Kampreferat
Ørsta

Bergsøy
0-1
23'
🟨
Fredrik Muren
61'
🟨
Peter Fjørtoft Sandanger
69'
⚽
0-1 Enrique Crespo Søvik (69)
Skudd
Utnytter forsvarstabbe
Referat
Bergsøy reiste til Ørsta fredag for tredje serierunde i 4. divisjon på Sunnmøre, og kom heim med tre poeng. Oppgjeret enda 1–0, og det var Enrique Crespo Søvik som stod for kampens einaste scoring.
Trenar Anders Helsem Hoff meiner resultatet seier noko om utviklinga i laget.
– Spelarane tek steg, for ein slik kamp hadde vi ikkje greidd å dra i land i fjor, seier Hoff etter kampen.
Bergsøy kom til Ørsta med éin siger og eitt tap frå dei to første rundane, medan heimelaget stod utan poeng. Sjølv om Bergsøy var det beste laget, sat ikkje spelet heilt i første omgang.
– Vi fann aldri heilt rytmen i spelet i først omgang. Ørsta jobba godt, og det er ingen som kjem til å få noko gratis mot dei, sjølv om dei har tapt tre på rad, seier Hoff.
Bergsøy hadde likevel god kontroll og var nær scoring før pause, mellom anna med to avslutningar i stanga. Ørsta kom ikkje til mykje i den same perioden, og det stod 0–0 til pause.
I pausen var Hoff klar på at det framleis var meir å hente.
– Vi følte vi spela på 70 prosent av det vi kan. At det var noko uforløyst, og at vi aldri kom opp på nivået som mot SIF/Hessa i førre kamp, seier han.
Etter kvila heldt Bergsøy fram med å skape dei største sjansane, og Hoff meiner sigeren var fortent.
– Keeperen vår, Pedro Gonzalez, hadde ikkje mange skot mot seg i dag, så vi vinn fortent, sjølv om målet vårt kom etter litt flaks.
Avgjersla fall i det 69. minutt. Bergsøy såg at det låg rom bak Ørsta-forsvaret og byrja å spele fleire ballar i bakrom.
– Enrique Crespo Søvik jaga som alltid, og så var det ei misforståing der forsvarsspelaren til Ørsta heada ballen forbi eigen keeper. Då kunne Crespo setje ballen i opent mål. Det var deilig med flaks på den etter å bomma på dei andre sjansane våre, seier Hoff.
Han skildrar kampen som ein rein slitekamp – og nettopp derfor ekstra god å vinne.
Med 1–0-sigeren står Bergsøy no med 6 poeng etter tre serierundar, og Hoff er nøgd med retninga, sjølv om han framleis kjenner litt på skuffelsen etter opningstapet.
– Eg har ikkje heilt klart å leggje frå meg skuffelsen etter tapet i første kamp mot Hovdebygda. Men veldig nøgd med at vi har vunne dei to neste. Vi kom oss raskt opp på nivået vi skal vere på, seier han.
Han meiner også at den unge stallen viser at dei har teke eit steg vidare.
– Å dra i land ein kamp som dette på bortebane hadde vi ikkje klart i fjor. Vi tek nye steg, og det er veldig kjekt å sjå. Vi er oppe og blandar oss i toppen.
I neste runde ventar ny bortekamp, denne gongen mot Hødd 2. Der ventar eit ungt lag med mykje tempo, og Hoff forventar ei tøff utfordring. Han fortel at laga i år har avtalt å byte heime- og bortekamp, slik at Bergsøy forhåpentlegvis får den nye bana klar til returoppgjeret på heimebane.

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
26
31%
Uavgjort
18
21,4%
Tap
40
47,6%
Mål
137–188
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 84. kampen mot Ørsta.
-
3. sigeren denne sesongen.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Fred Frantzen (22 mål)
Ørsta: Stein Aam (12 mål). -
Kaptein: Pedro Moreno.
Form siste 5 totalt
3–2
S
Ørsta
2025-03-15
0–5
T
Spjelkavik
2025-03-24
0–1
T
Hovdebygda
2025-04-21
4–1
S
Sif/Hessa
2025-04-25
1–0
S
Ørsta
2025-05-02
Form siste 5 vs Ørsta
4–6
T
Ørsta
2024-03-08
0–2
T
Ørsta
2024-06-28
0–0
U
Ørsta
2024-10-18
3–2
S
Ørsta
2025-03-15
1–0
S
Ørsta
2025-05-02
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 2
Innbyttarar
Info
📍
Aurstad Arena Kunstgras
👨⚖️
Martin Solheim
👥
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
-
Pedro Moreno
-
Peter Fjørtoft Sandanger
-
Franjo Tepuric
-
Sondre Nygård Olsen
-
Sander Bøe
-
Nils Erik Engen
-
Tomas Matuszczyk
-
Fredrik Muren
-
Sander Makipera Vike
-
Enrique Crespo Søvik
-
Niklas Nerland Elveseter
Bergsøy – innbyttarar
Ørsta – lagoppstilling
Kristoffer Standal Fjelle, Andreas Skarmyr Egset, Tore Orten, Markus Halse, Eskild Dagfinrud, Sigurd Hjellegjerde Aam, Vetle Johan Dagfinrud, Anton Sumin, Diego Sanchez Varga, Mustafa Troncoso Espinar, William Aarseth, Nikolai Bjørdal, Matheo Remmen Bengtsson, Gatlang Gatluak Tut, Sverre Liaseth Vinjevoll, Reza Abouzari, Bjørn-Håkon Vikenes