Kampreferat
Bergsøy

Rollon
4-3
Pedro Moreno
🟨
19'
20'
⚽
0-1 Trond Fagervoll (20)
21'
⚽
0-2 Trond fagervoll (21)
25'
⚽
0-3 Anders Dyb (25)
1-3 Daniel Jøsok Kvalsvik (28)
⚽
28'
Daniel Jøsok Kvalsvik
🟨
30'
2-3 Sander Makipera Vike (34)
⚽
34'
Nils Erik Engen
🟨
52'
Alexander Lillenes Hestad
🟨
54'
3-3 Alexander Lillenes Hestad (58)
⚽
58'
4-3 Alexander Lillenes Hestad (87)
⚽
87'
90'
🟨
Linus Sørnes
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
27
Uavgjort
6
Tap
17
Mål
104–86
Informasjon
- Dette er 50. kampen mot Rollon.
- 9. sigeren denne sesongen.
- Mestscorande mot Rollon: (14 mål).
- Banens beste: Alexander Lillenes Hestad.
- Kaptein: Pedro Moreno.
Form (siste 5 totalt)
0–4 (L)
Stordal/Ørskog
2025-09-04
3–4 (L)
Langevåg
2025-09-12
3–1 (W)
Herd
2025-09-19
1–1 (D)
Spjelkavik2
2025-09-26
4–3 (W)
Rollon
2025-10-03
Form (siste 5 vs Rollon)
1–3 (L)
Rollon
2023-09-08
5–3 (W)
Rollon
2024-05-24
0–5 (L)
Rollon
2024-09-27
2–3 (L)
Rollon
2025-06-06
4–3 (W)
Rollon
2025-10-03
Referat
Sensasjonell snuoperasjon på Havila: frå 0–3 til 4–3
Det vart ein kveld publikum på Havila Stadion Fosnavåg seint gløymer. Bergsøy låg under 0–3 mot opprykksjagande Rollon, men snudde alt og vann 4–3 i eit oppgjer fullt av dramatikk frå start til slutt.
Rollon fekk ein brutal start for Bergsøy sin del og leia 3–0 alt etter 25 minutt. På det tidspunktet var det fleire som byrja å lure på kor stygt dette kunne bli.
Men Bergsøy nekta å gi seg. Dei fekk liv i kampen att før pause, då Daniel Jøsok Kvalsvik og Sander Mäkiperä Vike reduserte, slik at det stod 2–3 ved sidebyte.
I pausen kom unge Alexander Lillenes Hestad inn for «Jøsse» Kvalsvik – og innbytet skulle vise seg å bli reint avgjerande. Tjørvågaren sette inn to mål i andre omgang, og då han scora vinnarmålet i det 86. minutt, var snuoperasjonen komplett: 4–3 og full jubel.
Trenar Anders Helsem Hoff var både letta og stolt etter kampslutt, og meinte sigeren fortel mykje om laget.
– Sigeren viser karakter. Det nye dekket på bana har gitt oss eit lyft i trening og kamp, vil eg påstå, sa Hoff.
Han forklarar at kampen eigentleg starta jamt, men at Bergsøy fekk tre stygge glippar som Rollon straffa nådelaust.
– Først eit straffespark, så på ei kontring og så som følge av manglande avklaringar i bakre rekkjer. Då såg eg mørkt på det, vedgår Hoff.
Likevel kom reaksjonen han håpa på. 1–3 gav tru, 2–3 gav endå meir, og i andre omgang fullførte Bergsøy snuoperasjonen.
Om matchvinnaren Hestad var Hoff ekstra fornøgd:
– Alexander var tilbake etter skade, og det var flott for han å få slik suksess etter ein litt trøblete sesong. Heilt perfekt!
Med sigeren ligg Bergsøy no på 5. plass i 4. divisjon, like bak Hareid, som samstundes tapte 0–2 heime mot Ørsta fredag kveld.
Resultatet gjorde også opprykkskampen endå meir spennande. Stordal/Ørskog slo serieleiar Herd (46 poeng) borte og klatra til 2. plass med 44 poeng. Rollon, som låg på andreplass før kampen i Fosnavåg, fall ned til 3. plass med 43 poeng.
Neste kamp for Bergsøy går på heimebane igjen, når Ravn kjem på besøk komande fredag.

Info
📍
Havila Stadion
👨⚖️
Rohollah Ahmadzai
👥
260
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
-
Pedro Moreno
-
Elias Skogen Hauge
-
Peter Fjørtoft Sandanger
-
Franjo Tepuric
-
Dani Rønnestad Hansen
-
Nils Erik Engen
-
Kjetil Steinsvik Paulsen
-
Fredrik Muren
-
Sander Makipera Vike
-
Daniel Jøsok Kvalsvik
-
Tomas Matuszczyk
Bergsøy – innbyttarar
- 🔁 Linus Nygård Olsen
- 🔁 Sondre Nygård Olsen
- 🔁 Enrique Crespo Søvik
- 🔁 Alexander Lillenes Hestad
- 🔁 Sander Kvalsund Schanche
- 🔁 Carlos Kopperstad Nilsen
Rollon – lagoppstilling
Martin Andreas Roald Kaarbøe, Lage Hoel Haadem, Inge-André Godø, Børge Gulbrandsen Drevik, Mohamed Babo Ali Maridi, Emil Solnørdal, Joakim Kjærgaard Kåfoss, Alexandros Anghel, Trond Stavset Fagervoll, Anders Myking Waagan, Anders Johann Dyb, Bendik Hide Bjørstad, Mats Klakegg Skog, Vegard Bakken Venaas, Magnus Østrem Furevik, Linus Standal Sørnes, Tobias Lyshagen Fjørtoft, Daniel Rusten