Kampreferat
2025-06-26 • Serie – runde 11 • Kampnr 1472
Ravn
Bergsøy
4-3
1-0 Preben Giske Olsen (14)
14'
2-0 Niklas Arne Fjørtoft (30)
30'
45'
🟨 Sondre Nygård Olsen
47'
2-1 Enrique Crespo Søvik (47)
3-2 Fynn Luca Daniel (48)
48'
57'
🟨 Peter Fjørtoft Sandanger
Fynn Daniel 🟨
65'
69'
🟨 Niklas Nerland Elveseter
74'
3-2 Enrique Crespo Søvik (74)
Victor Gundersen 🟨
75'
4-2 Igor Lenovs (82)
82'
Jan Tore Fjørtoft 🟨
87'
Noah Blindheim 🟨
90'
4-3 Enrique Crespo Søvik (90)
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
0
Uavgjort
0
Tap
1
Mål
3–4
Informasjon
  • Dette er 1. kampen mot Ravn.
  • 7. tapet denne sesongen.
  • Mestscorande mot Ravn: Enrique Crespo Søvik (3 mål).
  • Banens beste: Enrique Crespo Søvik.
Form (siste 5 totalt)
3–1 (W)
Spjelkavik2
2025-05-30
2–3 (L)
Rollon
2025-06-06
2–1 (W)
Langevåg
2025-06-13
0–3 (L)
Herd
2025-06-20
3–4 (L)
Ravn
2025-06-26
Form (siste 5 vs Ravn)
3–4 (L)
Ravn
2025-06-26
Referat
Tap i Haram – sjølv med tre mål frå Crespo

Bergsøy avslutta vårsesongen med ein skikkeleg surtap borte mot Ravn i Haram. Trass i hat-trick frå Enrique Crespo Søvik enda det 4–3 til heimelaget, og trenar Anders Helsem Hoff var klar på at dette var ein kamp Bergsøy eigentleg skulle ha avgjort.

Før avspark stod begge laga med 13 poeng i 4. divisjon, og Hoff meiner Bergsøy opna best. Dei var også nære ein perfekt start, men brann ein stor sjanse tidleg då ein spelar kom åleine med keeper og avslutninga gjekk stong ut.

I tillegg fekk Bergsøy eit mål annullert for det dei meinte var ein svært tvilsam offside. Ifølgje Hoff fekk den avgjerda konsekvensar direkte.

– Vi får også eit mål annullert for det vi meiner er ein svært tvilsam offside. Men då er det fleire av spelarane våre som skrur litt av og kjeftar på dommaren, noko Ravn utnyttar. Dei kontrar og scorar, og plutseleg står det 1–0 til dei.

Ravn sin første scoring kom ved Preben Giske Olsen i det 14. minutt. Heimelaget utnytta også ein ny feil etter rundt ein halvtime, og då vart det 2–0 ved Nikolas Arne Fjørtoft – ei leiing som stod seg til pause.

Crespo tente håpet – så kom den neste smellen

I pausen stramma Bergsøy seg opp, og like etter kvila fekk dei straffespark. Enrique Crespo Søvik sette inn 2–1, og Hoff fortel at han kjende på at kampen kunne snu.

Men nesten før Bergsøy rakk å bygge vidare på momentet, kom ein ny smell: Ravn slo ein lang ball rett etter avspark som sprett over keeper og i mål. Hoff omtalar det som ei feilberekning, og plutseleg stod det 3–1, signert Fynn Luca Daniel.

Bergsøy gav seg ikkje. Dei pressa på og fekk ny redusering i det 74. minutt, igjen ved Crespo, og då byrja jakta for alvor.

Men med åtte minutt att kom endå ein defensiv glipp, og Igor Leonovs la på til 4–2. På overtid fekk Bergsøy endå ein sjanse frå straffemerket, og Crespo fullførte hat-tricket med 4–3. Det vart likevel for seint til å få poeng.

– Vi stod med lua i handa

Helsem Hoff var langt frå nøgd etter kampen, og samanlikna innsatsen med førre oppgjer mot Herd.

– Vi var ikkje nok på i dag. Mot topplaget Herd sist dominerte vi banespelet og vann alle duellar, sjølv om resultatet ikkje vart som vi ønskte. Og så står vi her med lua i handa i dag, og let dei vinne både første- og andreballar. Dette er ein kamp vi absolutt skal vinne, spør du meg.

Han meiner fleire må sjå seg sjølve i spegelen etter prestasjonen.

– Det hjelper ikkje å vere kongar på treningane om ein ikkje viser det i kamp. Vi kjem ingen veg med det. Dette hadde vore ei fin moglegheit til å gå inn i ferien og vere trygge på øvre halvdel av tabellen, men så øydelegg prestasjonen vår for det. Det mange som må gå i seg sjølve i dag.

Sjølv om resultatet var skuffande, peikar Hoff på at hat-tricket til Crespo i det minste viser kva som krevst.

– Ja, han gjer det han skal. Han scorar mål, og det er slike prestasjonar vi må ha frå alle. Både dei unge og fleire av dei rutinerte er heilt fråverande i dag. Vi klarer ikkje å vere der vi skal vere når vi møter lag vi skal slå. Dette ligg nok mentalt.

Sommarpause – og nytt gras i sikte

No går laget inn i sommarferie, før dei skal i gang igjen når Hovdebygda står på programmet 8. august. Men den kampen blir truleg ikkje på Havila stadion, sidan det nye kunstgraset ikkje er klart då.

Hoff fortel at planen er at det nye dekket skal vere ferdig til «kronekampen» mot Ørsta 22. august, og at klubben difor er i dialog med Tjørvåg for å spele første kampen etter ferien på deira heimebane.

Vårsesongen har også vore spesiell: Bergsøy har berre spelt tre heimekampar og åtte bortekampar så langt på grunn av banebyte. Til hausten blir det motsett.

– Vi gler oss til å få spele meir på heimebane, men aller mest gler vi oss til å kunne trene på ei skikkeleg bane. Det påverkar nok laget ein del at vi ikkje får gjort det. Det er manglande relasjonar på grunn av det, avsluttar trenaren.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
3.0
3 stemmer
📍
Ravn Kunstgras
👨‍⚖️
Stig Finnøy
👥
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Ravn – lagoppstilling
Benjamin Rørhus, Victor Harsjøen Gundersen, Øystein Longva Tennfjord, Mads Even Hatlehol, Teodor Klokset Lilleng, Fynn Luca Daniel, Ole Kristian Engeset Aarseth, Christoffer Marcus Longva, Filip Nyhammer Austbø, Nikolas Arne Fjørtoft, Preben Giske Olsen, Sindre Fjørtoft, Sander Devold, Andreas Nyhammer Austbø, Torjus Vatne, Jan Tore Fjørtoft, Eldar Dedic, Noah Leander Blindheim, Igor Leonovs