Kampreferat
Stordal/Ørskog

Bergsøy
6-0
22'
🟨
Pedro Moreno
1-0 Vebjørn Nakken (23)
Straffespark
⚽
23'
2-0 Håkon Leine (47)
⚽
47'
Håkon Bjørdal Leine
🟨
50'
61'
🟨
Markus Kjelsli Ihle
3-0 Mathias Nesvik (63)
⚽
63'
4-0 Ajdin Gagic (73)
⚽
73'
5-0 Elias Stavseng (78)
⚽
78'
6-0 Elias Stavseng (90)
⚽
90'
📸 Bilde frå kampen (1)
Referat
Stordal/Ørskog-kampen – straffe, tidleg kollaps og 0–6
Denne veka reiste Bergsøy til Stordal for å møte eit anna nyopprykka lag. Hoff fortel at første omgang var jamn, men at Bergsøy likevel gav bort leiinga.
Stordal/Ørskog tok 1–0 i det 23. minutt, ved Vebjørn Nakken på straffe.
– Men vi gjer ein juniorfeil på 1–0. Vi mistar ballen, og så får dei straffe. Vi ser at dette er eit lag vi skal vere betre enn, men då kan vi ikkje gje frå oss ballen, seier Hoff.
Til pause stod det 1–0, og i garderoben var Bergsøy samde om å heve seg etter kvila. Den planen sprakk nesten med ein gong.
– Vi ville vise kva vi kan, men så gjer vi ein ny juniorfeil og det blir 2–0 etter 30 sekund. Praten i pausa om å jobbe og blø litt for drakta vart det ikkje noko av. Det vart i staden einvegskøyring, fortel Hoff.
Håkon Bjørdal Leine sette inn 2–0, før Mathias Brusdal Nesvik auka til 3–0 i det 63. minutt. Ajdin Gagic gjorde det til 4–0, og Elias Færøy Stavseng avslutta med to scoringar som gav sluttresultatet 6–0.
Hoff: – Dei etablerte må gå i seg sjølve
Etter kampen var Hoff hard i dommen over eigen prestasjon.
– Det er så mange ballmist, og vi taper fullt fortent. Vi har ein del spelarar som er nøydde til å gå i seg sjølve. Det vi syner i dag, det fortener å tape som det syng etter.
Han peikar på at skadar og ein tynn stall gjer at fleire unge får sjansen – mellom anna Alex Eide, som fekk debut.
– Vi har ein litt tynn stall, og manglar nokre som er ute med skade. Det gjer at vi må setje utpå fleire unge spelarar. Alex Eide debuterer til dømes i dag. Men dei unge står på, gjer det dei kan og jobbar knallhardt. Dei er ikkje på nivået vi treng enno, men det er greitt nok det. Det er dei etablerte som må gå i seg sjølve etter denne kampen, seier han.
Spelarmøte før neste kamp
No varslar Bergsøy oppvask før heimekampen mot SIF/Hessa om ei veke.
– Vi har bede spelarane om å ta eit spelarmøte så fort som mogleg for å finne ut kvar skoen trykkjer. Så skal vi i trenarteamet ha eit møte med dei etter det igjen.
Hoff er tydeleg på at dei siste tapa har kome mot lag Bergsøy meiner dei skal vere betre enn.
– Både Stranda og Stordal/Ørskog, og SIF/Hessa neste veke er lag vi definitivt bør, skal og må slå. Men per i dag er vi ikkje betre. Før kampen neste fredag må det skje eitkvart, avsluttar Hoff.

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
0
0%
Uavgjort
0
0%
Tap
1
100%
Mål
0–6
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 1. kampen mot Stordal/Ørskog.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Stordal/Ørskog: Elias Stavseng (2 mål). -
Kaptein: Sondre Nygård Olsen.
-
Debutantar: Peter Fjørtoft Sandanger, Alex Xavier Eide.
Form siste 5 totalt
1–2
T
Herd
2023-10-20
4–6
T
Ørsta
2024-03-08
4–1
S
Aksla
2024-04-13
2–4
T
Stranda
2024-04-19
0–6
T
Stordal/Ørskog
2024-04-26
Form siste 5 vs Stordal/Ørskog
0–6
T
Stordal/Ørskog
2024-04-26
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 4
🖼️ Alle bilde frå kampen (1)
Info
Kaptein
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
-
Pedro Moreno
-
David Leinebø Tonev
-
Shadrach Chideraa Onwubiko
-
Markus Kjelsli Ihle
-
Sondre Nygård Olsen
-
Sander Bøe
-
Ben Rossiter
-
Bendik Frøysa
-
Simon Marcus Sieminski
-
Aureal Adedapo Abidoye
-
Sander Makipera Vike
Bergsøy – innbyttarar
Stordal/Ørskog – lagoppstilling
Simen Rognsø Furstrand, Jonathan Kobbevik Uren, Elias Brautehaug, Torjus Vestre, Elias Færøy Stavseng, Ajdin Gagic, Magnus Brautehaug, Petter Aksel Keiseraas Dalhaug, Vebjørn Nakken, Mathias Brusdal Nesvik, Håkon Bjørdal Leine, Fredrik Hjelle Busengdal, Sondre Viset Stokke, Sondre Hanestadhaugen