Kampreferat
2025-08-22 • Serie – runde 14 • Kampnr 1475
Bergsøy
Ørsta
1-0
1-0 Elias Skogen Hauge (2) Skudd
2'
88'
🟨 Bjørn-Håkon Vikenes
Referat
Knapp, men viktig: Bergsøy heldt unna mot Ørsta

Bergsøy fekk det som til slutt vart ein arbeidsseier mot Ørsta i Tjørvåg, men kampen blei avgjord nesten før publikum rakk å setje seg. Allereie etter to minutt var heimelaget i føringa, og det eine målet vart også det som skilte laga.

Scoringa kom då Elias Skogen Hauge vart spelt fint gjennom og sette ballen kontrollert forbi Ørsta-keeper Thomas Christiansen Hansen. Dermed stod det 1–0, og Hauge fekk nettkjenning på ei bane han kjenner godt frå tidlegare.

Resten av første omgang var Bergsøy mykje i ballen og spelte seg til fleire moglegheiter, utan å få den ekstra scoringa som kunne ha gjort det rolegare. Ørsta var absolutt med i kampen, men klarte ikkje å legge noko vedvarande trykk på Bergsøy. Til pause stod det 1–0.

Etter sidebyte var det framleis Bergsøy som hadde mest av spelet, men dei kom seg ikkje til like mange sjansar som før kvila. Ørsta jobba hardt for å kome tilbake, men fekk ikkje utteljing for innsatsen. Andreomgangen vart dessutan oppstykka, med mykje tilleggstid (både seks og sju minutt), og hadde lite av dei store hendingane – ikkje heilt ulikt den målfattige og hakkete kampen i Tjørvåg mot Hovdebygda (1–1), som også byrja med ein tidleg scoring.

Denne gongen heldt Bergsøy likevel på leiinga heile vegen inn. 1–0-sigeren løfta laget opp på 20 poeng, noko som plasserer dei på 6. plass på tabellen.

Hoff: – Litt steg tilbake

Trenar Anders Helsem Hoff fortel at han både såg framgang og tilbakegang i same kamp, og at oppgjeret minna han om kampen mot Hovdebygda.

– Frå den kampen er det eit lite steg opp, men dette var eit steg tilbake frå SIF/Hessa-kampen sist (siger 4–1). Samstundes var dette eit Ørsta-lag som kjempa med nebb og klør, og held dei fram slik kan dei klare å halde plassen, seier Hoff.

Han var tydeleg på at mykje av det beste kom før pause.

– Vi får ein god start, og har også ein sjanse med Crespo, som han scorar på i 95 prosent av tilfella. I tillegg har vi vel tre tilløp til gode sjansar i første omgang, medan vi berre kjem til ein i andre omgang. Det vart ein slitesiger dette, men det gjer godt det også, slår Hoff fast.

Snart tilbake i Fosnavåg

Bergsøy har no spelt to heimekampar i Tjørvåg med bra oppmøte, men planen er at neste heimekamp blir tilbake på Havila stadion. Når Hødd 2 kjem på besøk, er kampen flytta frå fredag 29. august til måndag 1. september – og då skal den nye kunstgrasbana etter planen vere ferdig.

– No går vi å trippar alle saman og drøymer om lukta av nytt kunstgras. I morgon (laurdag) skal arbeidet byrje, og går alt etter planen får vi også nokre treningar på det nye kunstgraset i slutten av neste veke, avsluttar Hoff.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
27
31,8%
Uavgjort
18
21,2%
Tap
40
47,1%
Mål
138–188
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 85. kampen mot Ørsta.
  • 📈
    7. sigeren denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Fred Frantzen (22 mål)
    Ørsta: Stein Aam (12 mål).
  • ©️
    Kaptein: Pedro Moreno.
Form siste 5 totalt
0–3
T
Herd
2025-06-20
3–4
T
Ravn
2025-06-26
1–1
U
Hovdebygda
2025-08-08
4–1
S
Sif/Hessa
2025-08-15
1–0
S
Ørsta
2025-08-22
Form siste 5 vs Ørsta
0–2
T
Ørsta
2024-06-28
0–0
U
Ørsta
2024-10-18
3–2
S
Ørsta
2025-03-15
1–0
S
Ørsta
2025-05-02
1–0
S
Ørsta
2025-08-22
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
3.5
2 stemmer
📍
Tjørvåg Stadion
👨‍⚖️
Martin Solheim
👥
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Ørsta – lagoppstilling
Thomas Christiansen Hansen, Tore Orten, Markus Halse, Eskild Dagfinrud, Bjørn-Håkon Vikenes, Nikolai Arne Sæbønes Tangen, Sigurd Hjellegjerde Aam, Henok Bisrat Tesfai, Simen Tømmerbakk Flekke, Lasse Rebbestad, Steffen Ervik Rekkbø, Nicolai Andrè Spilde, Sebastian Aam Hjorthaug, Sverre Liaseth Vinjevoll, Nikolai Nedreberg Bøstrand, Jørgen Nygård Winjevoll, Per-Arne Widnes Ekremsæter