Kampreferat
2025-05-15 • Serie – runde 5 • Kampnr 1466
Bergsøy
Hareid
2-2
5'
🟨 William Fjørtoft
14'
0-1 Gabriel Olav Peterson (14) Heading
16'
🟨 Ruben Kenneth Brandal
45'
🟨 James Sjåstad
1-1 Fredrik Muren (53) Assist: Franjo Tepuric Skudd Langt innkast
53'
59'
1-2 Ulrik Husø Johansen (59) Skudd
88'
🟨 Lavrans Gustavsen
2-2 Sander Bøe (90)
90'
🟨 Oliver Sulebakk Sylte
Referat
Berga poeng heilt på tampen

Hareid var i føringa to gongar, men Bergsøy nekta å gi seg og sikra 2–2 heilt mot slutten i lokalderbyet på Havila stadion torsdag.

Allereie etter 14 minutt kom kampens første mål, og det gjekk i favør Hareid. Bergsøy-keeper Jonathan Sandhaug Hoff var uheldig og sleppte ballen forbi seg, og Gabriel Olav Peterson kunne setje inn 0–1.

Trass i baklengsmålet var det Bergsøy som hadde mest ball og skapte mest før pause. Heimelaget sleit likevel med både presisjon og unødvendige balltap, og dermed vart det ikkje scoring. Samstundes leverte Hareid-målvakt Daniel Pettersen Jøsok fleire gode redningar i det som vart ein svært vellukka retur til Havila stadion for fjorårets reservekeeper i Bergsøy.

Slo tilbake – og måtte jage igjen

Etter pause fekk Bergsøy betalt. I det 53. minutt stod Fredrik Muren heilt fri på bakarste stolpe og sette sikkert inn 1–1.

Gleda vart likevel kortvarig. Seks minutt seinare slo Hareid til på kontring, og Ulrik Husø Johansen sørgde for 1–2.

Etter 1–2 kom Hareid meir med i spelet, utan at dei skapte dei heilt store sjansane. I denne fasen var det kanskje litt overraskande at BIL-trenar Anders Helsem Hoff ikkje sette inn fleire byte eller gjorde større grep for å endre kampbiletet.

Først dei siste ti minutta fekk Bergsøy verkeleg trykk på gjestane igjen, særleg etter at Franjo Tepuric vart flytta fram som ein ekstra spiss. Det gav utteljing: Sander Bøe stod for utlikninga som sikra poengdelinga.

– Eit greitt resultat

Etter kampen prata vi med både Tepuric og Helsem Hoff, og begge meinte 2–2 var rimeleg.

– Det er fortent at vi får 2–2. Vi styrer det meste, dei har vel eigentleg berre eit par halvsjansar. Men eg er ikkje nøgd med eigen prestasjon i denne kampen, den var for dårleg, sa ein brutalt ærleg midtstoppar og assistenttrenar frå Kroatia.

Tepuric peika også på at Bergsøy vart litt vel stressa i enkelte situasjonar.

Hoff var tydeleg på at dette var eit viktig svar etter førre kamp.

– Eg er glad for at vi i denne kampen får vist at det som skjedde mot Hødd 2 sist (tap 1–5) var eit arbeidsuhell. I dag var vi meir på det nivået vi skal vere, slo hovudtrenar Hoff fast.

Då temaet kom inn på kvifor Bergsøy berre gjorde eitt bytte – og først i det 87. minutt – forklarte Hoff at det låg fleire vurderingar bak.

– Vi har ein del spelarar som hanglar ein del. Til dømes har Alexander Hestad, som ville vore naturleg å sette inn, vore sjuk dei siste dagane. Så har vi heller ikkje eit ønskje om å byte meir enn nødvendig, i tillegg til at eg ikkje ville risikere å bryte opp i det trykket vi hadde siste ti minutta, svarar Hoff.

Tøff bortekamp i vente

Med sju poeng på dei fem første kampane ligg Bergsøy plassert i midtsjiktet på 4. divisjonstabellen. Neste oppgåve kjem fredag 23. mai, borte mot Stordal/Ørskog, som står med tolv poeng etter fem kampar.

– No har vi ein skikkeleg tøff bortekamp i vente, så vi må vere klare til å brette opp ermane og levere ein skikkeleg arbeidsinnsats der inne også. Heldigvis har vi ein del folk på veg tilbake, mellom anna ein sjømann frå Runde som er i ferd med å spele seg i form på sjuarlaget, avsluttar Anders Helsem Hoff.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
35
59,3%
Uavgjort
9
15,3%
Tap
15
25,4%
Mål
141–83
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 59. kampen mot Hareid.
  • 📈
    1. uavgjorten denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Frank Sverre Skorpen (9 mål)
    Hareid: Kim Tore Husøy (5 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Elias Skogen Hauge.
Form siste 5 totalt
0–1
T
Hovdebygda
2025-04-21
4–1
S
Sif/Hessa
2025-04-25
1–0
S
Ørsta
2025-05-02
1–5
T
Hødd2
2025-05-09
2–2
U
Hareid
2025-05-15
Form siste 5 vs Hareid
2–0
S
Hareid
2023-06-02
2–1
S
Hareid
2023-09-22
1–3
T
Hareid
2024-06-14
1–4
T
Hareid
2024-09-13
2–2
U
Hareid
2025-05-15
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 1
Innbyttarar
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
3.0
1 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Jan Erik Bratteberg
👥
274
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Hareid – lagoppstilling
Daniel Pettersen Jøsok, Mats Djupvik, William Fjørtoft, Gabriel Olav Peterson, Jesper Sundnes Sundal, Oliver Sulebakk Sylte, Ruben Kenneth Brandal, Andreas Nesset, James Kenneth Sjåstad, Ulrik Husø Johansen, Erling Warholm Myrene, Sigve Overå Hide, Oliver Ulstein Ottosen, Eskil Bjørlykke Naustenget, Laurits Dimmen Riise, Henrik Saunes Hasund, Lavrans Gustavsen, Kim Andre Gangeskar