersen forsterka laget etter overgang frå Hødd.
Plan for utvidelse av Huldalen var også igang. Åpningskampen i 3.divisjon kunne ikkje hatt bedre ramme med Molde på besøk, og 1100 tillskuere fekk med seg Bergshorn som spelte musikk før kampen.
Nivået blei høgare, og heime mot Langevåg i den 5.serierunda opplevde Bergsøy sitt første heimetap på 2 sesongar. Det blei ein 5.plass i 1970,
Bergsøy gjorde jobben med å halde seg i divisjonen. Det blei to tøffare år etterpå med 6.plass i 1971 og 7.plass i 1972. Men så starta Bergsøy å
utfordre dei andre laga meir etterkvart.
Utklipp
Treningskamp mot Hødd
Utklipp
1970 mot Clausenenga
Måløycup
Bergsøy var fleire år med i Måløycupen, og klarte i 1975 å sikre seg vandrepokalen etter sin tredje turneringssiger. Både Knut Igesund og Fred Frantzen opplevde å bli kåra til turneringens beste spelar i løpet av desse åra.
1971: Bergsøy 1.plass. Slo Måløy 3-0 i finalen sjølv om kampen blei spelt berre til pause. Dommeren avbraut nemlig kampen på grunn av det dårlige været.
1972: Bergsøy 1.plass. Slo Måløy 4-1 i finalen.
1973: Måløy 1.plass. Slo Eid 3-1 i finalen. Bergsøy tapte 5-4 mot Eid på straffespark etter 1-1 ordinærtid. Knut Igesund blei kåra til turneringens beste spelar.
1974: Tornado 1.plass. Slo Eid 3-0 i finalen. Bergsøy endte på jumboplass.
1975: Bergsøy 1.plass. Slo Måløy 3-2 i finalen og sikra vandrepokalen.
1977: Tornado 1.plass. Slo Bergsøy på straffer i finalen. Fred Frantzen blei turneringens beste spelar.
Utklipp
1975: Kaptein Knut Igesund har kapra Måløy Cup sin vandrepokal
Utklipp
Kaptein Knut Igesund hever to pokalar. En for siger og en for turneringens beste spiller
Utklipp
Knut Igesund i duell med Ole Klaus Bugjerde på Tornado.
1973: Scorar mål, og kjem på Årets lag
I 1973 var det Kjartan Fagerlund som var trenar for A-laget, og han førte statistikk for treningsoppmøte. Mens Ronald Moen møtte opp på 84 av 92 treningar så var Knut Igesund på andreplass med sine 82 treningar.
Sju mann spelte alle dei 19 obligatoriske kampane, og Knut Igesund var ein av dei.
Knut Igesund scora tilsammen 3 mål i 1973, og alle tre måla kom mot Ørsta.
I heimekampen på Bergsøy Stadion 2.juni finta han ut keeper på eit straffespark for å utligne til 1-1 like før slutt.
Dette er det første Bergsøymålet vi har registrert på Knut Igesund.
25.august i 1973 gjorde Knut Igesund noko han gjorde berre ein gong i seriesammenheng, og det var å score to mål i ein kamp.
Borte mot Ørsta scora han to gangar, men Bergsøy tapte likevel 3-2.
Knut Igesund scora to mål mot Ørsta, men Bergsøy tapte likevel 3-2.
Knut Igesund ordna utligning 1-1 på ei headding, mens den andre headdinga Knut satte inn ordna utligning til 2-2.
Desverre vart det altså ikkje nok denne kampen ettersom Ørsta scora eitt mål til seinare.
Tilsammen har vi notert ned at Knut igesund scora 8 mål for Bergsøy.
3 mål i 1973, 1 i 1974, 1 i 1976, 1 i 1981, 1 i 1982 og 1 i 1983.
Straffespark : 1
Hodestøt: 3
Med beina: 4
Prestasjonane til Knut Igesund gjorde at han kom på Årets Lag i 3.divisjon dette året. Jack Pettersen kom også med på laget.
Utklipp
Årets lag 1973
Utklipp
Årets lag 1973
Utklipp
1974
Utklipp
Knut Igesund scorer mål
Utklipp
1974
1975 - Passerer 150 kampar
1974 og 1975: Nærmare opprykk er det umulig å være.
Når vi kjem til 1975 har Knut Igesund i underkant av 10 år bak seg på A-laget og får etterkvart pokal som viser at han har passert 150 A-kampar.
Han er også så rutinert at han no er hjelpetrenar på A-laget, mens Kjartan Fagerlund som var kaptein på Bergsøy før Knut Igesund tok over stafettpinnen - han var trenar.
Det var kun målforskjellen som gjorde at Bergsøy endte på 2.plass i 1974 og ikkje rykkte opp. Både Bergsøy og Sunndal hadde 24 poeng, men
Sunndal hadde 37-17 i målforskjell mens Bergsøy med 35-15 var dårligare på antall scora mål. I 1975 gjekk Bergsøy på omtrent samme sure smellen.
Både Bergsøy og Clausenenga endte på 26 poeng, men Clausenenga med 38-18 hadde bedre målforskjell enn Bergsøy sin 36-17. Det var minst mulig marginar.
Utklipp
1975
Utklipp
1975
1976 - Slår Hødd ut av cuppen
Også i 1976 kjem Bergsøy på ein 2.plass i 3.divisjon. Bergsøy starta å bli kalla den evige toer i si jakt på opprykk, men denne gang var det Skarbøvik som vann serien med litt større marginar enn det Bergsøy opplevde i 1974 og 1975.
Høgdepunktet i 1976 sesongen var nok da Bergsøy slo ut Hødd fra Norgesmesterskapet (NM) med 2-0.
Dei to Knutane var sterkt delaktig, med tomålsscorer Knut Teige som ordna måla og forsvarssjefen Knut Igesund som holdt nullen.
Utklipp
1976 - Mot Hødd i NM
Utklipp
1976 - Knut Igesund årets spelar i Bergsøy?
1977: På Årets lag igjen
Bergsøy kjempar nok ein sesong om opprykk, men det var nok Ålesund som ødela opprykkshåpet dette året idet Stan Williams smatt igjennom og ordna 1-0 siger mot Bergsøy i Fosnavåg.
Knut Igesund innrømte i eit intervju dette året at Stan Williams trulig var den verste motspilleren han hadde møtt. Ei trøst for Knut Igesund var kanskje at han nok ein gong kom med på Årets lag i 3.divisjon.
Bergsøy sin toppscorar Svein Inge Urke kom også med på årets lag dette året (1977).
Utklipp
Årets Lag 1977
Utklipp
1977 - Intervju
1978: Passerer 200 kampar
I desember 1978 står det i avisa at Knut Igesund har mottatt gullklokke for 200 spelte Bergsøykampar.
Han var den første Bergsøyspelar som fekk denne utmerkelsen.
Og sjølv om sesongen tabellmessig var ein nedtur i forhold til dei siste åra, så var Knut Igesund fortsatt i form.
For tredje gang kom han med på Årets lag i 3.divisjon.
-"Sjølv var eg nok best i 1977, 1978 eller noko sånt. Då var eg i skikkelig god fysisk form. "
(Knut Igesund)
Utklipp
Årets Lag 1978
Utklipp
1978
Utklipp
1978 - Treningsleir i England. Kamp mot Harlow Town. Bergsøy tapte 4-2.
Utklipp
1978
Utklipp
200 kampar
1979: Kom med på Årets lag og tiårets lag
I 1979 vinner Bergsøy mot Rollon i NM-cuppen etter omkamp, den einaste gangen Bergsøy har spelt omkamp i NM.
234 minutt tok det for Bergsøy å slå Rollon, og i kampreferatet sto det: "Best på laget var (som vanlig) Knut Igesund.
Den store cupkampen dette året var sjølvsagt da Rosenborg kom på besøk. Knut Igesund starta ikkje kampen, men kom inn fra benken og dominerte i Bergsøyforsvaret etter pausen.
Rosenborgtrenar Nils Arne Eggen måtte også skryte av Bergsøy sin forsvarar.
-"Bergsøy var eit sympatisk bekjentskap, guttene jobbet godt og viste disiplin. Knut Igesund er ein virkelig stor forsvarsspiller"
(Nils Arne Eggen)
Knut Igesund har nok ein god sesong som kaptein for Bergsøylaget, og kjem for fjerde gang (1973, 1977, 1978 og 1979) med på årets lag i 3.divisjon. Han hadde vore så jamnt god i alle spelarbørsar gjennom heile 1970-tallet at han også kom med på tiårets 1970-lag for Sunnmøre, som einaste Bergsøyspelar i konkurranse med spelarar frå lag som Hødd og Ålesund.
Ein prestasjon Knut sjølv er stolt av, med god grunn.
(Sjå også
Årets Lag 1974)
Utklipp
Årets Lag 1979
Utklipp
Skryt mot Rosenborg
Utklipp
Tiårets lag 1970
Utklipp
Årets Lag samla
Opprykket i 1980
Det må være dei fleste fotballspelers drøm å ta sitt lag opp i divisjonane som kaptein for laget, og i 1980 klaffa det endelig for Bergsøy.
Etter so mange år der opprykket hadde vore innanfor rekkevidde, for deretter å sjå det glippe i siste kamp, så var nærvane på topp foran den siste og avgjerande kampen borte mot Sverre.
-"Eg følte meg ikkje i form. Det var so mykje som var på spel, og det var en ekkel inngang til kampen. Vi var småværvøse, og vi sto nærmast berre å kika på kvarandre i starten.
Det var fyrst på slutten, med en god sluttspurt, at vi fekk tak på det. Så blei det vill jubel. Det var litt sånn: Endelig liksom."
(Knut Igesund)
Bergsøy vann 3-1 mot Sverre i den siste og avgjerande serierunda, og opprykket var klart.
Både spelarar, supporterar og heile Fosnavåg forøvrig var i ekstase. Bergsøy skulle opp til 2.divisjon, det nest høgste nivået i seriesystemet.
Kapteinen Knut Igesund feirar eit historisk opprykk i 1980
Utklipp
1980 - Storkampen Bergsøy mot Ålesund
Utklipp
1980 - På vei mot opprykk
Utklipp
1980 - Før kampen mot Sverre
Utklipp
1980 - Feirer opprykket
Utklipp
1980 - Feirer opprykket
2.divisjon i 1981
Bergsøy sitt rekordår - Divisjonen over Hødd og Ålesund.
-"Vi gjorde det godt i endel kampar, slo Molde og uavgjort mot Sogndal. Hadde vi hatt ei 3 ekstra gode spelarar, klassespelarar til for å seie det sånn,
så kunne vi kanskje klart å halde oss."
(Knut Igesund)
Mykje har blitt skrevet om 1981-sesongen der Bergsøy var på landets nest høgste nivå. Tilslutt blei det nedrykk, men først fekk Bergsøy prøve seg mot god motstand som Molde, Bodø/Glimt og Tromsø for å nemne nokre av laga.
Knut Igesund scora mål i heimekampen mot Tromsø som Bergsøy vann 4-1. Scoringa kom på ei headding etter 64.minutt.
-"Jeg angrep ballen med hodet og fikk en støvel i ansiktet idet jeg headet. Bortsett fra et skrubbsår er alt iorden med meg.
"
(Knut Igesund etter kampen mot Tromsø)
Under kan en også sjå nokre minneverdige bilder av Knut Igesund i aksjon mot Åge Hareide, som på Bergsøy Stadion spelte sin siste kamp for Molde før han gikk til Manchester City.
Ifølge Knut Igesund var det ein situasjon i feltet som oppsto som gjorde at Åge Hareide kom til bort til han for å roe ned gemyttane, der Igesund svarte tilbake at det ikkje var han som starta bråket.
Utklipp
1981 - Knut og Åge Hareide
Utklipp
1981 - Knut og Åge Hareide
Utklipp
1981 - Oddmund Kaldhussæter
1982-1983 - 300 kampar
Etter ein knallstart på 1980 tallet med opprykk og spel mot sterke lag, så kom Bergsøy ned på jorda igjen frå 1982 og frammover.
Det var slett ikkje berre å sprette tilbake til 2.divisjon. Tvert imot blei det ein kamp om å overleve i 3.divisjon.
I 1982 var engelske Vic Halom trenar for Bergsøy, men klubben overlevde kun nedrykk på bakgrunn av bedre målforskjell enn Clausenenga.
Kanskje kan en seie det var litt hevn for 1975 sesongen der Clausenenga fratok Bergsøy opprykk på målforskjell?
(Bildet: Knut Igesund og Paul Kurt Nerland i ein kamp mot Skarbøvik i 1983)
1983 blei den siste sesongen til Knut Igesund på A-laget. I ein kamp mot Hareid står det skrevet at
trekket med å sette Knut Igesund inn som defansiv midtbanespelar var eit godt trekk. Å spele andre plassar enn midstoppar var noko Knut Igesund gjerne kunne tenke seg, og spessielt defansiv midtbane
var ein plass han såg for seg han kunne gjere det bra. -"Ja, sett i ettertid skulle eg spelt sweeper foran midtstopparane mykje meir, det fungerte godt." seier han.
-"Vi spelte vel et system som en kan seie var på vei ut, med mannsmarkeringar. Fylgde spelarar over heile bana. Og eg skulle samle opp det som kom forbi. Plukke opp restane.
Det blei prøvd å trene på soneforsvar med fyrsteforsvarar og andreforsvarar, men vi lurte vel på om det hadde rabla for trenaren. Vi var nok litt konservative. Koffor skulle vi forandre på noko som hadde fungert?"
(Knut Igesund)
-"Eg hadde ei formeining om at eg hadde spelt 300 kampar utifrå tellinga som vi hadde då. Så eg tenkte at det hadde jo vore kjekt å spele sopass lenge at eg klarte 300 kampar. Og så gav eg meg når eg nådde det. "
(Knut Igesund)
Utklipp
1982 intervju
Utklipp
1983 - 300 kampar. Formann Mathias Pettersen gir Knut Igesund blomster før kampen mot Hareid 17.09.1983.
Utklipp
Intervju
I 1981 var Bergsøy i divisjonen over både Ålesund og Hødd. Her er Knut Igesund i aksjon i ein treningskamp mot Hødd i Ulsteinvik
Statistikk
Årstall |
Info |
1966: |
12 kampar |
1967: |
14 kampar |
1968: |
12 kampar |
1969: |
20 kampar |
1970: |
16 kampar |
1971: |
Trulig 12* |
1972: |
16 kampar |
1973: |
19 kampar |
1974: |
20 kampar |
1975: |
18 kampar
* (Bekrefta 159 kampar etter 1975 sesongen) |
1976: |
21 kampar |
1977: |
19 kampar |
1978: |
Ukjent (Maks 19)
Fikk gullklokke for passerte 200 kamper |
1979: |
14 kampar |
1980-1983: |
Ukjent (Maks 88) |
Mål scoret: |
8 seriemål 1 mål pr år 1981, 1982, 1983, 1976, 1974, 1973
|