Kampreferat
2025-05-09 • Serie – runde 4 • Kampnr 1465
Hødd2
Bergsøy
5-1
1-0 Vegard Hødd Elveseter (21)
21'
Felix Mork 🟨
36'
2-0 Haakon Brandal Sværen (45)
45'
William Torvik 🟨
54'
3-0 Haakon Brandal Sværen (67)
67'
4-0 Andreas Hofseth Televik (69)
69'
5-0 Hans Peter Tjervaag (75)
75'
Haakon Sværen 🟨
88'
90'
5-1 Franjo Tepuric (90)
Referat
Tung kveld for Bergsøy: – Svakaste kampen vår i år

Bergsøy fekk det tøft då dei gjesta Høddvoll fredag kveld. Mot Hødd 2 vart det til slutt eit tungt 5–1-tap, og heimelaget sat eigentleg i førarsetet frå start.

Allereie etter 20 minutt kom 1–0 ved Vegard Håheim-Elveseter. Like før pause dobla innbytar Haakon Brandal Sværen til 2–0, og dermed gjekk Bergsøy til garderoben med to mål i sekken.

– Dei første 10–15 minutta er det mykje Hawaii-fotball. Vi gir bort to billige mål i fyrste omgang. Etter 1–0 spelar vi eigentleg greitt og har mykje ball, men så går vi likevel til pause med 2–0 imot, seier Bergsøy-trenar Anders Helsem Hoff.

Etter pause heldt Hødd 2 fram med å straffe Bergsøy. Sværen sette inn sitt andre for dagen i det 67. minutt, før Andreas Hofseth Televik la på til 4–0 berre to minutt seinare. I det 75. minutt auka Hans-Peter Tjervaag til 5–0.

Bergsøy klarte aldri å verkeleg feste grepet om kampen, men fekk eit lite plaster på såret heilt på tampen då Franjo Tepuric reduserte til 5–1 i det 90. minutt.

Hoff meiner kampbiletet var mykje det same etter kvila.

– Vi har mykje ball og prøver, men dei straffar oss på kontringar. Vi er rett og slett ikkje gode nok i dag. Det blir mykje «nesten». Hødd 2 var betre og vi heng ikkje saman som lag. Vi reagerer for seint, kjem for seint i presset, og då blir det tungt. Dette var ein kollektiv svikt, seier Hoff.

Ser fram til ny kunstgrasbane

Trenaren peikar også på at treningskvardagen kan ha noko å seie.

– Vi har fått trent lite på Havila Stadion i år fordi vi ventar på nytt kunstgras. Det gjer at vi slit litt med avstandane og relasjonane på stor bane. Det skal bli godt å få bytta det dekket i sommar, seier han.

Helsem Hoff legg ikkje skjul på at han er skuffa.

– Dette er den svakaste kampen vår i år, men vi veit vi er betre enn dette. No må vi riste av oss dette og sjå framover. Det er ikkje denne kampen som skal definere sesongen, avsluttar han.

Neste kamp for Bergsøy i 4. divisjon er heime mot Hareid 15. mai.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
13
36,1%
Uavgjort
8
22,2%
Tap
15
41,7%
Mål
72–79
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 36. kampen mot Hødd2.
  • 📈
    3. tapet denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Franjo Tepuric (8 mål)
    Hødd2: Stig Haugland (6 mål).
  • ©️
    Kaptein: Pedro Moreno.
  • 🌱
Form siste 5 totalt
0–5
T
Spjelkavik
2025-03-24
0–1
T
Hovdebygda
2025-04-21
4–1
S
Sif/Hessa
2025-04-25
1–0
S
Ørsta
2025-05-02
1–5
T
Hødd2
2025-05-09
Form siste 5 vs Hødd2
2–0
S
Hødd2
2017-08-11
3–1
S
Hødd2
2019-07-05
3–0
S
Hødd2
2019-10-25
2–4
T
Hødd2
2021-10-08
1–5
T
Hødd2
2025-05-09
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 4
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
1.0
1 stemmer
📍
Høddvoll
👨‍⚖️
Nikolai Rogne
👥
Kaptein
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Hødd2 – lagoppstilling
Christian Benedict Bantilan Hansen, Hans-Peter Tjervaag, William Torvik, Gudmund Andresen, Johannes Konstali-Lødemel, Felix Mork, Markus Teige Moltubakk, Åsmund Dimmen Roppen, Vegard Håheim-Elveseter, Andreas Hofseth Televik, Oliver Eliassen Aske, Eliah Hjelmeseth Nybø, Amad Saidi, Haakon Brandal Sværen, Håkon Andre Husøy Vik, Jan André Corpuz Sunde, Mats Falk Skodjevåg, Rolf Hauknes, Romeo Philip Mhende Hareide, Martin Aarsand Vik