Kampreferat
2024-05-10 • Serie – runde 5 • Kampnr 1442
Hovdebygda
Bergsøy
0-4
21'
0-1 Sondre Nygård Olsen (21)
59'
0-2 Aureal Abidoye (59)
61'
0-3 Aureal Abidoye (61)
64'
0-4 Simon Sieminski (64)
Audun Lillebø 🟨
Jonas tafjord 🟨
Magnus Tønnessen 🟨
Rikard Osnes 🟨
Sigve Viddal 🟨
Referat
Solid bortekamp: Bergsøy vann 4–0 og leverte nesten årsbeste

Bergsøy slo kraftig frå seg på bortebane fredag kveld og vann ein komfortabel 4–0-siger mot Hovdebygda. Trenar Anders Helsem Hoff meinte dette var noko av det beste laget har levert, med eitt lite unntak i første omgang.

– Vi leverer tilnærma årsbeste, kampen under eitt. Sett vekk ifrå siste halvdelen av første omgang var dette svært solid, seier Hoff.

Bergsøy opna friskt og fekk betalt etter 21 minutt, då Sondre Nygård Olsen stanga inn 1–0 etter ein god start frå herøylaget. Etter leiingsmålet mista Bergsøy litt moment, og heimelaget fekk sine periodar.

– Vi datt litt saman etter dette og var på gyngande grunn, men keeper Pedro Gonzalez varta opp med eit par gode redningar slik at vi kunne gå til pause med leiing, fortel trenaren.

Eit «magisk» kvarter etter pause

Etter pause kom Bergsøy ut med eit heilt anna driv. Dei gjennomførte kampplanen fullt ut, og rundt timen spelt leverte dei ei periode som i praksis avgjorde alt. Då kom tre nye scoringar på kort tid.

Aureal «Dapo» Abidoye stod for to av måla, medan Simon Sieminski noterte seg for eitt. Hoff meinte det like gjerne kunne blitt endå fleire, spesielt med tanke på sjansane Dapo kom til.

– Dapo hadde til dømes ein enorm sjanse då han sprang frå alle, passerte keeper og burde ha sett ballen i mål. Han kunne ha scora fem–seks mål i kveld, meiner Hoff.

Likevel var det Sander Bøe som fekk bestemannsstempelet av trenaren, etter å ha dominert på midtbana.

– Men jamt god innsats av alle, samanfattar ein nøgd Bergsøy-trenar.

Gule kort og debut

Hovdebygda vart etter kvart frustrerte og drog på seg fleire gule kort frå dommar Tamini (Ørsta IL), utan at kampen på noko tidspunkt vart stygg. Oppgjeret markerte også førstelagsdebuten til Ludvik Flatin Rosbach, og Bergsøy kunne i tillegg glede seg over at Lukas Fjørtoft Sandanger var tilbake frå start. Han blir med vidare fram til han reiser tilbake til USA i august.

Litt uvanleg pause før neste kamp

No får Bergsøy litt tid før neste oppgjer. Neste kamp er først 24. mai, heime mot Rollon.

– Det er tosidig. Bra fordi vi då har sjansen til å få nokre av våre skadeplaga spelarar friske igjen, mindre bra fordi vi no kjenner at vi er i ferd med å kome i siget, avsluttar Hoff.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
15
60%
Uavgjort
3
12%
Tap
7
28%
Mål
66–34
scoret–sluppe inn
Informasjon
Form siste 5 totalt
4–1
S
Aksla
2024-04-13
2–4
T
Stranda
2024-04-19
0–6
T
Stordal/Ørskog
2024-04-26
3–0
S
Sif/Hessa
2024-05-03
4–0
S
Hovdebygda
2024-05-10
Form siste 5 vs Hovdebygda
3–1
S
Hovdebygda
2022-09-09
1–1
U
Hovdebygda
2023-03-17
3–0
S
Hovdebygda
2023-04-21
2–1
S
Hovdebygda
2023-08-11
4–0
S
Hovdebygda
2024-05-10
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
4.0
1 stemmer
📍
Hovdebygda Kunstgras
👨‍⚖️
Abbas Tamimi
👥
🔗
Banens beste
Kaptein
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar