Kampreferat
2025-08-08 • Serie – runde 12 • Kampnr 1473
Bergsøy
Hovdebygda
1-1
1-0 Sander Makipera Vike (7)
7'
12'
1-1 Henrik Vinjevoll Adam (12)
30'
🟨 Anders Sylte Bellen
Sondre Nygård Olsen 🟨
66'
81'
🟨 Magnus Tore Tønnessen
Referat
Pangstart drukna i regnvêret

Bergsøy var tilbake i 4. divisjon etter sommarpausen fredag kveld, og opninga på haustsesongen fekk ein skikkeleg smell i startminutta. Likevel er det truleg ikkje måla som blir ståande sterkast igjen frå heimekampen i Tjørvåg – men heller dei enorme regnmengdene som prega det meste av oppgjeret.

Heimelaget fekk ein draumestart då Sander Mäkiperä Vike sette inn 1–0 etter sju minutt, etter fint kombinasjonsspel på høgresida. Men leiinga vart kortvarig. Allereie i det 12. minutt svara Hovdebygda ved Henrik Vinjevoll Amdam, som utlikna til 1–1.

Etter utligninga var det Bergsøy som oftast hadde eit lite overtak i spelet, men dei verkeleg store sjansane lét vente på seg. Den største moglegheita kom nok like før pause, då Bergsøy fekk eit indirekte frispark frå rundt ti meter – men avslutninga gjekk så vidt på utsida.

Lite som skjedde etter pause

Om første omgang i alle fall starta med tempo og hendingar, vart andre omgang langt meir stillferdig. Bergsøy heldt fram med å ligge litt i førarsetet, men kampen bar preg av få klare sjansar begge vegar. Dermed var det nok ikkje heilt uventa at det enda med poengdeling, og at begge lag kunne leve greitt med eitt poeng kvar.

Etter kampen var Anders Helsem Hoff tydeleg på at det viktigaste var å unngå tap, slik at Bergsøy framleis held fem poengs avstand ned til Hovdebygda.

– Første omgang vil eg seie var rufsete. Det var også som forventa, då vi berre har hatt tre treningar, og det langt unna å vere fulltallige. Eg synest at vi frå halvtimen av styrer spelet, noko vi held fram med den første halvtimen av andre omgang. Men vi skaper ikkje spesielt mykje, summerer Hoff fort opp i høljeregnet.

No ser Bergsøy-trenaren fram mot neste utfordring, borte mot SIF/Hessa i Skarbøvika 15. august. Hoff trur det kan bli ein kamp av liknande type, der marginar og tolmod blir viktige.

Historikk.com sitt referat:
Bergsøy - Hovdebygda 1-1 (1-1)

Den fyrste uavgjorte heimekampen mot Hovdebygda. Nokongong.

Det vart et vått parti. Ustoppelig mengder med regn, som berre økte på i styrke utover i kampen. Slik har det sjeldent regna på Bergsøy si heimebane, men så gjekk jo kampen som kjent på Tjørvåg Stadion. Kanskje er det slikt vær som er vanlig der?

Det var igrunnen ei forsvarstabbe frå Hovdebygda som starta angrepet då Sander M Vike satte ballen i mål. Tredje målet hans i Bergsøydrakta iår. Fjerde totalt. Trur eg. Fint avslutta, og då tenkte nok mange at det skulle gå veien. Men Hovdebygda hadde igrunnen starta kampen greitt, og då dei utlikna på et fint angrep nokre minutt seinare så var det ikkje mykje å klage på.

Anna enn været. Og at dei neste nesten 80 minutta var bortimot en dokumentar i korleis en fotballkamp kan bestå av mest mulig feilpasningar og minst mulig målsjansar. Kort sagt var det ingen lag som fortjente å vinne. Sjølvom vi håpte på ett mål skulle kome. Og like før slutt kunne det kome, da et skuddforsøk suste utanfor. Ikkje nært mål, men ett skudd var tross alt ett lyspunkt, i en kamp som mest lyste opp fordi Hovdebygda spelte i sjølvlysande gule drakter.

I tillegg til Mathias Alstad Steinsvik, han lyste litt opp også. Bergsøys beste blant oss, en liten klan i campingstol og paraply. Han var en av dei som klarte å symje. Som en laks i motstraum, oppover fossen, med stå-på-vilje, var han der.

Så gjekk det då som det alltid har gått når bergsøy har spelt heimekampar på bortebane. Det har aldri blitt seier, såvidt eg veit. Ikkje i 1969 då Bergsøy spelte en heimekamp på Vigra, og ikkje i 1984 da Bergsøy spelte to heimekampar på Moltu, og ikkje i 2000 då Moltu igjen var heimebane. Vi håper den nye kunstgrasbana på Havila Stadion Fosnavåg kjem raskt på plass.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
15
53,6%
Uavgjort
4
14,3%
Tap
9
32,1%
Mål
68–38
scoret–sluppe inn
Informasjon
Form siste 5 totalt
2–3
T
Rollon
2025-06-06
2–1
S
Langevåg
2025-06-13
0–3
T
Herd
2025-06-20
3–4
T
Ravn
2025-06-26
1–1
U
Hovdebygda
2025-08-08
Form siste 5 vs Hovdebygda
2–1
S
Hovdebygda
2023-08-11
4–0
S
Hovdebygda
2024-05-10
1–2
T
Hovdebygda
2024-09-20
0–1
T
Hovdebygda
2025-04-21
1–1
U
Hovdebygda
2025-08-08
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
2.0
1 stemmer
📍
Tjørvåg Stadion
👨‍⚖️
Martin Solheim
👥
Banens beste
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Hovdebygda – lagoppstilling
Rikard Johannes Osnes, Sjur Weider, Magnus Tore Tønnessen, Sondre Meek Lillenes, Skjalg Eiksund Digernes, Marius Liaskar Bjerkvik, Mathias Reindal, Anders Sylte Bellen, Kim Alvestad, Henrik Vinjevoll Amdam, Sigurd Sekkesæter Salvesson, Sigurd Øye Færøy, Jon Weider