Kampreferat
Bergsøy

Ravn
2-1
9'
⚽
0-1 Preben Giske Olsen (9)
1-1 Franjo Tepuric (31)
Straffespark
⚽
31'
45'
🟨
Sindre Fjørtoft
48'
🟨
Fynn Luca Daniel
2-1 Nils Erik Engen (51)
Skudd
⚽
51'
90'
🟨
Oddmund Davik Otterlei
🟨
Victor Harsjøen Gundersen
Referat
Hauststorm, duellar og tre viktige poeng
I skikkeleg ruskevêr på Havila Stadion fekk Bergsøy jobbe hardt for sigeren, men til slutt stod dei att med 2–1 mot Ravn fredag kveld. Kampen vart akkurat slik vêret tilsa: fysisk, mykje duellar, lange ballar og ei solid dose vind og regn.
Ravn kom best i gang og tok leiinga tidleg. Allereie etter åtte minutt banka Preben Giske Olsen inn 0–1 med eit skot frå rundt 20 meter. Bergsøy-trenar Anders Helsem Hoff innrømmer at heimelaget brukte litt tid på å finne rytmen.
– Vi starta litt sløvt dei første ti minutta, og dei fekk eit vidunder-treff i krysset. Men sjølv om vi sleit litt i opninga, skapte ikkje Ravn så mykje. Etter kvart spelte vi oss inn igjen, fekk meir kontroll og begynte å trille ball, seier Hoff.
Tepuric utlikna – og nærma seg ein milepæl
Etter om lag ein halvtime fekk Bergsøy straffespark etter hands. Franjo Tepuric var trygg frå ellevemeteren og gjorde det til 1–1. Det var hans 99. seriemål for Bergsøy, og når ein reknar med 13 cupmål, står han no med 113 scoringar med Bergsøy på brystet.
Hoff trekte fram både innsatsen og symbolikken i at Tepuric også sette spor i sesongens siste heimekamp.
– Han scora i sin første seriekamp for klubben i år, og no i den siste heimekampen for sesongen. Franjo er ein veldig fin fyr som ofrar mykje for laget.
Engen-perle, og Pedro stengde buret
Etter pause tok Bergsøy meir tak i oppgjeret. Ti minutt ut i omgangen fekk Nils-Erik Engen prøve seg på et frispark – og leverte eit draumetreff som fauk rett i krysset. 2–1 og jubel på tribuna.
– Det var eit fantastisk frispark, heilt oppe i vinkelen, seier Hoff.
Etter leiingsmålet trykte Ravn meir på, men Bergsøy stod støtt i vêr og vind. Kampen vart prega av mykje lange ballar og tøffe duellar, og då var det ekstra viktig at heimelaget hadde ein keeper i storform.
– Pedro hadde tre–fire kjemperedningar. Han var utan tvil vår beste spelar i dag, seier Hoff, noko også den lokale juryen var einige i.
Alt blir avgjort i lokaloppgjeret
Med 2–1-sigeren klatra Bergsøy opp på femteplass. Samstundes spelte Hareid 2–2 i sin kamp, og dermed ligg det an til ei dramatisk avslutning: berre éin kamp står att, og vinnaren der sikrar fjerdeplassen.
– No er det berre ein kamp igjen, og vinnaren der tek fjerdeplassen. Det blir skikkeleg smell på Hareid. Eg håper alle herøyværingar tek turen og støttar laget, avsluttar Hoff.

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
1
50%
Uavgjort
0
0%
Tap
1
50%
Mål
5–5
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 2. kampen mot Ravn.
-
10. sigeren denne sesongen.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Enrique Crespo Søvik (3 mål)
Ravn: Preben Giske Olsen (2 mål). -
Banens beste: Pedro Moreno.
-
Kaptein: Pedro Moreno.
Form siste 5 totalt
3–4
T
Langevåg
2025-09-12
3–1
S
Herd
2025-09-19
1–1
U
Spjelkavik2
2025-09-26
4–3
S
Rollon
2025-10-03
2–1
S
Ravn
2025-10-10
Form siste 5 vs Ravn
3–4
T
Ravn
2025-06-26
2–1
S
Ravn
2025-10-10
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 4
Info
📍
Havila Stadion
👨⚖️
Fredrik Løken
👥
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
-
Pedro Moreno
-
Elias Skogen Hauge
-
Peter Fjørtoft Sandanger
-
Franjo Tepuric
-
Dani Rønnestad Hansen
-
Nils Erik Engen
-
Kjetil Steinsvik Paulsen
-
Daniel Jøsok Kvalsvik
-
Sander Makipera Vike
-
Alexander Lillenes Hestad
-
Tomas Matuszczyk
Bergsøy – innbyttarar
Ravn – lagoppstilling
Sander Skår Arntsen, Teodor Klokset Lilleng, Øystein Longva Tennfjord, Sindre Fjørtoft, Victor Harsjøen Gundersen, Igor Leonovs, Mads Even Hatlehol, Tobias Aarseth Heggem, Ole Kristian Engeset Aarseth, Nikolas Arne Fjørtoft, Preben Giske Olsen, Filip Nyhammer Austbø, Fynn Luca Daniel, Robert Constantin Dulgheru, Per-Stian Justsen Alvestad