Kampreferat
2025-05-23 • Serie – runde 6 • Kampnr 1467
Stordal/Ørskog
Bergsøy
3-2
1-0 Fredrik Hjelle Busengdal (5)
5'
Simen Tøsse 🟨
18'
20'
1-1 Enrique Crespo Søvik (20)
2-1 Vebjørn Nakken (28)
28'
30'
2-2 Enrique Crespo Søvik (30)
3-2 Vebjørn Nakken (63)
63'
80'
🟨 Enrique Crespo Søvik
Elias Stavseng 🟨
87'
90'
🟥 Jonathan Sandhaug Hoff
Referat
Hadde fortent å reise heim med poeng

Bergsøy drog til Kirkebø stadion i Stordal fredag kveld for å møte topplaget Stordal/Ørskog, og fekk ei oppleving der små marginar og uheldige baklengsmål vart utslagsgivande. Heimelaget vann til slutt 3–2, men Bergsøy-trenar Anders Helsem Hoff meiner poengdeling hadde vore meir rettvist.

Stordal/Ørskog fekk ein tidleg start på kampen då Fredrik Hjelle Busengdal sende dei i leiinga alt etter fem minutt. Likevel slo Bergsøy tilbake – og det var Enrique Crespo Søvik som bar mykje av det offensive ansvaret. Han utlikna først i det 20. minutt, og gjorde det same igjen i det 30. minutt. Mellom dei to Bergsøy-scoringane hadde Vebjørn Bakken sett inn 2–1 til heimelaget, men til pause stod det 2–2.

– Det var ein ganske jamspelt kamp mellom to lag som kjempar godt, seier Hoff.

Før kampen hadde Stordal/Ørskog fire sigrar og eitt tap, medan Bergsøy stod med to sigrar, ein uavgjort og to tap. Hoff understrekar at dei møtte eit av dei beste laga i divisjonen – og nettopp derfor var det ekstra surt at avgjerdene gjekk slik dei gjorde.

– Vekkdømt

Hoff trekkjer spesielt fram situasjonen som leidde til 2–1-målet til Stordal/Ørskog.

– På 2–1-målet deira skal Franjo Tepuric fram for å støte i ball på 17–18 meter. Så står dommaren i vegen, slik at han mister ballen. Dei scorar like etter, fortel Hoff.

Etter å ha sett kampen i opptak meiner han regelverket er tydeleg.

– Dommaren var borte i ballen, og då skal han stoppe spelet. Den regelen er veldig klar. Det er sjølvsagt ekstra ergerleg at berøringa fører direkte til eit mål, seier han.

Uheldig 3–2 og store sjansar på slutten

Også vinnarmålet i det 63. minutt kom på ein måte Bergsøy opplevde som skikkeleg tung.

– Det er ei klarering som treff bakhovudet på ein Stordal-spelar før ballen sprett inn i opent mål. To sure mål å sleppe inn, seier Hoff.

Trass i baklengsmålet meinte Hoff at Bergsøy i periodar styrte mykje av spelet i andre omgang og skapte nok til å få med seg meir.

– Dette var eit surt nederlag. Det er ein kamp vi absolutt fortener å ta med oss poeng ifrå, noko også heimelaget sin trenar var samd med meg i. Uavgjort hadde vore fair, seier Hoff.

Han peikar på at Bergsøy hadde fleire store sjansar på tampen, men at det ikkje ville seg denne gongen.

Klart steg frå i fjor

Sjølv med tapet meiner trenaren det er ting å ta med seg vidare.

– Sist vi var her tapte vi 6–0 og vart rundspelt. I dag skulle vi minst hatt eitt poeng. Vi møter eitt av dei beste laga i divisjonen, og når vi reiser heim og føler vi skulle hatt meir, så er det absolutt noko å ta med seg, seier Hoff.

På overtid fekk Bergsøy-keeper Jonathan Sandhaug Hoff raudt kort etter at Bergsøy pressa framover og vart spela igjennom.

– Då er keeperen vår litt for sein og endar opp med å ta mann i staden for ball. Det er inga stygg takling, men som siste mann vert det raudt kort, forklarar Hoff.

Søvik leverte igjen

Enrique Crespo Søvik stod for begge Bergsøy-scoringane, og Hoff skryter av spissen – som også var nær fleire gonger.

– Han er ein skikkeleg målscorar, og hadde også ein i tverrliggaren i første omgang og ein stor sjanse i andre omgang. Han er ein viktig og god spelar for oss. Heldigvis har vi ein skadefri Enrique i år, og held han fram som han gjer, så kjem han til å score mange mål i år.

I neste serierunde ventar Spjelkavik 2 heime – den siste heimekampen før sommarferien. Hoff understrekar at laget skal riste av seg denne kampen raskt, og håpar på god støtte frå tribuna.

– Vi fryktar ingen lag i divisjonen og kan slå alle. Det blir mange bortekampar før ferien, då vi skal skifte underlaget på stadion i juni. Då blir det viktig å få med oss så mange poeng som mogleg i dei heimekampane vi har før sommaren. Så vi håper på masse folk neste veke, avsluttar Hoff.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
0
0%
Uavgjort
0
0%
Tap
3
100%
Mål
2–12
scoret–sluppe inn
Informasjon
  • 📅
    Dette er 3. kampen mot Stordal/Ørskog.
  • 📈
    4. tapet denne sesongen.
  • Mestscorande i desse oppgjera:
    Bergsøy: Enrique Crespo Søvik (2 mål)
    Stordal/Ørskog: Vebjørn Nakken (3 mål).
  • 🏅
    Banens beste: Enrique Crespo Søvik.
Form siste 5 totalt
4–1
S
Sif/Hessa
2025-04-25
1–0
S
Ørsta
2025-05-02
1–5
T
Hødd2
2025-05-09
2–2
U
Hareid
2025-05-15
2–3
T
Stordal/Ørskog
2025-05-23
Form siste 5 vs Stordal/Ørskog
0–6
T
Stordal/Ørskog
2024-04-26
0–3
T
Stordal/Ørskog
2024-08-23
2–3
T
Stordal/Ørskog
2025-05-23
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
2.0
2 stemmer
📍
Kirkebø Stadion
👨‍⚖️
Simon Sandvik
👥
Banens beste
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar
Stordal/Ørskog – lagoppstilling
Simen Rognsø Furstrand, Torjus Vestre, Elias Brautehaug, Simen Kvammen Tøsse, Elias Færøy Stavseng, Magnus Brautehaug, Sondre Hanestadhaugen, Fredrik Øie, Fredrik Hjelle Busengdal, Vebjørn Nakken, Mathias Brusdal Nesvik, Remy Nyli Johnsen, Ajdin Gagic, Oliver Connor Søreng, William Marconi Cevallos, Elling Kongsnes Jørgenvåg