Kampreferat
2025-09-19 • Serie – runde 18 • Kampnr 1479
Bergsøy
Herd
3-1
3'
🟨 Marius Sander Ødegaard
18'
🟥 Brynjar Flatebø
32'
0-1 Erlend Fjeldstad (32)
1-1 Magnus Myklebust (39) Assist: Tomas Matuszczyk
39'
2-1 Sander Makipera Vike (45) Assist: Kjetil Steinsvik Paulsen
Sander Makipera Vike 🟨
45'
3-1 Tomas Matuszczyk (57) Assist: Magnus Waade Myklebust Skudd
57'
58'
🟨 Magnus Tafjord Wold
Referat
Knallresponsen som snudde alt: Bergsøy slo serieleiaren

Veka før fekk Bergsøy høyre det – skikkeleg – etter 3–4-tapet for Langevåg. Denne gongen svara dei på best mogleg vis. Med eit oppvaskmøte i ryggsekken leverte herøyværingane ein sterk 3–1-siger mot serieleiar Herd, og trenar Anders Helsem Hoff var i ein heilt annan sinnsstemning etter kampen.

– Dette var heilt fantastisk. Akkurat responsen vi ville ha, seier han.

Heftig første omgang – og vendepunkt tidleg

Allereie før pause fekk publikum ei kampoppleving av den fartsfylte sorten. Bergsøy opna som dei ofte gjer, men i motsetnad til tidlegare kampar denne perioden, heldt dei trykket oppe gjennom heile omgangen.

Rundt kvarteret kom ei skikkeleg intens periode. Herd hadde fem–seks avslutningar på rad, men Bergsøy-keeper Pedro Luis Moreno Gonzalez leverte ei imponerande rekke redningar. Like etterpå var Bergsøy nære sjølve, då ei stor sjanse enda i tverrleggjaren.

Så kom eit nøkkelmoment: Etter 18 minutt fekk Herd raudt kort. Brynjar Flatebø felte Magnus Myklebust som bakarste mann på veg åleine gjennom, og serieleiaren måtte spele vidare med ti mann.

Bergsøy heldt fram med å skape. Enrique Crespo Søvik trefte stolpen etter 29 minutt, og det gjorde ekstra vondt då Herd – mot spelets gang – tok leiinga berre to minutt seinare ved Erlend Fjelstad.

Men Bergsøy rista det av seg. Etter 39 minutt kom utlikninga, signert Magnus Myklebust. Og rett før pause steig jubelen endå meir då Sander Mäkiperä Vike kom seg gjennom og sette inn 2–1 til heimelaget.

Det var ein svært sterk første omgang av Bergsøy – kanskje den beste dei har levert på lenge – og ein tydeleg reaksjon etter kritikken frå sist kamp. At Herd spelte med ti mann store delar av omgangen, høyrer med, men Bergsøy sin energi og vilje var uansett noko heilt anna enn veka før.

Praktscoring og kontroll

Bergsøy gav seg ikkje etter pause. Dei heldt fram med å produsere sjansar, og etter 57 minutt kom kveldens kanskje finaste augneblink: Tomas Matuszczyk hamra til frå distanse og sette ballen rett i mål – ei praktscoring som gav 3–1.

Bergsøy kunne også fått endå fleire. Crespo Søvik fekk ei scoring annullert for det som verka som ein svært hårfin offside.

Mot slutten forsøkte Herd å mobilisere ein sluttspurt, men dei klarte aldri å overliste Moreno Gonzalez, som hadde ein svært solid kamp. For Herd var det einaste plasteret på såret at også fleire av dei andre topplaga tapte, slik at dei framleis held seg øvst på tabellen. Bergsøy klatra på si side opp på 6. plass igjen – og det er lov å tenkje på korleis tabellen kunne sett ut om dei hadde levert fleire kampar på dette nivået.

Hoff: – Vi stakk fingeren i jorda

Hoff var knapt til å kjenne att samanlikna med sist veke, og han fortel at eit spelarmøte vart viktig for å få snudd stemninga.

– Det er ei heilt anna stemning no. Vi fekk akkurat den responsen vi ønskte etter det som skjedde sist. Vi har hatt eit spelarmøte, der vi stakk fingeren i jorda og snakka ut om det som har vore, seier Hoff.

Han forklarar også at Bergsøy bevisst gjorde grep i spelestilen.

– I dag valde vi å spele enkelt. Alle fem-meterane vart slått langt. Vi mangla også ein del spelarar i dag, og når ein ser på denne prestasjonen kan eg ikkje seie anna enn at dei skal kjempe hardt for å kome seg inn att på laget. Dette var heilt fantastisk!
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
19
31,1%
Uavgjort
10
16,4%
Tap
32
52,5%
Mål
84–136
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 61. kampen mot Herd.
  • 📈
    8. sigeren denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Fred Frantzen (10 mål)
    Herd: Erlend Fjeldstad (5 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Franjo Tepuric.
  • ©️
    Kaptein: Pedro Moreno.
Form siste 5 totalt
1–0
S
Ørsta
2025-08-22
3–3
U
Hødd2
2025-09-01
0–4
T
Stordal/Ørskog
2025-09-04
3–4
T
Langevåg
2025-09-12
3–1
S
Herd
2025-09-19
Form siste 5 vs Herd
1–2
T
Herd
2023-10-20
1–1
U
Herd
2024-06-21
0–8
T
Herd
2024-10-11
0–3
T
Herd
2025-06-20
3–1
S
Herd
2025-09-19
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
3.0
1 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Jan Erik Bratteberg
👥
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Herd – lagoppstilling
Sondre Sødergren Løseth, Brynjar Flatebø, Axel Aarønes, Marius Sander Ødegaard, Mathias Sæther, Magnus Tafjord Wold, Magnus Toftnes Kolvik, Marius Refsnes, Erik Halkjelsvik, Erlend Nicolai Fjeldstad, Mikkel Damgaard Solli, Kasper Holen Johansson, Jonathan Rotnes Holmdal, Eirik Skjelten Dalhus, Andreas Stensøe, Thomas Valaas