Kampreferat
2024-05-24 • Serie – runde 6 • Kampnr 1443
Bergsøy
Rollon
5-3
6'
0-1 Anders Myking Waagan (6)
12'
0-2 Marius Myking Waagan (12)
1-2 Sander Bøe (25)
25'
2-2 Sondre Nygård Olsen (33)
33'
3-2 Simon Sieminski (40)
40'
4-2 Aureal Abidoye (43)
43'
64'
4-3 Anders Myking Waagan (64)
5-3 Aureal Abidoye (88)
88'
Aureal Abidoye 🟨
Sondre Nygård Olsen 🟨
Sander Bøe 🟥
🟥 Børge Gulbrandsen Drevik
Referat
Fem mål og full dramatikk: Bergsøy snudde 0–2 til 5–3 mot Rollon

Det vart ein solrik og underhaldande kveld på Havila stadion fredag, der Bergsøy til slutt stod att som vinnarar etter å ha snudd eit tidleg 0–2-underlege til 5–3 over Rollon. Med den sigeren melder BIL seg verkeleg på i toppsjiktet.

Rollon fekk ein pangstart og leia 2–0 alt etter 12 minutt. Myking Waagan-brørne stod bak to scoringar som kom litt for enkelt sett med Bergsøy-augo, og i opningsfasen var det også ålesundarane som såg best ut i spelet.

Bergsøy reiste seg – og svara med tre mål før pause

Heimelaget la seg likevel ikkje ned. Etter 25 minutt kom reduseringa då Sander Bøe nikka inn 1–2, og åtte minutt seinare var det kaptein Sondre Nygård Olsen som sørgde for 2–2 – også han med hovudet.

Utlikninga kom etter ein hektisk situasjon der Aureal «Dapo» Abidoye først brende eit straffespark. Men Bergsøy heldt trykket oppe, og etter ein liten «innleggsbonanza» på hjørnesparket som følgde, fekk Olsen stanga inn målet.

Så gjekk det fort i neste fase: Etter 40 minutt fekk Simon Marcus Sieminski god plass og sette inn 3–2, og frustrasjonen byrja å boble hos Rollon. Dei protesterte mykje mot dommartrioen, som elles hadde ein grei kontroll på kampen.

Rollon sleit spesielt med å handtere den lynraske «Dapo». Det vart tydeleg igjen etter 43 minutt, då iren vart stoppa på brutalt vis og Bergsøy fekk nytt straffespark. Denne gongen var «Dapo» sikker: 4–2. I tillegg fekk Børge Gulbrandsen Drevik sitt andre gule kort i situasjonen, og Rollon måtte spele vidare med ti mann – og to mål å ta igjen.

Ein heilt annan kamp etter pause

Første omgang var reine underhaldningspakken, men etter sidebyte vart det meir seigt – og langt meir nervepirrande for heimepublikum. Bergsøy klarte ikkje å halde same flyt, og det var ti-mannsterke Rollon som styrte mykje av spelet.

Reduseringa kom etter 64 minutt i ein litt rar situasjon. Ballen var innom metallet minst to gongar, før den truleg var over streken. Bergsøy ville ha frispark i etterkant, mellom anna i ein situasjon rundt keeper Pedro Moreno Gonzalez, men dommaren godkjende målet.

Rollon heldt fram med å presse, men Bergsøy var heller ikkje ufarlige. «Dapo» heldt fram med å true i bakrom, og innsatsen hans gav han ein fortent bestemannspris frå den lokale juryen.

Utvising – og så avgjorde «Dapo» likevel

Nervane fekk endå meir fart då Bergsøy mista Sander Bøe etter 82 minutt, då han fekk sitt andre gule. Det første kortet hans kom dessutan unødvendig, etter at han sparka vekk ballen under feiringa av «Dapo» si 4–2-scoring. Totalt vart det delt ut ti gule kort i kampen, og to av dei gjekk altså til ein spelar som alt hadde gult.

Likevel vart utvisinga, litt overraskande, eit vendepunkt. Bergsøy samla seg, fann att kontrollen i sluttminutta – og så kom spikaren i kista: To minutt før fulltid var «Dapo» på farten igjen og sette ballen sikkert i mål frå 12–13 meter. 5–3, og jubel på Havila.

Med sigeren står Bergsøy no med 12 poeng og deler andreplassen med Rollon.
Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
26
55,3%
Uavgjort
6
12,8%
Tap
15
31,9%
Mål
98–75
scoret–sluppe inn
Informasjon
Form siste 5 totalt
2–4
T
Stranda
2024-04-19
0–6
T
Stordal/Ørskog
2024-04-26
3–0
S
Sif/Hessa
2024-05-03
4–0
S
Hovdebygda
2024-05-10
5–3
S
Rollon
2024-05-24
Form siste 5 vs Rollon
2–0
S
Rollon
2022-05-06
2–1
S
Rollon
2022-08-26
3–0
S
Rollon
2023-05-19
1–3
T
Rollon
2023-09-08
5–3
S
Rollon
2024-05-24
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11 · Innbyttarar: 3
Om ikkje anna er valgt er spelarane automatisk plassert på bana basert på spelarprofilane. Mål, kort, kaptein og banens beste blir henta frå kampinformasjonen.
Info
Kamprating
★★★★★
★★★★★
0 stemmer
📍
Havila Stadion
👨‍⚖️
Rohollah Ahmadzai
👥
🔗
Banens beste
Kaptein
Debutantar
Bergsøy – lagoppstilling
Bergsøy – innbyttarar