Kampreferat
Langevåg

Bergsøy
1-2
12'
⚽
0-1 Enrique Crespo Søvik (12)
Skudd
34'
⚽
0-2 Bendik Frøysa (34)
Skudd
Perlefrispark
Arnt Vidar Fiskerstrand
🟨
60'
1-2 Lars Sunde (73)
Straffespark
⚽
73'
Simon Vågnes
🟨
79'
📸 Bilde frå kampen (1)
Referat
Tre poeng på ein “rotekveld” – og Bergsøy held følge i toppen
Bergsøy tok med seg ein viktig 2–1-siger frå bortekampen mot botnlaget Langevåg fredag kveld. Prestasjonen var langt frå prikkfri, men resultatet gjorde at herøyværingane no står med fire strake sigrar og held seg heilt oppe på tredjeplass i 4. divisjon.
Trenar Anders Helsem Hoff var ærleg på at dette ikkje var ei kamp Bergsøy kjem til å ramme inn.
– Ein rotekamp frå vår side, men vi får med oss tre poeng, seier Hoff.
Han meiner Bergsøy burde ha avgjort langt tidlegare.
– Vi er langt ifrå vårt beste, og det er ein kamp vi burde ha avgjort i første omgang.
Sjølv om Bergsøy stort sett hadde kontroll bakover og slapp til få sjansar imot, vart andre omgang prega av mykje slurv.
– Vi spelar tidvis bra, men i andre omgang blir det mykje slurv og rot frå vår side. Vi hadde for så vidt grei kontroll på dei, for vi får få sjansar imot, men vi fekk ikkje vårt eige spel til å sitje, forklarar han.
– Ein ung stall som treng ro
Hoff peikar på at laget kan mangle litt rutine i slike kampar.
– Vi har ein ung stall, og skulle kanskje hatt ein med meir rutine i kroppen. Ein som kan roe ned når det blir stress. Men vi vinn, og tek tre fortente poeng i dag likevel.
Og poenga var ekstra viktige, fordi Bergsøy vil henge med serieleiar Volda, som framleis ikkje har avgitt poeng.
– Det var viktige poeng, for neste veke skal vi til Volda. Skal vi ha sjanse å følgje dei i år, så måtte vi vinne i dag.
Crespo tilbake – og Frøysa med frisparkperle
Bergsøy tok leiinga etter 12 minutt då Enrique Crespo Søvik sette inn 1–0.
– Vi spelar veldig bra, og får til eit veldig fint angrep. Sondre Nygård Olsen får med seg ballen frå forsvaret. Vi fører ballen oppover høgresida, og så scorar Enrique eit veldig fint mål. Han er veldig god i slike situasjonar.
Hoff minner om at Crespo har vore skadeplaga og ikkje har spelt mykje så langt.
– På grunn av skade har han berre spela 2x45 minutt hittil i år. Han får med seg ein omgang også i dag, men på dei nitti minutta har han to mål. Klarer han å oppretthalde det snittet, så skal ein ikkje sjå vekk ifrå at han kan melde seg på i kampen om toppscorartittelen. Det er uansett viktig for oss å få han tilbake. Han er ikkje heilt 100 prosent enno, men det blir viktig å ha han heilt klar til kampen mot Volda.
Like før pause kom 2–0, og Hoff var minst like imponert over den scoringa: Bendik Frøysa sette inn eit direkte frispark.
– Det var eit endå finare mål, ei skikkeleg perle, seier trenaren.
Straffereduksjon, men ingen kollaps
Langevåg fekk ei redusering med litt over kvarteret att, etter straffespark.
– Vingen deira kom seg forbi høgrebacken vår. Det var ei klar straffe, seier Hoff.
Lars Marcus Tynes Sunde sette inn 2–1, men Bergsøy heldt unna og sikra tre poeng.
Skryt til Rossiter – og til dei som tok turen
Hoff trekk fram Ben Rossiter som ein av dei beste hos Bergsøy.
– Han spelar veldig bra sentralt på midtbana i dag.
Han hadde også ei helsing til dei som møtte opp på bortekamp.
– Her var mykje publikum og heia i dag. Kanskje 15–20 stykk? Det set spelarane veldig stor pris på. Vi håper publikum møter opp i hopetal i Volda neste veke også, så det kjem fleire herøyværingar enn voldingar, avsluttar Hoff.
Etter Rollon sin siger mot Ørsta torsdag og Volda sin 5–0-siger mot Stordal/Ørskog fredag kveld, er Bergsøy framleis nummer tre på tabellen – og no ventar toppoppgjeret mot Volda.

Kampinformasjon
Statistikk mot dette laget
Seier
23
40,4%
Uavgjort
9
15,8%
Tap
25
43,9%
Mål
109–133
scoret–sluppe inn
Informasjon
-
Dette er 57. kampen mot Langevåg.
-
Mestscorande i desse oppgjera:
Bergsøy: Fred Frantzen (14 mål)
Langevåg: Andre Fylling (19 mål). -
Banens beste: Ben Rossiter.
-
Kaptein: Sondre Nygård Olsen.
Form siste 5 totalt
0–6
T
Stordal/Ørskog
2024-04-26
3–0
S
Sif/Hessa
2024-05-03
4–0
S
Hovdebygda
2024-05-10
5–3
S
Rollon
2024-05-24
2–1
S
Langevåg
2024-05-31
Form siste 5 vs Langevåg
1–1
U
Langevåg
2022-05-13
5–0
S
Langevåg
2022-09-02
1–3
T
Langevåg
2023-05-05
3–0
S
Langevåg
2023-08-25
2–1
S
Langevåg
2024-05-31
Laget
Registrerte spelarar. Start: 11
· Innbyttarar: 3
🖼️ Alle bilde frå kampen (1)
Info
Banens beste
Kaptein
Bergsøy – lagoppstilling
-
Pedro Moreno
-
Shadrach Chideraa Onwubiko
-
Markus Kjelsli Ihle
-
Lukas Fjørtoft Sandanger
-
Sondre Nygård Olsen
-
Sander Makipera Vike
-
Ben Rossiter
-
Aureal Adedapo Abidoye
-
Bendik Frøysa
-
Enrique Crespo Søvik
-
Simon Marcus Sieminski
Bergsøy – innbyttarar
Langevåg – lagoppstilling
Johan Salen Nymark, Mathias Petersen Solevåg, Lars Marcus Tynes Sunde, Olav Vågnes Vadseth, Andreas Ashenafi Skotheimsvik, Vetle Digernes Nossen, Iver Standal, Iver Berg Hellebust, Simon Vågnes, Vinjar Fiskerstrand, Eskild Åkre, Vetle Fiskerstrand, Brian Blomvik, Fredrik Digernes Nossen, Marco Slyngstad Sandvik, Naranth Thambithurai, Peter Beite Dyb