Historikk

sq-sample19

Historikk
Historikk.com














Slektstreff på A-laget

Historie:
Brødrene Trond Paulsen og Nils Roger Paulsen med Tonny Pettersen i midten

Familie på laget
Vi tek en gjennomgang av forskjellige brødre og andre som har spelt på A-laget. Gjerne samtidig. Det kan være fleire vi har gløymt å nevne, men her er iallfall nokre av dei.

712 kampar: Paulsen brødrene



Tre brødre, Kjartan (1957), Trond (1960) og Nils Roger (1965) skulle tilsammen spele over 700 kampar for Bergsøy.

Kjartan Paulsen: 152 Kampar perioden 1974-1987
Trond Paulsen: 311 Kampar perioden 1977-1993
Nils Roger Paulsen: 249 Kampar perioden 1983-2000

Lagbilde 1983, 3 Paulsen brødre i stallen


Åra 1983 til 1987 var det potensielt mulig å sjå alle tre på bana samtidig.

Allereie i serieåpninga i 1983 kunne dette blitt mulig, men Kjartan Paulsen blei bytta ut då Nils Roger Paulsen kom inn til sin debut 24.april 1983 mot Kristiansund. Trond Paulsen spelte alle kampane i 1983, men dei to andre brødrene bytta på å være fråværande på enkelte kampar. Vi finner derfor ikkje at alle tre brødrene var på bana ilag i 1983.

Den første kampen eg klarer å bekrefte at alle brødrene har spelt ilag samtidig er 23.september 1984 borte mot Halsnøy.

I seinare generasjonsledd har Kjetil Paulsen (149 kampar frå 2004-2024) og Øyvind Paulsen (3 kampar i 2006) spelt på A-laget. Silje og Line Paulsen har spelt for damelaget.
Fleire gongar har fleire Paulsen scora i samme kamp. Her et bilde frå 1987.




511 kampar: Pettersen brødrene



Jack Pettersen (1951) spelte 244 kampar og scora 46 mål frå 1968-1989.
Tonny Pettersen spelte 212 kampar og scora 45 mål frå 1982-1997.
Kenneth Pettersen 55 kampar frå 1987-1993.
Totalt: 511 kampar, 91 mål

Ettersom vi har litt mangelfull statistikk på 1980-tallet er det først i 1985 at vi finner bevis for Jack og Tonny spelte sammen på bana første gang. Vi er usikre på når eventuelt alle tre spelte samtidig, men dette var altså mulig i åra 1987-1989.

Seinare i 1987 ser vi at det er fleire brødrepar samtidig som er viktige på bana. Bergsøy vann 5-2 mot Brattvåg, og målscorarar var Jack Pettersen, Tonny Pettersen, Trond Paulsen og Kjartan Paulsen.
Kamp 11.05.1987, Bergsøy - Brattvåg 5-2 . Då var det to brødrepar som var i fokus.




415 kampar: Frantzen



Far og son Frantzen

Fred Frantzen (1952) spelte 375 kampar - 204 mål - i perioden 1969-1994.
Frantz Frantzen (1986) spelte 40 kampar - 5 mål - i perioden 2004-2016.
Totalt: 415 kampar 209 mål

Ein annan Frantzen spelte også endel år tidligare:

Frank Frantzen (1938) spelte 46 kampar i perioden 1958-1962


324 kampar: Almestad brødrene



Lars Ove Almestad spelte 285 kampar (57 mål) frå 1983 til 1998
Arthur Almestad spelte 39 kampar (3 mål) frå 1979 til 1990
Totalt: 324 kampar og 60 mål.
Lagbilde 1984


Den første kampen dei spelte ilag meinar vi var 15.mai 1983 mot Tornado. Arthur Almestad scora mål i ein 2-0 siger. Han kom inn som innbyuttar etter 57 minutt. Lars Ove Almestad spelte til det var gått 72 minutt, som betydde at dei spelte 15 minutt ilag for først gang denne kampen. Dei spelte elles ilag 5 kampar til denne 1983 sesongen.


295 kampar: Helsem brødrene



Arild Helsem Kvalsund (1975) spelte 145 kampar (71 mål) i perioden 1991-2003.
Steffen Helsem Kvalsund (1981) spelte 150 kampar (33 mål) i perioden 1999-2008
Tilsammen 295 kampar og 104 mål.

25.mai 2002 var brødrene Steffen og Arild på bana samtidig i ein bortekamp mot VRF på Dalemyra Stadion. Kampen endte 2-2 og Steffen scora begge måla for Bergsøy. På bana spelte også søskenbarnet Arve Helsem Leine.

Lagbildet 2002 med fire Helsem på laget, og oppmann Arvid Kvalsund (far til Arild og Steffen)


Søskenbarn til Arild og Steffen:
* Arve Helsem Leine (134 kampar og 4 mål frå 1990-2006)
* Anders Helsem Hoff (21 kampar og 2 mål frå 2002-2007).

31.mai 2002 var det fire Helsem på bana samtidig idet Arve, Anders, Steffen og Arild spelte på Bergsøylaget heime mot Brattvåg i ein 3-1 siger. Ett slektstreff der altså.

Helsemslekta har også hatt Benjamin Helsem Leine på A-laget frå 2015-2019, totalt 55 kampar og 1 mål. Totalt gir dette Helsemslekta 505 kampar og 111 mål.

231 kampar: Vike brødrene



Tre brødre; Gisle (1953), Rune (1954) og Egil (1957) med etternamn Vike på bana samtidig

Gisle Vike (1953) spelte 80 kampar: 1970-1977
Rune Vike (1954) spelte 117 kampar - 15 mål: 1971-1977.
Egil Vike (1957) spelte 26 kampar - 2 mål: 1974-1979
Trond Vike (1962) spelte 8 kampar - 2 mål: 1982-1985

Totalt: 231 kampar og 19 mål.

Åra 1974-1977 kunne vi altså oppleve å ha tre brødre Vike på bana samtidig.
Trond Vike kom på A-laget etter at dei andre hadde lagt opp.

Den første kampen alle tre brødrene var på bana samtidig var 26.mai 1974 i ein kamp borte mot Ellingsøy. Egil Vike blei bytta inn mot slutten av kampen.

I 1974 sesongen var også Agnar Vike (1951) og Kjell Vike (1953) i A-stallen.
Agnar Vike spelte 104 kampar frå 1967-1979.
Kjell spelte 22 kampar åra 1973-1974.

Altså 5 personar med etternamn Vike som var i samme spelartroppa. Dei fem spelte aldri på bana ilag, men i 1975 var Egil, Agnar, Rune og Gisle Vike på bana samtidig i ein 2-1 siger mot Sykkylven den 3.august.
Vike-brødrene Rune, Gisle og Egil.
Gisle Vike spelte mest på backposisjon, mens Rune Vike var kjend for sin enorme løpskapasitet på midtbana.
Bildet av Harald Thorseth.


Seinare har det vore fleire med etternamn Vike som har vore på A-laget.

Erlend Eide Vike (1979) spelte 54 kampar frå 1995-2002
Karl Bjarte Vike (1979) spelte 139 kampar og scora 8 mål frå 1997 til 2007.
Sander Makipera Vike har 28 kampar åra 2023-2024.

Totalt alle med Vike namnet: 578 kampar, 27 mål

204 kampar: Moen



Far og son Moen

Ronald Moen (1948) spelte 169 kampar - 5 mål i perioden 1965-1977
Jon Robert Moen (1974) spelte 35 kampar - 1 mål i perioden 1996-1999
Totalt: 204 kampar 6 mål

Ronald Moen bak til høgre




196 kampar: Myklebust



Far og son Myklebust

Oddvar Myklebust (1934) spelte 18 kampar i perioden 1953/54 til 1957/58.
Ivan Myklebust (1963) spelte 178 kampar i perioden 1980 til 1992
Totalt 196 kampar

Det er mange med etternamn Myklebust som har spelt på A-laget til Bergsøy.

Asbjørn Myklebust 160 kampar, Bjørn Myklebust 159 kampar, Asmund Myklebust 98 kampar, Magnus Waade Myklebust 64 kampar, Jostein Myklebust 32 kampar, Leif Myklebust 2 kampar.

Kven som er i slekt eller ikkje har vi pr no ikkje kjennskap til :-D


182 kampar: Myrhol brødrene



Lasse Myrhol spelte 141 kampar - 34 mål - i perioden 1992-2000
Frode Myrhol spelte 41 kampar - 1 mål - i perioden 1991-2003
Totalt: 181 kampar 35 mål

Sjølv om Lasse spelte 100 kampar meir så fordelte Frode Myrhol sine 41 kampar på 11 sesongar, mens Lasse spelte i 9 sesongar. Brødrene Frode og lasse spelte sin første kamp ilag på bana på hausten i 1992. Statistikken finnes her.

Jan Karsten Myrhol er litt ut i slekta. Keeperen spelte 64 kampar for Bergsøy i perioden 1968-1973.

167 kampar: Teige brødrene



Knut Teige (1949) spelte 165 kampar og scora 82 mål i perioden 1966-1985.
Sigurd Teige (1952) spelte 2 A-kampar for Bergsøy i 1972.

Ifølge statstikken var det berre fire kampar Knut Teige ikkje spelte i 1972, og i to av desse kampane var det at Sigurd Teige blei bytta inn og fekk sine to A-kampar for Bergsøy. Brødrene var dermed aldri på bana ilag ifølge vår statistikk.
For mange år sidan fekk bergsoy.com eit reisebrev om ein Bergsøygjeng som Norge møte Skottland i landskamp. Her har vi Knut Teige og Sigurd Teige frå den kampen.


Vidare har fleire med namn Teige kome på A-laget i ettertid.

Terje Teige (1989) spelte 92 kampar og har 1 mål åra 2006-2013.
Jan Terje Teige (1975) spelte 3 kampar i 1994.


132 kampar: Møller brødrene



Svein Arne Møller (1958-1999) spelte 56 kampar og scora 9 mål i perioden 1978-1981.
Øyvind Møller (1960) spelte 76 kampar i perioden 1978-1984.
Totalt: 132 kampar, 9 mål.
Brødrene Møller etter opprykket i 1980


Begge spelte samtidig på bana i fleire kampar. Den første vi klarer å bekrefte at begge spelte ilag var 26.06.1978 borte mot Rollon.


117 kampar: Ulfstein brødrene



Sander Leinebø Ulfstein (1998) spelte 66 kampar - 15 mål - perioden 2014 til 2018.
Eirik Leinebø Ulfstein (1996) spelte 51 kampar - 3 mål - perioden 2013 til 2018
Tilsammen: 117 kampar 18 mål
Lagbilde 2014: Martin Falkanger, Sander Ulfstein, Erik Ulfstein og Ole Magne Rotevatn


Første gang vi ser at dei spelte i samme kamp var 07.juni 2014 borte mot Tertnes. Erik starta kampen mens Sander kom inn og spelte i 9 minutt. Tilsvarande skjedde også tre andre gangar i 2014.

Første gang dei begge starta en kamp for Bergsøy (ilag) meinar vi er 14.juni 2015 borte mot Florø2.

83 kampar: Sandanger



Toni Sandanger(1980) spelte 72 kampar perioden 2005-2011
Nick Sandanger (1957) spelte 11 kampar i sesongen 1987

Far og son Sandanger var begge keeperar og har totalt stått imål 83 kampar for Bergsøy.


80 kampar: Far og son Marcinkevicius



Nerijus Marcinkevicius (1977) og sonen Pijus Marcinkevicius (2002) har begge spelt for Bergsøy.

Nerijus spelte 22 kampar som keeper i perioden 2009-2021.
Pijus spelte 58 kampar og scora 27 mål i perioden 2018-2022.
Bilet: Far og son spelte ilag. Foto av Stian Langlo Driveklepp


20.august 2021 kom Nerijus inn frå benken og var på bana samtidig som sonen Pijus i ein kamp borte mot Rollon. I den neste kampen, 27.august 2021 heime mot Emblem starta begge to for Bergsøy i ein 3-0 siger.

Dei spelte totalt 6 kampar ilag på bana denne sesongen etter vår statistikk.


49 kampar: Kvalsvik Tvillingar



Arve og Jørn Kvalsvik er tvillingbrødre og starta si A-lagskarriære ilag i 2006. Arve var keeper og Jørn forsvarer.

Arve Kvalvik spelte 28 kampar perioden 2006-2012.
Jørn Kvalsvik spelte 21 kampar perioden 2006-2009.
Totalt: 49 kampar
Bilet: Jørn spelte mykje venstreback på A-laget i 2006 tiltross for at han er høgrebeint


Den første kampen dei spelte ilag på bana var 12.mai 2006 borte mot Valder. Arve starta som keeper mens Jørn kom inn som innbyttar ut i kampen. Ein litt småartig notis: Begge brødrene laga straffe til Valder i løpet av kampen idet Bergsøy tapte 4-1.


40 kampar: Stenersen brødrene



Ingvald Stenersen (1936) spelte 31 kampar i perioden 1955-1960
Jon Stenersen (1934) spelte 5 kampar i perioden 1956-1959
Tor Johan Stenersen (1943) spelte 4 kampar i perioden 1960-1962

Totalt : 40 kampar

På 1950-tallet spelte det fleire på Bergsøy med namn Stenersen:
Steinar, Jon og Ingvald Stenersen spelte alle ilag 21.august 1955 borte mot Guard


Jon Stenersen gav seg før Tor Johan starta å spele ifølge vår statistikk. Det betyr at Ingvald kunne ha spelt ilag med Jon og Tor Johan, men alle tre brødrene kunne ikkje ha spelt ilag.

Det var også ein Steinar Stenersen som spelte 23 kampar i perioden 1954-1958

37 kampar: Reite-tvillingar



Kjetil Ove Reite og Knut Sigmund Reite var tvillingar og født 16.januar 1945.

Kjetil Ove Reite debuterte 30.07.1961 og spelte 28 kampar i perioden 1961/62 sesongen til 1967/68 sesongen.
Knut debuterte 16.06.1963 og spelte 9 kampar i perioden 1963-1964.

Kjetil Reite var keeper, mens Knut Reite spelte i forsvaret. Tvillingane var på bana samtidig i fleire kampar i 1963 og 1964. Begge spelarane blei innvilga dispensasjon for å spele på A-laget foran 1962 sesongen.



FOTBALL: HERRER









Excel-FIL: Bergsøy Seriemål

Ekstern Link fotball.no


FOTBALL: DAMER




Ekstern Link fotball.no


HANDBALL: HERRER




Ekstern Link handball.no


HANDBALL: DAMER




Ekstern Link handball.no


friidrett










Oversikt