Kampreferat
2024-09-13 • Serie – runde 17 • Kampnr 1454
Hareid
Bergsøy
4-1
15'
0-1 Enrique Crespo Søvik (15)
1-1 Karsten Hodge (17)
17'
2-1 Ruben Kenneth Brandal (29)
29'
3-1 James Sjåstad (41)
41'
4-1 Olavius Vikebakk (68)
68'
🟨 David Tonev
🟨 Peter Fjørtoft Sandanger
Referat
Ser fram mot neste år – men tapte 1–4 mot Hareid

Bergsøy måtte sjå seg slått 1–4 av Hareid fredag, i ein kamp der mykje handla om meir enn berre resultatet. For herøyværingane byrjar konturane av neste sesong å bli tydelege, med fleire unge spelarar som får sjansen og som trenar Anders Helsem Hoff ser for seg som viktige brikker vidare.

– Det stemmer. Vi har hatt mange unge debutantar på laget no i haust, og det er viktig at dei får prøve seg. Fleire av dei vert ein del av kjernen neste sesong, og slik sett kan vi vel seie at vi allereie no bur oss på neste sesong, seier Hoff etter kampen på det oppgraderte anlegget i Hareidsmyrane.

God opning – så tok Hareid over framfor mål

Bergsøy starta faktisk bra og hadde mykje ball og kontroll i spelet det første kvarteret, men etter kvart fekk Hareid meir ut av sine overgangar – noko Bergsøy visste kom til å bli eit våpen.

– Vi trilla ball og hadde fin spelemessig kontroll første 15–20 minutta, men så sa det stopp. Hareid er gode på overgangar, noko vi visste på førehand, men vi klarte likevel ikkje å hindre dei å score fire gongar.

Trass i at Bergsøy allereie har blikket delvis retta mot 2025, var det sjølvsagt surt å tape mot lokalrivalen.

– Det er litt surt å tape ein slik kamp, men Hareid var langt betre enn oss framfor mål. Dei to første måla deira, ja der var vi veldig «snille» med dei, forklarar Hoff.

Crespo-scoring, så rakna det før pause

Enrique Crespo Søvik stod for Bergsøy sitt mål, og ei stund såg det lovande ut. Men utover i omgangen datt laget litt saman, og Hareid fekk inn tre scoringar før pause. Dermed var oppgåva tung etter kvila.

I andre omgang kom det ikkje mange store sjansar, men Hareid fekk likevel auka då Olavius Bjåstad Vikebakk sette inn 4–1 midtvegs.

Nye debutantar bankar på døra

To nye unggutar fekk også sine første minutt på A-laget denne gongen: Mathias Alstad Steinsvik og Jonas Flø Paulsen. Hoff meiner dette viser at det er fleire som er på veg opp og kan bli viktige framover.

Sjølv om kampen enda med tap, er ikkje sesongen ferdigspelt – og trenaren vil ikkje legge lista ned.

– Det er mange poeng å spele om framleis, og vi siktar sjølvsagt mot ei høgast mogleg plassering. Det er mange heimekampar som står att, og her skal vi kapre nye poeng, lovar Hoff.

Til slutt: Med tapet fredag har Bergsøy no tapt begge oppgjera mot Hareid denne sesongen.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
35
60,3%
Uavgjort
8
13,8%
Tap
15
25,9%
Mål
139–81
scoret–sluppe inn
Informasjon
Form siste 5 totalt
5–1
S
Stranda
2024-08-16
0–3
T
Stordal/Ørskog
2024-08-23
2–1
S
Sif/Hessa
2024-08-30
0–5
T
Volda
2024-09-06
1–4
T
Hareid
2024-09-13
Form siste 5 vs Hareid
2–0
S
Hareid
2022-10-14
2–0
S
Hareid
2023-06-02
2–1
S
Hareid
2023-09-22
1–3
T
Hareid
2024-06-14
1–4
T
Hareid
2024-09-13
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 6
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
2.5
2 stemmer
📍
Hareidsmyrane KGB
👨‍⚖️
Rohollah Ahmadzai
👥
🔗
Kaptein
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar