Kampreferat
2023-10-13 • Serie – runde 21 • Kampnr 1435
Aksla
Bergsøy
2-2
Mohammad Khalil Abouzari 🟨
25'
Jonas Seehusen Karlsbakk 🟨
33'
1-0 Dragoti Esmerald (55)
55'
57'
🟨 Junior Tombini
64'
1-1 Enrique Crespo Søvik (64)
69'
🟨 Pawel Jan Jarzebak
2-1 Dragoti Esmerald (71)
71'
78'
🟨 Sondre Nygård Olsen
Jonas Seehusen Karlsbakk 🟨🟥
81'
Mohammad Khalil Abouzari 🟨🟥
89'
90'
2-2 Enrique Crespo Søvik (90)
Referat
To raude kort og dramatikk på overtid mot Aksla

Etter ein jamn og målfattig førsteomgang, tok bortekampen mot Aksla verkeleg fyr etter pause. Andre omgang baud på det meste: to utvisingar, straffespark, redningar på streken og to nye mål frå Enrique Crespo Søvik.

Til slutt enda det 2–2 på Ratvika stadion fredag kveld.

– 0–0 til pause var eit rett bilete av kampen. Det skjedde lite framfor måla, og det var jamspelt, seier Bergsøy-trenar Lars-Petter Rønnestad etter oppgjeret.

I heimekampen tidlegare i sesongen vann Bergsøy klart 4–0, men denne gongen vart det langt tøffare.

Aksla tok føringa

Bergsøy heva seg etter pause og tok meir kontroll på spelet, men det var likevel Aksla som gjekk opp i leiing.

– Vi tek meir grep om kampen, men så scorar dei på sin første sjanse. Vi er ikkje gode nok defensivt for tida. Dei bryt, spelar gjennom og kjem åleine med keeper, forklarar Rønnestad.

Dragoti Esmerald sette inn 1–0 etter 55 minutt.

Ti minutt seinare svara Bergsøy då Crespo Søvik utlikna med ein elegant chip over keeper.

Men heimelaget slo tilbake.

– Vi lagar ei unødvendig straffe etter å ha hatt kontroll. Vi mistar ballen inne i sekstenmeteren og riv ned ein spelar, seier trenaren.

Esmerald var sikker frå straffemerket og sende Aksla opp i 2–1 med rundt 20 minutt igjen.

Kaotisk avslutning

Mot slutten av kampen eskalerte dramatikken. Aksla fekk først ein spelar utvist i det 81. minuttet, før dei vart reduserte til ni mann i det 89. minuttet.

Bergsøy pressa hardt for utlikning, og på overtid kom den endeleg.

– Vi skorar på eit innlegg der Crespo headar flott i mål. Etter det er det spel mot eitt mål, fortel Rønnestad.

Bortelaget fekk fleire store sjansar til å avgjere kampen.

– Først får Roald Runde ein kjempesjanse som blir redda på streken, og så får Crespo ein ny stor sjanse som også blir stoppa på streken.

Dermed enda kampen 2–2.

– Burde vunne

Rønnestad meiner laget burde fått med seg meir frå kampen.

– Aksla er eit tøft lag å møte. Dei er flinke til å øydelegge rytmen i kampen, og det har gitt dei mange poeng denne sesongen. Samtidig er vi ikkje flinke nok til å utnytte feila deira.

Han peikar også på at Aksla har vore sterke på heimebane, men er likevel skuffa.

– Dette er ein kamp vi skal vinne. Hadde vi spela slik vi gjorde for halvannan månad sidan, hadde vi nok vunne 2–0. Men vi er ikkje gode nok defensivt.

Trekkjer fram Runde og Crespo

Blant spelarane som utmerka seg, trekkjer trenaren fram Roald Runde.

– Han gjer ein solid kamp og var kanskje vår beste i dag. Og så må vi sjølvsagt nemne Crespo, som skårar to mål igjen.

Siste kamp mot serieleiaren

Neste veke ventar sesongens siste kamp, når serieleiar Herd kjem til Havila stadion i Fosnavåg.

Herd kan sikre opprykk med siger, medan Ørsta framleis har ein sjanse dersom dei tek fleire poeng i sin kamp.

– Vi har ikkje hatt så mykje å spele for dei siste kampane, og det ser vi litt no. Neste veke møter vi eit topp motivert Herd-lag som var betre enn oss sist. Men vi skal førebu oss godt og prøve å levere ein god prestasjon, seier Rønnestad.

Han håpar også på godt oppmøte.

– Det er kronekampen i år, så vi håper mange tek turen. Men vi er nok ikkje favorittar denne gongen, avsluttar han.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
7
29,2%
Uavgjort
7
29,2%
Tap
10
41,7%
Mål
47–52
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 24. kampen mot Aksla.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Fred Frantzen (5 mål)
    Aksla: Oddvar Sandnes (5 mål).
  • ©️
Form siste 5 totalt
3–4
T
Ørsta
2023-09-15
2–1
S
Hareid
2023-09-22
1–2
T
Blindheim
2023-09-29
8–1
S
Norborg/Brattvåg2
2023-10-06
2–2
U
Aksla
2023-10-13
Form siste 5 vs Aksla
7–0
S
Aksla
1997-08-29
4–3
S
Aksla
2003-06-20
2–3
T
Aksla
2003-09-20
4–0
S
Aksla
2023-06-23
2–2
U
Aksla
2023-10-13
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 2
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Ratvika 1
👨‍⚖️
Tor Ove Myrseth
👥
🔗
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar