Kampreferat
2025-05-30 • Serie – runde 7 • Kampnr 1468
Bergsøy
Spjelkavik2
3-1
1-0 Sander Makipera Vike (2) Assist: Fredrik Muren Skudd
2'
39'
🟨 Simon Vågnes
2-0 Niklas Nerland Elveseter (45) Assist: Fredrik Muren
45'
59'
2-1 Jonas Ottersen (59) Skudd
Sondre Nygård Olsen 🟨
63'
Nils Erik Engen 🟨
67'
Sander Makipera Vike 🟨
73'
3-1 Nils Erik Engen (86) Skudd
86'
Referat
Eit knallhardt langskot frå Nils-Erik Engen vart spikeren i kista då Bergsøy sikra 3–1 mot Spjelkavik 2 – og det i den siste A-lagskampen for menn på det mykje omtalte, utskjelte banedekket på Havila stadion.

Heimekampen fekk ein pangstart. Allereie etter eitt minutt kom Sander Mäkiperä Vike åleine med keeper og sette inn 1–0. Kort tid etter kunne gjestane ha svara, men ein stor sjanse vart sløsa bort. Etter kvart skapte også Bergsøy fleire gode høve, der både Niklas Nerland Elveseter og Enrique Crespo Søvik var nære scoring.

Sjølv om Spjelkavik 2 tok meir og meir over spelet utover i omgangen, var det Bergsøy som fekk det neste målet. Rett før pause smelte Nerland Elveseter inn 2–0, og heimelaget gjekk til garderoben med ei leiing som ikkje var heilt ufortent, særleg med tanke på den sterke første halvtimen.

Etter kvila bølgja kampen meir fram og tilbake, men no var det rekruttlaget til Spjelkavik som i større grad styrte. Då 58 minutt var spela kom reduseringa til 2–1, og med det fekk dei fornya tru på poeng.

Spjelkavik 2 var også hårfint unna utlikning etter 67 minutt. Først small avsluttinga i metallet, før returen på utruleg vis gjekk utanfor det opne målet. På dette tidspunktet var det liten tvil om at Bergsøy levde farleg, og dei klarte ikkje å roe ned kampen så lenge det stod 2–1. Gjestane fekk altfor mange turar inn på Bergsøy sin banehalvdel, og sigeren hang lenge i lufta.

Difor kjende mange på letta då Nils-Erik Engen tok ansvar fem minutt før slutt og hamra inn 3–1 frå om lag 20 meter. Med det var kampen avgjort, og Bergsøy tok ein viktig siger som løfta laget opp i ti poeng og ein fjerdeplass på ei svært jamn 4. divisjon-tabell. Berre botnlaget Ørsta og topplaga Stordal/Ørskog og Herd har litt avstand til den store «mølja» midt på tabellen.

– For mykje kviletid

Bergsøy-trenar Anders Helsem Hoff var letta etter kampen, men meinte laget sleppte Spjelkavik 2 for mykje inn i oppgjeret etter pause.

– I pausen vart vi einige om å halde oppe trykket, men kvile innimellom. Ein klarer ikkje å halde oppe trykket heile tida. Men det vart nok meir kvile enn det som var meininga. Derfor klarte vi ikkje å kontrollere kampen. Likevel meiner eg det er ein fullt fortent siger, om ein ser på dei sjansane vi har og kva sjansar dei har. I første omgang var vi best og leia fortent 2–0 til pause, seier han til Vestlandsnytt.

Han legg til at det var ein viktig siger mot eit sterkt Spjelkavik 2-lag med rutinerte namn som Henrik Reite Hansen og Sondre Skulstad.

Snart nytt dekke

Denne sesongen er spesiell for Bergsøy, sidan vårsesongen har vore prega av få heimekampar og mange bortekampar – før det blir motsett i haust. Grunnen er det lenge etterlengta skiftet av kunstgraset på Havila stadion, som skal gjennomførast no i sommar. Fredagens kamp vart den siste før arbeidet startar.

– Det er ei nyting, slår Hoff fast.

Han fortel at dei prøvde å trene på bana måndag, men at det enda med skade på Franjo Tepuric. Smertestillande gjorde likevel at han kunne spele kampen. Hoff peikar også på at mykje trening i Fiskarhallen hemmar spelet, sidan dei ikkje får jobba på full bane.

Planen er at det nye dekket skal vere klart til heimekampen mot Hovdebygda 8. august. Før den tid ventar fire bortekampar, med Rollon komande fredag som den første.

Banedekket skal først fjernast 16. juni.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
1
100%
Uavgjort
0
0%
Tap
0
0%
Mål
3–1
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 1. kampen mot Spjelkavik2.
  • 📈
    4. sigeren denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Niklas Nerland Elveseter (1 mål)
    Spjelkavik2: Jonas Ottersen (1 mål).
  • 🏅
Form siste 5 totalt
1–0
S
Ørsta
2025-05-02
1–5
T
Hødd2
2025-05-09
2–2
U
Hareid
2025-05-15
2–3
T
Stordal/Ørskog
2025-05-23
3–1
S
Spjelkavik2
2025-05-30
Form siste 5 vs Spjelkavik2
3–1
S
Spjelkavik2
2025-05-30
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 4
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
4.0
1 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Rene Nordvik
👥
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Spjelkavik2 – lagoppstilling
Henrik Reite Hansen, Nikolai Hanken Tjøstheim, Sondre Skulstad, ELIAS VIDDAL, Julian Narancic-Grytten, Christian Øvrevoll Gjerde, Johannes Øvretveit Larsen, Erlend Søberg, Henrik Nedregotten Larsen, Simon Vågnes, Jonas Ottersen, Emil Trengereid Larsen, Henrik Olesen Hovland, Aksel Karlsen Lunde, William Sigurd Kolseth