Kampreferat
2025-04-21 • Serie – runde 1 • Kampnr 1462
Hovdebygda
Bergsøy
1-0
27'
🟨 Franjo Tepuric
1-0 Magnus Tore Tønnesen (29)
29'
Sondre Lillenes 🟨
42'
54'
🟨 Fredrik Muren
Evan Hagen 🟨
Henrik Amdam 🟨
90'
Referat
Seriestarten borte mot Hovdebygda enda med eit surt 1–0-tap for Bergsøy måndag kveld. Anders Helsem Hoff var tydeleg på at dette var ein kamp dei hadde håpa på meir frå.

Han meiner Bergsøy kom litt dårleg i gang og var for passive den første halvtimen. Etter kvart endra kampbiletet seg, særleg etter at Hovdebygda fekk scoringa si på straffe.

Straffesituasjonen kom etter 25 minutt, og der vart det ekstra irritasjon for Bergsøy: Heimelaget fekk faktisk to forsøk. Første straffa vart redda av Bergsøy-keeperen, men dommarane meinte han stod utanfor streken. Dermed fekk Hovdebygda ta straffa på nytt – og denne gongen sat han.

– Ein sur kamp å tape. Vi var litt spake første 30 minutta, litt passive. Men etter at Hovdebygda scora på straffe så tok vi over og trykte på. I tillegg meiner vel vi at det at Hovdebygda fekk ein ekstra sjanse til å gjere straffe var feil. Vi hadde fortent minst eitt poeng, seier hovudtrenar Anders Helsem Hoff.

Hoff oppsummerer elles ein kamp der Bergsøy hadde gode periodar, men også ein del rot og feil som øydela flyten. Resultatet stod seg til 1–0.

Før pause kom også ei stygg takling som råka Kjetil Steinsvik Paulsen, og han vart sett ut av spel resten av oppgjeret.

– Det ser heldigvis ut til å vere betre enn vi frykta. Vi trudde det var eit brot. Det vart litt ampert ute på bana, og begge laga var noko i tottane på kvarandre etter det, seier Hoff.

No ventar heimekamp på Havila Stadion komande fredag mot SIF/Hessa. Hoff er klar på ambisjonen, men vil først rydde opp i det som ikkje sat no.

– Vi er innstilte på å ta dei. Men først skal vi gå gjennom denne kampen. Vi gjorde ein del feil som lag i dag, som vi ikkje skal gjere – som vi ikkje har gjort på trening. Det må vi finne ut av, avsluttar han.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
15
55,6%
Uavgjort
3
11,1%
Tap
9
33,3%
Mål
67–37
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 27. kampen mot Hovdebygda.
  • 📈
    2. tapet denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Frank Sverre Skorpen (8 mål)
    Hovdebygda: Ukjent (6 mål).
  • ©️
Form siste 5 totalt
0–8
T
Herd
2024-10-11
0–0
U
Ørsta
2024-10-18
3–2
S
Ørsta
2025-03-15
0–5
T
Spjelkavik
2025-03-24
0–1
T
Hovdebygda
2025-04-21
Form siste 5 vs Hovdebygda
3–0
S
Hovdebygda
2023-04-21
2–1
S
Hovdebygda
2023-08-11
4–0
S
Hovdebygda
2024-05-10
1–2
T
Hovdebygda
2024-09-20
0–1
T
Hovdebygda
2025-04-21
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
1.0
1 stemmer
📍
Hovdebygda Kunstgras
👨‍⚖️
Kristoffer Nevstad
👥
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Hovdebygda – lagoppstilling
Rikard Johannes Osnes, Marius Olsvik, Olav Vågnes Vadseth, Sondre Meek Lillenes, Skjalg Eiksund Digernes, Magnus Tore Tønnessen, Audun Lillebø, Christian Langlo Schjelderup, Robin Mikal Skarbø Skuseth, Anders Sylte Bellen, Nicolai Norvoll Longva, Sander Harnes, Evan Hagen, Henrik Vinjevoll Amdam, Snorre Midttun, Sigurd Sekkesæter Salvesson