Kampreferat
2025-09-01 • Serie – runde 15 • Kampnr 1476
Bergsøy
Hødd2
3-3
1-0 Fredrik Muren (21) Assist: Nils Erik Engen Heading
21'
44'
1-1 Hans Peter Tjervaag (44) Skudd
45'
1-2 Haakon Brandal Sværen (45) Skudd
57'
🟨 Haakon Brandal Sværen
Kjetil Steinsvik Paulsen 🟨
62'
65'
1-3 Markus Teige Moltubakk (65) Skudd
2-3 Enrique Crespo Søvik (81) Assist: Daniel Jøsok Kvalsvik Skudd
81'
3-3 Kjetil Steinsvik Paulsen (89)
89'
Referat
Nytt dekke, full tribune og seks mål på Havila

Første A-lagskampen på det splitter nye kunstgraset på Havila stadion vart akkurat så underhaldande som ein kan håpe på: høgt tempo, dramatikk, snuoperasjonar – og til slutt 3–3 mellom Bergsøy og Hødd 2. Med 473 på tribuna var ramma rundt oppgjeret like sterk som kampbildet.

Kvelden starta med ei høgtideleg opning av det nye dekket, der Herøy-ordførar Tine Storøy fekk æra av å sparke i gang lokalderbyet. Og det var tydeleg frå første minutt at både speleglede og intensitet var på eit heilt anna nivå enn på det gamle underlaget – med meir fart, meir kvalitet og mindre «brems» i spelet.

På tribunen var det minst like mykje liv. Engasjementet var stort, og oppmøtet var av den sjeldne sorten. Det toppa seg då Fredrik Muren nikka inn 1–0 etter 21 minutt og sende heimelaget i ekstase.

To minutt som snudde alt

Bergsøy såg ut til å ha grepet, men rett før pause kom eit skikkeleg knekkpunkt. I løpet av dei siste to minutta før kvila gjekk det frå jubel til stille: Først utnytta Hans-Peter Tjervaag manglande markering og sette 1–1, før Haakon Brandal Sværen slo til minuttet etter og ordna 1–2 til pause.

– Stemninga var naturlegvis «botn i bytta» då vi kom inn i garderoben til pause. Eg synest vi styrer kampen frå start, får 1–0 og er også veldig nære 2–0 ved Carlos (Kopperstad Nilsen). Men når det er spela ein halvtime seier det heilt stopp. 2–1-målet får dei på grunn av personlege feil hos oss, kommenterer Bergsøy-trenar Anders Helsem Hoff.

Hødd 2 drog frå – Bergsøy nekta å gi seg

Etter pause heldt Hødd 2 fram med å straffe heimelaget. Då 64 minutt var spela kom 1–3, og igjen var det ein herøyværing som stod bak, denne gongen Markus Teige Moltubakk. Hødd 2 heldt lenge på tomålsleiinga, sjølv om Bergsøy pressa hardt for å kome tilbake.

Hoff svarte med å sende inn rutine – og det skulle gi effekt. Kjetil Steinsvik Paulsen, Daniel Jøsok Kvalsvik og Franjo Tepuric kom inn med akkurat den trøkken Bergsøy trengde.

Med ti minutt igjen kom 2–3, der Enrique Crespo Søvik reduserte og tente håpet på nytt. Og i det som nærast vart eit stormløp på tampen, pressa Bergsøy fram den siste scoringa: eitt minutt før full tid krangla Paulsen inn 3–3 etter at veteranane gjekk hardt inn i duellane mot Hødd sitt unge forsvar.

Bergsøy nøgde seg knapt med poengdeling heller, og hadde nokre småtilløp i overtida. Men det enda uavgjort i ein kamp som hadde det meste.

Hoff var etterpå tilfreds med å ha redda eitt poeng, særleg slik kampen utvikla seg. Samstundes kunne han konstatere at innbytarane leverte akkurat det han ønskte: vinnarmentalitet og energi.

Offside som kunne ha endra alt

Det høyrer også med at Bergsøy kunne ha fått eit heilt anna kampbilete. På stillinga 1–0 var to Bergsøy-spelarar – mellom anna Crespo Søvik – åleine gjennom mot mål, men vart avvinka for offside. Hoff fortel at TV 2 Play-opptaket viser at avvinkinga var feil, og med det kunne Bergsøy i praksis ha vore i ein langt betre posisjon – og kanskje vunne, dersom nivået hadde hatt VAR.

Vil ha same stemning på fredag

Etter kampen var Hoff full av ros til publikum og håpar folk møter opp igjen når Stordal/Ørskog kjem på besøk allereie fredag.

– Det oppmøtet som var i dag er det sjeldan ein ser. Vi har rett og slett det beste publikumet i 4. divisjon. Og i dag må ha dei ha fått akkurat det dei ville ha; ein fartsfylt og nervepirrande kamp til siste slutt. Det er berre å ta turen tilbake på fredag, smiler Hoff.

På tabellen blir Bergsøy liggande på 6. plass med 21 poeng. Hødd 2 har eitt poeng meir på fjerdeplass. Stordal/Ørskog kjem til Herøy med 34 poeng, som gir dei tredjeplass.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
13
35,1%
Uavgjort
9
24,3%
Tap
15
40,5%
Mål
75–82
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 37. kampen mot Hødd2.
  • 📈
    3. uavgjorten denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Franjo Tepuric (8 mål)
    Hødd2: Stig Haugland (6 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Pedro Moreno.
  • ©️
    Kaptein: Pedro Moreno.
Form siste 5 totalt
3–4
T
Ravn
2025-06-26
1–1
U
Hovdebygda
2025-08-08
4–1
S
Sif/Hessa
2025-08-15
1–0
S
Ørsta
2025-08-22
3–3
U
Hødd2
2025-09-01
Form siste 5 vs Hødd2
3–1
S
Hødd2
2019-07-05
3–0
S
Hødd2
2019-10-25
2–4
T
Hødd2
2021-10-08
1–5
T
Hødd2
2025-05-09
3–3
U
Hødd2
2025-09-01
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 4
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
3.0
1 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Even Myrheim
👥
473
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Hødd2 – lagoppstilling
Eliah Hjelmeseth Nybø, Håkon Andre Husøy Vik, Sivert Frantsen-Skeide, Gudmund Andresen, Hans-Peter Tjervaag, Markus Teige Moltubakk, Felix Mork, Ørn Flø, Haakon Brandal Sværen, Mats Falk Skodjevåg, Karsten Lennon Vasstrand Hodge, Leander Dimmen, Rolf Hauknes, Amad Saidi